Olsokfeiring på Færøyane med Sylfest Lomheim

26. – 30. juli 2021.

Historie - kultur - folkeliv.

Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Eit høgdepunkt for mange er båtturen til dei stupbratte klippane og grottene ved fuglefjellet Vestmannabjørgini. Den storslegne naturen er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggjarar har også meir enn særeigen natur å by på. Det færøyske folket er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv.

Den aller største hendinga gjennom året her er Ólavsøka i siste veka i juli. Det er ein stor folkefest med feiringa av nasjonaldagen den 29. juli. Tórshavn har ca. 18 000 innbyggjarar, men under Ólavsøka, som eigentleg betyr vakenatt, blir folketalet dobla. Færøyingane har lagt nasjonaldagen sin til Olsok, og den er til minne om Heilag Olav som fall på Stiklestad 29. juli 1030. Historia til Færøyane er sterkt knytt til Noreg, då det lenge var ein del av Noregssamvelde. Kong Sverre voks opp her, og vi besøkjer garden han kom ifrå, Kirkjubøur.

Vi i Fotefar har sikra oss hotellrom og er glade for å kunne tilby kundane våre denne eineståande opplevinga også i 2021.

Reiseleiar er professor og språkforskar Sylfest Lomheim.

Pris frå:
18 950,-
Dagar:5
Inkludert:
Flyreise Bergen/ Oslo – Færøyane t/r (tilknyting frå andre byar ved førespurnad)
All busstransport som vist i programmet
Deltaking på folkefesten rundt Ólavsøka
Båttur og guiding til Vestmannabjørgini
Heildags guida busstur nordover til Klaksvik og ymse attraksjonar
Båttur til Vestmannabjørgini.
Besøk og guiding på Kirkjubøur
4 overnattingar med frukost på sentralt og godt hotell
2 middagar
2 lunsjar
Billett til Nasjonalmuseet
Dugande lokal guide som snakkar skandinavisk
Professor og språkforskar Sylfest Lomheim er reiseleiarar og guide

Ikkje inkludert:
Tilknyting frå andre byar i Norge
Enkeltromstillegg
Måltid utover det som står i programmet
Tips
Drikke

Minimum tal deltakarar er 25 personar
Maksimum tal deltakarar er 55 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Måndag 26. juli
Fly frå både Bergen og Oslo, til Vága flóghavn på Færøyane. Når vi er framme, køyrer bussen oss gjennom eit vakkert landskap, og reiseleiaren fortel litt om historia og samfunnet til dette fascinerande øysamfunnet.

På veg til Torshavn tek bussen ein kort avstikkar til Kirkjubøur der vi får lokal guiding av sjølve «kongsbonden» Jóannes Patursson og servert ein god lunsj. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her voks kong Sverre opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus- katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. På Kirkjubøur ligg Kongsgården som har høyrt til den same familien i 17 generasjonar. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha komme frå Kaupanger i Sogn.

Vi dreg vidare til Torshavn og sjekkar inn hotellet vårt som ligg midt i sentrum. Deretter møtest vi i resepsjonen, og reiseleiarane tek så gruppa med på ein vandretur rundt om i den spesielle og spennande hovudstaden på Færøyane som har om lag 18 000 innbyggjarar.

Om kvelden blir det fellesmiddag i eit eiga rom på hotellet der vi blir betre kjende med kvarandre. Etterpå må vi berre ut for å oppleva den festkledde hovudstaden i samband med Olsokfeiringa. Dette er den aller største festen i året for færøyingane, og dei feirar heile veka.
(L, M)

Tysdag 27. juli
Vi startar om morgonen på ein ugløymande guida busstur i eit fantastisk landskap. Turen går til Klaksvík på Borðoy. På denne strekninga ser vi det høgste fjellet på Færøyane, Slættaratindur, som er rundt 900 meter høgt. Klaksvík er den nest største byen på Færøyane. Ute i havet kan vi betrakte dei berømte steinformasjonane Risin og Kellingin. Vi får også med oss bygda med den utrulege naturhamna, Gjógv, som har Atlanteren som nærmaste nabo i aust og Svalbard som nærmaste nabo i nord. Her blir det servert lunsj på det koselege hotellet Gjáargarður.

Til slutt køyrer vi til Kalsoy for å sjå ein fantastisk skulptur på stranda der av kópakónan (selkvinna). Vi dreg gjennom vakre bygder og passerer stader som Funningur, der vikingane først kom i land og slo seg ned. I Gøtugjógv med Gøtu Kirkja stoppar vi for å sjå dei imponerande glasutsmykkingane av Tróndur Patursson.

Middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar.
(F, L)

Onsdag 28. juli
Denne morgonen startar vi på ein busstur med spennande opplevingar til eineståande attraksjonar rundt om på Steymoy. Målet  for denne utflukta er bygda Vestmanna med båttur til dei utrulege fuglefjella under Vestmannabjørgini. Båten fører oss tett opp til dei stupbratte klippane og inn i grotter, og dette trur vi vert eit av høgdepunkta på heile opphaldet. Sjølve båtturen tek to timar, og vi er tilbake i Torshavn på føremiddagen.

Då er det tid til lunsj på eiga hand før vi blir med på den offisielle opninga av Ólavsøka, med skrúðgonga eller prosesjonen. Dette er ikkje berre startskotet til den største feiringa på Færøyane, men også ei rituell handling med lang tradisjon. Først i toget kjem ein mann ridande med Merkið – det færøyske flagget, og deretter følgjer musikkorps, byrådsmedlemmer, idrettsfolk og hestar gjennom hovudgata. Folk samlar seg framfor Lagtinget, og ein utvald person held talen som innleiar den store nasjonale festen. Det er eit yrande liv med fullt av folk i gatene.

Denne ettermiddagen samlar tusenvis av folk seg for å sjå på kapproinga ved hamna. Dette er ein av dei aller største attraksjonane under Ólavsøka. Vi seier at nordmenn er fødde med ski på beina, men færøyingane er fødde med årer i hendene.

Middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper til med å bestille bord på førehand. Om kvelden er vi ute på byen, tek del i det spennande folkelivet og den livlege feiringa. Det er berre breie smil og lettliva menneske å sjå, og vi nordmenn har alltid vore populære gjester på Færøyane.
(F)

Torsdag 29. juli
Om føremiddagen på sjølve nasjonaldagen er opninga av Lagtinget etter sommarferien den viktigaste posten på programmet. Der held lagmannen (statsministaren) ein tale som politikarane har høve til å kommentera i dei etterfølgjande dagane. Før sjølve opninga er det ein seremoni med ein prosesjon frå Lagtinget til gudsteneste i Domkyrkja. Fremst i følgjet finn vi lagmannen og biskopen, og deretter kjem prestar og politikarar på rekke og rad. Ein slik dag er kyrkja stappande full av folk.

Etter gudstenesta går dei same folka i prosesjon til Lagtingshuset og møter folkemengda der. Det blir innslag av klassisk musikk og korsong før oppføringa av Olavsøka Kantate, komponert av Sunnleif Rasmussen. Han byggjer verket sitt på historia til færøysk musikk, folketonar, salmar og heilt moderne musikk.

Om ettermiddagen kan ein sjølv velja ut kva du vil ta del i. Det er mykje å oppleve alle desse dagane som tivoli, hesteløp, dans, mange musikktilbod og kunstutstillingar. 29. juli er den største festdagen under Olavøka. Mange stiller i fargerike bunadar, og folk dansar dei tradisjonelle ringdansane, som vi også kan ta del i. Ein av dei mest populære er «Ormurin Langi» med åtti vers. Kvadet handlar om «Ormen Lange», langskipet til Olav Trygvason og slaget ved Svolder.

Avslutningsmiddag på hotellet vårt i eit eige rom for gruppa vår. Vi kosar oss med allsong leia av Sylfest Lomheim og elles med gode historier. Vi oppfordrar deltakarane til å koma med bidrag.
(F, M)

Fredag 30. juli
Dette er dagen for heimreisa. Bussen vår køyrer oss frå hotellet, og vi legg inn eit par timar besøk på Nasjonalmuseet (Føroya Fornminnisavn), som viser mykje flott historie frå folkelivet på Færøyane, før vi sett kurs mot flyplassen. Fly til Bergen og Oslo.
(F)

 

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
26/7BergenOlsokfeiring på Færøyane med Sylfest LomehimMeir enn 818 950,-Bestill
26/7OsloOlsokfeiring på Færøyane med Sylfest LomehimMeir enn 818 950,-Bestill