Normandie med Sylfest Lomheim

21. – 28. mai 2021.

Er du interessert i å oppleve historie, mat og kultur saman med eit triveleg reisefølgje? Då kan ei temareisa til frodige og vakre Normandie vere midt i blinken for deg. For oss nordmenn er det verdt å merkje seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord. Saman med vikingar grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Denne historia og Den andre verdskrigen med D-dagen vil du høyre mykje om.

På turen besøkjer vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St. Michel, den vakre hagen til målaren Claude Monet, det berømte Bayeux-teppet og dei mange minnesmerka frå Den andre verdskrigen. Turen blir avslutta i Paris, og på den siste dagen får vi gjennom ein guida busstur og nokre få stopp med oss dei viktigaste attraksjonane i byen. Vi er så heldige å ha med oss den kjende språkmannen Sylfest Lomheim som den eine reiseleiaren og guiden. Han kjenner Normandie godt sidan han underviste på universitetet i Caen i tre år. Den andre reiseleiaren er historikaren Rasmus Sunde.

Pris frå:
17 950,-
Dagar:8
Inkludert:
Flyreise Oslo/Bergen-Paris t/r (tilknyting frå andre byar ved førespurnad)
All busstransport og fellesutflukter som vist i programmetGuida vandring i Rouen
Inngangsbillettar til museet med Bayeux-teppet
Inngangsbillettar til hagen og heimen til Claude Monet
Guida gåtur i Bayeux
Rundtur i Paris
7 hotellovernattingar på gode og sentrale hotell
7 frukostar
4 middagar
Professor Sylfest Lomheim er med som guide og reiseleiar
I tillegg er historikar Rasmus Sunde med som guide og reiseleiar

Ikkje inkludert:
Tilknyting frå andre byar i Norge
Enkeltromstillegg
Måltid utover det som står i programmet
Tips
Drikke

Minimum tal deltakarar er 25 personar
Maksimum tal deltakarar er 48 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Fredag 21. mai - Avreise til Paris: Rouen, Giverny og Monet-hagen
Avreise med fly frå Bergen og Oslo om morgonen. På flyplassen i Paris ventar bussen vår på gruppa. På vegen til Rouen fortel reiseleiarane Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde om Normandie generelt og om historia og språket til denne regionen med sterke røter til Noreg og vikingane. Vi får ein god stopp i den vesle byen Giverny og besøkjer den berømte og praktfulle hagen til målaren Claude Monet. Her gir vi oss god tid og besøkjer også heimen hans, der vi kan sjå mange av kunstverka hans. Etterpå kan vi kose oss og ete lunsj på ein av dei trivelege restaurantane i byen. Avreise om ettermiddagen til Rouen, som er hovudstaden i Normandie. Vel framme i byen sjekkar vi inn på hotellet vårt i sentrum.

Kvelden blir  avslutta med fellesmiddag på ein restauranten like ved hotellet. Vi kosar oss med god mat og drikke, allsong under leiing av Sylfest og oppfordrar elles deltakarane til å kome med gode historier.
(M)

Laurdag 22. mai - Historisk vandring i Rouen
Vi bruker heile dagen i Rouen og startar om morgonen med ei historisk vandring der vi deler reisegruppa i to. Få byar kan vise til ei så spennande historie som Rouen. For oss nordmenn er det verdt å merkje seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord eller nordbuarane. Saman med vikingar frå Danmark og Noreg grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. Men mange historikarar meiner at Gange-Rolv var son til Ragnvald Mørejarl. Under guideturen ruslar vi rundt om i Gamlebyen som er som eit stort utadørs museum. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorten verdskjend sidan han målte katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar. Elles skal vi sjølvsagt sjå statuen av Gange-Rolv eller Rollo.

Byen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømd for kjetteri i 1431 og brend levande på marknadsplassen Place du Vieux Marché. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen og seinare har vorte den viktigaste helgenen i Frankrike. Denne kyrkja kikkar vi på før vi  går vidare gjennom gågata Rue du Gros-Horloge. Dette er den mest populære og travle gata i Rouen. Her ligg bindingsverkshusa på rekkje og rad, og her finn vi renessansepaviljongen med den berømte klokka Gros-Horloge, som er kjennemerket til byen. Lunsj på eiga hand.

Resten av ettermiddagen til fri disposisjon. Rouen kan elles by på fleire interessante museum, spesielt eit smijernsmuseum som held til i ei kyrkje frå 1400-talet. Vi kan også føreslå Musée des Beaux-Arts som har mange kunstverk av kjende europeiske målarar. Elles kan vi nemne Musée de la Ceramique – keramikkmuseet.

Middag på eiga hand om kvelden, men dei som ønskjer det, kan gå saman med reiseleiarane til gode restaurantar.
(F)

Søndag 23. mai - Bayeoux i Caen, Honfleur og Caen Mémorial
Avreise frå hotellet etter frukost. Normandie har eit skiftande og frodig landskap og blir rekna som ein av dei vakraste regionane i Frankrike. Vi køyrer først ut til kysten med besøk i Honfleur. Dette er ein svært sjarmerande by på rundt 8000 innbyggjarar, blant anna fødebyen til komponisten Erik Sate. Her og deler vi reisegruppa i to, og reiseleiarane viser dei største attraksjonane. Særleg er kyrkja Sainte-Catherine verdt eit besøk. Det er ei imponerande trekyrkje frå 1400-talet som er bygd som to skip snudd opp ned. Elles gir vi oss god tid i byen, ruslar rundt i dei idylliske smågatene og et gjerne lunsj på ein av dei mange trivelege restaurantane ved hamna.

Etter lunsj dreg vi vidare til Caen som var residensbyen til Vilhelm Erobraren. Caen er ein av byane i Frankrike som vart mest bomba og øydelagd under krigen. Få av dei gamle bygningane stod att etter krigen, men i sentrum finn vi to markante monument frå Vilhelm si tid, nemleg  restane av borga hans og den flotte katedralen Abbaye aux Hommes. Elles er byen nydeleg restaurert med vakker arkitektur og koselege gågater.

Vi legg opp til eit besøk på det store krigsmuseet Caen Mémorial for dei som ønskjer det (pris ca. 15 euro). Dette er eit veldig bra museum om 2. verdskrigen, men også om 1.verdskrigen og Den kalde krigen. I tillegg får vi sjå ein film på 25 min. som handlar om invasjonen i Normandie. Mottoet for museet er: Aldri meir krig! I Caen deler vi reisegruppa, der dei som ønskjer å sjå krigsmuseet, blir med Rasmus. Andre i turgruppa vil kanskje heller sjå borga til Vilhelm og elles rusle rundt i byen saman med Sylfest.

Etter besøket i Caen køyrer vi frå museet via sentrum av Caen til byen Bayeux som er ein idyllisk småby med ca. 15.000 innbyggjarar. Vi sjekkar inn på hotellet vårt, der vi skal bu i fire netter.

Om kvelden blir det fellesmiddag på hotellet. Gruppa har eige rom for middagane, og vi legg vekt på at vi skal kunne underhalde kvarandre med song og gode historier. Sylfest har med gitaren sin og leiar allsongen.
(F, M)

Måndag 24. mai - Vandra guiding i Bayeux, Notre Dame og Bayeux-teppet
Denne dagen skal vi vere i Bayeux, og dette er ein by med mykje historie. Bayeux var svært sentral i vikingtida, og her snakka dei truleg det felles norrøne språket aller lengst. Son til Gange-Rolv, Vilhelm Langspjut, som Snorre Sturlason kalla han, var fødd her. På vandreturen deler vi reisegruppa i to, startar ved hotellet etter frukost og går først til den lokale marknaden og ser på det yrande folkelivet. Etterpå vandrar vi vidare gjennom dei små gatene til de Gaulle-plassen. Det var nettopp her Charles de Gaulle kom tilbake frå England i juni 1944 og proklamerte det frie Frankrike. Like i nærleiken finn vi den storslegne og vakre domkyrkja Notre Dame.

Etter å ha sett og høyrt om katedralen, er det tid for lunsj på eiga hand før vi møtest att ved hovudinngangen til katedralen for å gå vidare til museet der vi finn det verdsberømte Bayeux-teppet. Dette meisterverket skildrar Vilhelm Erobraren si hærtaking av England frå planlegginga til det avgjerande slaget og hyllinga som konge over England. Det var halvbror av Vilhelm, biskop Odo av Bayeux, som ville dekorere den nybygde domkyrkja i Bayeux med eit veggteppe. Han fekk ei gruppe fengsla anglosaksarar til å brodere sjølve linteppet som har 56 ulike scener, er 70 meter langt og ein halv meter breitt. Museet har elles ei stor samling gjenstandar og illustrasjonar frå vikingriket i Normandie. Vi får også sjå ein film om historia til Bayeux-teppet.

Ettermiddagen til fri disposisjon, men Bayeux har mange museum, og for dei historieinteresserte kan vi nemne Musée Mémorial de la Bataille de Normandie (Minnemuseet for slaget om Normandie) og Mémorial du Général de Gaulle.

Om kvelden anbefaler vi middag på ein koselege lokal restaurant, som ligg like ved katedralen.
(F)

Tysdag 25. mai - Minnesmerka frå invasjonen i Normandie
Heile denne dagen nyttar vi på minnesmerka frå invasjonen i Normandie. Vi startar frå hotellet i Bayeux og køyrer nordover til landgangsstrendene for D-dagen 6. juni 1944. Første stopp er Pegasus Brigde like nord for Caen. Deretter stoppar vi i den vesle byen Hermanville-sur-Meir, der vi finn Orlogsgasten. Denne statuen er eit minnesmerke over nordmenn som fall i Normandie under krigen. Derifrå køyrer vi langs landgangsstranda til Arromanches. Her kan dei som vil, sjå ein 360 graders film frå D-dagen og elles besøkje Landgangsmuseet. Ein kan også berre rusle rundt i den vesle byen, og tida er også inne for  lunsj på eiga hand. Til slutt køyrer vi langs stranda til Omaha der dei hardaste kampane rasa på D-dagen. Her stoppar vi på den amerikanske krigskyrkjegarden før vi køyrer vidare til Pointe du Hoc der tyskarane hadde sterke kystartilleristillingar. Før vi returnerer til Bayeux, køyrer vi innom den tyske krigskyrkjegarden.

Om kvelden middag på eiga hand. Reiseleiarane gir råd om fleire gode alternativ.
(F)

Onsdag 26. mai - Mont St. Michel
Etter frukost startar vi på heildagstur til Mont St. Michel. Dette klosterkomplekset med kyrkja og klosteret på toppen av den vesle, pyramideliknande øya må berre opplevast. I Berlitz Store Reiseguider om Frankrike står følgjande: Uansett trosretning bør man en eller annen gang ta en pilegrimsferd til denne kristendommens høyborg.

Tidlegare kunne ein berre gå tørrskodd til øya ved fjæresjø, men no er det bygd veg. Vi gir oss god tid her. Dei fleste i gruppa vil gjerne få med seg klosteret og kyrkja på toppen av øya (inngangspengar ca. 8 euro), og midt på dagen er det messe i klosterkyrkja. Andre i gruppa vil kanskje berre rusle rundt på eiga hand. Her er det mange småbutikkar, museum og restaurantar i dei tronge gågatene, og vi tek lunsj på eiga hand. Avreise frå Mont St. Michel utpå ettermiddagen.

Felles middag på hotellet om kvelden.
(F, M)

Torsdag 27. mai - Paris og  dei store attraksjonane
Etter frukost blir det avreise med kurs for Paris. På bussturen vil reiseleiarane fortelje om fransk historie og politikk.

I verdsbyen Paris blir det guida busstur med Sylfest for å sjå dei største attraksjonane som blant anna Eiffeltårnet, Louvre, Invalidedomen, Triumfbogen og Champs-Élysées. Vi har lang stopp i sjarmerande Latinerkvarteret og deler turgruppa i to for lunsj på ein dei mange fortausrestaurantane. Etter lunsjen går gruppene den korte vegen for å sjå ei av verdas vakraste kyrkje, nemleg Notre Dame katedralen. Det blir også litt tid til å rusle rundt i det spennande området for å sjå på det pulserande folkelivet. Ut på ettermiddagen blir det vidare guiding med buss rundt om i Paris før vi køyrer til det gode hotellet vårt ved flyplassen. Om kvelden blir det avslutningsmiddag.
(F, M)

Fredag 28. mai - Retur til Norge 
Hotellet ligg på flyplassen, og minibussar frå hotellet køyrer oss til flyplassen. Avreise med flyet vårt om føremiddagen til Oslo og Bergen.
(F)

 

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
21/5BergenNormandie med Sylfest LomheimMeir enn 817 950,-Bestill
21/5OsloNormandie med Sylfest LomheimMeir enn 817 950,-Bestill