Med Edvard Hoem til Berlin

7.–11. juni 2021.

Berlin blir av mange rekna som den mest spennande storbyen i Europa. Dette er lett å skjøne, på grunn av byen si svært interessante historie og det rike kultur- og musikklivet. Vi er så heldige å ha med forfattaren Edvard Hoem på turen. Han er ein av dei aller fremste forfattarane i Norge i dag, i tillegg til at han er ein sjeldan god formidlar. Hoem vil dagleg ta for seg emne frå sitt eige forfattarskap som Mors og fars historie, Bror din på prærien og Med Bjørnson i Europa. I tillegg vil han kåsere om diktaren Nordahl Grieg som omkom i eit fly over Berlin under krigen. Tittelen på dette foredraget har vi kalla «Nordahl Grieg som diktar, kommunist og antifascist». Den siste dagen vil Hoem snakke om den store tyske dramatikaren Bertolt Brecht, med foredraget «Det gode mennesket frå Sezuan».

På turen vil vi gjennom guiding fokusere på keisartida, nazismen og 2. verdskrig, i tillegg til den kalde krigen med Checkpoint Charlie. Vi organiserer besøk til kunst- og historiske museum. I tillegg ordnar Fotefar billettar til ein opera eller klassisk konsert. Historikaren Rasmus Sunde er guide på vandreturane i Berlin, og Lars Nes, med sin musikkbakgrunn, tek seg av musikkprogrammet og noko guiding elles.

Pris frå:
15 950,-
Dagar:5
Inkludert:
Flyreise Oslo - Berlin t/r (tilknyting frå andre byar på førespurnad)
Busstransport i følgje programmet
Guiding på bussturane og på byvandring i Berlin
Besøk på minnesmerket til Nordahl Grieg
Båttur på elva Spree
Organisering av museumsbesøk
Billettar til ein klassisk konsert eller opera
4 overnattingar på sentralt og godt hotell
4 frukostar
3 middagar
5 foredrag av Edvard Hoem
Rasmus Sunde og Lars Nes er guidar og reiseleiarar frå Fotefar temareiser

Ikkje inkludert:
Tilknyting frå andre byar i Norge
Enkeltromstillegg
Måltid utover det som står i programmet
Tips
Drikke

Minimum tal deltakarar er 20
Maksimum tal deltakarar er 50
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Måndag 7. juni - Avreise til Berlin og guida busstur
Avreise frå Oslo på føremiddagen. I Berlin blir det først eit par timars guida busstur rundt for å bli betre kjende med storbyen. Vi ser blant anna West Side Gallery, den moderne Potsdamer Platz, den høge Siegessaule (sigersøyla) i Tiergarten, den travle Kurfürstendamm med Keisar Wilhelms minnekyrkje, Alexanderplatz og andre attraksjonar. Etter rundturen i Berlin sjekkar vi inn på hotellet vårt, som ligg sentralt til i byen. På ettermiddagen samlast vi i førelesingssalen på hotellet og får det første kåseriet av Edvard Hoem.

Dagens tema: Mors og fars historie.
Romanen er basert på verkelege personar og hendingar. Faren vart gift med ei ung kvinne som hadde fått barn med ein tysk soldat mot slutten av krigen. Dette er ein svært kritikarrost roman.

Deretter blir det fellesmiddag på hotellet.
(M)

Tysdag 8. juni - Historisk byvandring og kulturell førestilling
Etter ein god frukost startar vi dagen med ein ny forelesing med Edvard Hoem.

Dagens tema: Bror din på prærien.
Foredraget omhandlar ikkje berre  romanen med same namn, men alle tre bøkene til Hoem som fortel om slekta hans som drog over havet og slo seg ned i Amerika og Canada. Desse bøkene blir karakteriserte som meisterverk.

Etter foredraget blir det historisk byvandring med historikaren Rasmus Sunde. Vi går samla frå hotellet langs hovudgata Unter den Linden med stopp på Pariser Platz og Brandenburger Tor. Denne porten betyr like mykje for berlinarane som Triumfbogen for parisarane. På rundturen ser vi Riksdagsbygningen der den tyske nasjonalforsamlinga (Bundestag) held til, Holocaust Memorial, den opne plassen over bunkeren til Hitler, hovudkvartalet til SS og Gørings Luftwaffe og restane av Berlinmuren med Checkpoint Charlie. Undervegs tek vi ein stopp for lunsj.

Om kvelden inviterer Fotefar alle deltakarane til ein klassisk konsert eller ein opera. Middag på eiga hand.
(F)

Onsdag 9. juni - Byvandring med museer, Berliner Dom, TV-tårnet og båttur
Etter frukost blir det nytt kåseri med Edvard Hoem.

Dagens tema: Med Bjørnstjerne Bjørnson i Europa.
Hoem har som kjent skrive ein stor biografi om diktaren som i periodar oppheldt seg i utlandet. Kva inspirasjon gav desse opphalda diktaren og samfunnsmennesket Bjørnson?

Også denne dagen blir det byvandring med Rasmus. Vegen er ikkje lang til Museuminsel med dei imponerande musea som Pergamon, Alte Museum, Nationalgalerie, Bode-Museum og Deutsches Historisches Museum. Vi ser på dei ruvande bygningane, men det blir opp til kvar og ein kor mykje tid ein seinare vil bruke på musea.

På Museuminsel ligg også Berliner Dom. Det er den største og flottaste kyrkja i byen, og vi gjev oss god tid inne i denne vakre kyrkja. Er vi heldige, får vi med oss litt orgelmusikk.

Etterpå legg reiseleiarane opp til ein båttur på elva Spree. Det blir elles høve til å besøke DDR-museet og det berømte TV-tårnet. Elles er dagen til eigen disposisjon. 

Om kvelden blir det fellesmiddag på ein god restaurant.  Der får vi eit lokale for oss sjølve og kan underhalde kvarandre med diktlesing, historier og elles allsong med gitarakkompagnement av Lars Nes.
(F, M)

Torsdag 10. juni - Nordahl Griegs minnesmerke og museum
Dagens tema: Nordahl Grieg som diktar, kommunist og antifascist.
Grieg var ein av dei mest markante diktarane i Noreg i si samtid. I tillegg var han ein politisk aktivist. Han døydde under dramatiske omstende då bombeflyet han var om bord i, vart skote ned over Berlin i 1943.

Etter foredraget til Edvard Hoem legg vi opp til eit besøk for å sjå minnesmerket over Nordahl Grieg. I tillegg kan dei historieinteresserte vere med Rasmus til det svært gode Deusches Historisches Museum og elles til museet Willy Brandt Forum. Dessutan vil vi føreslå besøk på eitt eller fleire av dei verdskjende kunstmusea på Museuminsel saman med Lars.

Ettermiddagen til fri disposisjon, og lunsj på eiga hand. Berlin har eit mangfald innan musikktilbod, og denne dagen kan det vere mogeleg å oppleve ein flott konsert. Lars undersøkjer tilboda og gir råd på førehand. Om kvelden vert det avskjedsmiddag på ein god restaurant i nærleiken av hotellet. Her får vi rom for oss sjølve, og det vert høve til ulike bidrag og allsong.
(F, M)

Fredag 11. juni - Tid på eiga hand og retur til Norge
Dagens tema: Bertolt Brecht og Det gode mennesket frå Sezuan.
Hoem vil denne siste dagen ta for seg Bertolt Brecht som vert rekna som den fremste tyske dramatikaren. Han skreiv elles poesi og arbeidde mykje som regissør og teaterinnovatør. Politisk var han sosialradikal og under den kalde krigen slo han seg ned i DDR. Edvard Hoem er godt kjend med litteraturen til Brecht og har omsett fleire av verka hans, som Det gode mennesket frå Sezuan, frå tysk til nynorsk.

Deretter blir det noko tid på eiga hand og ein tidleg lunsj før bussen køyrer oss til flyplassen. Fly tilbake til Oslo.
(F)

 

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
7/6BergenMed Edvard Hoem til BerlinMeir enn 815 950,-Bestill
7/6OsloMed Edvard Hoem til BerlinMeir enn 815 950,-Bestill