Skip to main content

30 år med Vamp

22. - 25. aug 2021.

Vamp feirar 30-årsjubileum, og i den anledning inviterer vi til konsertar og temadagar om bandets historie på historiske Kviknes Hotel. Det blir to intimkonsertar med Vamp og daglege foredrag av musikkjournalist Bård Ose om bandet sin plass i norsk musikkhistorie.

Velkommen med til nokre heilt spesielle seinsommardagar fulle av musikk i historiske omgivnader ved Sognefjorden!

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 22. august

    Transport på eiga hand til Balestrand. Ta gjerne kontakt viss du treng tips om kollektivtransport.
    Sidan deltakarane kjem fram til ulike tider, blir det lunsj på eiga hand på hotellet. Etter lunsj er det god tid til å bli kjende med Kviknes Hotel og den vakre bygda Balestrand. Reiseleiaren frå Fotefar er tilgjengeleg i resepsjonen på hotellet.
    Kl. 17.00 samlast vi i eit eige lokale og får informasjon om hotellet og turopplegget.
    Etter infomøtet blir det buffétmiddag i spisesalen som har utsikt over Sognefjorden. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar.
    Musikkquiz med Bård Ose, og sjans til å kjøpe noko godt i glaset. Vi oppfordrar også gruppedeltakarane til å ta med gitar eller andre instrument, så ser vi om vi får til ein uhøgtidleg jam og allsang med Vamp-songar utover sommarkvelden. Vi avsluttar med ei avstemming blant turdeltakarane. Kva er favorittlåten av Vamp?
    (M)

  • Dag 2: Måndag 23. august

    Vi startar dagen med ein god frukost før det blir klart for første foredrag frå Bård Ose. I desse foredraga tek han for seg historia til norsk populærmusikk og Vamp sin plass i denne historia. Dagens foredrag har tittelen: Norsk pophistorie – 60 år på 60 minutt. Dei som har vore med Bård på musikkreisene hans til Liverpool og London veit at han er minst like god live som på radio, så vi kan sjå fram til ein underhaldande time.
    Etterpå blir det ein guida rundtur langs sjøkanten i idylliske Balestrand. På slutten av 1800-tallet vart bygda populær blant kunstnarar frå heile Europa, og keisar Wilhelm budde her i fleire somrar tidleg på 1900-talet. Vi får sjå dei mange sveitservillaene med drakestil og den såkalla Engelske kyrkja som var modell for kyrkja i Disney-filmen Frost.
    Lunsj på eiga hand. Vi foreslår omvising og lunsj på Ciderhuset, som ligg ein spasertur frå sentrum. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver av sideren som er produsert på garden. Lunsjen blir servert i restauranten, Glashuset, som har ei vid og vakker utsikt over landskapet. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. Denne aktiviteten krev påmelding mot tillegg i pris.
    Tid på eiga hand før middag.
    Vi møtest så til buffétmiddag i den tradisjonsrike spisesalen på Kviknes Hotel.
    Kveldens program startar med ein samtale mellom Bård Ose og bandmedlemmene om Vamps historie. 30 år er gått sidan starten i 1991, og i løpet av desse har det år har det komme utallige album, massevis av hits og fleire spelemannsprisar. Bård Ose er kjend frå radioprogramma P.I.L.S og Radio Rock og har skrive bøker om Vinskvetten, The Beatles, The Rolling Stones og pop-og rockmusikk fra Bergen, samt vore medforfatter av Norsk pop & rock leksikon.
    Denne første dagen tek Bård for seg dei første 15 åra av bandets innhaldsrike historie. Etter samtalen er vi klare for dagens høgdepunkt - den ekslusive intimkonserten med Vamp (ca. 50 min).
    (F, M)

  • Dag 3: Tysdag 24. august

    Etter ein god frukost er det tid for dagens forelesing av Bård Ose med tittelen: Folketonar og rockerytmer. Ein finn klare spor frå folkemusikken i Vamp sin musikk, og spesielt tydeleg er kanskje slektskapet til tradisjonsmusikken vestover mot dei britiske øyar. Bandet har også spelt inn plate på Færøyane, og i anledning NRK-programmet om den plata uttalte Øyvind Staveland i Vamp: “Fordi vi er oppvokst ved havet, har det alltid vært et element av Nordsjømusikk i det vi gjør.” I forelesinga si vil Bård Ose snakke om inspirasjonen frå folkemusikken i den norske rock/pop-historia.
    Etterpå kan ein velje om ein vil slappe av på hotellet eller vere med reiseleiaren opp mot Raudmelen, den karakteristiske fjelltoppen rett over sentrum av bygda. Det er også fleire utsiktspunkt på veg opp, så ein treng ikkje gå heile turen for å få god utsikt over Sognefjorden.
    Lunsj på eiga hand. Dei som vil, kan bli med reiseleiaren og ete lunsj på hotellet. Etterpå er det god tid til å sjå seg meir om i sentrum av Balestrand. Vi kan anbefale Reiselivsmuseet som ligg rett ved hotellet, og dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiaren dit etter lunsjen. Der er det også ein koseleg kafé, så ein kan avslutte museumsbesøket med ein god kopp kaffi.
    Buffétmiddag i spisesalen på Kviknes som har vakker utsikt over Sognefjorden.
    Før dagens konsert blir det ein ny samtale mellom Bård Ose og bandmedlemmene om Vamps historie. Det er mogeleg å gi Bård spørsmål på førehand til denne kvelden, så tek han nokre av dei med i praten med bande. I dag er det dei siste 15 åra av bandets historie som er tema for samtalen. Etterpå får vi den andre intimkonserten (ca. 50 min) med Vamp.
    Til slutt legg vi opp til at dei som vil, kan fortsette kvelden i hotellbaren med uhøgtidleg jam, viss det er gruppemedlemmer som har med eigne instrument.
    (F, M)

  • Dag 4: Onsdag 25. august

    Buffétfrukost i spisesalen.
    Vi møtest ein siste gang i konferanserommet på hotellet, og Bård Ose oppsummerer det vi har opplevd og avslører resultatet frå avstemminga om Vamps beste låt frå den første kvelden. Det blir også kåring av vinnaren av Bårds musikkquiz med premiering til beste lag.
    Utsjekking frå hotellet og avreise til ulike tider.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
22/8BalestrandMeir enn 810 950,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo