Skip to main content

Tur til fargerike og eksotiske Flor & Fjære

15.-18. august 2022.

På øya Hidle utanfor Stavanger finn vi Flor & Fjære, eit fargerikt og blomstrande hageanlegg. Her veks det palmar, eksotiske plantar og vakre blomar. I tillegg er her små innsjøar, strender og eit konglomerat av hyggelege stiar og gangar. Suksessen Flor & Fjære starta i 1965 og er stadig under utvikling med nye tema. Dette er ei familiebedrift og blir i dag driven av tredje generasjon. Her kan du rusle rundt og berre nyte synet av blomsterprakta eller kanskje let du deg inspirere til prosjekt i eigen hage?

Reiseleiaren på denne turen er Anne Henden. Ho er ei reiseglad dame frå Sandane, og mange kjenner henne nettopp som reiseleiar på turar i inn- og utland. Fleire har også ein relasjon til henne frå tida hennar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Anne har vore på Flor & Fjære heile fem gonger tidlegare og blir aldri lei denne fantastiske perla. No har du sjansen til å bli med!

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 15. august - Framme i Stavanger

    Turen startar i Førde og går via Skei, Sogndal, Voss og Odda til Stavanger. Undervegs vert det lunsj og små beinstrekkar. På bussen brukar vi  tida til å slappe av, prate med naboen og bli litt kjende med kvarandre. Kanskje syng vi ein song eller to om stemninga er ekstra god?

    Framme i Stavanger sjekkar vi inn på hotellet vårt, eit flott utgangspunkt for nettene våre i Stavanger. Etter innsjekkinga et det høve til å få eit lett kveldsmåltid i matsalen.
    (L, kveldsmåltid)

  • Dag 2: Tysdag 16. august - Flor & Fjære

    Etter ein god frukost startar vi dagen med noko tid på eiga hand. Stavanger er ein flott by, med mange trivelege gater og smug. Byen har blant anna fleire ulike museum ein kan vitje.  Klokka 13.00 går båten ut til Flor & Fjære, og her skal vi ha omvising og ein sein lunsj (tidleg middag). I mange år har gartnar Olav Bryn vore designar i det flotte hageanlegget på øya. Han er andre generasjon av eigarane bak Flor & Fjære. Når han får spørsmål om kvar han hentar inspirasjonen frå, er svaret kjapt «regnbuen».  

    Tilbake i Stavanger kan vi bruke resten av ettermiddagen og kvelden på eiga hand.
    Det er høve for allel å få eit lett kveldsmåltid i matsalen.
    (F, L, kveldsmåltid)

  • Dag 3: Onsdag 17. august - Stavanger til Bergen

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut av hotellet og køyrer nordover til Bergen. Undervegs på turen planlegg vi lunsj og nokre beinstrekkar.

    Framme i Bergen sjekkar vi inn på hotellet vårt. Ein kan nytte ettermiddagen som ein vil eller bli med reiseleiar Anne Henden ein tur med Fløibanen. (Ikkje inkludert. )  

    På kvelden har vi ein felles middag.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Torsdag 18. august - Heimreisedag

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut frå hotellet vårt og tek fatt på turen heimover.  

    Vi får ein god stopp på Voss. Her blir det høve til å få med seg ei fantastisk utflukt med Voss Gondol til fjellpartiet Hanguren. Denne gondolbana er den største og mest moderne i heile Nord-Europa. Vi startar ved Voss stasjon og endar opp på Hangurstoppen som ligg 820 moh. Under turen får vi eit storslege utsyn over Vossevangen og bygda.  Dei som ønskjer det, kan rusle rundt på Vossevangen og kanskje handle litt? Lunsj på eiga hand. Vidare køyrer vi heim att via Sogndal, Skei og til Førde.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
15/8Stavanger / BergenMeir enn 89 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo