Skip to main content

ABBA-tur med midtsommar på Skansen

23. - 26. juni 2023

Velkommen med på ein tur full av musikk, god stemning og interessante foredrag av ein av Norges beste musikkjournalistar. Dagane startar med frukostkåseri av Bård Ose, der han fortel historier og anekdotar om Abba og svensk pophistorie. Bård har blant anna skrive bøker om Vinskvetten, BeatlesRolling Stones og vore medforfattar av Norsk pop & rock leksikon. Han er ein av programleiarane for radioprogramma P.I.L.S og Radio Rock som går på NRK P1, og er i tillegg programleiar for Ren 60 og Gammelnorsk på NRK P1+.

Eit av høgdepunkta på turen blir ABBA-museet der vi får høyre om bandet si unike historie og langvarige suksess. Vi skal få sjå nokre av dei spektakulære kostymane som alle er handsydde, vi kan synge med ABBA-avatarar, og kanskje vi får slå av en prat med ABBA sin skreddar Owe Sandström.

Det blir også midtsommarfeiring på vakre Skansen med musikk, dans og reising av maistonga som er sjølve symbolet på sommaren og årets lysaste dag.

Bli med på ein unik, nostalgisk musikktur der vi saman får nyte den svenske sommaren på legendariske Skansen.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 23. juni - Frå Oslo til Stockholm

    Avreise med fly frå Oslo på formiddagen. På bussen inn til Stockholm får vi vårt første kåseri med Bård Ose: Ein introduksjon til svensk pop gjennom 60 år.

    Det er mogeleg å bu på to ulike hotell (sjå val ved påmelding.) Vi køyrer først til hotellet i Stockholm sentrum for dei som ønskjer å bu der, før vi køyrer videre til Backstage hotell rett ved Skansen og midtsommarfeiringa, der Bård Ose også skal bu.

    Vi tilrår å bruke tida før middag i Stockholm sentrum. Gamla stan er ei oppleving å vandre rundt i med sine mange småbutikkar og koselege kafear.

    Om kvelden møtest vi til velkomstmiddag på historiske Hasselbacken hotell og ein koseleg kveld saman. Hotel Hasselbakken ligger på andre sida av gata for Backstage hotell, og her har det vore kro og hotell heilt sidan 1700-talet.
    (M)

  • Dag 2: Laurdag 24. juni - Forelesing med Bård Ose og midtsommarfeiring

    Vi startar dagen med ei forelesing under frukosten, der Bård fortel om grupper som Hep Stars, Hootenanny Singers, Shanes, Tages, og om kvifor Sverige hevda seg i utlandet allereie før Abba, medan Norge ikkje gjorde det.

    Etter forelesinga er det klart for den store midtsommar-feiringa på Skansen, rett ved hotellet. Den store folkefesten byr på folkemusikk, dans og den tradisjonelle midtsommarstonga som vert kledd med blomster, bjørkelauv og det svenske flagget. Mange kjem i kvite klede med fine blomsterkransar i håret, og dei som vil i gruppa vår, kan også gjere det.

    Vi tek ein enkel lunsj ute i det fri, slik svenskane gjer det på midtsommardagen.

    Etter lunsj nyt vi den lyse sommarkvelden og får med oss utekonsertar og dans og opplever den gode stemninga. Billettane til Skansen er inkluderte i turprisen, men enkelte arrangement må ein kjøpe eigne billettar til.

    Det finst mange bodar, kafear og restaurantar på Skansen, der ein kan kjøpe seg enkle rettar eller typisk midtsommarmat som sild og nypoteter med øl og snaps. Vi kosar oss med god mat og drikke og musikk og dans utover i dei små timar denne laurdagskvelden på Skansen.
    (F, L)

  • Dag 3: Søndag 25. juni - Forelesing med Bård Ose «ABBA-dabba-doo" og ABBA museet

    Vi startar også denne dagen med eit frukostkåseri av Bård Ose, og i dag er temaet ABBA og deira rike musikkhistorie og påverknad: Eventyret ABBA – fire artistar med suksess i bagasjen lenge før dei danna ABBA.

    Etter forelesinga er det klart for eit av høgdepunkta på turen, ABBA-museet. Bandet har selt nær 400 millioner plater verda over, og museet presenterer eit samla bilde av suksessen. Her får vi gjenoppleve ABBA sine høgdepunkt frå musikk, musikalar, klede, tekstar, filmar og mykje meir.  

    Museet er også virtuelt, så her kan vi synge med og verkeleg føle at vi kjem «backstage». Kanskje klarer vi også å lure Bård Ose opp på avatar-scena?

    Lunsj på museet eller på ein restaurant i nærleiken. Stockholm sentrum er ope for shopping og kafébesøk også på søndagar. Frå Backstage hotell kan vi anbefale ferja (Slussen) som går over til Gamla stan. Ein kan også stoppe på “Skeppsholmen” der det er fint å vandre rundt. Benny Andersson frå ABBA har musikkstudio her, så viss ein er veldig heldig, kan ein treffe på han her.

    Om kvelden kan dei som vil, bli med reiseleiar på middag på hotellet eller ein restaurant i nærleiken.
    (F)

  • Dag 4: Måndag 26. juni - Forelesing med Bård Ose og hjemreise

    Vi startar dagen med eit nytt frukostkåseri av Bård Ose, og i dag er temaet: Sverige etter ABBA. Vi vil få høyre om artistar som har gjort stor suksess i kjølvatnet av ABBA, som Roxette, Gyllene Tider, Ulf Lundell med fleire.

    Etter forelesinga får vi nokre timar til disposisjon før avreise mot flyplassen. Vi kan anbefale å ta ein rusletur dei få minutta bort til museumsområdet med blant anna det berømte Vasamuseet, Vikingmuseet og Spritmuseet som tar for seg alkoholen si kulturhistorie i Sverige.

    Bussen vår tek oss så til flyplassen, der det blir avgang tilbake til Oslo på ettermiddagen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
23/6OsloHotell Clarion SignMeir enn 812 990,-BestillMer informasjon
23/6OsloBackstage HotelMeir enn 815 790,-BestillMer informasjon
Reisekalender
30/12Nyttårsfeiring i ParisFrå 13 990,-
30/12Nyttårsfeiring i ParisFrå 12 990,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo