Skip to main content

Amerikansk politikk med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

29. april - 2. mai 2021.

Vi vil gjerne invitere til ei langhelg om amerikansk samfunn og politikk på ærverdige Kviknes Hotel i Balestrand ved Sognefjorden. Det blir spennande tider i amerikansk politikk framover, og dei steile frontane mellom demokratane og republikanarane vil nok vedvare. Kanskje USA si storheitstid er over, eller vil landet dominere verdspolitikken også i framtida?

Gjennom daglege foredrag frå Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen får vi høyre meir om denne dramatiske tida for det amerikanske samfunnet. Eva Bratholm har vore korrespondent for NRK i Washington D.C. og for Dagbladet i New York. Ho har også skrive bøker med utgangspunkt i den amerikanske storbyen. Joar Hoel Larsen har jobba som journalist i utanriksredaksjonen til NRK i fleire år. Han har vore korrespondent i Latin-Amerika og USA i fleire periodar. Han har også skrive fleire bøker - blant andre Dead or Alive – Cowboyer i amerikansk politikk fra Davy Crocket til George W. Bush (2008).

Velkommen til ei lærerik langhelg i historiske omgivnader ved Sognefjorden!

 

 

 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 29. april – Velkommen til Balestrand

    Transport på eiga hand til Balestrand. Ta gjerne kontakt viss du treng assistanse med bestilling av kollektivtransport. 

    Sidan deltakarane kjem fram til ulike tider, blir det lunsj på eiga hand på hotellet. Etter lunsj er det god tid til å bli kjende med Kviknes Hotel og den vakre bygda Balestrand. Reiseleiaren frå Fotefar er tilgjengeleg i resepsjonen på hotellet. 

    Kl. 17.00 samlast vi i eit eige lokale og får informasjon om hotellet og turopplegget. Deretter er vi klare for dagens høgdepunkt, den første forelesinga til Eva og Joar med tittelen: Arven frå slaveriet - Black lives matter. 

    Dette får vi høyre meir om i forelesinga:  
    I USA er alle like for loven, iallfall formelt sett. Problemet er at mange myndigheitspersonar handsamar folk ulikt. Spesielt blir politiet skulda for forskjellsbehandling på rasistisk grunnlag. Svarte afro-amerikanarar blir ofte meir brutalt handsama enn kvite av europeisk opphav, og det på tynnare og meir sviktande grunnlag. Dette heng igjen frå slavetida. På 1960-talet vart lovverket meir rettferdig, men haldningsendringar kan ikkje vedtakast. Så rasediskriminering er framleis ein del av mange svarte sin kvardag. 

    No gjer dei opprør. Aktivistane i Black Lives Matter går grundigare til verks enn noko anna protestrørsle sidan slutten av 1960-talet då Martin Luther King vart drepen. USAs svarte har ei god sak. Problemet er at mange kvite motset seg det rettferdige kravet frå minoriteten. Desse kvite er redde for å bli fråtekne makt og innflytelse og slår ring om den privilegerte posisjonen sin. Men Black Lives Matter kjem ikkje til å gi seg. Dei har brei støtte i det store fleirtalet av amerikanarar og sympatien på si side; noko som under president Trump bidrog til å skjerpe konflikten. 

    Presidentkandidat Biden, som valde ei svart kvinne - Kamela Harris - som sin vise-presidentkandidat, sender ut andre signal. At dei to no sit ved makta, kan dempe konflikten, men vil dei to kunne løyse problemet? 

    Etter foredraget blir det buffétmiddag spisesalen som har flott utsikt over Sognefjorden. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar.  
    (M) 

  • Dag 2: Fredag 30. april

    Vi startar dagen med ein god frukost før det blir ein guida rundtur langs sjøkanten i idylliske Balestrand. På slutten av 1800-tallet vart bygda populær blant kunstnarar frå heile Europa, og keisar Wilhelm oppheldt seg her i fleire somrar tidleg på 1900-talet. Vi får sjå dei mange sveitservillaene med drakestil og den såkalla Engelske kyrkja som var modell for kyrkja i Disney-filmen Frost.  

    Lunsj på eiga hand. Vi foreslår omvising og lunsj på Ciderhuset, som ligg ein spasertur frå sentrum. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver både av sider og fruktbrennevin. Lunsjen blir servert i restauranten Glashuset som har ei vid og vakker utsikt over landskapet. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. Denne aktiviteten krev påmelding mot tillegg i pris. 

    Kl. 17.00 er vi klare for den andre forelesinga til Eva og Joar med tittelen: USA - topartisystem utan partimakt. 

    Dette får vi høyre meir om i forelesinga:  
    Sjølv om det finst ein myriade av politiske rørsler og organisasjonar, foreiningar og grupperingar i USA, så er det berre to parti som har reell politisk makt. Problemet er at disse to partia i praksis er reine valkampsadministrasjonar. I 2021 er Det demokratiske partiet noko meir liberalt og folkeleg enn Det Republikanske som er litt meir konservativt og borgarleg. Men det har ikkje alltid vore slik. President Abraham Lincoln, som i 1863 oppheva slaveriet, var republikanar; og dei kvite plantasjeeigarane i Sørstatane som braut ut av Unionen for å oppretthalde slaveriet; dei var i all hovudsak demokratar. 

    I USA - som i Norge - følgjer partia med i tida og tar opp i seg nye tema. Men der norske parti har landsmøte som vedtek partiprogram og sentralstyre som følgjer opp dei tillitsvalde sine vedtak; er dei amerikanske partia et slags meiningstorg der kandidatane presenterer standpunkta sine som veljarane så relaterer seg til. Den som får størst oppslutning i nominasjonsvala representerer då meningane til partia.  

    Donald Trump sin valsiger i 2016 kom overraskande på det republikanske “establishmentet” og har fått store konsekvensar. På same måte førte Hillary Clinton sitt nederlag på vegne av det demokratiske partiet same år til at fargerike og alternative kandidatar vart nominerte - og det med stor suksess - ved mellomvalet i 2018. Den enkelte kandidaten er partiet, og ikkje omvendt. Difor alast det ikkje opp politiske broilarar, ingen amerikansk politikar har "gått partivegen” som leiar av ungdomspartiet, vore fylkessekretær eller sete i kvinneutvalet. Kvar kandidat er sin eigen politiske karreieres smed! Systemet avspeglar USA som nasjon - Winner takes all! På godt og vondt? 

    Etter forelesinga går vi til buffétmiddagen i den tradisjonsrike spisesalen. Det neste på programmet er linedance-kurs. Her er det berre å slenge seg med i dansen, eller kanskje berre slappe av med noko godt i glaset. 
    (F, M) 

  • Dag 3: Laurdag 1. mai

    Etter ein god frukost kan ein velje om ein vil kose seg på hotellet og i bygda eller bli med reiseleiaren på ein fjelltur til Raudmelen, den karakteristiske fjelltoppen rett over sentrum av bygda. Det er også fleire utsiktspunkt på veg opp, så ein treng ikkje å gå heile turen for å få god utsikt over Sognefjorden. 

    Lunsj på eiga hand. Dei som vil, kan bli med reiseleiaren og ete lunsj på hotellet. Etterpå er det god tid til å sjå seg meir om i sentrum av Balestrand. Vi kan anbefale Reiselivsmuseet som ligg rett ved hotellet, og dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiaren dit etter lunsjen. Der er det også ein koseleg kafé, så ein kan avslutte museumsbesøket med ein god kopp kaffi. 

    Kl. 17.00 er vi klare for den tredje forelesinga til Eva og Joar med tittelen: USA - imperiet vaklar. Ei tid for alt? 

    Dette får vi høyre meir om i forelesinga: 
    Då mobben frå ytste høgreside i politikken storma Kongressbygningen i Washington DC den 6. Januar i år, etter ei indirekte oppfordring frå presidenten, vart det klart for ei heil verd: USA er i krise. Utfordringa blir å definere. Januar-mobben meiner at den satandyrkande og pedofile eliten av liberale menneskeetarar som no styrer USA, er problemet. Dei hentar informasjonen sin frå konspiratoriske internettskeptikarar og ser på Donald Trump som sjølve Frelsaren. 

    Det store fleirtalet av amerikanarar - frå begge parti - er bekymra for den stadig aukande polariseringa i landet og fryktar at hjernevaska ultraekstremistar som kallar seg patriotar og forsvararar av grunnloven skal undergrave supermakta sitt fundament. Splittelsen svekkar USA og styrkar på mange måtar ambisiøse utfordrarnasjonar som Russland og Kina. USA står i ein politisk spagat som smertar; og inst inne veit alle at imperium ikkje varer evig. Det har historia vist.  

    Det 20. århundre var USA si storheitstid, men allereie den 11.september i 2001 kom ein kraftig advarsel i form av fire kapra fly. Finanskrisa i 2008 viste at USA ikkje lenger hadde full kontroll over internasjonal økonomi. Med valet av Trump i 2016 vart sjølve folkestyret, i sin tradisjonelle form, utfordra. Mange sette si lit til dei andre institusjonane. Kongressen og Høgsterett vart utfordra, men bestod prøven - i første omgang. Men sjølv om Donald Trump ikkje lenger er president, så lever trumpismen videre. Og sjølv om nokre av dei som storma Kongressen i januar sit bak lås og slå, så er det millionar av likesinna som kan fylle skoa deira og ta opprøret eit skritt vidare. USA har i alle år bygd opp eit militært forsvar mot ein ytre fiende. Nå er “Gods Own Country” i ferd med å bli redusert til ein bananrepublikk av ein indre fiende som samfunnet ikkje har evna å demme opp for. USA vil framleis være eit stort og mektig land, men så vingestekka og skadeskutt at det uansett vil ta lang tid  å reparere skaden. Om det i det heile tatt er mogeleg. Andre vil seie ønskeleg. 

    Middag i spisesalen på Kviknes. Etter middag satsar vi på at det blir ein konsert med amerikansk musikk på hotellet. Meir info om dette kjem seinare. 
    (F, M) 

  • Dag 4: Søndag 2. mai – Heimreise

    Buffétfrukost i spisesalen.
    Utsjekking frå hotellet og avreise til ulike tider.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
29/4BalestrandBalestrandMeir enn 88 950,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo