Skip to main content

Amerikansk politikk med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

29. april - 2. mai 2021.

Vi vil gjerne invitere til ei langhelg om amerikansk samfunn og politikk på ærverdige Kviknes Hotel i Balestrand ved Sognefjorden. Uansett resultat i valet i haust blir det spennande tider i amerikansk politikk framover, og dei steile frontane mellom demokratane og republikanarane vil nok vedvare. Kanskje USA si storheitstid er over, eller vil landet dominere verdspolitikken også i framtida?

 

Gjennom daglege foredrag frå Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen får vi høyre meir om denne dramatiske tida for det amerikanske samfunnet. Eva Bratholm har vore korrespondent for NRK i Washington D.C. og for Dagbladet i New York. Ho har også skrive bøker med utgangspunkt i den amerikanske storbyen. Joar Hoel Larsen har jobba som journalist i utanriksredaksjonen til NRK i fleire år. Han har vore korrespondent i Latin-Amerika og USA i fleire periodar. Han har også skrive fleire bøker - blant andre Dead or Alive – Cowboyer i amerikansk politikk fra Davy Crocket til George W. Bush (2008).

 

Velkommen til ei lærerik langhelg i historiske omgivnader ved Sognefjorden!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 29. april – Velkommen til Balestrand

    Transport på eiga hand til Balestrand. Ta gjerne kontakt viss du treng assistanse med bestilling av kollektivtransport.
    Sidan deltakarane kjem fram til ulike tider, blir det lunsj på eiga hand på hotellet. Etter lunsj er det god tid til å bli kjende med Kviknes Hotel og den vakre bygda Balestrand. Reiseleiaren frå Fotefar er tilgjengeleg i resepsjonen på hotellet.
    Kl. 17.00 samlast vi i eit eige lokale og får informasjon om hotellet og turopplegget. Deretter er vi klare for dagens høgdepunkt, den første forelesinga til Eva og Joar med tittelen: Arven frå slaveriet - Black lives matter.
    Etter foredraget blir det buffétmiddag spisesalen som har flott utsikt over Sognefjorden. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 30. april

    Vi startar dagen med ein god frukost før det blir ein guida rundtur langs sjøkanten i idylliske Balestrand. På slutten av 1800-tallet vart bygda populær blant kunstnarar frå heile Europa, og keisar Wilhelm oppheldt seg her i fleire somrar tidleg på 1900-talet. Vi får sjå dei mange sveitservillaene med drakestil og den såkalla Engelske kyrkja som var modell for kyrkja i Disney-filmen Frost.

    Lunsj på eiga hand. Vi foreslår omvising og lunsj på Ciderhuset, som ligg ein spasertur frå sentrum. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver både av sider og fruktbrennevin. Lunsjen blir servert i restauranten Glashuset som har ei vid og vakker utsikt over landskapet. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. Denne aktiviteten krev påmelding mot tillegg i pris.
    Kl. 17.00 er vi klare for den andre forelesinga til Eva og Joar med tittelen: USA - topartisystem utan partimakt.
    Etter forelesinga går vi til buffétmiddagen i den tradisjonsrike spisesalen. Det neste på programmet er linedance-kurs. Her er det berre å slenge seg med i dansen, eller kanskje berre slappe av med noko godt i glaset.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 1. mai

    Etter ein god frukost kan ein velje om ein vil kose seg på hotellet og i bygda eller bli med reiseleiaren på ein fjelltur til Raudmelen, den karakteristiske fjelltoppen rett over sentrum av bygda. Det er også fleire utsiktspunkt på veg opp, så ein treng ikkje å gå heile turen for å få god utsikt over Sognefjorden.
    Lunsj på eiga hand. Dei som vil, kan bli med reiseleiaren og ete lunsj på hotellet. Etterpå er det god tid til å sjå seg meir om i sentrum av Balestrand. Vi kan anbefale Reiselivsmuseet som ligg rett ved hotellet, og dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiaren dit etter lunsjen. Der er det også ein koseleg kafé, så ein kan avslutte museumsbesøket med ein god kopp kaffi.
    Kl. 17.00 er vi klare for den tredje forelesinga til Eva og Joar med tittelen: USA - imperiet vaklar. Ei tid for alt?
    Middag i spisesalen på Kviknes. Etter middag satsar vi på at det blir ein konsert med amerikansk musikk på hotellet. Meir info om dette kjem seinare.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 2. mai – Heimreise

    Buffétfrukost i spisesalen.
    Utsjekking frå hotellet og avreise til ulike tider.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
29/4BalestrandMeir enn 88 950,-Bestill
  • RGF Logo