Andrea Bocelli i heimbyen Lajatico - Montecatini

21.-25. juli 2027.

Grøne åssider, vakre landsbyar og gode smakar kjenneteiknar Toscana. Kvart år inviterer den verdskjende tenoren og operasongaren Andrea Bocelli til utandørs operakonsert i heimbyen sin Lajatico. Vi har sikra oss billettar til denne store hendinga. Fotefar gjentek suksessen nok ein gong, og inviterer deg til å dele denne fantastiske flotte musikalske opplevinga med oss.

På turen skal vi bu i byen Montecatini Terme, som ligg midt mellom Firenze og Pisa. Byen har eit spennande sentrum med mange kaféar og butikkar. I tillegg er Montecatini Terme berømt for kurbad og er rekna som den mest kjende av spa-byane i Toscana. I tillegg er byen eit senter for art nouveau-arkitektur, ein stil vi kjenner som Jugendstil. Som elles i Toscana er det kort veg til dei som dyrkar mat, og vi vil på denne turen få smake på ekte toskanske matrettar med lang historie i regionen.

I tillegg til konserten med Bocelli får du høve til å oppleve antikkens Lucca, magiske Pisa, ta kabelbanen til Montecatini Alto, og besøke ein spennande vingard som ligg vakkert til i det toscanske landskapet.

 

 

Pris frå:
18 950,-
Dagar: 5
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • Konsert med Andrea Bocelli i Lajatico
  • Vingardsbesøk med lunsj og drikke
  • Vandring i Montecatini Terme
  • 4 overnattingar på 4-stjerners hotell
  • 4 frukostar
  • 2 lunsjar
  • 1 middag
  • Besøk i Lucca
  • Reiseleiar frå Fotefar med på heile turen


Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo – Firenze (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Flyreise Firenze - Oslo
  • Busstransport flyplass-hotell
  • Busstransport hotell-flyplass


Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr. 1800,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips


  • Minimum tal deltakarar: 25 personar

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 21. juli - Velkommen til Montecatini Terme

    Avreise frå Gardermoen om ettermiddagen med fly direkte til Firenze. Derifrå køyrer vi i retning Montecatini Terme, som ligg i provinsen Pistoia i Toscana (busstransport for dei som har bestilt turen inkludert flyreise). Byen har om lag 20 000 innbyggarar.

    Framme i Montecatini Terme sjekkar vi inn på det 4-stjernes hotellet vårt. Dei som ønsker det, kan bli med reiseleiar ut på ein rusletur i nærområdet til hotellet.

  • Dag 2: Torsdag 22. juli - Montecatini Terme og Andrea Bocelli-konsert

    Vi nyt formiddagen i Montecatini Terme på eiga hand. I byen kan du nyte Spa, ein kaffe latte på ein kafè, shoppe i de mange butikkane eller berre nyte bassenget på hotellet.

    Om ettermiddagen er det tid for å gjere oss klare for kvelden med konsertopplevinga i Lajatico. Vi dreg frå Montecatini Terme i god tid før konserten som byrjar kl. 21.30 på berømte Teatro del Silencio. Konserten varer til midnatt, og vi er tilbake til hotellet ute i dei små nattetimane.

    Arrangøren tek atterhald om veret, og konserten kan bli flytta til den 23. juli i tilfelle uver. Arrangøren refunderer ikkje billettane om konserten vert avlyst.
    (F)

  • Dag 3: Fredag 23. juli - Utflukt med vingardsbesøk

    Fulle av inntrykk etter opplevingane i går, har vi i dag sett av litt ekstra tid til frukosten. Deretter blir vi henta med buss for utflukt med omvising på ein lokal vingard. I vakkert toskansk landskap blir vi møtt av vertskapet for omvising av vingarden før vi et lunsj og smakar på vin.

    Etter besøket på vingarden dreg vi vidare til Lucca. Der finn vi eit koseleg sentrum med innbydande spesialforretningar, trattoria og kafear tett i tett. Er du ute etter shopping, finn du også her eit godt utval av ulike butikkar. Sentrum i Lucca er omkransa av ein 4,2 km lang bymur. Ein populær aktivitet her er å leige seg ein sykkel for å oppleve byen medan ein syklar rundt på muren. Bymuren er ein av dei best verna bymurane i Toscana.

    Felles avslutningsmiddag i nærleiken av hotellet på kvelden.
    (F,L,M)

  • Dag 4: Laurdag 24. juli - Montecatini Terme + vandretur m/kabelbana og panorama

    Etter ein god frukost kan dei som vil, bli med reiseleiar og ein lokal guide på ein vandretur for å bli kjende med byen. Vi skal rusle gjennom den gamle delen av byen med dei flotte bygningane og parken Parco delle Terme. I denne delen av byen ligg også den vakre og moderne kyrkja Basilica Santa Maria Assunta, bygd i 1953.

    Turen går vidare med kabelbana «Funiculare» frå Montecatini Terme, og vi avsluttar på toppen av Montecatini Alto, «fjellandsbyen» med ein god lunsj og fantastisk utsikt.

    (F, L)

  • Dag 5: Søndag 25. juli – Heimreisedag

    Etter ein god frukost reiser vi til flyplassen.

    På vegen til flyplassen gjer vi eit kort stopp ved ein lokal matbutikk, der det blir høve til å handle med seg italienske spesialitetar, lokale delikatessar eller andre smakar frå Italia som eit hyggjeleg minne frå reisa.

    Fly attende til Oslo.

    (F)

  • Viktig informasjon

    Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
21/7OsloMontecantiniMeir enn 822 900,-BestillMer informasjon
21/7Montecantini
Montecatini
518 950,-BestillMer informasjon