Skip to main content

Argentina og Uruguay med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

27. februar - 9. mars 2022.

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen tek oss med til Evita Peron sitt heimland på denne eksotiske turen til Argentina. Vi får også med oss ein liten smakebit av nabolandet Uruguay, men alle mest skal vi utforske den pulserande metropolen Buenos Aires. Her får vi oppleve dei ulike bydelane, frå fattige og fargerike La Boca, til det pulserande og levande Palermo og det hippe og tradisjonelle San Telmo. I det Paris-liknande strøket Recoleta bur vi godt på eit 4-stjernes hotell. Argentina er tangoen sitt heimland, og det blir tangoshow med tilhøyrande kurs for dei som ønskjer det.

På pampasen besøkjer vi ein ranch med den verdskjende grillmaten frå Argentina på fatet. Under måltidet nyt vi den berømte argentinske vinen, medan vi får eit forrykande tangoshow som blir etterfølgd med eit imponerande rideshow av gauchoane. Ein dag blir det båttur på Rio de la Plata over til Uruguay og byen Colonia del Sacramento som er oppførd på UNESCO si verdsarvliste.

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er med oss på heile turen. Joar har lang fartstid som korrespondent i Sør-Amerika. Han og Eva deler sin lidenskap for og sine kunnskapar om dette kontinentet med oss.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 27. februar og måndag 28. februar – Buenos Aires

    Avreise frå Gardermoen om ettermiddagen. Vi landar i Buenos Aires neste morgon til sol og sommar, og på veg til hotellet vårt får vi sightseeing i millionbyen Buenos Aires med tid til lunsj. Vi skal besøkje Maiplassen og det rosa presidentpalasset, der Evita Peron heldt sine talar frå balkongen til sine trufaste tilhengarar blant landet sine fattige. Av attraksjonar får vi med oss den vakre katedralen ved torget, det gamle spanske rådhuset, obelisken som er vorten kjend som symbolet på Buenos Aires, den berømte operaen Teatro Colòn og mange andre kjende bygningar og landemerke i denne mangfaldige metropolen.

    Etter innsjekking på hotellet vårt i Recoleta, vert det tid til å slappe av før vi møtest til velkomstmøte med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Fellesmiddag etter møtet.
    (L, M)

  • Dag 2: Tysdag 1. mars – La Boca og San Telmo

    Frukost og morgonmøte med Eva og Joar der vi skal få ein gjennomgang av byen si historie. Vi skal så utforske ulike delar av Buenos Aires, som er hovudstaden i Argentina og den største byen i landet. Han ligg på Atlanterhavskysten ved den breie elva Rio de la Plata, også kalla «Sølvelva», som dannar grensa mellom Argentina og Uruguay. Buenos Aires har rykte på seg for å vere den rikaste og mest europeiske byen i Sør-Amerika. Dette ser vi att i både arkitekturen, kulturen og strukturen i byen. Her er det breie avenyar og store parkar. Ettersom byen også har landet si største hamn, vert innbyggjarane også kalla porteños, som betyr «folk frå hamna». Både byen og landet er dominert av ei spansktalande befolkning, sidan det var spanjolane som koloniserte landet.

    Guiden vår tek oss med til den fattige, men fargerike bydelen La Boca, som på mange måtar er sett på som tangoen sin fødestad. Vi går til fots gjennom nokre av gatene i denne erke-argentinske bydelen og opplever dei fargerike små husa, gateartistar, musikantar og spontan tangodansing i gatene. Her ligg La Bombonera, som er Boca Juniors, klubben til Diego Maradona sin stadion, som vi også skal besøkje denne dagen. Vi et lunsj i La Boca.

    Vi fortset så til gamlebyen San Telmo som er godt bevart frå kolonitida. I dette området levde velståande argentinarar saman med fattige innvandrarfamiliar som kom frå Italia og heile Europa på 1900-talet. Her finn vi mange gamle kyrkjer, vakre hus, museum, antikvitetsbutikkar og bokhandlarar. I hjarta av bydelen Plaza Dorrego arrangerer ein kvar søndag ei stor antikvitetsmesse eller loppemarknad . Middag på hotellet eller på ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet, gjerne saman med reiseleiar for dei som ønskjer det.
    (F, L)

  • Dag 3: Onsdag 2. mars – Palermo og Recoleta

    Denne dagen skal vi gå i fotefara til Evita Peron. Etter frukost og morgonmøte der Eva og Joar fortel om Argentinas politiske historie og Evita Peron, dreg vi til Palermo. Dette er eitt av dei beste strøka i byen, og namnet stammar frå dei mange italienske innvandrarane til Buenos Aires. Her ligg Evita Peron-museet som vi skal besøkje. Det ligg i det største grøntarealet i byen, Parque Tres de Febrero (3. februar-parken), med sin store, kunstige innsjø, idylliske turstiar og vakre rosehage.

    Vi et lunsj ved museet før vi dreg attende til Recoleta, bydelen vi bur i, og her er det mange galleri og restaurantar. Midtpunktet i bydelen er det store torget framfor inngangen til kyrkjegarden, med den flotte Basilica Nuestra Señora del Pilar like ved. På kyrkjegarden ligg legendariske Evita Peron gravlagd i eit mausoleum av granitt, marmor og bronse. Vi besøkjer grava hennar som ei fin avslutning på denne Evita-dagen.

    Ettermiddagen på eiga hand i Recoleta, middag på hotellet eller på ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet, gjerne saman med reiseleiar, for dei som ønskjer det.
    (F, L)

  • Dag 4: Torsdag 3. mars – Den argentinske pampasen

    Etter frukost og morgonmøte med Eva og Joar dreg vi på utflukt til den argentinske pampasen, eit slettelandskap og jordbruksområde som strekkjer seg i ein radius av nesten 100 mil frå Buenos Aires. Dette området har gjennom hundrevis av år vore heimstad for dei legendariske argentinske cowboyane, såkalla gauchoar. Med den frodige jorda og pampas-kveget, som endar opp som nokre av verdas møyraste biffar, er pampasen nerven i den argentinske økonomien.

    Denne dagen går vi i fotefara til gauchoane når vi besøkjer ein estancia, som er ein stor argentinsk ranch. Her får vi sjå korleis gauchoane lever og arbeider med gauchoutrusting og hestane dei rir på. Vi får servert ein tradisjonell asado-lunsj med lekkert grilla kjøt og empanadas, som er små halvmåneforma, fylte brød. På estanciaen nyt vi også eit folkloreshow med tradisjonell argentinsk musikk og dans, og vi får ei rideoppvising av gauchoar på ranchen. Det er også mogeleg å prøve ein ridetur sjølv. Retur til Buenos Aires om ettermiddagen.
    (F, L)

  • Dag 5: Fredag 4. mars – Tangokurs- og show

    Vi slappar av på hotellet og har føremiddagen fri til shopping eller byvandring i Recoleta eller i Palermo, der du også finn eit av byens største shoppingsenter.

    På ettermiddagen dreg vi til tangoklubben El Querandi i Montserrat, der vi får møte ein sommelier som presenterer oss for eit utval av dei fantastiske vinane Argentina produserer. Etter vinsmakinga får vi ein tangoleksjon, etterfølgd av middag og tangoshow.
    (F, M)

  • Dag 6: Laurdag 5. mars – El Tigre og Paraná

    Etter frukost og morgonmøte med Eva og Joar dreg vi til landsbyen El Tigre og elvedeltaet ved elva Paraná. Etter bussturen skal vi ut i båt og oppleve dei vakre kanalane ved Paraná-elva. Dette er ei flott naturoppleving, og vi får med oss livet i elvedeltaet og dei spesielle husa som er bygde på dei mange øyane i deltaet. Det er eit fantastisk dyreliv her, og området er kjent for sine gode tilhøve for fuglekikkarar.

    Vi et lunsj i byen El Tigre og besøkjer deretter den lokale marknaden der ein kan kjøpe handverk, smykke og skinnvarer. Retur med buss til Buenos Aires om ettermiddagen.
    (F, L)

  • Dag 7: Søndag 6. mars – Uruguay

    Denne dagen dreg vi ut i båt til Uruguay og besøkjer den gamle kolonibyen Colonia del Sacramento (oppført på UNESCO si verdsarvliste). Vi kryssar Rio de la Plata, ei av verdas breiaste elvar, som dannar grensa mellom Argentina og Uruguay. Colonia del Sacramento er ein innbydande by grunnlagd av portugisarane, med ein arkitektur som er ei blanding av portugisiske, spanske og postkoloniale stilartar.

    Vi vandrar rundt i byen og ser blant anna på den vakre, gamle byporten og festninga San Miguel. Deretter går vi opp til fyret Faro de Colonia del Sacramento og får ei glimrande utsikt over byen, elva La Plata og skimtar Buenos Aires i det fjerne. Vi får ein god lunsj med typiske rettar i Uruguay, før vi besøkjer ein vingard i Carmelo-området. Fritid i Colonia før vi reiser tilbake til Buenos Aires seint på kvelden.
    (F, L)

  • Dag 8: Måndag 7. mars – Buenos Aires

    Etter frukost og morgonmøte med Eva og Joar, har vi høve til å utforske Buenos Aires på eiga hand. Under opphaldet har du sikkert hatt ønske om å få meir tid til å utforske byen, anten det er marknader, shopping, museum, kunstutstillingar, parkar eller koselege kaféstrøk.

    Om kvelden vert det avskjedsmiddag i hagen til Katrine Røed i bydelen Bajo Belgrano. Ho er opphavleg frå Noreg og har budd i Argentina i meir enn 50 år. Katrine dreiv tidlegare ein populær restaurant i Buenos Aires og har blant anna lært argentinarane om rakefisk. Gruppa vår er så heldige å besøkje Katrine og få servert ulike rettar med argentinsk mat.

    Under middagen kan vi fortelje historier og mimre om opplevingane på turen. Vi reiser samla tilbake til hotellet etter middagen.
    (F, M)

  • Dag 9: Tysdag 8. mars – Heimreise

    Dette er dagen for heimreise. Vi har litt fritid på føremiddagen før det blir avreise til flyplassen i Buenos Aires. Framme i Oslo dagen etter, onsdag 9. mars.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
27/2OsloArgentinaMeir enn 829 950,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo