Avreise om morgonen frå Oslo og Bergen til Berlin. Utreise og tilknyting frå andre byar ved førespurnad. Bussen vår køyrer frå flyplassen til minnesteinen over diktaren Nordahl Grieg i Kleinmachnow. Han døydde under dramatiske omstende då bombeflyet han var om bord i vart skote ned over Berlin i 1943. Minnesmerket er plassert der flyet styrta og mannskapet omkom. Etter besøket der, køyrer bussen innom Wannsee. Her kan vi sjå villaen der den forferdelege Wannsee-konferansen fann stad den 20. januar 1942. Her bestemde Reinhard Heydrich, Adolf Eichmann og 13 andre frå SS og etterretningstenesta å utrydde den jødiske folkegruppa i Europa.
På veg til hotellet held turen fram med Lars som guide. Vi reknar med å sjå blant anna Olympiastadion, Schöneberg rådhus, East Side Gallery (med kort stopp), Karl-Marx-Allee og andre attraksjonar.
Etter sightseeinga sjekkar vi inn på det flotte hotellet vårt, som ligg sentralt til i byen.
Vi slappar av før vi møtest i konferansesalen på hotellet og får det første foredraget av Edvard Hoem. Dagens tema: Nordahl Grieg som diktar, sosialist og antifascist. Han var ein av dei mest markante diktarane i Norge i si samtid. I tillegg var han ein politisk aktivist.
Deretter blir det fellesmiddag på hotellet.
(M)
Etter ein god frukost startar vi dagen med ei ny forelesing med Edvard Hoem. Dagens tema: Mors og fars historie. Romanen er basert på verkelege personar og hendingar. Faren vart gift med ei ung kvinne som hadde fått barn med ein tysk soldat mot slutten av krigen. Dette er ein svært kritikarrost roman.
Etter foredraget blir det historisk byvandring med historikaren Rasmus Sunde. Vi går samla frå hotellet langs hovudgata Unter den Linden og får med oss Museuminsel med dei imponerande musea som Pergamon, Alte Museum, Nationalgalerie, Bode-Museum og Deutsches Historisches Museum. Vi høyrer om, og ser på, dei ruvande bygningane. Det blir opp til kvar og ein kor mykje tid ein seinare vil bruke på musea.
På Pariser Platz og Brandenburger Tor får vi ein god stopp. Denne porten betyr like mykje for berlinarane som Triumfbogen for parisarane. Vi avsluttar vandreturen ved Riksdagsbygningen der den tyske nasjonalforsamlinga (Bundestag) held til.
Om kvelden blir det fellesmiddag på ein god restaurant. Der får vi eit lokale for oss sjølve. Edvard Hoem les dikt frå diktsamlinga han gav ut i november 2021. Elles underheld vi kvarandre med historier og allsong med gitarakkompagnement av Lars Nes.
(F, M)
Etter frukost blir det nytt kåseri med Edvard Hoem. Dagens tema: Frøken Dreyers musikkskole. Denne fengslande romanen handlar om kjærleik, musikk og politikk og med det unge musikarparet Theodor og Renate Ungermann som hovudpersonar. Dei dreg frå det krigsherja Tyskland og kjem til Bergen i 1952. Der skal dei arbeide som musikklærarar ved frøken Dreyers musikkskole, men fordi dei er tyske, har dei vondt for å bli godtekne så kort tid etter krigen. Dette er ein av dei beste og vakraste romanane til Edvard Hoem.
Denne dagen blir det også byvandring, men først får vi ein flott båttur på elva Spree (inkludert i turprisen). Her opplever vi andre deler av Berlin enn frå gatene. Etter båtturen går vi til Bebelsplatz og deretter kjem inn på den flotte, opne plassen Gendarmenmarkt med det imponerande Konzerthaus og dei to kyrkjene Deutscher Dom og Französischer Dom på kvar si side. Då er det også tid for lunsj på eiga hand.
Vi går vidare til verdskjende Checkpoint Charlie, som var sentral under delinga av Tyskland og den kalde krigen. Her gir vi oss god tid før vi vandrar vidare til museet Topographie des Terrors. Under krigen låg nokre av nazistane sine mest skremmande organisasjonar som SS her. I området får vi med oss restane av Berlinmuren, Gørings Luftwaffe, den opne plassen over bunkeren til Hitler før vi stoppar og går inn på Holocaust Memorial, som er eit stort minnesmerke over jødane som vart drepne av nazistane. Til slutt endar vi opp ved Brandenburger Tor.
Om kvelden vert det middag på restaurant i nærleiken av hotellet. Her får vi rom for oss sjølve, og det vert høve til ulike bidrag og allsong. Edvard Hoem vil lese utvalde dikt frå diktsamlinga si.
(F, M)
Etter frukost blir det eit nytt foredrag av Edvard Hoem. Dagens tema: Med Bjørnstjerne Bjørnson i Europa. Hoem har som kjent skrive ein stor biografi om diktaren som i periodar oppheldt seg i utlandet. Kva inspirasjon gav desse opphalda diktaren, samfunnsmennesket og europearen Bjørnson?
Denne føremiddagen er det frie val av aktivitetar. Etter foredraget vil reiseleiarane føreslå eit besøk i TV-tårnet, som ligg like ved hotellet vårt. Vi tek heisen opp i det 368 meter høge tårnet og får ei fantastisk utsikt over Berlin.
Etter lunsj på eiga hand legg vi opp til fleire frivillige aktivitetar. Dei historieinteresserte kan vere med Rasmus til det svært gode Deusches Historisches Museum. Dessutan vil vi føreslå besøk på eitt eller fleire av dei verdskjende kunstmusea på Museuminsel saman med Lars.
Denne ettermiddagen kan ein gjerne besøkje Berliner Dom. Det er den største og flottaste kyrkja i byen, og vi anbefaler ein tur inn i denne vakre kyrkja. Er vi heldige, får vi med oss litt orgelmusikk. Elles anbefaler vi ein tur innom DDR-museet som ligg like ved. Elles er dagen til eigen disposisjon.
Om kvelden inviterer Fotefar deltakarane til ein stor klassisk konsert. Når haustkonsertane blir lagt ut for sal i juni månad, vil deltakarane få informasjon om kva konsert vi har valt ut.
Middag på eiga hand.
(F)
Etter ein lang og god frukost får vi foredrag av Edvard Hoem. Dagens tema: Bertolt Brecht og Det gode mennesket frå Sezuan. Denne siste dagen tek Hoem for seg Bertolt Brecht som vert rekna som den fremste tyske dramatikaren. Han skreiv elles poesi og arbeidde mykje som regissør og teaterinnovatør. Politisk var han sosialradikal og under den kalde krigen slo han seg ned i DDR. Edvard Hoem er godt kjend med litteraturen til Brecht og har omsett fleire av verka hans, som Det gode mennesket frå Sezuan, frå tysk til nynorsk.
Deretter hentar bussen vår oss på hotellet, og køyrer oss til flyplassen. Fly tilbake til Oslo og Bergen, der vi er framme på ettermiddag og kveld.
(F)