Skip to main content

Berlin med Hans-Wilhelm Steinfeld: 100 års europeisk historie på 6 forelesingar

9. - 13. november 2023. 

På 1900-talet og fram til i dag har spenningane mellom aust og vest i Europa ført til mange alvorlege konfliktar og krigar. Berlin har på fleire måtar stått i sentrum for denne aust/vest-spenninga gjennom keisartid, to verdskrigar og nazismen, i tillegg til den kalde krigen og delinga av Tyskland. Etter oppløysinga av Sovjetsamveldet og innføringa av demokrati i landa i Aust-Europa, rådde det optimisme i verdsdelen vår. Utviklinga i Russland under president Putin har gått i svært negativ lei med annekteringa av Krim og invasjonen i Ukraina. På nytt er Europa inne i ein frykteleg krig som ein ikkje ser enden på.

På seks forelesingar tek historikaren og den kjende journalisten Hans-Wilhelm Steinfeld oss gjennom dette turbulente hundreåret i europeisk historie. Som korrespondent har han i mange år levd svært tett på fleire av dei dramatiske hendingane i Europa dei siste 40 åra. Gjennom forelesingane får vi servert dei store historiske linjene i europeisk historie og kjem også nær inn på hendingane gjennom guiding og ekskursjonar. Vi skal også merka oss datoen første dagen i Berlin. 9. november i 1918 abdiserte keisar Wilhelm. Under den såkalla krystallnatta 9. november 1938 øydela nasjonalsosialistane synagogar, jødiske butikkar og husvære, og 9. november 1989 fall Berlinmuren.

 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 9. november - Til Berlin - forelesing og middag

    Avreise om morgonen med direktefly frå Oslo, og frå andre byar på førespurnad. Busstransport frå flyplassen i Berlin til hotellet vårt i Kurfürstendamm, som ligg i den vestlege sentrumskjernen av Berlin.

    Den 9. november i Berlin er ein dag som minner oss om dei mest ekstreme ytterpunkta i menneskeleg handling, med håp og solidaritet på den eine sida og med frykteleg hat og øydelegging på den andre. 9. november i 1918 abdiserte keisar Wilhelm. Under krystallnatta 9. november 1938 øydela nasjonalsosialistane synagogar, jødiske butikkar og husvære. Dette var eit tidleg teikn på det grufulle Holocaust som skulle følgje. Likevel skjedde den mest kjende hendinga i 1989, med Berlinmurens fall. Dette var ein avgjerande dag for både Berlin og heile Tyskland. Etter mange år med skilje og politisk konflikt, gjekk muren ned, og tyskarar frå aust og vest kunne endeleg omfamne kvarandre. Dette symboliserte ikkje berre ei fysisk samling av byen, men også ei samling av det tyske folket etter mange års åtskiljing.

    Etter innsjekkinga på hotellet møtest vi i konferansesalen på hotellet for informasjon om turopplegget. Deretter får vi den første forelesinga av Hans-Wilhelm Steinfeld med emnet: Keisar- og tsartid. 

    Elles er det tid til å bli kjend med byen på eiga hand. Ettersom vi bur i handlegata Kurfürstendamm, vil det vere gode sjansar for shopping på denne turen. I Berlin er det også fleire alternativ av hopp-på-hopp-av bussar så ein enkelt kjem seg på sightseeing på eiga hand.

    Om kvelden samlast vi til fellesmiddag nær hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 10. november - Forelesingar og utflukt

    Etter ein god frukost startar vi dagen med forelesing av Hans-Wilhelm Steinfeld. Tema for den forelesinga blir: Den kommunistiske revolusjonen og første verdskrig

    Etter forelesinga kan ein disponere dei neste timane på eiga hand i storbyen, eller være med historikar Rasmus Sunde på ein historisk vandretur i Berlin (mot eit tillegg i prisen). Vi tek banen saman frå hotellet og går først til Pariser Platz og Brandenburger Tor. Deretter ser vi Riksdagsbygningen, der den tyske nasjonalforsamlinga Bundestag held til. Vidare blir det guiding langs den vakre Unter den Linden der vi ser og høyrer om dei ruvande bygningane som Staatsbibliothek, Humboldt Universitet, Neue Wache og Zeughaus (Deutsches Historisches Museum) før vi passerer Slottsbrua og kjem inn på Karl-Liebknecht Strasse og fram til Berliner Dom. Dette er den største og flottaste kyrkja i byen, og her får vi også kanskje med oss ein orgelandakt.

    Utpå ettermiddagen møtest vi i konferanserommet igjen til Steinfeld sitt foredrag: Mellomkrigstida og andre verdskrigen. 

    Denne kvelden blir det middag på eiga hand, reiseleiar gir tips på gode restaurantar.
    (F) 

  • Dag 3: Laurdag 11. november - Forelesingar og guida tur

    Vi startar dagen med ein god bufféfrukost på hotellet. Etterpå blir det ei ny forelesing med Hans-Wilhelm Steinfeld. Tema blir: Den kalde krigen og delinga av Europa og Tyskland. 

    Etter foredraget gir vi tilbod om byvandring med historikar Rasmus Sunde frå Slossbrücke til Karl Liebknecht Strasse og vidare til Alexanderplatz (mot eit tillegg i prisen). Vi tek banen frå hotellet og på vandringa får vi med oss Lustgarten med Museumsinsel der vi kan sjå dei imponerande musea som Pergamon, Alte Museum, Nationalgalerie, Bode-Museum. Museumsinsell er verdas største museumskompleks. Hovudattraksjonen på denne turen blir besøk i det berømte TV-tårnet som er 365 m høgt. Der får vi ei fantastisk utsikt over Berlin. Til slutt besøkjer vi det nyopna Berliner Schloss med Humbolt Forum. Dette er eit fantastisk flott museum for verdas kulturarv. Her er det er god restaurant der ein kan kjøpe seg lunsj før retur til hotellet.

    Elles har deltakarane dei neste timane til eigen disposisjon. Vi kan anbefale ein båttur på elva Spree eller ein busstur gjennom Berlin. Reiseleiarane orienterer om desse aktivitetane på infomøte første dagen. Det er også ein god sjanse for å oppleve nokre julemarknadar i byen.

    Vi møtast igjen i konferanserommet utpå ettermiddagen og får ei ny forelesing med tema: Oppløysinga av Sovjetsamveldet og innføring av demokrati i Aust-Europa. 

    Middag på eiga hand også denne kvelden, reiseleiar gir tips på restaurantar til dei som ønsker det.
    (F)

  • Dag 4: Søndag 12. november - Forelesing og evt. tur til Potsdam

    Vi møtest i konferanserommet etter frukost og får siste forelesing av Hans-Wilhelm Steinfeld: Krigen i Ukraina og vegen vidare for Europa. 

    Deltakarane har så resten av dagen til eigen disposisjon. Om mange nok melder seg på, kan Fotefar tilby ei dagsutflukt til Potsdam (mot eit tillegg i prisen. Vi køyrer med bussen vår frå hotellet, og første stopp blir på Stalin-Alle og East Side Gallery der vi går av bussen i 10 minutt. Deretter går turen til den nedlagde flyplassen Tempelhof der vi ser på minnesmerket over dei allierte pilotane som omkom i samband med luftbrua under Berlinblokaden i 1948-49. 

    Vi stoppar også ved Olympiastadion, der dei olympiske leikane vart arrangerte i 1936. Bussen køyrer så innom Wannsee, der vi kan sjå villaen der den forferdelege Wannsee-konferansen fann stad den 20. januar 1942. Her bestemde Reinhard Heydrich, Adolf Eichmann og 13 andre frå SS og etterretningstenesta å utrydde den jødiske folkegruppa i Europa. 

    Deretter går turen til den vesle byen Kleinmachnow der vi får servert felleslunsj på ein restaurant. Like i nærleiken står ein minnestein over diktaren Nordahl Grieg. Vi går dit og får høyre om dei dramatiske omstenda då bombeflyet han var om bord i, vart skote ned i 1943. Minnesmerket er plassert der flyet styrta, og mannskapet omkom. 

    Bussen køyrer oss til den vakre byen Potsdam med det berømte slottet Sanssouci. Namnet er fransk og tyder utan sorg. Det imponerande rokokkoslottet er frå 1745 og var Preussen sitt svar på franskmennene sitt slott i Versailles. Kong Fredrik den store gjorde sjølv skisser til slottet og den vakre hagen. Vi går inn på Cecilienhof Slott, der Stalin, Truman og først Churchill, og deretter Attlee møttest sommaren 1945 for å avtale oppdelinga av Europa etter krigen. Dette viktige møtet blir kalla Potsdam-konferansen.  

    Vi er tilbake på hotellet utpå ettermiddagen.

    Avskjedsmiddag på ein koseleg restaurant nær hotellet.
    (F, M) 

  • Dag 5: Måndag 13. november - Heimreise

    Etter ein god frukost har ein nokre timar til å utforske Kurfürstendamm på eiga hand på føremiddagen.

    Bussen køyrer oss til flyplassen i lunsjtider, så det er lurt å kjøpe seg lunsj ein kan ta med på flyplassen.

    Fly tilbake til Oslo tidleg ettermiddag, og eventuelt vidare til andre byar på førespurnad. 
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
9/11OsloBerlinMeir enn 818 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo