Avreise om morgonen frå Oslo og Bergen til Berlin. Utreise og tilknyting frå andre byar ved førespurnad. Bussen vår køyrer frå flyplassen og gjennom den vesle byen Kleinmachnow , som ligg i området der diktaren Nordahl Grieg døydde under dramatiske omstende då bombeflyet han var om bord i vart skote ned over Berlin i 1943. Bussen vår køyrer oss vidare til Wannsee. Her kan vi sjå villaen der den forferdelege Wannsee-konferansen fann stad den 20. januar 1942. Her bestemde Reinhard Heydrich, Adolf Eichmann og 13 andre frå SS og etterretningstenesta å utrydde den jødiske folkegruppa i Europa. Turen går vidare, og vi får med oss blant anna Olympiastadion, Schöneberg rådhus og andre attraksjonar. Rasmus Sunde og Lars Nes guidar og fortel på bussturen.
Etter sightseeinga sjekkar vi inn på hotellet vårt, som ligg svært sentralt til i byen. Etterpå kan vi slappe av på hotellet eller sjå på folkelivet på Alexanderplatz eller ta ein tur på kjøpesenteret som ligg vegg i vegg med hotellet.
Om kvelden blir det middag på ein god, tysk restaurant, som ligg i Nikolaiviertel, ikkje langt frå hotellet vårt. Dette er eit av dei eldste områda i Berlin og er bygd rundt Nikolaikyrkja frå ca. 1250. Her finn vi tronge smug og bakgater, gamle restaurantar og små, koselege butikkar. I det heile er dette eitt av dei mest sjarmerande strøka i Berlin. På restauranten får vi eit lokale for oss sjølve og kan underhalde kvarandre med historier og allsong med gitarakkompagnement av Lars Nes.
(M)
Etter ein god frukost blir det historisk byvandring med Rasmus. Vi startar på Alexanderplatz og går inn på Karl Liebknecht Strasse, kikkar på det 365 meter høge fjernsynstårnet og den gamle Marienkyrkja frå ca. 1280 før vi går litt vidare og besøker Berliner Schloss. Dette storfelte palasset er rekonstruert i pakt med det gamle slottet frå 1451. Det vart nytta av tyske kongar og keisarar fram til 1918, men vart fullstendig øydelagt under krigen. I dag husar slottet Humbolt Forum, som er eit fantastisk flott museum for verdas kulturarv. Dei fleste av utstillingane har gratis tilgjenge, og her er fleire koselege kafear og restaurantar.
Vi går så over Slottsplassen og gata til Lustgarten, hagen eller den opne plassen framfor Alte Museum. Vi er på Museumsinsell , ei øy skapt av dei to elvefara til Spree. Denne øya inneheld verdas største museumskompleks og er på UNESCO si verdskulturarvliste. Blant anna viser vi og fortel om dei ulike musea som Neues Museum, Alte Nationalgaleri, Pergamonmuseum og Bodenmuseum.
Like ved Lustgarten ligg Berliner Dom. Dette er den flottaste og viktigaste kyrkja i byen. Keisar Wilhelm II la ned grunnsteinen, og kyrkja vart bygd i nybarokk stil i tidsrommet 1894-1905. Kopparkuppelen er 98 m høg, og kyrkja har eit imponerande og rikt dekorert interiør. Vi stoppar opp her, og blir med på ein orgelandakt.
Etterpå er det tid for lunsj på eiga hand, og vi foreslår at vi går samla den korte vegen til ein av restaurantane på Humbolt Forum. Guidinga held så fram gatelangs over den vakre og rikt dekorerte Schlossbrücke til vi kjem inn på paradegata Unter den Linden, der vi ser og høyrer om dei ruvande bygningane som Zeughaus (Deutsches Historisches Museum), Kronprinzenpalass, Neue Wache, Humboldt Universitet, Staatsbibliothek, ryttarstatuen av Fredrich den store og andre attraksjonar.
Til slutt kjem vi inn til Pariser Platz, og vi høyrer om Brandenburger Tor, som er like viktig for tyskarane som Triumfbogen er for franskmennene. Før vi avsluttar guidinga, går vi den korte vegen til Riksdagsbygningen, som er sete for den tyske riksdagen, først i tidsrommet 1894 til 1933, og så etter Tysklands samling frå 1991.
Ettermiddagen på eiga hand. Vi vil foreslå ein tur med ein guida busstur rundt om i sentrum av Berlin eller vere med Rasmus til det gode DDR-museet der billetten kostar rundt 10 Euro.
Om kvelden blir det fellesmiddag på ein god restaurant. Der får vi eit lokale for oss sjølve og underheld kvarandre med historier og allsong.
(F, M)
Denne dagen blir det også byvandring. Vi går på eiga hand eller med reiseleiarane til Bebelsplatz der guidinga denne dagen startar. Plassen er spesielt kjend for bokbrenninga her den 10. mai 1933 då nazistane brende over 20 000 bøker som ikkje fall i smak hjå dei nye herskarane.
Deretter kjem vi inn på den flotte, opne plassen Gendarmenmarkt med det imponerande Konzerthaus og dei to kyrkjene Deutscher Dom og Französischer Dom på kvar si side.
Vi går vidare til verdskjende Checkpoint Charlie, som var sentral under delinga av Tyskland og den kalde krigen. Her er det mange illustrasjonar og foto frå etterkrigstida, og vi gir oss god tid her. Lunsj på eiga hand før vi vandrar vidare til museet Topographie des Terrors. Under krigen låg nokre av nazistane sine mest skremmande organisasjonar som SS her. I området får vi med oss restane av Berlinmuren, Gørings Luftwaffe, den opne plassen over bunkeren til Hitler før vi stoppar og går inn på Holocaust Memorial, som er eit stort minnesmerke over jødane som vart drepne av nazistane. Til slutt endar vi opp ved Brandenburger Tor.
Resten av ettermiddagen og middag på eiga hand.
Denne kvelden kan dei som ønsker det, få ei stor musikalsk oppleving. Kl. 19.30 går operaen Fidelo av Ludvig van Beethoven på Staatsoper Unter den Linden. Staatsoper er eit av verdas leiande operahus, og etter sju års restaureringsarbeid har dei flytta tilbake til det som også er eit av verdas vakraste operahus. Dette er eit tilleggsval som ein kan kjøpe sjølv eller Fotefar kan hjelpe til med bestillinga.
https://staatsoper-berlin.eventim-inhouse.de/webshop/webticket/seatmap?eventId=17434
(F)
Denne føremiddagen er det frie val av aktivitetar. Etter frukosten vil reiseleiarane føreslå eit besøk i TV-tårnet, som ligg nær Alexanderplatz. Vi tek heisen opp i det 368 meter høge tårnet og får ei fantastisk utsikt over Berlin. Pris ca. 22 euro.
Etter lunsj på eiga hand (gjerne på Humbolt Forum) legg vi opp til fleire frivillige aktivitetar. Fotefar vil foreslå besøk på dei verdskjende musea på Museumsinsel saman med Lars. Der tek vi for oss tre høgdepunkt og startar med Ishtar gata – paradegata inn til Nebukanesars Babylon år 575 f.Kr. Så går vi vidare til Neues Museum der vi kan ta bysten av den vakre Nefertiti frå om lag 1350 f.Kr. i augesyn. Til slutt går vi til kunstnaren Yadegar Asisis’ gigantiske installasjon, der vi “går inn i" den greske byen Pergamon (i dag på vestkysten av Tyrkia) slik han såg ut i år 129 e. Kr.
Dei historieinteresserte kan vere med Rasmus til det svært gode Deutsches Historisches Museum som ligg sentralt til ved Unter den Linden.
Elles er dagen til eigen disposisjon og middag på eiga hand.
Om kvelden kl. 20.00 inviterer Fotefar deltakarane til ein stor klassisk konsert. Berliner Philharmoniker, dirigert av Zubin Mehta, framfører m.a. Mahlers 5. symfoni i Philharmonie, som er kjend som ein av verdas beste konsertsalar.
(F)
Denne morgonen gir vi oss ekstra god tid med frukosten. Vi har noko tid denne føremiddagen til å handle litt på varehusa som ligg på Alexanderplatz. Deretter hentar bussen vår oss på hotellet og køyrer til flyplassen. Fly tilbake til Oslo og Bergen, der vi er framme på ettermiddag og kveld.
(F)