Utreise frå Gardermoen med direktefly til Amsterdam. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Buss frå Amsterdam til Antwerpen der vi går om bord på elvebåten vår, MS Beethoven.
Båten ligg til kai sentralt i Antwerpen, og etter vi har fått tildelt lugarane våre, blir det velkomst-cocktail i salongen. Både restauranten og salongen om bord ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og hyggelege sitjegrupper. På soldekket er det både vanlege stolar og liggestolar, og dette er den ideelle staden å nyte utsikta til landskapet som sakte glir forbi. Det er også gratis Wi-Fi om bord.
Vi møtest i vår seksjon av restauranten for den første middagen om bord. Reiarlaget, Croisi, er fransk, så vi kan forvente oss ein god 3-rettars fransk middag samt noko godt i glaset.
(M)
Etter ein god frukost er vi klare til å utforske Antwerpen. Dette er Europas nest største hamneby, etter Rotterdam. Antwerpen er vel kjend som handelsby og for foredling av diamantar. Framleis finst det eit eige diamantdistrikt i byen. Elles bør ein få med seg Grote Markt som ligg omkransa av tronge gater frå Mellomalderen. I den imponerande Vår Frues katedralen finn ein ei rekke måleri av den store målaren Rubens, som var busett i byen. Huset hans, Rubens House, kan også anbefalast for eit besøk. Dei som vil, kan bli med på ein guida vandretur rundt i sentrum av denne sjarmerande hamnebyen. Denne utflukta er inkludert i turprisen.
Vi møtest i restauranten til lunsj og båten startar på turen mot Rotterdam. Vi får oppleve eit fascinerande landskap med kanalar, innsjøar og tidlegare kystliner som no er avstengde frå havet med demningar og sluser. Om kvelden når vi Rotterdam. Byen har den største hamna i Europa og vart kraftig bomba under andre verdskrig. Det vart bestemt at ein ikkje skulle restaurere den gamle byen, men heller bygge nytt etter krigen, og byen er dermed full av spennande moderne arkitektur. Erasmusbrua og den straumlinjeforma marknadshallen, De Markthal er gode eksempel på dette.
(F, L, M)
Etter frukost lettar elvebåten anker og tek fatt på turen frå Rotterdam til Amsterdam. På denne etappen får vi oppleve ein av Nederlands mest besøkte attraksjonar. Undervegs får vi nemleg besøke den verdskjende blomsterparken Keukenhof (inkludert med utfluktspakken*). Parken byr på ein blomsterprakt du ikkje har sett maken til! Meir enn seks millionar tulipanar, påskeliljer, krokusar og hyasintar fyller parken med ei utruleg fargeprakt og blomsterduft. Her får vi god tid til å oppdage dei mange små stiane, gangvegane og bruene som bind saman denne fantastiske hagen.
Om kvelden blir det middag i restauranten medan vi seglar det siste stykket inn på kanalane som fører til Amsterdam sentrum.
(F, L, M)
Heile dagen i Amsterdam. Etter frukost kan du bli med på ei byvandring (inkludert med utfluktspakken*) gjennom Amsterdam sitt historiske sentrum. Guiden vår tek oss med langs kanalane og over nokre av dei fire hundre bruene i byen. Vi får også sjå nokon av dei viktigaste bygningane som kongepalasset og husa rundt Damplassen. Elles har byen tre av verdas mest kjende kunstmuseum: Rijksmuseum, Van Gogh-museet og Museum Het Rembrandthuis som alle er vel verdt eit besøk.
Etter guidinga returnerer vi til elvebåten for lunsj.
Om ettermiddagen blir det utflukt (inkludert med utfluktspakken*) til Zaanse Schans og Volendam. Zaanse Schans er ei samling med mange tradisjonelle vindmøller og andre trehus som står fint i landsskapet langs kanalane. Volendam er ein nydeleg, pittoresk fiskelandsby kjend for sine tradisjonelle små hus og tronge gater. Folkedraktene herifrå er også berømte, og er slik vi tenkjer dei frå Holland med tresko og karakteristiske luer.
Det er ikkje berre i Keukenhof ein finn blomsterprakt under tulipan-festivalen, men også inne i Amsterdam sentrum med over 85 stader med blomstrande tulipanar. Du får også tid på eiga hand til å ta inn denne vakre byen kledt i fargerik vårdrakt. På det unike tulipanmarknaden kan du la deg inspirere av vårblomar i alle fargar og fasongar og sjølv handle løkar og knollar til din eigen hage.
Om kvelden møtest vi til den siste middagen saman på båten.
(F, L, M)
Etter ein god buffetfrukost om bord, er vi klare til å mønstre av elvebåten og ta fatt på heimreisa. Bussen vår hentar oss og køyrer oss til flyplassen. Direktefly tilbake til Oslo på ettermiddagen.
(F, L, M)
På denne reisa anbefalar vi å legge til ei utfluktspakke satt opp i regi av reiarlaget. Denne pakka inkluderer tre innhaldsrike utflukter med variert innhald:
-Utflukt til den verdskjende blomsterhagen Keukenhof
-Byvandring i Amsterdam samt
-Utflukt til Zaanse Schans og Volendam.
Guidinga vil foregå på engelsk.
Prisen for pakka er kr. 2160,- og kan leggast til ved bestilling eller i etterkant ved å logge inn på «Mine bestillingar».
Vi skal bu på MS Beethoven. Båten har 90 gjestelugarar fordelt på 3 dekk, restaurant, lounge/bar, piano-bar og soldekk.
Her ser du dekkplanen:
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
26/4 | Oslo | MS Beethoven | Meir enn 8 | 14 950,- | BestillMer informasjon |
26/4 | MS Beethoven | Meir enn 8 | 11 950,- | BestillMer informasjon | |