
18. - 29. mai 2026.
London - Isles of Scilly – Cork – Belfast – Isle of Mull – Isle of Lewis – Orknøyane – London
Velkommen med på det store cruiset rundt Dei britiske øyane. Det er ikkje ofte sjansen byr seg til å oppleve så mange av desse interessante øyane på berre ei reise!
Vi er stolte av å ha med radarparet Rune Larsen og Anne Veddeng på denne spennande turen. Rune er velkjend som musikar og journalist, og kanskje aller mest som programleiar for det folkekjære TV-programmet Lollipop, som på 1990-talet gjorde 50- og 60-tals rock og pop til favorittar i heile Norge. I nyare tid har vi sett ekteparet i det populære laurdagsprogrammet Nystemt i Nøsteboden. På cruiset vil dei med glimt i auga og ekte forteljarglede by på levande kåseri, personlege anekdotar og innsiktsfulle blikk på britisk musikk- og popkultur medan vi syng oss rundt Storbritannia. Saman med den dyktige pianisten Vidar Eldholm inviterer dei til stemningsfull allsong og musikalske perler, som gjer cruiseopphaldet til noko heilt spesielt.
Turen startar med fly til London og overnatting der før vi går om bord i det komfortable cruiseskipet Ambience. Derifrå går ferda sørvest til Isles of Scilly, som har den sørlegaste busette staden i England. Videre held vi fram vestover til Cork i Irland, før turen går vidare til Belfast i Nord-Irland. Deretter segler vi inn mot Isle of Mull i Indre Hebridane og Isle of Lewis på Ytre Hebridane. Til sist besøker vi Kirkwall på Orknøyane før vi segler tilbake til London.
Dette er ein tur med mange store opplevingar som vi gler oss veldig til!
















