Cruise rundt britiske øyar med Rune Larsen og Anne Veddeng

18. - 29. mai 2026. 

London - Isles of Scilly – Cork – Belfast – Isle of Mull – Isle of Lewis – Orknøyane – London 

Velkommen med på det store cruiset rundt Dei britiske øyane. Det er ikkje ofte sjansen byr seg til å oppleve så mange av desse interessante øyane på berre ei reise!  

Vi er stolte av å ha med radarparet Rune Larsen og Anne Veddeng på denne spennande turen.  Rune er velkjend som musikar og journalist, og kanskje aller mest som programleiar for det folkekjære TV-programmet Lollipop, som på 1990-talet gjorde 50- og 60-tals rock og pop til favorittar i heile Norge. I nyare tid har vi sett ekteparet i det populære laurdagsprogrammet Nystemt i Nøsteboden. På cruiset vil dei med glimt i auga og ekte forteljarglede by på levande kåseri, personlege anekdotar og innsiktsfulle blikk på britisk musikk- og popkultur medan vi syng oss rundt Storbritannia. Saman med den dyktige pianisten Vidar Eldholm inviterer dei til stemningsfull allsong og musikalske perler, som gjer cruiseopphaldet til noko heilt spesielt.  

Turen startar med fly til London og overnatting der før vi går om bord i det komfortable cruiseskipet Ambience. Derifrå går ferda sørvest til Isles of Scilly, som har den sørlegaste busette staden i England. Videre held vi fram vestover til Cork i Irland, før turen går vidare til Belfast i Nord-Irland.  Deretter segler vi inn mot Isle of Mull i Indre Hebridane og Isle of Lewis på Ytre Hebridane. Til sist besøker vi Kirkwall på Orknøyane før vi segler tilbake til London. 

Dette er ein tur med mange store opplevingar som vi gler oss veldig til! 

 

Pris frå:
32 490,-
Dagar: 12
Inkludert for alle:
  • Busstransport frå hotell til hamn
  • 1 overnatting på 4-stjerners hotell
  • 10 overnattingar på cruisebåten Ambience
  • 11 frukostar
  • 10 middagar
  • 9 lunsjar
  • Tips: 7 pund per natt til cruiset
  • Musikalske kåseri av Anne Veddeng og Rune Larsen
  • Ein minikonsert med Anne og Rune
  • Pianospel av Vidar Eldholm
  • Reiseleiar frå Fotefar

Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo, Bergen, Stavanger eller Trondheim – London t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell
  • Busstransport hotell-flyplass

Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips utanom det som er spesifisert
  • Utflukter arrangerte av cruiseselskapet


  • Aldersgrense for denne reisa er 18 år
  • Minimum tal deltakarar: 40 personar
  • Maks lugarar ombord: 789 lugarar


Bildegalleri

Viktig informasjon

Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden må fyllast ut på nettet av den reisande sjølv (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet si gyldigheitstid er kortare enn to år. 

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen høver for deg. 

På havcruise er vi utsett for vêr og andre uforutsette hendingar. Skulle noko slikt oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet. 

 

Info om skipet/båten

Vi seglar med skipet Ambience. Det har 789 gjestelugarar med senger til 1400 passasjerar. Det vart bygd i 1991 med siste oppussing i 2022, og har 11 gjestedekk og 9 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er kasino, butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling. 

Ein god del av passasjerane reiser med Fotefar. Vi blir mange som reiser for å sjå denne fantastiske reiseruta og høyre foredraga saman. 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar
    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 18. mai - Vi reiser til London

    Vi flyg frå Oslo og Bergen til London. Bussen vår ventar på flyplassen og køyrer oss til hotellet der vi sjekkar inn (for dei som kjøper reisa med fly). Etter innsjekkinga har du heile ettermiddagen og kvelden fri til å oppdage London på eiga hand. Kanskje du vil ta deg ein rusletur langs Themsen, ein tur til Covent Garden eller ein kopp te i Hyde Park?  London byr på eit utal av restaurantar, pubar og kafear, så her er det lett å finne ein stad for ein god middag. 

    Måndag 18. mai - Vi reiser til London
  • Dag 2: Tysdag 19. mai - Avgang frå London Tilbury

    Etter frukost på hotellet har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til kaia i Tilbury. Her går vi om bord på Ambience, eit komfortabelt cruiseskip med britisk atmosfære, fleire restaurantar, barar, spa og basseng. Skipet går frå kaien om ettermiddagen, og vi nyt den første middagen om bord medan vi seglar ut Themsen og set kurs mot sørvest.  

    (F, M) 

  • Dag 3: Onsdag 20. mai - Til sjøs

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og vi får det første musikalske kåseriet med Rune Larsen og Anne Veddeng og med Vidar Eldholm på piano. Kåseriet denne kvelden er Et Møte med kongen av Britisk pop – Cliff Richard. Rune møtte Cliff Richard fleire gongar, blant anna i samband med gospel- og kristne musikkprosjekt på 1980-talet. Rune har òg i ei årrekke formidla Cliff Richard sin musikk på TV, i radio og på scene. Anekdotar frå desse møta, kombinert med musikkeksempel og humor frå Rune, skaper eit levande bilde av kongen av britisk pop. Vidar Eldholm på piano smeltar det heile saman med kjende Cliff-låtar.  

    Det er elles mange ting å gjere om bord. Ambience er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg afternoon tea og andre erkebritiske aktivitetar. Nyt utsikta frå dekk, slapp av ved bassenget eller prøv skipet sine mange fasilitetar. 

    Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til utandørssymjebasseng og badestampar. Det er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein stamkafé der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. 

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. 
    (F, L, M) 

  • Dag 4: Torsdag 21. mai - St. Mary’s, Isles of Scilly

    Vi legg til ved St. Mary’s, den største av Scilly-øyane. Øya lokkar med frodig natur, kritkvite strender og små landsbyar der blomstrande hagegjerde møter sjarmerande steinhus.  

    Scilly-øyane har ei spennande historie heilt tilbake til vikingtida. I følgje Snorre møtte Olav Tryggvason ein spåmann her i år 986, som spådde at han skulle bli ein stor konge. I dag er øyane eit paradis for fugleliv og blomstrande hageanlegg. Du kan rusle rundt i byen, ta ein tur på pub eller leige sykkel for å sjå deg om. Cruiseselskapet tilbyr også ekskursjonar (mot tillegg).  

    Før middag samlast vi til eit nytt kåseri av Rune og Anne. Tittelen er Da en fjorten år gammel jente frå Lønorg ble «Hele Norges Sissel». Her fortel Rune om korleis han oppdaga Sissel som 14 åring, og korleis ho vart superstjerne etter at han inviterte henne til programmet Syng med oss på NRK i 1984 og OL på Lillehammer. Kåseriet gir deg eit sjeldsynt innblikk i augeblinken då Rune forstod kva slags talent han hadde framfor seg, i tillegg får vi høyre mindre kjende historier frå dei første åra hennar som artist. 

    Vi kosar oss rundt om på skipet medan vi seglar mot Irland. På stampuben vår møtest vi for å synge saman. Då tek vi gjerne med kjende songar som White Cliffs of Dover av Vera Lynn, litt Shankin’ Stevens og kvifor ikkje My Bonnie Lies over the Ocean. 

    (F, L, M) 

    Torsdag 21. mai - St. Mary’s, Isles of Scilly
  • Dag 5: Fredag 22. mai - Cobh (for Cork), Irland

    I dag besøker vi den livlege byen Cobh, porten til Cork. Her ventar fargerike hus, historiske bygningar og den imponerande St. Colman’s Cathedral. Cork er kjend for kultur, musikk og gode mattradisjonar, og du kan kjenne på den ekte irske stemninga i dei tronge gatene og på dei mange pubane. 

    Cobh har også ei dramatisk historie som siste hamn for Titanic før skipet sette kurs mot Amerika. Byen har fleire museum og minnesmerke som fortel om emigrasjonen frå Irland. Det er mogleg å melde seg på utflukter i regi av cruiseskipet (mot tillegg), eller du kan utforske byen på eiga hand.  

    Etter ein dag med irsk sjarm vender vi tilbake til skipet for middag og underhaldning om bord. I kveld syng vi Brown Eyed Girl med Van Morrison, gode Irske sjantiar som The Irish Rover og songar gjort kjende av The Dubliners blant mange andre. 

    (F, L, M) 

    Fredag 22. mai - Cobh (for Cork), Irland
  • Dag 6: Laurdag 23. mai - Til sjøs

    Ein ny dag til sjøs, perfekt for å slappe av og nyte cruiselivet medan Ambience tek oss nordover på Irskesjøen. Etter frukost samlast vi til felles oppleving med vising av programmet Nystemt i Nøsteboden. Anne og Rune fortel korleis TV-programmet vart til, korleis opptaka vart gjennomførde i det intime lokalet Nøsteboden i Bergen, og kva som skjedde bak kulissane. Programmet er kjent for folkelege musikalske gjester, varme historier og Rune og Anne sin formidlingsevne. 

    Kanskje ein tur i spa-avdelinga, ein handletur i skipet sine butikkar eller ein roleg stund med bok i biblioteket?  

    Det blir god tid til å nytte seg av alle skipet sine fasilitetar (nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gå- og joggeløype og rom for kortspel.  

    I kveld møtest vi i stampubben vår og syng songar av the Pogues, Van Morrison, Elvis Costello, The Chieftans og Gary Moore.  

    I kveld kan vi sjå fram til ein stemningsfull konsert med Anne og Rune Evig ung … when you’re old. Dei to vakre stemmene tek oss med inn i temaet, medan Vidar tryllar fram tonar frå tangentane. Her er det berre å lene seg tilbake og nyte god musikk. 
    (F, L, M) 

  • Dag 7: Søndag 24. mai - Belfast, Nord-Irland

    Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auge på to store, gulmåla kraner kalla Samson og Goliath. Desse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irland sin hovudstad på kartet. Vi legg til kai i Belfast. 

    Ei utflukt som er verdt å få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (mot tillegg i prisen, informasjon om påmelding kjem når turen nærma seg). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi går også gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen og får elles sjå mange gjenstandar frå skipet. 

    Ein kan også utforske byen på eiga hand, og då kan ein ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange flotte bygningar i viktoriansk stil. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen. 

    Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første omgang var ein politisk strid om nasjonalitet, også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, vart det oppretta sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Vi kan sjå veggmåleria frå denne tida både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål. 

    Tilbake på skipet ventar ein triveleg stund med Syng med oss, allsong saman med Anne, Rune og Vidar ved pianoet. Vi løftar stemninga med kjende og kjære tonar, og tek gjerne bergenske viser med irsk opphav, som Jenter frå Bergen, og andre favorittar som Galway Girl.  
    (F, L, M) 

    Søndag 24. mai - Belfast, Nord-Irland
  • Dag 8: Måndag 25. mai - Tobermory, Isle of Mul

    Gjennom natta har vi segla til Indre Hebridane og ankra opp ved den vesle fiskebyen Tobermory, hovudstaden på Isle of Mull, med knapt 1000 innbyggjarar. Tenderbåtar tek oss til land. Dette er ein sjarmerande småby spesielt kjend for sine pastellfarga murhus som er eit ynda fotomotiv for tilreisande. Ein av attraksjonane i byen er Tobermory Whisky Distillery, som har laga edle dråpar sidan 1798, og elles finst det mange koselege, små butikkar rundt hamna. Her er det enkelt og kjekt å rusle rundt på eiga hand, eller ein kan melde seg på ei av utfluktene som cruiseskipet tilbyr (ikkje inkludert, meir informasjon kjem seinare).  

    Isle of Mull byr også på storslått natur, grøne åsar og rikt dyreliv.  

    Når vi møtest i restauranten for middag om kvelden, er vi snart på veg mot Ytre Hebridane. Vidare går vi til stampubben vår for meir allsong, og sidan vi no er komen til Skottland, må vi sjølvagt synge den mest kjende skotske folkesongen, nemleg Loch Lomond.  
    (F, L, M) 

  • Dag 9: Tysdag 26. mai - Stornoway, Isle of Lewis

    Tidleg om morgonen ankrar vi opp i Stornoway, den største byen og hovudstaden på Ytre Hebridane. Byen ligg vakkert til ved ei naturleg hamn, godt skjerma for vind, med det imponerande Lewis Castle som landemerke. Her møter vi ei øygruppe med lange tradisjonar og ein stolt gælisk kulturarv. Du vil merke identiteten i både språk, musikk og levemåte. 

    I Stornoway kan vi anbefale å sjå etter dei klassiske produkta frå den verdskjende Harris Tweed, som framleis blir vevd for hand etter gamle tradisjonar. For dei som vil smake på lokale spesialitetar, er destilleriet Abhainn Dearg eit høgdepunkt. Her lagar dei whisky og gin av høg kvalitet, og du kan kjøpe med deg ein smak av Hebridane frå utsalet i byen.  

    Om kvelden går båten frå Stornoway, og reisa vår fortset austover. Det blir som vanleg fellesmiddag i hovudrestauranten vår. Før den tid får vi eit spennande kåseri av Rune Larsen om livet på skjermen. Med tittelen Frå Svart hvitt til farger høyrer vi historier og anekdotar frå 60 år på scena. Rune deputerte  i programmet Popcorn då han berre var 16 år gamal. Vi høyrer om ei reise gjennom norsk TV-historie, utviklinga frå monotone studio og svart-kvit-sendingar til dagens fargerike, teknisk avanserte produksjonar. Rune har opplevd alt frå direkte sendt kaos og tekniske glipp til store publikumssuksessar, og dette deler han ærleg med oss. 
    (F, L, M) 

    Tysdag 26. mai - Stornoway, Isle of Lewis
  • Dag 10: Onsdag 27. mai - Kirkwall, Orknøyane

    Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. 

    Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til tidleg kveld i byen. Her er det lagt opp til at vi kan delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget (mot tillegg i prisen). Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans, Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. 

    Vi kan også anbefale to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria. 

    Etter middag i restauranten set skipet kurs sørover mot Skottland. Vi sit som vanleg saman i hjørnet vårt i restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord. Vi møtest igjen på stampuben der vi vil prøve oss på songar frå kjende Skotske artistar som Andy Stewart og Lulu, før vi kryssar over til England og finn songar frå The Beatles, Cliff Richard og Petula Clark. 

    (F, L, M) 

    Onsdag 27. mai - Kirkwall, Orknøyane
  • Dag 11: Torsdag 28. mai - Til sjøs

    Den siste dagen til sjøs er det tid til å nyte skipet og samle minner frå turen. Kanskje ein siste afternoon tea eller ein tur i spaet før vi nærmar oss London?  

    Vi gjer oss klar til å runde av ei triveleg reise. Anne og Rune inviterer oss til kåseriet La oss alle le. Det blir ei varm og humørfylt avslutning på cruiset vårt med rom for refleksjonar, humor, fellesskap og musikk som løftar stemninga på kvelden.  

    Etterpå får vi til ein hyggeleg middag i hovudrestauranten. 

    (F, L, M) 

  • Dag 12: Fredag 29. mai - London Tilbury og heimreise

    Vi legg til i Tilbury om morgonen og køyrer til flyplassen for retur til Noreg. 

    (F) 

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
18/5BergenAmbienceMeir enn 834 950,-BestillMer informasjon
18/5OsloAmbienceMeir enn 835 950,-BestillMer informasjon
18/5StavangerAmbienceMeir enn 835 950,-BestillMer informasjon
18/5TrondheimAmbienceMeir enn 835 950,-BestillMer informasjon
18/5LondonAmbience
Utan flyreise
Meir enn 832 490,-BestillMer informasjon