Skip to main content

Spanande busstur til Vauldalen Fjellhotell og Femunden med Gloppen Pensjonistlag

4. - 7. september 2023.

Turen er open for alle.

I fire dagar skal vi oppleve fjordar og fjell på turen over til Vauldalen. På programmet står blant anna køyretur over vakre Sunnmøre til Femunden og tradisjonsrike Skottgården.

Vi skal bu på nostalgiske Vauldalen Fjellhotell som ligg berre eit par kilometer frå svenskegrensa. Hotellet fungerte tidlegare som turiststasjon for folk som kom over Herjadalen til og frå Sverige, og  starta opp som Vauldalen Gard i 1780. Fleire av husa er nyare, men her har dei teke vare på tradisjonane i området, og vi skal få både god mat og spennande aktivitetar.  

Femundmarka nasjonalpark vart oppretta i 1971, men heilt sidan 1887 har det gått rutegåande båtar på Femunden. I tidlegare tider var det tømmersleping og godstrafikk som utgjorde størstedelen av trafikken, medan persontrafikken i seinare tid er den viktigaste inntektskjelda. I dag går båtane i rute i sommarhalvåret og er viktig for turismen i området. Vi skal følgje Femunden II for å vitje Femundhytta, som var smeltehytte under Røros koparverk frå 1739 til 1822.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 4. september - Gjennom vakkert landskap til Vauldalen

    Avreise frå Sandane om morgonen. Turen går via Stryn til Stranda, Liabygda og til Sjøholt der vi stoppar for lunsj. Vidare køyrer vi i retning Åndalsnes før vi held fram langs Rauma på veg til Dombås. Derifrå held vi fram vidare til Hjerkinn, Røros og Vauldalen.

    Vi brukar tida i bussen til å slappe av, prate med naboen og bli betre kjende med kvarandre. Kanskje syng vi også ein song eller to?

    I tillegg til lunsj-stopp blir det lagt inn fleire små pausar for beinstrekk. 

    Framme på Vauldalen Fjellhotell sjekkar vi inn og vert ønskt velkomne til middag. Etter middagen vert det servert kaffi i ei av peisestovene. Vi hygger oss utover kvelden med prat, song og kanskje nokon vil ta seg ein svingom?
    (L, M)

  • Dag 2: Tysdag 5. september - Femunden og Femundhytta Gard

    Etter ein tidleg frukost, er det avreise til Sørvika, der vi skal gå om bord i Femund II. Båten tek oss med til Femundhytta gard som ligg ved Femunden. Der blir vi tekne imot av Tommy og Chris som skal vise oss rundt og fortelje om historia og livet på garden. I åra frå 1743 til 1822 var her ei smeltehytte under koparverket på Røros. På den tida var der over 60 personar som budde og arbeidde her.

    Vi får servert lunsj, og på menyen vil det stå tradisjonsmat, spekemat, skjørost og rømme. Vi bruker litt tid på området, før vi returnerer til hotellet for middag i matsalen og dans i peisestova.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Onsdag 6. september - Vitjing på fleire spanande stader

    Etter ein god frukost, skal vi vitje ei av grendene lags innsjøen Aursunden og sjå på kor viktig det var å ligge sentralt langs ferdselsåra mellom Sverige og bergstaden Røros. Då gruvedrifta starta, auka trafikken kraftig langs innsjøen og på vegen over til Røros. Brekken.

    I Brekken går først turen til tradisjonsrike Kalsa Gårdsbakeri, der dei framleis lagar baksten på gamlemåten med elting, kjevling og steiking på takke. Det som no er blitt bakstehuset, er ei sommarstove som har stått her sidan 1700-talet. I dag er det Tove og Geir Magne som bur på garden saman med dei fire barn sine og ein del mjølkekyr. Vi skal få høyre historia til garden og sjølvsagt smake på den gode heimebaksten «lemse» og «pjalt».

    Vidare stoppar vi ved buplassen «Bortpå Moa». Den siste familien som budde her hadde sju barn, og levde av jakt, fangst, fiske og tilfeldig arbeidsinntekt (før kalla dagarbeid). Sjølv om det var relativt tronge kår, er det sitert frå dei som budde her: «Vi hadde lite, men nok til å ha det godt! Ikke fraus vi! Ikke svalt vi!»

    Vi skal også ha ein liten tur innom på Bua, ein nedlagt butikk som har halde på vareutvalet sitt frå femtitalet.

    Lunsjen denne dagen er på Skottegården, ein gamal skysstasjon frå 1600-talet. Utover på 1700-talet utvikla garden seg til ein av dei mest sentrale gardsbruka i området ved Brekken.

    Tilbake på Vauldalen blir det litt tid til å slappe av, før vi denne kvelden droppar finstasen når vi skal til middag, men kler oss for ein tur med hest og vogn. Volldalskoja, er eit hus av tømmer og stein, og  bygd på gamle byggeskikkar. Her får vi eit topp måltid med råvarer frå nærområdet. Med felespel og visesong, vert det ei heilt spesiell stemning her rundt den open elden. Etter maten vert det servert kaffi frå svartkjelen, før hestane hentar oss og køyrer oss tilbake til hotellet.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Onsdag 6. september - Vitjing på fleire spanande stader

    Etter frukost, sjekkar vi ut og er klare4 for heimreise. Denne dagen går turen via Strynefjellet til Byrkjelo og Sandane. Vi et lunsj undervegs.
    (F, L)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
4/9SandaneVauldalen Fjellhotell810 900,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo