Skip to main content

Champagne med Merete Bø

10. - 12. april 2024.

No har du sjansen til å bli med vinjournalist og sommelier Merete Bø på ein heilt unik tur til Champagne. Vi skal smake oss gjennom nokre av Merete sine utvalde produsentar, både store, kjende namn og og meir ukjende. Undervegs får vi lære mykje om smaking, jordsmonn og produksjon, alt dette med rettleiing frå Merete. Vi skal møte menneska bak vinane, vi skal ut i vinmarkene og inn i vinkjellarane, og vi får også smake mat som passar godt til det vi drikk.

Champagne-regionen har sitt heilt særeigne kalkhaldige jordsmonn, og eit kjølig klima. Det kan også dokumenterast dyrking av vindruer attende til 500-talet (kanskje også endå tidlegare) frå området. Dette gjer at det blir produsert vin i verdsklasse her.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 10. april - Tusenår med historie og Méthode traditionnelle

    Musserande vin har vore produsert heilt sidan munkane laga dette ved ein feil på 1500-talet. Under produksjon av altervin oppdaga dei boblene som vart danna i flaska etter at vinen eigentleg skulle vere ferdig. Den første Champagnen var det munken Dom Pérignon som fekk æra for. Han deklarerte på slutten av 1600-talet at han hadde som intensjon å lage «verdas beste vin». Champagne er i dag blitt ei stor merkevare. Området er ideelt for dyrking av druer, og i Champagne finn du difor om lag  16 000 som dyrkar druer og av desse er det om lag 4000 som produserer sin eigen vin. Det er hovudsakeleg musserande vin vi kjenner til frå regionen, men det vert laga både kvit-, raud- og rosévin her. Merete har plukka ut eit utval champagnehus som vi saman skal vitje på turen. Undervegs vil ho dele raust av sin kunnskap med oss.

    Vi tek fly frå Oslo om morgonen til Paris der vi blir henta av bussen som køyrer oss nordaustover til Champagne. Vi startar programmet vårt i Marnedalen (Vallée de la Marne) og Grand Cru-landsbyen Aÿ som ligg sentralt i Champagne med sine om lag 3500 innbyggjarar. Her blir det ein god lunsj på ein lokal restaurant med godt vinkart.

    I Aÿ finn vi fleire kjende champagnehus, og vi skal besøke Bollinger, eit av dei største champagnehusa. Bollinger har ei lang historie og skal om få år feire 200 års jubileum. Dei dyrkar alle dei tre hovudvindruene i Champagne, Pinot Noir, Pinot Meunier og Chardonnay. På lik linje med mange andre champagnehus har dei vingardar og vinmarker i ulike delar av Champagne, sidan druetypane veks best i litt ulike områder. Bollinger har sju vingardar både austover i Champagne, rundt Montagne de Reims og i Vallée de la Marne.

    Etter besøket vårt i Aÿ til det 4-stjerners hotellet vår for innsjekk. Felles middag om kvelden med høve til å oppleve fleire gode smakskombinasjonar. Sjå informasjon om vinpakke som mogleg val.
    (L, M)

  • Dag 2: Torsdag 11. april - Besøk på fleire champagnehus

    Vi startar dagen med ein god frukost, før vi skal ta eit blikk tilbake i tid. Vi køyrer til Hautvillers og kyrkja Saint-Sindulphe, der Dom. Perignon ligg gravlagt. Etter ein stopp her fortset vi vidare til eit av Merete sine favoritt-champagnehus, nemleg André Clouet. I landsbyen Bouzy har Clouet-familien produsert champagne sidan 1741, og i dag er det Jean-François Clouet som er produsenten her.

    I tillegg til at Champagne ligg gunstig til klimamessig, i den nordre delen av Europa, er kalkbeltet som strekk seg frå Burgund, via Champagne, over den engelske kanalen og til Kent i England, ein sentral del av kvifor champagne blir dyrka akkurat her. Den steinete og kalkhaldige jorda er særskilt godt egna til dyrking av vin. Men det er også lokale variasjonar, og dette får vi høyre meir om på turen frå Merete og produsentane vi besøker.

    Etter ein felles lunsj skal vi vitje champagnehuset Alfred Gratien. Også her er det lang historie i veggane, med champagneproduksjon tilbake til 1864. Champagnehuset ligg tett på byen Épernay, i hjarta av Champagne. Alfred Gratien er eit relativt lite champagnehus, som sidan 2000 har vore eigd av tyske Henkel & Co. Sjølv om champagnehuset vart kjøpt opp, har dei ikkje vilja endra noko. Og takka vere kjellarmeisteren, kan dei holde på den særeigne stilen sin.

    Ein kjellarmeister er som ordet tilseier, den som har kontroll på alt i vinkjellaren, ei rolle som hos mange vin- og champagneprodusentar tradisjonelt sett hat gått i arv. Kjellarmeisteren er den som har kontakt med dei som dyrkar druene (om vingarden ikkje dyrkar alt sjølv), som bestemmer når ein skal hauste, ser til at produksjonen går slik den skal, passar på vinen som står til modning, smakar undervegs, snur på flasker og som bestemmer når vinen er klar. I dag er det Nicolas Jaeger som har denne rolla hos Gratien, ei rolle han har arva etter sin far, bestefar og oldefar. Oldefaren Gaston Jaeger starta hos Alfred Gratien i 1905, og Nicolas såleis fjerde generasjon kjellarmeister hos det kjende champagnehuset.

    På sein ettermiddag returnerer vi til hotellet vårt. Denne kvelden legg vi opp til middag på eiga hand. Ein kan reservere bord på hotellet eller på ein lokal restaurant. Reiseleiar er behjelpeleg med anbefalingar. 
    (F, L)

  • Dag 3: Fredag 12. april - Heimreise

    Etter ein tidleg frukost er det tid for avreise med buss til flyplassen og fly heim til Norge. Vi takkar for denne gong og vonar vi sjåast att for nye vin-eventyr ved neste høve!
    (F)

  • Praktisk informasjon om turen;

    Omvising og smakingar - vi skal saman smake oss gjennom mykje god champagne under kyndig rettleiing av Merete.

    Drikke til dei felles måltida – for å gjere det mest mogleg fleksibelt og tilpassa alle, er ikkje drikke til desse måltida inkludert i turpris. Her kan ein enten velje å kjøpe eit glas eller to på staden eller ein kan førehandstinge vinpakken «Merete bestemmer».

    Torsdag kveld har vi lagt opp til at alle kan velje sjølve kvar dei vil ut å ete. Reiseleiar er behjelpeleg med tips. Nokon vil kanskje slappe av på hotellet? Eller kanskje har du ein Michelin-restaurant i Reims du har drøymt om å vitje? Vi er tilbake på hotellet torsdag ettermiddag om lag kl. 18.00-18.30.

     

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
10/4OsloChampagneMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
10/4OsloChampagne
DN-abonenntar
Meir enn 823 950,-BestillMer informasjon
10/4Paris Charles de GaulleChampagne
DN-abonnentar, utan fly
Fullbooka, venteliste21 550,-Book på ventelisteMer informasjon
10/4Paris Charles de GaulleChampagne
Utan fly
Fullbooka, venteliste22 550,-Book på ventelisteMer informasjon
Reisekalender
19/3Vandretur på paradisøya MadeiraFrå 18 950,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 24 950,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 23 950,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 21 550,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo