Skip to main content

Historietur til Kreta med Terje Tvedt - Seks forelesingar om verdshistoria

22. - 29. oktober 2022.

Kan du tenkje deg å få eit overblikk over verdshistoria på ei veke frå ein verdskjend historikar? På denne turen får du oppleve daglege foredrag frå historikar Terje Tvedt om verdshistoria heilt frå dei første sivilisasjonane til i dag. Han er vel kjend som forskar og formidlar, og bøkene hans om verdshistoria og Nilen har vorte bestseljarar i Norge. Han har også produsert og vore programleiar for fleire TV-dokumentarar om verdshistora og vatnvegane som er blitt viste over heile kloden.

Vi bur godt på eit sentralt hotell i den tradisjonsrike byen Chania, som mange meiner er den vakraste på Kreta. Byen har ei spennande historie, ein rik kulturarv og ein pittoresk atmosfære som har tiltrekt reisande i lange tider. Kreta har hatt ein svært viktig rolle i europeisk historie, med sin sentrale plassering i Middelhavet.

Det blir felles dagsutflukt til det verdskjende palasset Knossos og byen Heraklion. Vi arrangerer også frivillig tilbod med utflukt til ein vingard med lunsj og elles ein heilt spesiell vandretur i gamlebyen i Chania med gresk mat og vinsmaking. Elles har vi lagt opp til at det blir god tid til å oppleve øya i ditt eige tempo, senke skuldrane og kose deg under den greske sola. Her ligg også flotte badestrender like inn til byen.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 22. oktober - Frå Oslo til Kreta

    Avreise frå Gardermoen med direktefly klokka 14.00. Deltakarar frå andre byar ordnar sjølve med reise til Oslo eller kontaktar Fotefar for tilknytingar. Etter vel fem timar landar flyet på flyplassen ved byen Chania. Når vi har fått bagasjen, køyrer bussen vår oss til det koselege hotellet som ligg midt i byen. Så fort vi har sjekka inn, får vi servert ein litt sein, men god middag, helser på kvarandre og blir kjende.
    (M)

  • Dag 2: Søndag 23. oktober - Historisk guiding i Chania med lokal guide

    Etter ein lang og god frukost startar vi med eit velkomstmøte på hotellet. Her vil reiseleiaren frå Fotefar fortelje om opplegget, og det ein kan vere med på gjennom veka.

    Etter velkomstmøtet vil Terje Tvedt halde si første førelesing, og temaet er ikkje noko mindre enn Dei fyrste sivilisasjonane. Frå skriftspråket og presteskapet oppstod til Storflaumen.

    Deretter kjem ein lokal guide og møter oss på hotellet. Guiden startar med å fortelje litt om Kreta og om byen Chania både i fortid og notid. Chania er ein passeleg stor by med ca. 60.000 innbyggjarar og er delt i to med den gamle og den nye, meir moderne delen. Sentrum av byen ligg i den nye delen, tett inn til gamlebyen som omkransar den gamle hamna, der det historiske venetianske fortet ligg. Deretter blir vi med guiden på ei historisk vandring i den spennande byen som er påverka av så mange ulike kulturar ved Middelhavet.

    Det bli lunsj på eiga hand i gamlebyen. Den lokale guiden viser oss gode restaurantar med gresk atmosfære.

    Etter lunsj er det tid til å utforske Chania og kanskje gå ein tur til badestranda som ligg nokså nær sentrum?

    Om kvelden er det middag på eiga hand på hotellet eller ute i byen. Dei som vil, kan vere med på ein restaurant i gåavstand frå hotellet.
    (F)

  • Dag 3: Måndag 24. oktober - Roleg dag i Chania

    Etter ein god frukost får vi dagens førelesing frå Terje. I dag er tittelen Oldtidas Egypt, Nilen og Middelhavsområdet.

    Resten av dagen har vi til eigen disposisjon. Det er mykje ein kan nytte denne fritida til. Vi kan til dømes anbefale ein busstur til badestranda Elafonisi som er kjend for sine kontrastar med den rosa sanden og det azurblå vatnet. Andre vil kanskje vandre litt meir rundt om i byen. Her finst fleire trivelege uterestaurantar og kafear ein kan slå seg ned på med ein kopp kaffi eller eit glas vin. På stranda kan ein slappe av, kose seg og observere folkelivet.

    Denne kvelden et vi middag på eiga hand. Det er triveleg om deltakarane dannar mindre grupper og et saman.
    (F)

  • Dag 4: Tysdag 25. oktober - Felles utflukt til Knossos

    Etter frukost blir det heildagstur til Knossos, dette store palasset som vart bygt gradvis opp i tidsrommet mellom 1700 til 1400 f.Kr. Det høyrer til den minoiske sivilisasjonen, som ikkje berre er starten på den greske kulturhistoria, men er vogga til heile den europeiske kulturarven.

    Ruinane på Knossos vart oppdaga i 1878. Ein starta med utgravinga like etter, men det var først kring år 1900 at denne prosessen og restaureringa skaut fart. Berre etter ei kort tid hadde ein avdekka ei kompleks samling av mange rom som var knytte saman i ein labyrint på ein utruleg måte. Etter kvart fann ein om lag 1300 rom der fleire var lager for mat og vin, andre for religiøse og administrative formål og atter andre brukt til bustader. 

    Det er imponerande å få innblikk i korleis palasset fekk tilført reint vatn og kva innretningar ein hadde for avfallsvatn og system for kloakk. Alt dette og mykje meir om Knossos får du høyre om på denne turen. Det blir også eit besøk i byen Heraklion og på det verdskjende arkeologiske museet der. Vi samlar oss på ein triveleg restaurant i Heraklion og et lunsj. Kanskje i dag er dagen for ein ekte gresk salat? Kva med grilla fisk rett frå havet, eller kanskje den greske nasjonalretten moussaka? 

    Det er om lag to timar køyretid med buss frå Chania til Knossos. Vi reiser gjennom eit vakkert og variert landskap, så denne turen er i seg sjølv ei naturoppleving. Heile dagsutflukta tek totalt om lag ti timar. Vi har med ein lokal guide heile dagen.

    Tilbake i Chania kan vi slappe av på hotellet. Middag på eiga hand om kvelden, og reiseleiarane viser kor det er gode restaurantar.
    (F, L)

  • Dag 5: Onsdag 26. oktober - Bydag i Chania, avslapping på stranda eller halvdagsutflukt til vin-og olivengard i Anoskeli

    Etter gårsdagens utflukt til Knossos får vi i dag eit føredrag der tittelen er Vasskontrollens historie: Frå Egypt til Kreta og Knossos og ut i verda. Etter denne faglege substansen kan du gå for ein roleg dag i Chania, der du sjølv bestemmer kva du vil nytte tida til. Fleire vil gjerne gå i sitt eige tempo og utforske byen litt meir.

    Eit anna alternativ er å vere med på ein halvdagsutflukt til ein vin-og olivengard i Anoskeli. Bussen vår hentar oss på hotellet. Den vestlege delen av øya vi køyrer mot, er grøn og frodig. På vegen passerer vi små landsbyar, og fjell-massivet Lefka Ori med fleire toppar over 2000 moh. Vel framme på Anoskeli vin- og olivengard får vi eit innblikk i korleis produksjonen går føre seg her. Etter vi har vitja vinkjellaren, får vi smake fleire sortar vin, kombinert med ost og kjøtrettar. Det vert også smaking av ulike typar olivenolje, servert med ferskt brød tilsett salt, oregano og sitron. Til sist vert det diska opp med frisk frukt og lokal tsikoudia; ein form for raki. Alt som vert servert her er dyrka og produsert i nærleiken.

    Dei som kjenner meirsmak for Anoskelsk olivenolje eller vin, kan ta ein tur innom gardens produktutsal før vi køyrer vidare. I Platanias ventar det lunsj på ein god taverna før me køyrer attende til Chania. Heile turen tek omlag 5 timar.

    Pris for denne halvdagsutflukten med lunsj er kr 1595,-

    Middag på eiga hand om kvelden. Kanskje gruppa har funne seg ein restaurant med gresk atmosfære, som kan fungere som møteplassen vår?
    (F)

  • Dag 6: Torsdag 27. oktober - Roleg dag i Chania eller utflukt til oldtidsbyen Aptera og vakre Rethymno

    Dagens tema for forelesing er den moderne verdas framvekst. Kvifor var det Egypt som bringa verda ut av jordbrukssivilisasjonens tidsalder, og ikkje Kina, Egypt eller Hellas?

    Etter frukost og førelesing er dette også ein dag der turdeltakarane kan velje å ha ein roleg og avslappande dag i den vakre byen vår. Vi anbefaler å bruke ein del tid på marknaden i gata Akti Kanari i den nordvestlege delen av Chania. Her vil du oppleve eit yrande folkeliv.

    Alternativt kan du bli med på ein halvdagsutflukt til oldtidsbyen Aptera og vakre Rethymno. Bussen vår hentar oss på hotellet, og vi set kursen nordvest mot dagens mål; Aptera og Rethymno. Etter vel 20 minutt på vegen stoppar vi i Aptera. Her får vi ein guida tur gjennom dei velhaldne ruinane av det som ein gong var ein av dei største og mektigaste bystatane i vestleg del av Kreta.

    Vi held fram turen langs kysten av Kreta. Etter ein god halvtime er vi framme i Rethymno. Dette er ein av dei best bevarte middelalderbyane i Hellas. Guiden viser oss bygningar med jødisk, gresk, venetiansk og kristen påverknad. Til sist endar vi opp i den koselege hamna, der det blir lunsj på ein taverna. Heile turen tek omlag 5 timar.

    Pris for denne halvdagsutflukten med lunsj er kr 1585,-

    Middag på eiga hand i Chania.
    (F)

  • Dag 7: Fredag 28. oktober - Avslapping på strand og gresk nasjonaldag

    Etter frukost er dagens førelesingstema frå Terje Imperienes historie. Frå osmanaranes rike til i dag. Resten av dagen har vi til eigen disposisjon i vakre Chania. Vi nyt denne dagen på hotellet og i byen. Reiseleiaren frå Fotefar tek med dei som ønskjer det til badestranda i byen. Her hyggjer vi oss i sola og varmen. På stranda kan du verkeleg slappe av, bade i sjøen, lese i boka di, kjøpe deg noko godt å ete og elles nippe til eit glas vin og kose deg. 

    Fredag 28 oktober er ein av to greske nasjonaldagar. Dette blir feira over heile landet med flaggheising, gudstenester og parader i gatene. Vi får med oss feiringa og det yrande folkelivet i gatene og nede ved hamna i Chania. Kanskje du kan lære deg eitt av dei 158 versa i den greske nasjonalsongen og synge med?

    Om kvelden samlast gruppa til felles middag. 
    (F, M) 

  • Dag 8: Laurdag 29. oktober - Besøk på lokal marknad før norgesretur

    Så er vi komne til den siste dagen på turen vår. Vi tek med oss morgonkaffien inn i konferansesalen og nyt det siste føredraget til Terje Tvedt der han summerer opp ved å snakke om klima og historia; frå dei fyrste sivilisasjonane over Knossos og Mayaene og heim til Norge.

    Vi er så heldige at flyet går tilbake til Oslo om kvelden, så vi kan nyte denne siste dagen i byen vår. Om laurdagar er det blant anna ein stor marknad i gata Minoos som ligg like ved hamna, der dei lokale innbyggjarane sel produkta sine. Her kan vi prøvesmake og kjøpe alle mogelege matvarer som oliven, fisk, ostar, grønsaker og alle sortar eksotiske frukter. 

    Om ettermiddagen sjekkar vi ut frå romma våre og set bagasjen på oppbevaring på hotellet. Bussen køyrer oss til flyplassen der avreisa er kl. 20.10. Fulle av gode opplevingar, ny kunnskap, nye vener og litt solbrende vender vi nasen heim mot nord.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
22/10OsloHellas418 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo