Skip to main content

Cruise i Vesterled

England, Hebridane, Orknøyane, Shetland og Skottland
med Tore Skeie

5. - 14. juli 2022.

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Turen går først til Newcastle i England der vi bur i to netter. Her fortel historikar Tore Skeie gjennom fire forelesingar om vikinghistoria og øyane si tilknyting til Norge gjennom tidene. Tore Skeie har skrive fleire sakprosabøker om mellomalder og vikingtid, og han er kanskje mest kjend for boka Hvitekrist, som handlar om Olav Haraldsson og hans tid.

Etter forelesingsserien på land mønstrar vi på cruiseskipet i Newcastle. Turen går nordover langs austkysten av Skottland, og når vi nærmar oss Orknøyane blir vi møtt av ein vakker natur med mange øyar ute i havgapet. Vi seglar først til Kirkwall, og kan vere med på spennande utflukter på øya. Skipet går vidare til Isle of Skye på dei indre Hebridane, der det blir ein god stopp med nye attraksjonar. Skipet seglar så vidare til Ullapool ved det skotske høglandet og deretter til Lerwick på Shetland. Til slutt set vi kursen sørover mot Newcastle igjen. Undervegs koser vi oss om bord på cruiseskipet, som har mange fine fasilitetar.

For mange har det vore ein mangeårig draum å besøkje dette området, og det er difor ein av dei mest populære turane våre. Dette blir ei oppleving for livet!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 5. juli - Velkommen til Newcastle

    Fly til Manchester frå Oslo og Bergen. Bussen vår tek oss så frå flyplassen til hotellet vårt i Newcastle.

    Om kvelden får vi den første forelesinga til Tore Skeie. I forelesingane kjem han til å fortelje om norsk vikinghistorie og bøkene sine om denne perioden. Den første forelesinga heiter: Kampen om Nordsjøimperiet og samlinga av Norge. Del 1: Olav Haraldssons historie.

    Vi er vane med å tenkje på Olav Haraldsson, betre kjend som Olav den heilage, som ein norsk konge. Men han oppheldt seg også ein stor del av livet utanlands, som omreisande viking og leigesoldat. Det var med prestar og sølvpengar frå det engelske riket han omsider vende tilbake for å erobre heimlandet sitt. Dette foredraget handlar om Olav si rolle i den store maktkampen som skjedde i Nordsjø-området på byrjinga av 1000-tallet, og om korleis kristninga og samlinga av Norge heng saman med eit mykje større internasjonalt bilete.

    Etter forelesinga vert det velkomstmiddag på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Onsdag 6. juli - Newcastle

    Denne dagen skal vi få lære mykje om vikingtida og øyane i Vesterled. Gjennom tre foredrag fortel Tore Skeie frå bøkene sine og tek for seg forholdet mellom Norge og dei tidlegare delane av Norgesveldet, Hebridane, Orknøyane og Shetland. Det blir to foredrag før lunsj(på eiga hand), og eitt seinare på dagen. Det første foredraget har tittelen: Kampen om Nordsjøimperiet og samlinga av Norge. Del 2: Harald Hardrådes historie.

    Harald Hardråde var Olavs yngre halvbror og historiene deira har mange likskapar. Også Harald oppheldt seg store delar av livet på reise og tok makta i Norge ved hjelp av rikdom han hadde tent og vunne ute i verda. I likskap med Olav var også Harald som konge sterkt involvert i maktkampar i Nordsjøområdet, men makta og ambisjonane hans var større. Etter eit langt og krigersk liv, kryssa han sommaren 1066 havet med ein av dei største flåtane som nokon gong var samla av ein norsk konge, for å erobre England. Lenger sør, i Normandie, førebudde hertug Viljam Erobraren samstundes sin eigen invasjonsflåte. Harald fall ved Stamford bru, og Viljam sigra nokre veker seinare over den utslitne engelske hæren ved Hastings. Mykje tyder likevel på at det var nokså tilfeldig at det ikkje enda motsett, og då kunne Europa ha sett ganske annleis ut enn det gjer i dag.

    Det andre foredraget til Tore Skeie denne dagen heiter: Det siste vikingtoktet i Vesterled. Håkon Håkonssons skottetog i 1263.

    England vart aldri erobra av nokon norsk konge, men Harald Hardrådes etterkommarar på den norske trona heldt fram med å øve stor påverknad over øyane i vest. To hundre år etter Haralds død ved Stamford, var det norske kongeriket eit havrike som omfatta skattelanda Orknøyane, Shetlandsøyane (Hjaltland), Hebridane (Sudrøyane) og dei norrøne bygdene på kysten av Grønland. Då kongen i Skottland utfordra overherredømmet til nordmennene i området, samla kong Håkon Håkonsson den norske leidangsflåten og segla vestover med tusenvis av norske bondesoldatar for å vise makta si. Det skulle bli siste gongen norske vikingskip spreidde skrekk og øydeleggingar på den andre sida av havet.

    Etter denne forelesinga har vi tid til å sjå oss rundt om i Newcastle sentrum. Byen har vore gjennom ei stor renovering dei siste tiåra, og har verkeleg byrja å trekkje til seg turistar. Vi har tid til å slappe litt av på hotellet før vi møtest til det siste foredraget til Tore Skeie før middag: Jomfrua frå Norge.

    Seint på hausten i år 1290 segla eit engelsk skip frå Bergen med den norske kongsdottera Margrete Eiriksdotter om bord. Ho var sju år gammal og skulle giftast bort til den engelske arveprinsen. Avtalen gjekk inn i eit intrikat maktpolitisk spel over Nordsjøen. Men på overfarten blei jomfrua sjuk. Ho vart erklært død på Orknøyane og sendt tilbake til Bergen i ei kiste. Dødsfallet skulle få store konsekvensar for det norske riket i mellomalderen i tilhøvet til landa i vest. Det skulle også få eit merkeleg etterspel i Norge, der ei kvinne ti år seinare dukka opp i Bergen og gav seg ut for å vere den døde kongsdottera.

    På resten av turen er det ikkje med forelesar, men reiseleiarar frå Fotefar temareiser er med på heile turen.

    Middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 3: Torsdag 7. juni – Newcastle og nordover kysten

    Etter ein god frukost på hotellet er det tid til å oppleve Newcastle på eiga hand i nokre timar. Dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiaren frå Fotefar til ein av dei beste handlegatene rett ved hotellet. Lunsj på hotellet.

    Tidleg om ettermiddagen tek bussen vår oss til cruiseskipet Balmoral, og vi mønstrar på. Dette er eit komfortabelt, klassisk cruiseskip som er kalla opp etter det kongelege slottet i Skottland. Det er seks restaurantar om bord, og fleire av dei er dekorerte med skotsk tema. Skipet kan verkeleg tilby ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med afternoon tea inkludert. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Skipet har trimrom, symjebasseng og boblebad, og i tillegg er det forelesingar, underhaldning og live musikk om kvelden.

    Vi lettar anker og startar seglasen oppover den skotske kysten mot øyane i Vesterled. Ordet Vesterled eller Vesterlei vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyar som Orknøyene, Shetland og Hebridane. Det var særleg norske vikingar som reiste i Vesterled. Svenskane drog i Austerled over Austersjøen og langs elvane i Russland, medan danskane for over til Nord-England, Frisland og Normandie. På byrjinga av 800-talet segla vestlendingar, som hadde slått seg ned på Shetland, Orknøyane og Færøyane, vidare sørover og rydda gardar på Hebridane, i Nord-Skottland og på austsida av Irskesjøen. Derifrå tok dei kontroll over øya Man og oppretta fleire smårike i Irland.

    Vi har fått plassar saman i den eine restauranten, og etter middag er det fleire aktivitetar og show ein kan få med seg om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Fredag 8. juli - Orknøyane og Kirkwall

    Medan vi et frukost, seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.

    Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg midt på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til kvelden i byen. Også her kan vi delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Her kan vi blant anna besøkje to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria.

    Etter middag i restauranten set skipet kurs mot søraust i retning Hebridane. Vi sit som vanleg saman i «vårt» hjørne av restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Laurdag 9. juli – Portree, Isle of Skye i dei indre Hebridane

    Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet sørover mellom Hebridane og fastlandet på vestkysten av Skottland. Hebridane har også sterke norske røter. Det gamle norrøne namnet frå då vikingane hadde øyane, var Suðreyjar eller Sørøyane. Namnet plasserte Hebridane i forhold til  Norðreyjar, eller Nordøyane, som var namnet på Orknøyane og Shetland. Det gæliske namnet på øyane, Innse Gall, tyder «utlendingane sine øyar», og det viser at det norrøne har hatt ei sterk stilling der over lang tid.  

    Landskapet blir meir gjestmildt dess lengre sør vi kjem, og når vi er ferdige med frukosten, har vi ankra opp i pittoreske Portree, hovudstaden på Isle of Skye i dei indre Hebridane. Den vesle byen med berre ca. 2000 innbyggjarar ligg fint til mellom klipper i ei naturleg hamn på austsida av øya. Vi får omvising i denne vakre småbyen, kjend for sine pastellmåla murhus, og det blir god tid til å rusle rundt på eiga hand. Kanskje fleire vil smake på den lokalproduserte whiskyen, som øya er så kjend for? 

    På Skye Heritage Center kan ein oppleve øya si historie gjennom utstillingar og film, og elles kjøpe med seg handlaga produkt frå Isle of Skye og Hebridane. Her kan ein også lære om den norrøne historia til øya. Det første dokumenterte åtaket frå norske vikingar på Skye var i år 794. Frå slutten av 800-talet kom mange norske innflyttarar, og dei gifte seg ofte med lokale skotske kvinner. Men norrønt språk var likevel truleg dominerande. Då ein norsk høvding vart drepen i 1098, invaderte Magnus Berrføtt øya. Det skotske kongedømet prøvde stadig å trenge inn og dominere dei norrøne områda ytst mot Atlanterhavet, noko dei først makta i 1266 etter at kong Håkon Håkonsson døydde. 

    Det er også mogeleg å vere med på ekskursjonar innover på øya (ikkje inkludert) arrangerte av cruiseselskapet.  
    (F, L, M)

  • Dag 6: Søndag 10. juli – Heil dag på sjøen

    Denne dagen seglar vi nordover mot det skotske høglandet. På vegen ser vi Fingal’s Cave, ei sjøgrotte på øya Staffa i dei indre Hebridane. Grotta er ein del av det nasjonale naturreservat eigd av National Trust for Scotland. Ho består av heksagonale basaltsløyler som har oppstått ved avkjøling av varm lava, som seinare har kome fram på grunn av erosjon.

    Vidare går skipet forbi den karakteristiske øya Bac Mòr i Treshnish Isles. Toppen på midten av øya er ei tidlegare vulkankjegle. Den lågtliggande sletta rundt toppen formar ei glasaktig lavaslette. Trass i at det ikkje finst trygge landgangsplassar på øya, er det ruinar som viser at det har vore sommarfjøs her.

    Om ettermiddagen cruisar vi gjennom Loch Hourn som liknar ein norsk fjord, og vi kjem så til eit område med små øyar, som så treffande heiter Small Isles.

    Etter fellesmiddag i restauranten kan ein få med seg aktivitetar og show om bord. Reiseleiarane lagar til eit par «stambord» på ein av barane/kafeane der ein alltid vil treffe nokon frå gruppa.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Måndag 11. juli – Ullapool på det skotske høglandet

    Ullapool er ein nydeleg liten hamneby med berre 1500 innbyggjarar, som hevdast å vere den mest fotograferte i landet. Den ligg nord på den skotske vestkysten, og den er den einaste større busetjinga på vestkysten nord for Isle of Skye. Byen ligg ved fjorden Loch Broom.

    Ullapool vart grunnlagt etter teikningar av Thomas Telford som ei fiskerihamn i 1788, og hamna er enno sentrum for byen. Det er ferjesamband frå Ullapool til Stornoway på Lewis og Harris på dei Ytre Hebridane. I ei tidlegare kyrkje ligg prisvinnande Ullapool museum, der ein kan lære meir om området si historie. Elles kan ein melde seg på ein av utfluktene arrangert av cruiseskipet.

    Vi går om bord i skipet igjen seint på ettermiddagen. Når vi møtes til middag på dei faste borda i restauranten vår, har vi alt starta vegen nordaustover langs det skotske høglandet mot Shetland.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Tysdag 12. juli - Shetland og Lerwick

    Tidleg om morgonen kjem vi til Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei grøne markene rundt. Her har vi tid i land heile dagen, og vi kan delta på ekskursjonar som rederiet sett opp. Desse kjem det meir informasjon om seinare.

    Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland (Hjaltland). Området vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Norge til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Norge. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst. Harald annekterte såleis både Orknøyane og Hjaltland.

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Norge. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar og instruktørar for motstandsrørsla. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende skipparen, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var sjef på 52 av turane.

    Etter ein dag på land lettar vi anker og seglar sørover. Vi tek ein liten kvil på lugaren før vi møtest til fellesmiddag på restauranten om bord. Viss vi får fint vêr, får vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø.
    (F, L, M)

  • Dag 9: Onsdag 13. juli – Heil dag på sjøen

    På vegen sørover passerer vi to imponerande steinformasjonar, Old Man of Hoy og The Needle. Den største, Old Man of Hoy, som ligg vest for øya Hoy, er 137 meter høg og er danna av gammal raud sandstein. Klippa er truleg mindre enn 400 år gammal og det finst indikasjonar på at ho snart kan kollapse. Under ein storm tidleg på 1800-talet vart ein del av basen på klippa vaska bort, og det går framleis føre seg erosjon på klippa. Ho er eit velkjent motiv i måleri og vert også vist i ein sketsj i Monty Python’s Flying Circus. The Needle er eit samlingspunkt for ulike sjøfuglartar, og denne klippa er også eit storslege syn frå dekk.

    Denne siste dagen til sjøs er det aller siste sjanse til å ta seg ein dukkert i symjebassenget, eller vere med på nokre av dei mange aktivitetane om bord. Reiseleiarane held seg ved stamborda på ein av kafeane, der ein kan møte andre frå gruppa utover dagen

    Vi møtest i delen vår av restauranten for avskjedsmiddag om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 10: Torsdag 14. juli - Heimreise

    Skipet legg til kai om morgonen, og det er tid for heimreise. Etter at vi har mønstra av skipet vårt Balmoral, tek bussen oss til Manchester for avreise med fly heim til Norge.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
5/7BergenNewcastle829 950,-BestillMer informasjon
5/7OsloNewcastleMeir enn 829 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo