Skip to main content

Cruise i Vesterled med Gunnstein Akselberg og Torgrim Titlestad

29. juni - 7. juli 2023.
Shetland - Færøyane - Hebridane - Nord-Irland.

Velkommen med på ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. For mange har det vore ein mangeårig draum å besøkje dette området, og det er difor ein av våre mest populære turar.

Vi startar med fly frå Oslo om morgonen og dreg så til Dundee, der vi overnattar før vi går ombord i cruiseskipet Ambition. Derifrå går ferda til Lerwick på Shetland, vidare til Torshavn på Færøyane og til Isle of Mull i Hebridane. Skipet set så kurs vestover til Belfast i Nord-Irland før vi avsluttar cruiset i Liverpool. Undervegs blir det kåseri av Gunnstein Akselberg om dei språklege fellestrekka vi har med vesterhavsøyane og Torgrim Titlestad om den norrøne historia til øyane.

Gunnstein Akselberg er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Akselberg har vore redaktør for tidsskrifta Namn og Nemne og Nordica Bergensia, og har i mange år hatt språkspalten «Snakk med oss» i NRK Hordaland. Han er også kjend frå programmet «Eides språksjov» på NRK1.

Torgrim Titlestad er historikar og professor emeritus ved Universitetet i Stavanger. Titlestad har spesialisert seg på vikingtida og er no ein av våre fremste ekspertar på denne perioden. Sidan 1990-talet har han gjeve ut fleire sentrale sagaverk som tidlegare ikkje har vore omsett til norsk.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 29. juni - Vi reiser til Dundee

    Avreise frå Oslo, Bergen og Stavanger om føremiddagen. Bussen vår køyrer oss til hotellet vårt i Dundee for innsjekking før det blir foredrag, velkomstmøte og middag.

    Torgrim Titlestad og Gunnstein Akselberg kjem i foredraga sine til å snakke om historia til øyane og dei kulturelle og språklege spora etter nordmennene i vesterled. Ordet vesterled vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyar som Orknøyene, Shetland og Hebridane. Det var særleg norske vikingar som reiste i vesterled. Svenskane drog i austerled over Austersjøen og opp elvane i Russland, medan danskane for over til Nord-England, Frisland og Normandie. På byrjinga av 800-talet segla vestlendingar, som hadde slått seg ned på Shetland, Orknøyane og Færøyane, vidare sørover og rydda gardar på Hebridane, i Nord-Skottland og på austsida av Irskesjøen. Derifrå tok dei kontroll over øya Man og oppretta fleire smårike i Irland. (M)

  • Dag 2: Fredag 30. juni - Dundee og ombordstiging

    Etter ein god frukost på hotellet har vi tid til å utforske Dundee, Skottland sin fjerde største by med 150 000 innbyggjarar. Byen kom på 10-på-topp-lista i Lonely Planet si kåring av beste reisemål i Europa, så her er det mykje å sjå og oppleve. Dei som vil, kan bli med reiseleiarane på ein rusletur i sentrumsgatene, og det vert sjans til både shopping og museumsbesøk. Vi kan anbefale det nye V&A design museum og museet, Discovery Point, som er via til det ikoniske skipet Discovery som Kaptein Scott segla til Antarktisk med.  

    Lunsj på eiga hand eller saman med reiseleiarane. Om kvelden er vi klare for ombordstigning og innsjekking på cruiseskipet. Båten går frå Dundee kl. 22.00, og vi må vere ute i god tid. Resten av kvelden og natta går med til å segle nordover mot Shetland.
    (F)

  • Dag 3: Laurdag 1. juli - Ein dag til sjøs

    Vi seglar oppover austkysten av Skottland og kjem etterkvart ut i rom sjø. Denne dagen blir det foredrag både av Gunnstein Akselberg og Torgrim Titlestad.

    Det blir elles god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. (Nokre av desse kan bestillast på førehand.) I tillegg til The Palladium som viser show på kveldane finst det shopping-senter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gå/joggeløype og kortspel-rom om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafe» der ein kan treffe reiseleiarane i løpet av dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambition, med sauna, dampbad og frisør, samt to utandørs symjebasseng.

    Om kvelden møtest vi i avdelinga vår i hovudrestauranten til middag.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Søndag 2. juli - Shetland

    Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Her har vi tid i land til kl. 16.00. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (program kjem nokre veker før avreise, ikkje inkludert i turprisen), eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt handling. Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.

    Etter ein dag på land lettar vi anker kl. 16.00 og seglar nordover. Først får vi dagens foredrag. Etterpå møtest til fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår.
    (F,L,M)

  • Dag 5: Måndag 3. juli - Færøyane

    Færøyane har alltid hatt eit spesielt forhold til Norge og oss nordmenn, og ein merkar at ein blir spesielt godt motteken som norsk gjest på desse øyane. Vi kjem fram til hovudstaden på Færøyane om morgonen kl. 09.00, så vi kan følgje med på innseglinga til den grøne, dramatiske kysten frå frukostbordet. I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Tórshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen. Skipet ligg i Torshavn fram til klokka 18.00, og vi anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. (Ein kan også bli med på ekstra-ekskursjon sett opp av cruise-selskapet mot tillegg i pris.) Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825. Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, samt ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken. Etter at vi har ete middag i restauranten, set skipet kurs mot sør i retning Hebridane.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Tysdag 4. juli - Ein dag til sjøs

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida og vi legg opp til eit foredrag av Gunnstein etter frukost og eit av Torgrim på ettermiddagen. Elles er det mange ting å gjere om bord. Ambition er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.

    Mot kvelden og natta køyrer skipet sørover mellom Hebridane og fastlandet på vestkysten av Skottland. Hebridane har også sterke norske røter. Det gamle norrøne namnet frå då vikingane hadde øyane, var Suðreyjar eller Sørøyane. Namnet plasserte Hebridane i forhold til Norðreyjar, eller Nordøyane, som var namnet på Orknøyane og Shetland. Det gæliske namnet på øyane, Innse Gall, tyder «utlendingane sine øyar», og det viser at det norrøne har hatt ei sterk stilling der over lang tid.

    Fellesmiddag i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Onsdag 5. juli - Tobermory på Isle of Mull, Hebridane

    I løpet av natta har vi segla heilt til øygruppa Hebridane og ankra opp ved den vesle fiskebyen Tobermory, hovudstaden på Isle of Mull med berre 1000 innbyggjarar. Dette er ein sjarmerande småby spesielt kjend for sine pastellfarga murhus. Ein av attraksjonane i byen er Tobermory whisky distillery som har laga edle dråpar sidan 1798, og elles finst det mange koselege, små butikkar rundt hamna. Etter ein avslappande dag på Isle of Mull vert det avreise med skipet kl. 17.00. Vi set kursen mot sørvest, over Irskesjøen, og på vegen passerer vi øyane Iona, Jura og Islay kjend for whiskyen sin. Når vi møtest restauranten for middag om kvelden, er vi på ope hav igjen på veg mot Belfast.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Torsdag 6. juli - Belfast

    Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auga på to store, gulmåla kraner kalt Samson and Goliath. Disse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irlands hovudstad på kartet. Eit høgdepunkt som ein absolutt bør få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (mot tillegg). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi får også gå gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen og elles sjå mange andre gjenstandar frå skipet. Elles har Belfast ei lang og dramatisk historie. Ei normannisk borg vart reist så tidleg som i 1177, men først i 1613 fekk Belfast bystatus, og frå då av kom det mange skottar og walisarar dit. Mot slutten av 1600-talet og ut på 1700-talet innvandra det nokså mange franske hugenottar. Dei sette i gang med linindustri, og etter kvart vart Belfast ein viktig industriby med særleg skipsindustri frå 1700-talet. Då Irland vart delt i 1920, vart Belfast hovudstad i Nord-Irland. Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første rekke var ein politisk strid om nasjonalitet også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, oppretta ein sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Vi kan sjå veggmåleria både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål. Ein bør gjerne utforske byen på eiga hand, og då kan ein kan ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange, flotte bygningar i viktoriansk stil. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen. Ein kan også gå ein runde i sentrum for å sjå bydelane Cathedral Quarter og Queen’s quarter.

    Vi går om bord på skipet seint på ettermiddagen, og seglar vidare mot England og hamnebyen Liverpool. Avskjedsmiddag om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 9: Fredag 7. juli - Liverpool og heimreise

    Vi seglar forbi Isle of Man, og under frukosten kan vi følgje innseglinga mot munninga av elva Mersey og hamna i Liverpool. Bussen hentar oss på hamna og tek oss med til flyplassen. Fly til Oslo, Stavanger og Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
29/6BergenCruise i Vesterled124 950,-BestillMer informasjon
29/6OsloCruise i Vesterled124 950,-BestillMer informasjon
29/6OsloCruise i VesterledFullbooka, venteliste24 950,-Book på ventelisteMer informasjon
29/6StavangerCruise i VesterledFullbooka, venteliste24 950,-Book på ventelisteMer informasjon
29/6Cruise i Vesterled419 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo