Skip to main content

Cruise i Vesterled

England, Orknøyane og Shetland
med Tore Skeie
30. mai - 6. juni 2022.

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Turen går først til Newcastle i England der vi bur i to netter. Her fortel historikar Tore Skeie gjennom fire forelesingar om vikinghistoria og øyane si tilknyting til Norge gjennom tidene. Tore Skeie har skrive fleire sakprosabøker om mellomalder og vikingtid, og han er kanskje mest kjend for boka Hvitekrist, som handlar om Olav Haraldsson og hans tid.

Etter forelesingsserien på land mønstrar vi på cruiseskipet i Newcastle. Turen går nordover i open sjø, og når vi nærmar oss Shetland, blir vi møtt av ein vakker natur med mange øyar ute i havgapet. Vi seglar først til Lerwick, og kan vere med på spennande utflukter på øya. Skipet går vidare til Kirkwall på Orknøyane, der det blir ein god stopp med nye attraksjonar. Til slutt set vi kursen sørover mot Newcastle igjen. Undervegs koser vi oss om bord på cruiseskipet, som har mange fine fasilitetar. For mange har det vore ein mangeårig draum å besøkje dette området, og det er difor ein av dei mest populære turane våre. Dette blir ei oppleving for livet!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 30. mai - Velkommen til Newcastle

    Fly til Newcastle frå Oslo og Bergen. Bussen vår tek oss så frå flyplassen til hotellet vårt i Newcastle. Her skal vi bruke ettermiddagen på å oppleve folkelivet i byen.

    Om kvelden får vi den første forelesinga til Tore Skeie. I forelesingane kjem han til å fortelje om norsk vikinghistorie og bøkene sine om denne perioden. Denne første forelesinga heiter: Kampen om Nordsjøimperiet og samlinga av Norge. Del 1: Olav Haraldssons historie.

    Vi er vane med å tenkje på Olav Haraldsson, betre kjend som Olav den heilage, som ein norsk konge. Men han oppheldt seg også ein stor del av livet utanlands, som omreisande viking og leigesoldat. Det var med prestar og sølvpengar frå det engelske riket han omsider vende tilbake for å erobre heimlandet sitt. Dette foredraget handlar om Olavs rolle i den store maktkampen som skjedde i Nordsjø-området på byrjinga av 1000-tallet, og om korleis kristninga og samlinga av Norge heng saman med eit mykje større internasjonalt bilete.

    Etter forelesinga vert det velkomstmiddag på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 31. mai - Newcastle

    Denne dagen skal vi få lære mykje om vikingtida og øyane i Vesterled. Gjennom tre foredrag fortel Tore Skeie frå bøkene sine og tek for seg forholdet mellom Norge og dei tidlegare delane av Norgesveldet, Orknøyane og Shetland. Det blir to foredrag før lunsj, og eitt seinare på dagen. I dei siste foredraga vil han samle trådane frå foredraga desse to dagane i Newcastle, før vi skal på cruise dagen etterpå for å oppleve Vesterhavsøyane. Det første foredraget denne dagen heiter: Kampen om Nordsjøimperiet og samlinga av Norge. Del 2: Harald Hardrådes historie.

    Harald Hardråde var Olavs yngre halvbror og historiene deira  har mange likskap. Også Harald oppheldt seg store delar av livet på reise og tok makta i Norge ved hjelp av rikdom han hadde tent og vunne ute i verda. I likskap med Olav var også Harald som konge sterkt involvert i maktkampar i Nordsjøområdet, men makta og ambisjonane hans var større. Etter eit langt og krigersk liv, kryssa han sommaren 1066 havet med ein av dei største flåtane som nokon gong var samla av ein norsk konge, for å erobre England. Lenger sør, i Normandie, førebudde hertug Viljam Erobraren samstundes sin eigen invasjonsflåte. Harald fall ved Stamford bru, og Viljam sigra nokre veker seinare over den utslitne engelske hæren ved Hastings. Mykje tyder likevel på at det var nokså tilfeldig at det ikkje enda motsett, og då kunne Europa ha sett ganske annleis ut enn det gjer i dag.

    Det andre foredraget til Tore Skeie denne dagen heiter: Det siste vikingtoktet i Vesterled. Håkon Håkonssons skottetog i 1263.

    England vart aldri erobra av nokon norsk konge, men Harald Hardrådes etterkommarar på den norske trona heldt fram med å øve stor påverknad over øyane i vest. To hundre år etter Haralds død ved Stamford, var det norske kongeriket eit havrike som omfatta skattelanda Orknøyane, Shetlandsøyane (Hjaltland), Hebridane (Sudrøyane) og dei norrøne bygdene på kysten av Grønland. Då kongen i Skottland utfordra overherredømmet til nordmennene i området, samla kong Håkon Håkonsson den norske leidangsflåten og segla vestover med tusenvis av norske bondesoldatar for å vise makta si. Det skulle bli siste gongen norske vikingskip spreidde skrekk og øydeleggingar på den andre sida av havet.

    Etter denne forelesinga tek ein lokal guide oss med på ein vandretur rundt i Newcastle sentrum. Byen har vore gjennom ei stor renovering dei siste tiåra, og har verkeleg byrja å trekkje til seg turistar. Vi har tid til å slappe litt av på hotellet før vi møtest til det siste foredraget til Tore Skeie før middag: Jomfrua frå Norge.

    Seint på hausten i år 1290 segla eit engelsk skip frå Bergen med den norske kongsdottera Margrete Eiriksdotter om bord. Ho var sju år gammal og skulle giftast bort til den engelske arveprinsen. Avtalen gjekk inn i eit intrikat maktpolitisk spel over Nordsjøen. Men på overfarten blei jomfrua sjuk. Ho vart erklært død på Orknøyane og sendt tilbake til Bergen i ei kiste. Dødsfallet skulle få store konsekvensar for det norske riket i mellomalderen i tilhøvet til landa i vest. Det skulle også få eit merkeleg etterspel i Norge, der ei kvinne ti år seinare dukka opp i Bergen og gav seg ut for å vere den døde kongsdottera.

    På resten av turen er det ikkje med forelesar, men reiseleiarar frå Fotefar temareiser er med på heile turen.

    Middag på hotellet om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Onsdag 1. juni - Newcastle

    Etter ein god frukost på hotellet er det tid til å oppleve Newcastle på eiga hand i nokre timar. Dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiaren frå Fotefar til ein av dei beste handlegatene rett ved hotellet. Lunsj på hotellet.

    Tidleg om ettermiddagen tek bussen vår oss til cruiseskipet Balmoral, og vi mønstrar på. Dette er eit komfortabelt, klassisk cruiseskip som er kalla opp etter det kongelege slottet i Skottland. Det er seks restaurantar om bord, og fleire av dei er dekorerte med skotsk tema. Skipet kan verkeleg tilby ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med afternoon tea inkludert. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Vi lettar anker og startar seglasen oppover den skotske kysten mot øyane i Vesterled.

    Ordet Vesterled eller Vesterlei vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyar som Orknøyene, Shetland og Hebridane. Det var særleg norske vikingar som reiste i Vesterled. Svenskane drog i Austerled over Austersjøen og langs elvane i Russland, medan danskane for over til Nord-England, Frisland og Normandie.

    På byrjinga av 800-talet segla vestlendingar, som hadde slått seg ned på Shetland, Orknøyane og Færøyane, vidare sørover og rydda gardar på Hebridane, i Nord-Skottland og på austsida av Irskesjøen. Derifrå tok dei kontroll over øya Man og oppretta fleire smårike i Irland.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Torsdag 2. juni - Old Man of Hoy og The Needle

    Denne første dagen til sjøs går med til å segle nordover langs kysten, så vi får god tid til å orientere oss på båten og å bli betre kjende med kvarandre.

    På vegen oppover mot Shetland passerer vi to imponerande steinformasjonar Old Man of Hoy og The Needle. Den største, Old Man of Hoy, som ligg vest for øya Hoy, er 137 meter høg og er danna av gammal raud sandstein. Klippa er truleg mindre enn 400 år gammal og det finst indikasjonar på at ho snart kan kollapse. Under ein storm tidleg på 1800-talet vart ein del av basen på klippa vaska bort, og det går framleis føre seg erosjon på klippa. Ho er eit velkjent motiv i måleri og vert også vist i ein sketsj i Monty Python’s Flying Circus. The Needle er eit samlingspunkt for ulike sjøfuglartar, og denne klippa er også eit storslege syn frå dekk.

    Det er store opne dekk på skipet, så vi kan nyte det vakre øylandskapet på ferda vår nordover. Det finst trimrom, symjebasseng og boblebad i tillegg til forelesingar, underhaldning og live musikk om kvelden.

    Vi har fått plassar saman i den eine restauranten, og etter middag er det fleire aktivitetar og show ein kan få med seg om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Fredag 3. juni - Shetland og Lerwick

    Neste morgon kjem vi til Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei grøne markene rundt. Her har vi tid i land heile dagen, og vi kan delta på ekskursjonar som rederiet sett opp. Desse kjem det meir informasjon om seinare.

    Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland (Hjaltland). Området vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Norge til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Norge. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst. Harald annekterte såleis både Orknøyane og Hjaltland.

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Norge. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar og instruktørar for motstandsrørsla. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende skipparen, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var sjef på 52 av turane.

    Etter ein dag på land lettar vi anker og seglar sørover mot Orknøyane. Vi tek ein liten kvil på lugaren før vi møtest vi til fellesmiddag på restauranten om bord. Viss vi får fint vêr, får vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Laurdag 4. juni - Orknøyane og Kirkwall

    Medan vi et frukost, seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.

    Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall tidleg på morgonen, som ligg midt på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til kvelden i byen. Også her kan vi delta på ekskursjonar i regi av rederiet. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Her kan vi blant anna besøkje to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria.

    Etter middag i restauranten set skipet kurs mot sør i retning Skottland og austkysten av Nord-England.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Søndag 5. juni - Aust-kysten av Nord-England

    Vi seglar ned den skotske austkysten denne dagen, så det er ein fin sjanse å få med seg det varierande landskapet langs kysten, viss vi kjem nær nok land. Vi kan elles anbefale symjebassenget, eller nokre av dei mange aktivitetane om bord. Meir informasjon om desse tilboda kjem seinare. Balmoral er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.

    Vi møtest i delen vår av restauranten for avskjedsmiddag om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Måndag 6. juni - Tilbake i Newcastle og heimreise

    Skipet legg til kai om morgonen, og det er tid for heimreise. Etter at vi har mønstra av skipet vårt Balmoral, tek bussen oss til flyplassen for avreise heim til Norge. Flytider kjem seinare.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
30/5BergenNewcastleMeir enn 825 950,-BestillMer informasjon
30/5OsloNewcastleMeir enn 825 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo