Skip to main content

Cruise rundt dei britiske øyar med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

4 - 16. september 2023.

England - Frankrike - Skottland - Hebridane - Nord-Irland - England.

Velkommen med på det store cruiset rundt dei britiske øyane. Det er ikkje ofte sjansen byr seg til å oppleve så mange av desse interessante stadene og øyane på ei reise!

Vi startar med fly til London og buss til Bristol, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambition. Derifrå går ferda til Falmouth i Cornwall, vidare til Honfleur i Normandie, og så nordover til Newcastle. Skipet set så kurs vidare til Scrabster i Skottland før turen går til Portree og Tobermory på Hebridane. Deretter tek skipet oss til Belfast i Nord-Irland før vi seglar ned igjen på Irskesjøen til Bristol.

På denne turen har vi med oss det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen som fagpersonar. Dei vil på ein engasjerande måte halde spennande foredrag og elles lose oss gjennom flotte dagar om bord på cruiseskipet. Dette er ein heilt unik tur som vil bli eit minne for livet!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 4. september - Vi reiser til Bristol

    Avreise frå Oslo til London. Bussen vår tek oss til hotellet i Bristol, der vi får det første foredraget av Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Her presenterer dei seg sjølv og øyene vi skal til. Vi får høyre om historiske stader og landsdelar med sine særpreg. Det blir også eit informasjonsmøte der reiseleiaren frå Fotefar fortel om kva som ventar oss på denne spennande reisa rundt dei britiske øyane. Det er ikkje så mange cruise som tek heile denne reiseruta, så vi er heldige som får denne sjansen.

    Fellesmiddag på hotellet, der vi blir betre kjende med kvarandre før vi startar sjølve cruiset.
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 5. september - Bristol og cruisebåten Ambition

    Etter ein god frukost på hotellet får vi det andre foredraget for turen. Joar Hoel Larsen vil fortelje om: England i dag – sorger og gleder i samfunn og politikk. Etterpå har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn. Vi reiser frå kaien i Bristol kl. 19.45, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambition, er nyoppussa og tilbyr ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre gjestene på skipet er engelske turistar.

    Etter avgang frå Bristol møtest vi i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigne bord, og kan nyte maten medan skipet seglar ut Bristolkanalen og svingar sørover i Irskesjøen. Resten av kvelden og natta går med til å segle ned mot Cornwall og sørvest-tuppen av England.
    (F, M)

  • Dag 3: Onsdag 6. september - Falmouth

    Denne morgonen medan vi seglar inn til Falmouth legg vi opp til eit nytt foredrag. Eva Bratholm har stor kjennskap til litteratur etter fleire år som forfattar, og som ledar av tv-programmet “Bokbadet” på slutten av 90-talet. Foredraget denne dagen vil handle om klassisk britisk litteratur.

    Falmouth er ein idyllisk by i Sør-Cornwall med 27 000 innbyggjarar. Her er det koselege kaféar og mange små butikkar, så det er absolutt verdt å bruke dagen på land. Elles tilbyr cruiseselskapet utflukter ein kan bli med på. Meir info om desse mogelege vala kjem seinare.   

    Det blir fellesmiddag i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Torsdag 7. september - Over den Engelske kanal til Frankrike og to foredrag

    I dag tek skipet oss over Den engelske kanal. Joar vil nytte tida etter frukost til å prate om Britisk etterretning og MI6 i foredraget: Spioner og spionasje – film & virkelighet. Det blir alt frå Ian Fleming og James Bond, John le Carré og Smiley til «the Cambridge Five» og kommunistsympatiserande overklassegutar som spionerte til fordel for Sovjetunionen under den kalde krigen.

    Etter lunsj får vi dagens andre foredrag, denne gongen frå Eva: Fransk-britiske relasjonar i litteratur, kultur og samfunn. Her får vi høyre om kanalens rolle for det som kallast britane si “insulære” haldning, altså korleis det å bu på ei øy har forma folket og historia. Vi får også innblikk i britanes arroganse og deira omtale av franskmenn som “frogeaters”.

    Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. Vi sender ut informasjon til alle deltakarar om forhandsbestilling av dette i forkant av reisa. I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, handarbeidsrom, utandørs trimløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kaféar og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafé» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambition, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til utandørssymjebasseng og badestampar.

    Om kvelden møtest vi i vår del av hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Fredag 8. september - Honfleur

    Denne morgonen seglar skipet forbi dei berømte D-dagsstrendene som vart så viktige for utfallet av andre verdskrig. Viss vi er heldige, går skipet så nær kysten at vi kan sjå klippane bak dei langgrunne strendene der tyskarane hadde forsvarsstillingane sine.

    I dag blir det tilbod om fleire utflukter i vakre Honfleur. Dette er ein svært sjarmerande by på rundt 8000 innbyggjarar, og den er fødebyen til komponisten Erik Satie. Særleg er kyrkja Sainte-Catherine verdt eit besøk. Det er ei imponerande trekyrkje frå 1400-talet som er bygd som to skip snudd opp ned.

    Vi kan også anbefale ekskursjonen til Rouen (mogeleg val mot tillegg i pris, meir informasjon kjem seinare). Få byar kan vise til ei så spennande historie. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorten verdskjend sidan han målte katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar.

    Byen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømt for kjetteri i 1431 og brend levande på marknadsplassen. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen.

    Avreise om ettermiddagen før vi møtest til middag.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Laurdag 9. september - Dag til sjøs og mimring om 60-talet

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og Eva og Joar stiller opp i felles mimreforestilling om 60-talets popkultur. Det blir Beatles og Canaby Street, Mary Quant og Twiggie, langt hår og korte skjørt. Korleis klarte britane å dominere verdas pop- og ungdomskultur?

    Medan cruisebåten tek oss nordover langs austkysten av England, kan ein nytte cruisets fasilitetar. Ambition er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar. Vi satsar på strålande seinsommarvêr og mykje tid til å slappe av ved symjebassenget på dekk.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.

    (F, L, M)

  • Dag 7: Søndag 10. september – Dundee i Skottland og britisk krimlitteratur

    Tidleg om morgonen segler Ambition inn til Dundee, Skottland sin fjerde største by med 150 000 innbyggjarar. Byen kom på 10-på-topp-lista i Lonely Planet si kåring av beste reisemål i Europa, så her er det mykje å sjå og oppleve. Vi kan anbefale det nye V&A design museum og museet, Discovery Point, som er via til det ikoniske skipet Discovery som Kaptein Scott segla til Antarktisk med.

    I kveld tek Eva neste foredrag: Britisk kriminallitteratur - Arven etter Agathe Christie og Conan Doyle.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Måndag 11. september - Neste stopp Scrabster

    Dagen startar med frukostforedrag der Eva og Joar tek for seg den skotske særstillinga innanfor «the United Kingdom». Tittelen er svært passande for dagen: Neste stopp Skottland. Dei fortel om whisky og kilt, sekkepiper og Haggis, gjerrigheit og venlegheit. Sjølvsagt blir det også dagsaktuelle tema som skotsk sjølvstyre og nasjonalisme. Medan dei pratar for oss, seglar vi inn til neste hamn, Scrabster.

    John O´Groats er den nordlegaste tettstaden i Storbritannia. Her bur det kring 300 menneske mellom frodig grønt landskap. Denne idylliske kystbyen har vorte ein kjent turistdestinasjon på grunn av sin unike lokasjon.
    (F, L, M)

  • Dag 9: Tysdag 12. september - Isle of Skye

    Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet sørover mellom Hebridane og fastlandet på vestkysten av Skottland. Hebridane har også sterke norske røter. Det gamle norrøne namnet frå då vikingane hadde øyane, var Suðreyjar eller Sørøyane. Namnet plasserte Hebridane i forhold til Norðreyjar, eller Nordøyane, som var namnet på Orknøyane og Shetland. Det gæliske namnet på øyane, Innse Gall, tyder «utlendingane sine øyar», og det viser at det norrøne har hatt ei sterk stilling der over lang tid.

    Landskapet blir meir gjestmildt dess lengre sør vi kjem, og når vi er ferdige med frukosten, har vi ankra opp i pittoreske Portree, hovudstaden på Isle of Skye i dei indre Hebridane. Den vesle byen med berre ca. 2000 innbyggjarar ligg fint til mellom klipper i ei naturleg hamn på austsida av øya. Vi får omvising i denne vakre småbyen, kjend for sine pastellmåla murhus, og det blir god tid til å rusle rundt på eiga hand. Kanskje fleire vil smake på den lokalproduserte whiskyen som øya er så kjend for?  

    På Skye Heritage Center kan ein oppleve øya si historie gjennom utstillingar og film, og elles kjøpe med seg handlaga produkt frå Isle of Skye og Hebridane. Her kan ein også lære om den norrøne historia til øya. Det første dokumenterte åtaket frå norske vikingar på Skye var i år 794. Frå slutten av 800-talet kom mange norske innflyttarar, og dei gifte seg ofte med lokale skotske kvinner. Men norrønt språk var likevel truleg dominerande.

    Tilbake på båten er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet.

    Det er også mogeleg å vere med på utflukter innover på øya, som er arrangerte av cruiseselskapet (ikkje inkludert, meir informasjon kjem seinare).  

    Denne kvelden og neste kveld vil Eva og Joar ta oss med på fagleg nachspiel. Her blir det laus jakke og høve for noko godt i glaset. Dei vil kalle underhaldninga «Senkveld med Eva og Joar». I kveld blir det snakk om «GB på TV». Vi er godt kjend med britiske fjernsynsseriar, så korleis har desse forma vårt syn på den britiske levemåten? Vi kan tenkje på alt frå «Frå familien Ashton» til «The Crown». Det er vist mykje kvardagsrealsime, men landsbygda blir også idyllisert med Postman Pat, “Med hjartet på rette staden”, via “Med kjærleik for kanaler” og “Forsyte-sagaen” til Brannmann Sam i Pontypandy og Thomas Toget, med fleir!
    (F, L, M)

  • Dag 10: Onsdag 13. september - Indre Hebridane

    Gjennom natta har vi segla til Indre Hebridane og ankra opp ved den vesle fiskebyen Tobermory, hovudstaden på Isle of Mull, med berre 1000 innbyggjarar. Dette er ein sjarmerande småby spesielt kjend for sine pastellfarga murhus som er eit ynda fotomotiv for tilreisande. Ein av attraksjonane i byen er Tobermory Whisky Distillery, som har laga edle dråpar sidan 1798, og elles finst det mange koselege, små butikkar rundt hamna. Her er det enkelt å rusle rundt på eiga hand, eller ein kan melde seg på ein av utfluktene som cruiseskipet tilbyr (ikkje inkludert, meir informasjon kjem seinare).

    Etter ein avslappande dag på Isle of Mull vert det avreise med skipet tidleg om kvelden. Vi set kursen sørvest over Irskesjøen, og på vegen passerer vi øyane Iona, Jura og Islay som alle er kjende for whiskyen sin. Når vi møtest i restauranten for middag om kvelden, er vi snart på ope hav igjen på veg mot Nord-Irland og hovudstaden Belfast. Er vi heldige og vêret er godt, får vi kanskje oppleve ein nydeleg solnedgang på veg over Irskesjøen.

    Andre kveld av «Senkveld med Eva og Joar» står for tur. Kveldens tema er «Nordmenn i England – frå Harald Hardråde til Erling Braut Haaland». Dei tek for seg «Stemmen frå London under krigen», Toralv Øksnevad, og «Stemmen frå London etter krigen», Richard Herrmann. Vi beveger oss mellom Dronning Maud og A-ha, Roald Dahl og Little Norway, norske vikingar og engelske lordar. Saman med alt dette blir det også sjølvopplevde anekdotar, gode historier og historiske godbitar. Noko mimring av utdatert kjendissladder kan ein regne med.
    (F, L, M)

  • Dag 11: Torsdag 14. september - Belfast, Titanic og politisk konflikt

    Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auga på to store, gulmåla kraner kalla Samson og Goliath. Desse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irland sin hovudstad på kartet. Eit høgdepunkt som ein absolutt bør få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (meir informasjon om pris og påmelding blir sendt til deltakarar på cruiset). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi går også gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen og får elles sjå mange gjenstandar frå skipet.

    Ein bør gjerne utforske byen på eiga hand, og då kan ein ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange flotte bygningar i viktoriansk stil. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen.

    Elles har Belfast ei lang og dramatisk historie. Ei normannisk borg vart reist så tidleg som i 1177, men først i 1613 fekk Belfast bystatus. Frå då av kom det mange skottar og walisarar til byen, og mot slutten av 1600-talet innvandra også mange franske hugenottar hit. Dei sette i gang med linproduksjon, og etter kvart vart Belfast ein viktig industriby med særleg skipsindustri frå 1700-talet. Då Irland vart delt i 1920, vart Belfast hovudstad i Nord-Irland.

    Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første omgang var ein politisk strid om nasjonalitet, også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, vart det oppretta sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Vi kan sjå veggmåleria frå denne tida både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål. Dette blir tema for kveldens foredrag med Joar Hoel Larsen. Han var mykje på Nord-Irland på 80-tallet og dekka bomber og gravleggingar for NRK, samt sveltestreiken til IRA-aktivistane som ende med at ti ungdommar omkom i fengsel.
    (F, L, M)

  • Dag 12: Fredag 15. september - Siste dag til havs på veg til Bristol

    I dag får vi siste foredrag for turen. Eva og Joar vil takke for seg med ei oppsummering frå turen. Det blir noko restar av kunnskap som dei ikkje rakk igjennom og repetisjon av høgdepunkt. 

    Dagen blir brukt på å forsere Irskesjøen. Skipet segler sørover langs kysten av Irland. Vi nytter siste sjanse til å ligge på dekk eller prøve båten sine fasilitetar. Kanskje er det noko vi ikkje har rekt over enda? Om kvelden vil vi nok runde tuppen av Wales før vi svingar inn i Bristolkanalen.
    (F, L, M)

  • Dag 13: Laurdag 16. september - Vi mønstrar av

    Når vi står opp siste dagen på tur har båten ankra opp i Bristol. Dei som har bestilt turen med fly til Oslo samlar seg i kvar sine bussar. På turen sørover tek vi ein stopp der alle for moglegheit til å kjøpe seg lunsj. Flya våre går frå Gatwick og er framme om kvelden.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
4/9OsloAmbition436 950,-BestillMer informasjon
4/9OsloAmbitionMeir enn 836 950,-BestillMer informasjon
4/9Ambition
Reise til og frå Bristol på eiga hand
Fullbooka, venteliste32 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo