Orknøyane - Hebridane - Nord-Irland – Irland - Isles of Scilly - Guernsey - Le Havre.
Velkommen med på det store cruiset rundt dei britiske øyane. Det er ikkje ofte sjansen byr seg til å oppleve så mange av desse interessante øyane - både store og små - på ei reise!
Vi startar med fly til London, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambience. Derifrå går ferda til Kirkwall på Orknøyane, vidare til Stornoway på Ytre Hebridane og til Tobermory på Indre Hebridane. Skipet set så kurs vestover til Belfast i Nord-Irland før turen går vidare til Cork i Irland. Neste stopp er Scilly-øyane som få nordmenn har besøkt. Deretter seglar vi inn i den engelske kanalen til øya Guernsey før vi kjem fram til siste stopp på turen, Le Havre på den franske kysten.
Undervegs blir det kåseri av Hans Olav Lahlum om britisk historie, kultur, politikk og litteratur. Lahlum er historikar og har blant anna skrive boka: Britiske statsministre 1900-2015. Fra Lord Salisbury til David Cameron i tillegg til ei lang rekkje andre bøker - både sakprosa og skjønnlitteratur.
Det er første gong nokonsinne at Fotefar temareiser kan tilby eit cruise rundt heile dei britiske øyane. Dette er ein heilt unik tur som vil bli eit minne for livet!
Avreise frå Oslo, Bergen og Stavanger til London. Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet, der vi får det første foredraget av Hans Olav Lahlum. Temaet er Historien om Storbritannias statsministre 1900-2023 del 1. Det blir også eit infomøte der reiseleiaren frå Fotefar fortel om kva som ventar oss på denne spennande reisa rundt dei britiske øyane. Det er ikkje så mange cruise som tek heile denne reiseruta, så vi er heldige som får denne sjansen. Fellesmiddag på hotellet, der vi blir betre kjende med kvarandre før vi startar sjølve cruiset.
(M)
Etter ein god frukost på hotellet får vi det andre foredraget til Lahlum. Vi held fram med same emne som kvelden før og tittelen blir: Historien om Storbritannias statsministre 1900-2023 del 2. Etterpå har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn på båten. Den går frå kaien i London kl. 17.00, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambience, er nyoppussa i 2022 og tilbyr ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar.
Etter avgang frå Tilbury i utløpet av Themsen møtest vi i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigne bord, og kan nyte maten medan skipet seglar ut Themsen og svingar nordover langs Englands austkyst. Resten av kvelden og natta går med til å segle nordover mot Orknøyane.
(F, L, M)
Vi seglar nordover austkysten av Skottland og kjem etter kvart ut i rom sjø.
Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og vi legg opp til eit foredrag av Hans Olav Lahlum. Ute på opent farvatn er det eit passande tema med USA, Storbritannia og "The Special Relationship" mellom dem 1900-2023. Elles er det mange ting å gjere om bord. Ambience er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.
Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. (Nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gå/joggeløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafe» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til utandørssymjebasseng og badestampar.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.
Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til sein ettermiddag i byen. Her er det lagt opp til at vi kan delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggjearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie.
Vi kan også anbefale to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria.
Etter middag i restauranten set skipet kurs mot sørvest i retning Hebridane. Vi sit som vanleg saman i hjørnet “vårt” i restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord. Vi får også foredraget Britisk kulturhistorie 1814-2023 og norsk-britiske relasjoner i samme periode frå Hans Olav Lahlum denne kvelden.
(F, L, M)
Mot kvelden og natta køyrer skipet sørover mot Ytre Hebridane og fastlandet på vestkysten av Skottland. Hebridane har også sterke norske røter. Det gæliske namnet på øyane, Innse Gall, tyder «utlendingane sine øyar», og det viser at det norrøne har hatt ei sterk stilling der over lang tid.
Tidleg om morgonen ankrar vi opp i Stornoway, den største byen og hovudstaden på Ytre Hebridane. Byen ligg fint til med ei naturleg hamn i le for vind med landemerket Lewis Castle. På Ytre Hebridane snakkar mange skotsk-gælisk, og dei er veldig stolte av kulturen og språket sitt.
Her finn vi også den kjende tweed-produsenten Harris Tweed, der ein kan kjøpe med seg dei klassiske plagga. Destilleriet Abhainn Dearg produserer whisky og gin av høg kvalitet, og kan kjøpast frå utsalet deira i Stornoway.
Utpå ettermiddagen går båten frå Stornoway, og reisa vår fortset sørover langs den skotske vestkysten. Før middag gjer vi oss klare til dagens foredrag av Hans Olav Lahlum. Temaet for i dag er Skottland og Wales 1707-2023. Det blir som vanleg fellesmiddag i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
Gjennom natta har vi segla til Indre Hebridane og ankra opp ved den vesle fiskebyen Tobermory, hovudstaden på Isle of Mull med berre 1000 innbyggjarar. Dette er ein sjarmerande småby spesielt kjend for sine pastellfarga murhus som er eit ynda fotomotiv for tilreisande. Ein av attraksjonane i byen er Tobermory Whisky Distillery som har laga edle dråpar sidan 1798, og elles finst det mange koselege, små butikkar rundt hamna. Her er det enkelt å rusle rundt på eiga hand, eller ein kan melde seg på ein av ekskursjonane som cruiseskipet tilbyr.
Etter ein avslappande dag på Isle of Mull vert det avreise med skipet tidleg om kvelden. Vi set kursen mot sørvest, over Irskesjøen, og på vegen passerer vi øyane Iona, Jura og Islay kjende for whiskyen sin. Når vi møtest i restauranten for middag om kvelden, er vi snart på ope hav igjen på veg mot Nord-Irland og hovudstaden, Belfast. Er vi heldige og veret er godt, får vi kanskje oppleve ein nydeleg solnedgang på veg over Irskesjøen.
(F, L, M)
Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auga på to store, gulmåla kraner kalla Samson and Goliath. Desse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irlands hovudstad på kartet. Eit høgdepunkt som ein absolutt bør få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (mot tillegg). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi får også gå gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen og elles sjå mange gjenstandar frå skipet.
Elles har Belfast ei lang og dramatisk historie. Ei normannisk borg vart reist så tidleg som i 1177, men først i 1613 fekk Belfast bystatus, og frå då av kom det mange skottar og walisarar dit. Mot slutten av 1600-talet og ut på 1700-talet innvandra det mange franske hugenottar. Dei sette i gang med linindustri, og etter kvart vart Belfast ein viktig industriby med særleg skipsindustri frå 1700-talet. Då Irland vart delt i 1920, vart Belfast hovudstad i Nord-Irland.
Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første omgang var ein politisk strid om nasjonalitet, også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, oppretta ein sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Vi kan sjå veggmåleria både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål. Ein bør gjerne utforske byen på eiga hand, og då kan ein ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange flotte bygningar i viktoriansk stil. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen.
Vi går om bord på skipet seint på ettermiddagen og seglar vidare sørover.
(F, L, M)
Neste morgon får vi eit morgonforedrag med Lahlum medan vi seglar inn mot hamna Rngaskiddy ved Cork. Tittelen i dag er Irland og Nord-Irland 1801-2023.
Denne dagen kan ein melde seg på ekskursjon i regi av cruiseskipet til blant anna sentrum av Cork. Byen Cork er på storleik med Trondheim, og ein kan også oppleve den på eiga hand. Cork blir ofte kalla den verkelege hovudstaden i Irland, sidan den var så sentral under frigjeringa frå England. Frå 800-talet og i fleire hundre år var Cork også ein viktig handelsstad for vikingane. Nyleg vart det gjort utgravingar ved området der det er planlagt eit vikingsenter, med mange spennande funn.
Avgang om kvelden, så vi har god tid til ekskursjonen og elles til å oppleve byen på eiga hand og gjerne litt tid til shopping.
Etter middag i restauranten set skipet kurs mot sør i retning Isles of Scilly.
(F, L, M)
Tidleg denne morgonen er vi framme ved St. Mary’s, den største av Scilly-øyane. Desse øyane med sine krittkvite sandstrender og behagelege klima langt ute i det keltiske havet, er heilt spesielle både når det gjeld natur og historie.
Det er ikkje mange nordmenn som reiser til Scilly-øyane no til dags, men Syllingane, som dei heitte på norrønt, var velkjende for nordbuarar i vikingtida. I følgje Snorre møtte Olav Tryggvason i år 986 ein spåmann der: «Då Olav Tryggvason låg ved Syllingane, fekk han høyre at det var ein spåmann der på øya som kunne sjå ting som skulle hende, og mange meinte at det gjekk ofte som han sa.» Spåmannen sa til Olav: «Du skal bli ein stor konge og utrette store ting. Du skal omvende mange menneske til trua og dåpen, og med dette skal du hjelpe både deg sjølv og mange andre.»
Cruiseselskapet tilbyr ekskursjonar på øyane. Vi sender ut informasjon om desse i god tid. Dei som ikkje skal på ekskursjon, har god tid til å rusle rundt i St. Mary, ta ein tur på pub eller besøke ein av dei små koselege butikkane i byen.
Når skipet lettar anker, er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet.
(F, L, M)
Om natta har skipet teke oss til øya Guernsey i Den engelske kanalen. Øya er den nest største av desse øyane etter Jersey. Vi ankrar opp i hovudstaden, St. Peter Port, som har 18 000 innbyggjarar. Her har vi god tid til å gjere oss kjende I byen, og kanskje shoppe litt i dei mange butikkane i dei koselege gatene. Blant attraksjonane ein kan få med seg i sentrum, finn vi Victoria Tower bygd til minne om dronning Victoria sitt besøk i 1846. Her ligg også Hauteville House der Victor Hugo budde medan han var forvist frå Frankrike.
Guernsey er ikkje ein offisiell del av Storbritannia, men innbyggjarane har britisk statsborgarskap. Engelsk språk er dominerande, men nokre få hundre snakkar framleis guernésiais, ein variant av normannisk med innslag av norrønt og fransk.
Avreise rundt middagstid. Denne kvelden seglar skipet forbi dei berømte D-dagsstrendene som vart så viktige for utfallet av andre verdskrig. Viss vi er heldige, går skipet så nær kysten at vi kan sjå klippene bak dei langgrunne strendene der tyskarane hadde forsvarsstillingane sine.
(F, L, M)
Dei som er tidleg oppe, kan følgje med på innseglinga til hamnebyen Le Havre før frukost. Byen ligg ved utløpet av Seinen og har ca. 170 000 innbyggjarar. Le Havre vart hardt bomba av ei allierte under andre verdskrigen for frigjeringa av Frankrike, og byen måtte byggast opp att i etterkrigstida.
Cruiseselskapet tilbyr ulike utflukter denne dagen, og vi kan spesielt anbefale vakre Honfleur på den andre sida av Seinen. Dette er ein svært sjarmerande by på rundt 8000 innbyggjarar, og den er fødebyen til komponisten Erik Sate. Særleg er kyrkja Sainte-Catherine verdt eit besøk. Det er ei imponerande trekyrkje frå 1400-talet som er bygd som to skip snudd opp ned.
Vi kan også anbefale ekskursjonen til Rouen. Få byar kan vise til ei så spennande historie. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorten verdskjend sidan han målte katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar.
Byen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømt for kjetteri i 1431 og brend levande på marknadsplassen. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen.
Avreise om ettermiddagen, og tid for Hans Olav Lahlum sitt siste foredrag. I kveld ser vi på kongefamilien med foredraget Det britiske monarkiet i fortid og nåtid. Etterpå møtest vi i restauranten til ein god avskjedsmiddag.
(F, L, M)
Om morgonen seglar vi roleg inn Themsen mot London. Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til flyplassen. Avgangar til Oslo, Bergen og Stavanger.
(F)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
18/7 | Bergen | Cruise: Dei britiske øyar | Fullbooka, venteliste | 33 950,- | Book på ventelisteMer informasjon |
18/7 | Oslo | Cruise: Dei britiske øyar | Fullbooka, venteliste | 32 950,- | Book på ventelisteMer informasjon |
18/7 | Stavanger | Cruise: Dei britiske øyar | Fullbooka, venteliste | 33 950,- | Book på ventelisteMer informasjon |