England - Spania - Portugal - Marokko - Nord-Irland - England.
Velkommen med på det store cruiset frå England til Iberia og Marokko og tilbake til England via Nord-Irland. Det er ikkje ofte sjansen byr seg til å oppleve alle desse stadene på eit cruise!
Vi får med oss ein kveld med Beatles-coverband på legendariske The Cavern før vi neste dag går om bord i cruiseskipet Ambition. Derifrå går ferda sørover mot Portugal og første stopp La Coruña, med utflukt Santiago de Compostela. Vidare tek skipet oss til Cadiz med besøk til vakre Sevilla. Skipet set så kurs over Gibraltar-stredet og sørover til Casablanca i Marokko. Her blir det sjans til å bli med på dagstur til Marrakech. Deretter tek vi fatt på vegen nordover igjen med første stopp i Lisboa. Vidare går skipet til Porto, og så til Belfast i Nord-Irland før vi returnerer til Liverpool igjen.
Undervegs blir det foredrag av Sarah Natasha Melbye om historie, kultur, politikk og litteratur relatert til stadene og landa vi besøker. Melbye er journalist og har vore programleiar for TV-program i mange sjangrar. Ho har også vore dagleg leiar for fleire forlag, blant anna Strawberry Publishing. Sarah sin far er frå Marokko, så ho har sterke band til dette landet.
På cruiset skal vi følgje eldgamle handelsruter frå England til Portugal og Spania, og til det afrikanske kontinentet. Der får vi sjansen til å oppleve eksotiske Marrakech. På vegen kan vi slappe av ved symjebassenget på dekk og nyte sommardagane. Det er første gong nokosinne at Fotefar temareiser kan tilby eit cruise til Marokko og den Iberiske halvøya, så dette gler vi oss veldig til!
Avreise frå Oslo og Bergen om morgonen. Vi er framme på flyplassen i Manchester om føremiddagen, og bussturen inn til hotellet vårt tek rundt ein time.
Om ettermiddagen kan dei som vil, bli med på ein guida tur i sentrum med fokus på Beatles. Vi avsluttar denne guida turen på den koselege puben Love Lane Brewery, der det blir middag (Guida tur og middag mot tillegg). Her blir det også livemusikk om kvelden. Etter middag kan dei som vil, bli med reiseleiarane på Cavern Club der Beatles spelte mange hundre gonger tidleg på 60-talet. Stemninga frå den tida sit framleis i, så her er det berre å drøyme seg tilbake til 60-talet.
Etter ein god frukost på hotellet får vi dei første foredraga til Sarah Natasha Melbye. Tema kjem seinare. Dei som har bestilt cruiset utan flyreise, møter gruppa på hotellet før forelesinga. Denne formiddagen kan dei som vil vere med reiseleiarane til det veldig gode maritime museet i Liverpool. Det er ein del av National Museums og har mange ulike utstillingar om Liverpool som sjøfartsby. Ingen britisk by var så viktig for sjøfarten som Liverpool frå 1600-talet og heilt fram til våre dagar. På museet er det også ei avdeling om Titanic, som var registrert i Liverpool.
Frå Liverpool gjekk mykje av handelen sørover til Spania og Portugal, og dei gamle handelsrutene følgjer reiseruta vår på dette cruiset. Frå Sør-Spania henta britane Sherry allereie frå 1300-talet, og frå Porto – portvin. Dei same rutene gjekk også vidare til Vest-Afrika, til Amerika og tilbake igjen til England og andre land i Nord-Europa. Denne såkalla trekanthandelen kan vi lære meir om på The Slavery Museum rett ved. Dobbelt så mange slaveskip var registrerte i Liverpool enn i nokon annan engelsk hamn, så byen hadde diverre ei svært stor rolle i slavehandelen.
Beatles-museet ligg også i hamneområdet, og er å anbefale for dei som er musikkinteresserte.
Etterpå køyrer bussen oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn. Vi reiser frå kaia i Liverpool kl. 18.00, så vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambition, vart nyoppussa i 2022 og er for cruiseskip å rekne ganske lite, med 713 lugarar totalt. Dei fleste av dei andre gjestene her er engelske turistar, og det er ei uformell og vennleg atmosfære om bord.
Etter avgang frå Liverpool seglar vi sakte ut utløpet av Mersey-elva og inn i Irskesjøen, og vi møtest i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigen del av hovudrestauranten, og kan nyte maten medan skipet tek fatt på den første etappen. Resten av kvelden og natta går med til å segle sørover i Irskesjøen.
(F, M)
Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og vi legg opp til eit foredrag av Sarah Natasha Melbye. Tema blir bestemt seinare. Elles er det mange ting å gjere om bord. Ambition er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.
Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, handarbeidsrom, utandørs trimløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafé» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambition, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til utandørs symjebasseng og badestampar.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Skipet tek oss med sørover mot Spania, og ruta vi følgjer er så langt ute i Atlanterhavet at vi ikkje ser Frankrike aust for oss. Vi legg opp til eit foredrag av Sarah Natasha Melbye også denne dagen. Tema blir bestemt seinare. Elles er det mange ting å gjere om bord. Vi anbefaler å bruke sommardagen ute på dekk.
Det er heile seks barar eller pubar om bord, inkludert cocktail- og vinbar. Puben, Cavern, er oppkalla etter den legendariske klubben vi skal på første dag i Liverpool. Utvalet av restaurantar er også stort med to hovudrestaurantar med kvite dukar, samt ein enklare bistro og to gourmetrestaurantar.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i ein av hovudrestaurantane. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
I løpet av natta køyrer skipet sørover mot det spanske fastlandet. Tidleg om morgonen ankrar vi opp i La Coruña. Byen er ein av Spanias viktigaste hamner, og det var herifrå den spanske armadaen segla for å erobre England i 1588. Her kan ein oppleve den sjarmerande gamlebyen eller bade på bystranda.
Denne dagen kan ein bli med på ei utflukt til pilegrimsbyen Santiago de Compostela, som det er ein draum for veldig mange å besøkje (mogeleg val mot tillegg i pris, informasjon kjem seinare). Byen er endestoppen på den lange pilegrimsvegen, Camino de Santiago, gjennom Frankrike og Spania. Heile denne pilegrimsvegen er på Unesco si verdsarvliste.
Om ettermiddagen går skipet frå hamn og fortset sørover mot Portugal. Det blir som vanleg fellesmiddag i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Heile dagen er vi på sjøen på veg sørover langs Portugal og inn mot Middelhavet. Vi følgjer den same ruta som dei engelske handelsskipa tok til kronkolonien sin, Gibraltar. Denne vesle landbiten ved innseglinga til Middelhavet har vore svært strategisk viktig for britane, og påverkar framleis forholdet mellom Spania og Storbritannia.
Vi anbefaler å bruke denne augustdagen til å slappe av ved symjebassenget på dekk og nyte sommaren. Ein kan også kjøpe seg noko godt og avkjølande i bassengbaren, Consulate Bar.
Det blir eit foredrag av Sarah Natasha Melbye også denne dagen. Tema blir bestemt seinare. Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Ein kan også velje å ete middag på ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
Skipet seglar inn frå Atlanterhavet mot Middelhavet, og nesten heilt til Gibraltar. Vi legg til land i vakre Cadiz, som vart grunnlagt av fønikarane 1100 f.Kr, og som såleis er ein av verdas eldste hamnebyar. Også seinare har dette vore ein svært viktig by for skipsfart, og to av Columbus sine skip la ut herifrå på veg til Amerika.
Denne dagen kan ein bli med på ekskursjon (mot tillegg i pris, informasjon kjem seinare) til Sevilla. Byen er kjend som ein av hovudbyane for Flamenco og andalusisk kultur, og den er framleis påverka av arabisk kultur etter 500 år med maurisk styre.
Når skipet forlèt hamna i Cadiz, sit vi restauranten og opplever solnedgangen mot Atlanterhavet i vest (viss det er skyfritt). Før kvelden er omme ser vi Marokko og det afrikanske kontinentet på venstre side. Natta går med til å segle sørover forbi byane Tanger og hovudstaden Rabat på veg til Casablanca.
(F, L, M)
Neste morgon medan vi et frukost, glir skipet roleg inn mot hamna i Casablanca. Byen er den største i Marokko, og den viktigaste hamnebyen. Her låg det opphaveleg ein berbisk landsby, men byen har etter det blitt erobra av både Portugal, Spania og Frankrike. Berbisk språk er førstespråket til ca. 40 % av marokkanarane, medan 60 % har arabisk som førstespråk. Berbarane budde tradisjonelt i innlandet, og heildagsutflukta denne dagen til Marrakech tek oss innover mot berbiske områder (mogeleg val mot tillegg i pris, informasjon kjem seinare).
Marrakech blir av mange rekna som den mest interessante byen i Marokko. Byen ligg fint til ved foten av Atlas-fjella, på handelsrutene frå landa sør for Sahara, til dei nord-afrikanske byane ved Middelhavet. Marrakech var tidlegare hovudstad, og har alltid vore ein viktig handelsby. I dag er hovudnæringane turisme, grønnsaksproduksjon og eksport av mineralar frå Atlas-fjella.
Når vi kjem inn i gamlebyen blir vi møtt av alle dei sterke fargane og luktene frå marknaden Djemaa el Fna, ein av dei aller største marknadane i Nord-Afrika. Her kan ein kjøpe alt mellom himmel og jord, og det er god anledning til å prute. Rundt om på den store plassen kan ein oppleve alt frå slangetemmarar, dresserte aper, akrobatar og matboder med fantastisk god marokkansk mat. På den eine sida ligg dei tronge gatene og mange småbutikkane som utgjer Marrakech Souk. Her er det yrande folkeliv og herlege lukter frå alle krydderhandlarane. Mange utøver framleis tradisjonelle handverk som lær-, sko- og teppemakarar, så her kan ein gjere gode kjøp.
Etter ein lang dag i Marrakech, blir det avreise med skipet om kvelden. Når vi forlèt Casablanca, har vi øya Madeira rett til venstre for oss ute i Atlanterhavet, men for langt ute i havet til at den er synleg.
(F, L, M)
Denne natta og neste dag seglar vi nordover i Atlanterhavet langs Marokkos kyst. Vi legg opp til eit foredrag av Sarah Natasha Melbye om føremiddagen. Tema for foredraget kjem seinare. Skipet passerer hovudstaden Rabat, som med sine ca. 1,2 millionar innbyggjarar berre er den tredje største byen i landet. To timar med bil rett inn i landet frå hovudstaden ligg den gamle kongebyen Fez, der far til Sarah Natasha Melbye kom frå. Fez er kjend for sin store, bilfrie Medina, eller marknadsplass. I denne byen er dei eldgamle handverkstradisjonane betre bevart enn i dei fleste andre marokkanske byar.
Dersom vi er heldige, får vi med oss ein nydeleg solnedgang ute i havet under middagen nordover langs Marokkos kyst.
(F, L, M)
Om natta har skipet teke oss nordover langs kysten av Portugal. Vi ankrar opp i Lisboa, der vi skal vere denne dagen. Byen ligg fint til på sju høgder, som Roma. Dei berømte trikkerutene mellom høgdedraga kan minne om dei ein finn i San Fransisco. Vi har heile dagen i byen, og vi anbefaler å bruke mykje tid i gamlebyen Bairro Alto. Her er det mange restaurantar og småbutikkar i dei tronge smuga. Det er også i denne delen av byen ein finn dei mange Fado-plassane som har live folkemusikk.
Lisboa har ei svært lang historie som senter for sjøfart. Byen er også ein av Europas eldste, og vart grunnlagd av fønikarane for over 3000 år sidan. Frå 1400-talet vart byen verdas viktigaste sjøfartsby, då den vart utfartshamn for handelen sørover til Vest-Afrika og etter kvart til Amerika. Lisboa spelte ei viktig rolle som transitthamn for britisk oversjøisk handel. Dei følgde same rute som vi er på no. Diverre var byen også sentral i slavehandelen. Der Liverpool var Englands største hamn for slaveskipa, var Lisboa Europas største. For å lære meir om trekanthandelen og Portugal som sjøfartsnasjon anbefaler vi eit besøk på det gode maritime museet i Lisboa.
Etter ein heil dag i Lisboa, er vi klare for å gå om bord i skipet igjen. Avreise rundt middagstid. Denne kvelden seglar skipet nordover langs Costa de Prata, eller sølvkysten. Viss vi er heldige, går skipet så nært land at vi kan sjå dei kvite strendene og dei fine strandbyane før sola går ned.
(F, L, M)
Dei som er tidleg oppe kan følgje med på innseglinga til Porto, der vi legg til i hamna ved Leixos. Bykjernen i Porto ligg ved utløpet av Douro og er med sine 300 000 innbyggjarar Portugals nest største. Her har vi heile dagen til disposisjon, og mange vil nok bruke nokre timar i gamlebyen Ribeira, som står på UNESCO si verdsarvliste.
Cruiseselskapet tilbyr ulike utflukter denne dagen, og vi kan spesielt anbefale ein tur til ein av dei mange vingardane som lagar portvin langs Douro-elva (mogeleg val mot tillegg i pris, informasjon kjem seinare). Heilt frå 1700-talet har handelen av portvin med England vore stor, og engelske selskap etablerte seg i regionen. Dei hadde monopol på eksporten av slik vin ein lang periode. I 1703 signerte England og Portugal Methuen-traktaten som sikra gunstige tollsatsar på sal av portvin til England og sal av tekstil den andre vegen. Liverpool var hovudhamna for tekstileksport sørover, så her følgjer vi dei gamle handelsrutene med skipet vårt.
(F, L, M)
I løpet av natta har vi segla vidare nordover på den iberiske halvøya. Når vi vaknar er vi ute i rom sjø i Biscayabukta på veg mot det som blir kalla det keltiske havet. Vi er på sjøen heile dagen, og vi legg opp til eit foredrag av Sarah Natasha Melbye. Tema blir bestemt seinare.
Det er god tid til å slappe av og bruke dei mange aktivitetane om bord. Vi anbefaler å nyte sommardagen på dekk og å ta avkjølande dukkertar i symjebassenget. Om ettermiddagen og kvelden kvar einaste dag er det underhaldning i den store salen The Palladium.
Vi møtest som vanleg vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Ein kan også velje ein av dei andre restaurantane, viss ein ønskjer det.
(F, L, M)
Denne dagen tek skipet oss nordover i Irskesjøen. Vi passerer St. George Channel mellom Irland og Wales før skipet tek oss forbi Isle of Man, som har mykje norsk vikinghistorie. Det blir foredrag av Sarah Natasha Melbye også denne dagen. Tema kjem seinare.
Elles er det som sagt mange ting å gjere om bord på Ambition. Dei som ikkje har fått det med seg tidlegare, kan bli med på «afternoon tea» eller ein av dei andre aktivitetane om bord. Elles er det sjeldan feil å ha ein ny roleg dag ved symjebassenget.
Om kvelden møtest vi som vanleg til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Ein kan også ete på ein av dei fire andre restaurantane om bord dersom ein vil det.
(F, L, M)
Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auge på to store, gulmåla kraner kalla Samson og Goliath. Desse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irlands hovudstad på kartet. Eit høgdepunkt som ein absolutt bør få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (mogeleg val mot tillegg i pris, informasjon kjem seinare). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi går også gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen, og får elles sjå mange gjenstandar frå skipet.
Elles har Belfast ei lang og dramatisk historie. Ei normannisk borg vart reist så tidleg som i 1177, men først i 1613 fekk Belfast bystatus. Frå då av kom det mange skottar og walisarar til byen, og mot slutten av 1600-talet innvandra også mange franske hugenottar hit. Dei sette i gang med linindustri, og etter kvart vart Belfast ein viktig industriby med særleg skipsindustri frå 1700-talet. Då Irland vart delt i 1920, vart Belfast hovudstad i Nord-Irland.
Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første omgang var ein politisk strid om nasjonalitet, også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, vart det oppretta sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Vi kan sjå veggmåleri frå perioden både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål. Her kan vi gjerne utforske byen på eiga hand, og til dømes ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange flotte bygningar i viktoriansk stil. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen.
Vi går om bord på skipet om kvelden og seglar vidare austover mot Liverpool.
(F, L, M)
Om morgonen seglar vi roleg inn elva Mersey inn mot Liverpool. Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til flyplassen. Avgangar til Oslo og Bergen.
(F)