Skip to main content

Den store musikkturen Nashville, Memphis & New Orleans med Claudia Scott

14. – 23. september 2021.

Dette er ein tur vi i Fotefar temareiser alltid gler oss veldig til. Vi får oppleve tre fantastiske musikkbyar, Nashville med country, Memphis med blues og New Orleans med jazz.

I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countrymusikk på barar på Broadway Street. I Memphis besøkjer vi Elvis sin heim, Graceland, motellet der Martin Luther King vart skoten i tillegg til bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Dette er byar der musikken aldri sluttar å spele.

Artisten Claudia Scott er med på heile turen og held minikonsertar.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 14. september - Avreise til Nasvhille

    Denne morgonen reiser vi frå Oslo og Bergen. Vi landar i Nashville same kveld, og bussen vår køyrer oss til hotellet i sentrum av den pulserande musikkbyen. Nashville har nær 640 000 innbyggjarar og er hovudstaden i Tennessee. I tillegg til å vere senteret for countrymusikken, er Nashville kjent som byen der den økonomiske og kulturelle eliten i Tennessee har budd.

  • Dag 2: Onsdag 15. september – Broadway, Country Music Hall of Fame og Honky tonk

    Etter frukost møtest gruppa, og turleiarane orienterer om turopplegget og dagsprogrammet. Vi får også ein minikonsert av Claudia Scott denne formiddagen. Deretter ruslar vi nedover Broadway og endar opp ved The Country Music Hall of Fame. Dette storslegne museet presenterer historia til countrymusikken på ein eineståande måte og er eit funn for alle musikkinteresserte. Vi går rundt på museet i vårt eiga tempo, les, lyttar og ser opptak av verdskjende artistar. Etterpå kan vi gå innom ein av dei mange såkalla honky tonk-klubbane som er kjende for den beste live countrymusikken i verda. Nokre stader startar live-musikken opp alt i 11-tida på føremiddagen. Dei mest kjende klubbane er nok Tootsie’s (http://www.tootsies.net/) og Robert’s Western World.

    Om kvelden kan dei som vil samlast og ete middag med reiseleiarane (ikkje inkludert). Vi går ut og nyt musikken og folkelivet på Broadway.
    (F)

  • Dag 3: Torsdag 16. september – Kjende stader i Nashville

    Denne morgonen startar vi på ein guida busstur frå hotellet der vi er innom kjende stader i Nashville. Vi får også med oss nokre av husa til country-stjernene og studioa der fleire av dei største artistane har spelt inn dei legendariske albuma sine. Rundturen tek 2 ½ time, og vi blir til slutt sett av på Broadway. Her et vi lunsj, høyrer på musikk og kosar oss.

    Resten av ettermiddagen kan brukast til å rusle rundt i byen eller berre slappe av på hotellet. Nashville har fleire store plateforretningar, så her kan ein gjere mange gode kupp. Mange vil nok også ta turen innom Johnny Cash-museet (http://www.johnnycashmuseum.com/). Vi kan også anbefale ein tur til Belle Meade (http://bellemeadeplantation.com/). Dette er ein typisk Sørstatsplantasje, og her får ein eit glimt inn i verda vi kjenner frå filmen «Tatt av vinden» og TV-seriar som «Nord og Sør». På Belle Meade dreiv dei med oppdrett av veddeløpshestar, og det er guida omvisingar som gir eit innblikk i den store skilnaden mellom herskapsbustaden og slavehyttene.

    Etter ein fin dag er vi klare for kveldens store oppleving, konserten på The Grand Ole Opry. Etter at konserten er ferdig, kan dei som vil høyre meir musikk, ta ein tur på dei mange barane der banda spelar både swing, 60-talsrock, country og bluegras. Her er det berre å hive seg med i dansen. Det er også mogeleg å få seg ein matbit, dersom nokon ønskjer det.
    (F)

  • Dag 4: Fredag 17. september – Memphis og Blues City Cafe

    Avreise frå Nashville. Bussen køyrer vestover i Tennessee til Memphis. Reiseleiarane fortel om musikken i området vi køyrer gjennom, og Claudia underheld litt for oss undervegs.

    Det første som står på programmet i Memphis, er eit besøk på Lorraine Motel der Martin Luther King vart skoten. Motellet husar no The National Civil Rights Museum (http://www.civilrightsmuseum.org/), og er eit svært godt museum.

    Om kvelden møtest vi i baren på hotellet før vi går ut til middag på ein av dei aller best kjende honky-tonkane på utelivsgata Beale Street – Blues City Cafe (http://www.bluescitycafe.com/). På menyen står ekte Memphis Ribs eller Catfish; eit must når ein er i denne byen. På Blues City Cafe har de god live musikk, så etter middagen beveger vi oss til baren og nyt dei vakre tonane.
    (F, M)

  • Dag 5: Laurdag 18. september – Sun Studio, Graceland og Beale Street

    Dette er nok dagen dei som voks opp med 50- og 60-talsrocken kan glede seg mest til. Vi startar dagen med ein kort køyretur til Sun Studio (https://www.sunstudio.com/) der legender som Elvis, Jonny Cash og Jerry Lee Lewis spelte inn plater. Gruppa vår får omvising, og vi kan lytte til fleire av innspelingane.

    Turen går så til det berømte Graceland (https://www.graceland.com/), Elvis sin heim gjennom mange år. Her får vi omvising i huset til Elvis, slik det var då han budde der. Etter omvisinga går vi rundt om i dei mange bygningane på eigedomen og ser på filmar, konsertopptak og andre Elvis-effektar. Gravlunden der Elvis og hans næraste er gravlagde, er også spesiell. Det er også tid til å sjå bilane, motorsyklane og flya til Elvis og elles vandre rundt i dei mange souvenirbutikkane på området. Vi bruker god tid på besøket vårt på Graceland, og vi får tid til å kose oss med lunsj, suovenirar og mykje anna.

    Etter besøket køyrer vi tilbake til hotellet vårt og slappar litt av før vi møtest i baren for å gå ut til middag, bruke kvelden på Beale Street og høyre på fantastisk bluesmusikk. I denne gata ligg bluesklubbane tett i tett, og dei som vil, kan få ei stor musikkoppleving til måltidet på blant anna baren til blueslegenda BB-King (http://bbkings.com/memphis/) eller på velkjende Rum Boogie Cafe (http://rumboogie.com/). Vi kan også anbefale Jerry Lee Lewis’s Honky Tonk (http://jerryleelewismemphis.com/) der det som oftast er live pianobasert blues og klassisk rock’n roll.
    (F)

  • Dag 6: Søndag 19. september – Mississippi-deltaet, New Orleans og Palm Court Cafe

    Avreise frå hotellet etter frukost. Vi forlèt Tennessee og køyrer sørover gjennom det store Mississippi-deltaet der bluesen oppstod. Reiseleiarane fortel om Mississippi-musikken og om dei talrike musikarane derifrå som forma rocken og bluesen. Området er i dag eit av dei fattigaste strøka i USA, og etter mekaniseringa av jordbruket flytta mange herifrå til storbyar som Memphis og Chicago. I byen Jackson i Mississippi stoppar vi for buffélunsj på Country Fisherman Restaurant før vi reiser direkte til jazzens fødeby, New Orleans.

    Hotellet vårt ligg midt i det pulserande sentrumet. Utpå kvelden går vi saman til Palm Court Cafe, der vi skal ete ein typisk sørstatsmiddag med 4-rettar og nyte tradisjonell New Orleans-jazz. Her har mange av dei store musikarane spelt, så vi er på historisk grunn.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Måndag 20. september – Musikkhistorie i New Orleans, Preservation Hall

    Vi et ein god frukost på hotellet før vi startar med ein guida busstur på 2 ½ time i og rundt New Orleans. Hovudtema er musikk og musikkhistorie. I tillegg vi får også høyre om New Orleans si spennande historie, og kva som gjer byen så spesiell. Ingen andre byar i USA liknar på New Orleans. Her møtest Sørstatane og impulsar frå Karibien, og Mississippi-elva bind byen saman med Midtvesten. I tillegg er dei spanske og franske røtene enno tydelege. Det vert framleis snakka fransk i delar av Louisiana.

    Om kvelden går vi samla på jazzklubben Preservation Hall. Denne legendariske klubben feira 50-års jubileum i 2011 og vart oppretta for å ta vare på den ekte New Orleans-jazzen. Der får vi verkeleg oppleve den autentiske New Orleans-musikken.

    Etter konserten som varer i ein knapp time, vil reiseleiarane vise kor vi kan setje oss ned for å lytte til endå meir jazzmusikken og nyte atmosfæren i fødebyen til Louis Armstrong. Ein rusletur på berømte Bourbon Street høyrer sjølvsagt med før vi går tilbake til hotellet.
    (F)

  • Dag 8: Tysdag 21. september – Jackson Square og konsert

    Vi startar dagen med ein rusletur saman med turleiarane til Jackson Square og dei mange koselege kafeane i dette området. Her kan ein høyre live jazzmusikk heile døgnet. Om ein vil handle, finst det mange små artige butikkar. Vi vil elles føreslå eit to-timars båtcruise på Mississippi-elva med ein ekte hjuldampar. Dette er elles ein dag der ein kan oppleve byen på eiga hand.

    Etter ein vel overstått tur tilbringar vi siste kveld på baren til hotellet. Claudia vil halde ein minikonsert og feirar ei triveleg reise saman.
    (F, M)

  • Dag 9: Onsdag 22. september – Heimreise

    Tidleg ettermiddag går flyet frå New Orleans, slik at det er tid til ein siste rusle- eller handletur i byen før bussen køyrer oss til flyplassen.
    (F)

  • Dag 10: Torsdag 23. september – Heime i Norge

    Vi er framme i Norge neste dag på føremiddagen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
14/9BergenDen store musikturenMeir enn 836 950,-Bestill
14/9OsloDen store musikturenMeir enn 835 950,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo