Skip to main content

Den store musikkturen Nashville, Memphis & New Orleans med Terje Tysland

21. - 30. mars 2023.

For første gong tek vi med Terje Tysland på tur til Sørstatane! Heilt frå tida hans som gitarist i legendariske Prudence, har han vore ein folkekjær musikar med eit stort publikum, og no kan du reise med han til byane og sørstatskulturen som har inspirert musikken hans så mykje!

På turen får vi oppleve tre fantastiske musikkbyar, Nashville med country, Memphis med blues og New Orleans med jazz. I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countrymusikk på barar på Broadway Street. I Memphis besøkjer vi Elvis sin heim, Graceland og bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Dette er byar der musikken aldri sluttar å spele!

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 21. mars – Vi reiser til Nashville

    Avreise frå Oslo og Trondheim (avreise frå Værnes 20. mars på ettermiddagen, inkludert overnatting på mellomlanding i Amsterdam saman med reiseleiar). Tilknyting frå andre byar ved førespurnad.                    

    Vi landar i Atlanta, og bussen vår køyrer oss nordover til Nashville. Byen har over 690 000 innbyggjarar og er hovudstaden i Tennessee. I tillegg til å vere senteret for countrymusikken, er Nashville kjend som byen der den økonomiske og kulturelle eliten i Tennessee har budd opp gjennom historia.

  • Dag 2: Onsdag 22. mars - Broadway, Country Music Hall of Fame og Honky tonks

    Etter frukost møtest gruppa, og reiseleiarane orienterer oss om turopplegget og dagsprogrammet. Då får vi også første minikonsert med Terje Tysland. Kanskje vi får høyre ein av dei mange hittane hans?

    Deretter ruslar vi nedover Broadway og endar opp ved The Country Music Hall of Fame. Dette storslegne museet presenterer historia til countrymusikken på ein eineståande måte og er eit funn for alle musikkinteresserte. Vi går rundt på museet i vårt eiga tempo, les, lyttar og ser opptak av verdskjende artistar.

    Dei som vil, et lunsj saman med reiseleiar på museet før dei blir med på shopping. Nashville har fleire store plateforretningar, så her kan ein gjere mange gode kupp. Mange vil nok også ta turen innom Johnny Cash-museet.

    Etterpå kan vi gå innom ein av dei mange såkalla honky tonk-klubbane som er kjende for den beste live countrymusikken i verda. Nokre stader startar live-musikken opp alt i 11-tida på føremiddagen. Dei mest kjende klubbane er nok Tootsie’s og Robert’s Western World. Vi går og høyrer musikken og ser på folkelivet på Broadway. 
    (F)

  • Dag 3: Torsdag 23. mars - Kjende stader i Nashville

    I dag kan du sjølv velje om du vil vere med på ein aktivitet eller oppdage byen på eiga hand. Mange vel nok ein guida busstur i byen, der vi rundar av med eit besøk på legendariske RCA Studio B. Bussturen tek oss til mange kjende stader i Nashville si musikkhistorie. Her får vi blant anna sjå Riverfront Park, Ryman Auditorium, Schermerhorn Symphony Center, Tennessee State Capitol og Music Row. Vi har lokal guide og rundturen tek ca. 2,5 timar. Vi fortset med omvising på RCA Studio B. Dette var staden mange musikklegender spelte inn sine største hittar. Vi kan berre sjå for oss Elvis sitje i eit bekmørkt studio for å komme i rett sinnsstemning til å spele inn «Are You Lonesome Tonight». Han hadde over 200 innspelingar her. Albumet «From Elvis in Nashville» vart spelt inn i juni 1970 på berre fem, seks dagar. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen).

    Om kvelden er dei som har meldt seg på, klare for kveldens store oppleving, konserten på The Grand Ole Opry. Opphavleg var dette eit amerikansk radioprogram med fokus på country, bluegrass og gospel. I 1943 flytte dei innspelinga av programmet til Ryman Auditorium i sentrum av Nashville, før dei endra det igjen i 1974 til Opry House, som ligg utanfor byen. Vi får gode billettar til konserten, og på bussen dit fortel reiseleiaren om historia til den historiske konsertstaden. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen).

    Etter at konserten er ferdig, kan dei som vil høyre meir musikk, ta ein tur på dei mange barane der banda spelar både swing, 60-talsrock, country og bluegrass. Her er det berre å hive seg med i dansen. Det er også mogeleg å få seg ein matbit, dersom nokon ønskjer det.
    (F)

  • Dag 4: Fredag 24. mars - Memphis

    Avreise frå Nashville. Bussen tek oss vestover i Tennessee til Memphis. Reiseleiarane fortel om musikken i området vi køyrer gjennom, og Terje underheld oss litt med anekdotar og historier frå tidlegare besøk i området.

    På vegen til Memphis stoppar vi på Brook Shaw Old Country Store for ein god buffélunsj i eit rom for oss sjølve. Etter måltidet vil Terje ta fram gitaren og halde den andre minikonserten for reisa. Det blir god stemning og mange vil nok synge med.

    Framme i Memphis sjekkar vi inn på hotellet vårt og tek gjerne ein liten strekk etter bussreisa. Etterpå kan dei som vil, bli med på ei byvandring med reiseleiar. Her vil reiseleiaren peike ut fleire legendariske barar og bluesrestaurantar. Det blir også gode tips til kvar en finn god mat, drikke og livemusikk. Ein av dei aller best kjende honky-tonkane på utelivsgata Beale Street er Blues City Café. På menyen står ekte Memphis Ribs eller Catfish; eit “must" når ein er i denne byen. Beale Street blir omtala som ei av USA sine mest ikoniske gater med baren til B.B. King som hovudattraksjon. Her blir det mykje spennande å oppdage.
    (F, L)

  • Dag 5: Laurdag 25. mars - Sun Studio, Graceland og Beale Street

    I dag kan du velje om du vil ha tid på eiga hand i byen, eller vere med på ein full dag med fokus på rockehistoria frå 50- og 60-talet. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen). Dei som melder seg på, startar dagen med ein guida busstur om Memphis si musikkhistorie med lokal musikkguide. Vi stoppar på fleire viktige stader for rockehistoria. På Sun Studio der legender som Elvis, Jonny Cash og Jerry Lee Lewis spelte inn plater, blir det ein lengre stopp. Gruppa vår får omvising, og vi kan lytte til fleire av innspelingane.

    Turen går så til berømte Graceland, Elvis sin heim gjennom mange år. Her får vi omvising (audioguide) i huset til Elvis, slik det var då han budde der. Staden der Elvis og hans næraste er gravlagde, er også spesiell.

    Etter omvisinga går vi rundt om i dei mange bygningane på eigedomen og ser på filmar, konsertopptak og Elvis-effektar. Det er også tid til å sjå bilane, motorsyklane og flya til Elvis og elles vandre rundt i dei mange suvenirbutikkane på området før bussen køyrer oss tilbake til hotellet vårt.

    Kvelden brukar vi på Beale Street og høyrer på fantastisk bluesmusikk. I denne gata ligg bluesklubbane tett i tett, og dei som vil, kan få ei stor musikkoppleving til måltidet på blant anna baren til blueslegenda BB-King eller på velkjende Rum Boogie Café. Vi kan også anbefale Jerry Lee Lewis’s Honky Tonk, der det som oftast er live pianobasert blues og klassisk rock’n roll.
    (F)

  • Dag 6: Søndag 26. mars - Mississippi-deltaet, New Orleans og Palm Court Café

    Avreise frå hotellet etter frukost. Vi forlèt Tennessee og køyrer sørover gjennom det store Mississippi-deltaet der bluesen oppstod. Reiseleiarane fortel om Mississippi-musikken og om dei talrike musikarane derifrå som forma rocken og bluesen. Området er i dag eit av dei fattigaste strøka i USA, og etter mekaniseringa av jordbruket flytta mange herifrå til storbyar som Memphis og Chicago. I byen Jackson i Mississippi stoppar vi for buffélunsj, før vi reiser direkte til jazzens fødeby, New Orleans.

    Hotellet vårt ligg godt plassert i byen, berre eit steinkast unna barar og gater med live musikk. New Orleans er ein by utan sidestykke. Her finn du ei fargerik blanding av europeisk og karibisk kultur, der jazzen blir spelt kvar kveld og byr på levande musikalske opplevingar. Du kan sjå den romantiske arkitekturen i det franske kvarteret eller la deg fortrylle av voodoo, kostymar og fest. Rett utanfor byen finst sumpar med alligatorar og store bomullsplantasjar.

    Utpå kvelden går dei som har meldt seg på, saman til Palm Court Cafe, der vi skal ete ein typisk sørstatsmiddag med 4-retter og nyte tradisjonell New Orleans-jazz. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen.) Her har mange av dei store musikarane spelt, så vi er på historisk grunn. Etter middag er det også mogleg å ta seg ein tur innom Frenchmen Street med enno meir av den svingande jazzmusikken.
    (F)

  • Dag 7: Måndag 27. mars - Musikkhistorie i New Orleans, Preservation Hall

    Vi et ein god frukost på hotellet før vi startar på dagens opplevingar. Denne dagen kan du melde deg på ein guida busstur på 2 ½ time i og rundt New Orleans. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen.) Hovudtema er musikk og musikkhistorie. I tillegg får vi også høyre om New Orleans si spennande historie, og kva som gjer byen så spesiell. Her møtest Sørstatane og impulsar frå Kariben, og Mississippi-elva bind byen saman med Midtvesten. I tillegg er dei spanske og franske røtene enno tydelege. Det vert framleis snakka fransk i delar av Louisiana.

    Om kvelden går vi samla på jazzklubben Preservation Hall. Denne legendariske klubben feira 50-års jubileum i 2011 og vart oppretta for å ta vare på den ekte New Orleans-jazzen. Der får vi verkeleg oppleve den autentiske New Orleans-musikken. (Betaling i døra).

    Etter konserten som varer i ein knapp time, vil reiseleiarane vise kor vi kan setje oss ned for å lytte til endå meir jazzmusikk og nyte atmosfæren i fødebyen til Louis Armstrong. Ein rusletur på berømte Bourbon Street høyrer sjølvsagt med før vi går tilbake til hotellet.
    (F)

  • Dag 8: Tysdag 28. mars - Jackson Square og konsert

    Vi startar dagen med ein rusletur saman med turleiarane til Jackson Square og dei mange koselege kaféane i dette området. Her kan ein høyre live jazzmusikk heile døgnet. Om ein vil handle, finst det mange små artige butikkar. Vi vil elles føreslå eit to-timars båtcruise på Mississippi-elva med ein ekte hjuldampar. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen).

    Elles kan du bli med på ein busstur ut av byen. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen). Vi reiser til ein av dei historiske bomullsplantasjane. Her får vi innblikk i drifta, i tillegg til det harde livet til dei svarte som arbeidde på bomullsmarkane. Etter omvising får vi servert lunsj før vi reiser vidare til sightseeing i sumpen frå luftputebåt. Her blir det både fart å spenning når vi susar gjennom dei smale kanalane i mangroveskogen som utgjer dette mystiske våtområdet. Mellom dei mosekledde trea finst det alligatorar i tusenvis.

    Etter ein vel overstått tur møtest vi siste kvelden til avsluttingsmiddag. Her nyt vi ein klassisk kreolsk middag med dessert. Terje vil halde ein minikonsert, og vi feirar ei triveleg reise saman.
    (F, M)

  • Dag 9: Onsdag 29. mars – Heimreise

    I dag går flyet vårt frå New Orleans. Vi seier ha det bra til dei tre feststemte byane og set oss i bussen på veg til flyplassen. Vi får ei mellomlanding i USA før vi startar flyreisa over Atlanterhavet.
    (F)

  • Dag 10: Torsdag 30. mars – Ankomst Norge

    Flyreisa går over natta, og vi er framme i Norge neste dag.

Reisekalender
10/4Champagne med Merete BøFrå 24 950,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 23 950,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 21 550,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 22 550,-
14/4Argentina og Uruguay med Eva Bratholm og Joar Hoel LarsenFrå 48 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo