Skip to main content

Den ville vesten: Nasjonalparkar, indianarar og cowboyar med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

19. – 29. august 2021.

Vi er glade for å kunne presentere ein heilt ny tur, ein skikkeleg cowboytur til den ville vesten. Dette er ein ekte roadtrip gjennom statane Colorado, Nebraska, Sør-Dakota, Wyoming, Montana og Utah.

Høgdepunkt:

  • Overnatting på Pine Ridge-reservatet og møte folk frå Ogalala-stammen
  • Wounded Knee, der ein av dei verste massakrane av Sioux-indianarar fann stad
  • Badlands nasjonalpark
  • Gullgravarbyen Deadwood
  • Mount Rushmore med dei fire presidentane utskorne i fjell
  • Crazy Horse-monumentet
  • Sioux-indianarane sitt heilage område i Black Hills
  • Landsbyen Sundance, gjort kjend av The Sundance Kid
  • Landemerket Devil’s Tower
  • Overnatting på westernhotellet The Occidental, der Butch Cassidy har overnatta
  • Little Big Horn, slaget der Custer døydde
  • Rodeo i Cowboybyen Cody
  • Overnatting på Irma hotell bygd av Buffalo Bill
  • Yellowstone og Teton National Park
  • Westernbyen Jackson Hole i Rocky Mountains

 

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er reiseleiarar på turen. Eva har tidlegare vore korrespondent til USA og har skrive fleire bøker om landet. Joar har lang fartstid som USA-kjennar og journalist, og han har i tillegg skrive bok om cowboyen i amerikansk politikk. Dei har reist mykje i denne delen av USA, og vil fortelje historier og anekdotar om dei kjende namna frå western-historia som Sitting Bull, Jesse James, Wyatt Earp, Annie Oakley Buffalo Bill, General Custer, Calamity Jane, Wild Bill Hickok og mange andre.

Vi kan love ein eineståande tur til eit av dei mest spennande områda i USA. På første delen av turen kjem vi nært innpå samfunnet, kulturen og historia til Sioux indianarane. Her blir det både omvising på ein av ungdomsskulane og på det einaste colleget på reservatet, samt høve til å møte, og stille spørsmål til, representantar frå Ogalala-stammen. På veg vestover møter vi byar som har vore sentrale i westernhistorien og i utallege filmar og seriar. Blant anna ein av opptaksstadene til serien «Den ville vesten» som var så populær i Norge på 80-talet. Velkommen med på ein skikkeleg ville vesten-tur!

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 19. august - Avreise

    Onsdag morgon møtast vi spente på Gardermoen før vi går om bord i flyet.

    På flyplassen i Denver ventar bussen vår på oss og tek oss til hotellet vårt rett ved flyplassen. Vi brukar den same bussen på heile turen. Vi får oss ei god natt søvn før roadtripen vår startar neste morgon.

  • Dag 2: Fredag 20. august - Pine Ridge, Wounded Knee og Kyle

    Bussen vår tek oss først nordover gjennom Colorado, og aust for oss når vi køyrer oppover, har vi mektige Rocky Mountains. Sidan dette er ein tur med ein del lange køyre-etappar, vil Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen bruke tida på bussen til å fortelje historier og anekdotar om westernhistoria og det vi opplever undervegs.

    Vi forlet Colorado og køyrer innover på den flate Nebraska-prærien. Etter ei stund kryssar vi både South Platte og North Platte, området der Zeb Macahan og familien hans frå tv-serien «Den Ville Vesten» budde ein periode før dei for vidare mot Oregon.

    Når vi nærmar oss Pine Ridge-reservatet rett over grensa til Sør-Dakota, ser vi at landskapet er goldt utan noko særleg jordbruk. Ogalala-siouxane vart tildelt land her i 1889, og det var vanleg at indianarane fekk det dårlegaste jordbrukslandet. Reservatet er eit av dei største i USA og omfattar fleire county og småbyar. Eva og Joar gir oss ein oversikt over dei ulike indianarstammane på vegen oppover, og dette får vi høyre om seinare på turen også.

    Vi er så heldig at vi blir møtt av ein representant frå Ogalala-stammen som skal vise oss rundt på reservatet. Mykje positivt har skjedd her dei siste tiåra, sjølv om dette er eit av dei fattigaste områda i USA med gjennomsnittleg levealder på 47 år for menn og 52 år for kvinner. På 70-talet fekk dei sitt første 2-årige college, og i dag er dette eit fullverdig universitet med 4-årig bachelor-grad, og til og med eit masterprogram i leiing. Vi får også sjå ein av dei private ungdomskulane på reservatet, som kan vise til mange elevar som har gått vidare derifrå til gode universitet. Fleire av desse er no tilbake på reservatet som lærarar for å hjelpe andre med å få seg ei god utdanning.

    Turen fortset til monumentet for massakren ved Wounded Knee. I romjula 1890 vart mellom 250 og 300 Lakota Sioux – både menn, kvinner og barn – massakrert av det 7. kavaleri-regimentet. Monumentet ligg i nærleiken av massegrava frå 1890, og vi får høyre frå representanten frå reservatet kvifor dette er ein så viktig stad for Sioux-indianarane i dag.

    Ikkje før i 1990 fekk Sioux-indianarane ei offentleg orsaking frå staten for massakren, men medaljane (Medal of Honor) gjevne til soldatane er framleis ikkje kravde inn at av det offentlege USA.

    Vi sjekkar inn på motell i den vesle byen, Kyle, inne på reservatet. Det er enkel standard på denne overnattinga, men romma er reine og det er ei oppleving å bu inne på reservatet. Middag på motellet sin restaurant om kvelden. Etter vi har ete blir det enten tradisjonell musikk eller dans av lokale utøvarar.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 21. august - Badlands og Deadwood

    Vi et frukost på motellet og får så ei omvising i den vesle byen Kyle, der det einaste universitetet på Pine Ridge-reservatet ligg. Universitetet har rundt 1400 studentar og semesteret har akkurat starta når vi er der. Guiden tek oss med rundt på skuleområdet, og vi får også ei forelesing om historia til Sioux-indianarane.

    Bussen tek oss så nordover til Badlands – eit heilt spesielt fjellområde som har status som nasjonalpark. Ved foten av fjella skal «Living Sioux Village» opne i 2020. Der kan vi sjå korleis indianarane levde før europearane kom til desse områda. Viss den er opna når vi kjem forbi, stoppar vi og gir oss god tid. Vi er no i eit område der det er mykje indianarhistorie, men også norsk utvandrarhistorie. Joar og Eva fortel på bussen om korleis nordmennene deltok i, og reagerte på, indianarkrigane.

    Vi stoppar også på Wall Drug Store, ein heilt spesiell attraksjon på vegen mot Rapid City. Frå 30-talet tilbaud den vesle butikken gratis isvatn til reisande på hovudvegen I-90, og no stoppar over to millionar menneske kvart år her. Suvenir-butikkar, kafé og mykje anna har komme til, og det har stått artiklar om den vesle byen med butikken i både New York Times og utanlandske aviser.

    Vi er framme i den gamle gullgravarbyen Deadwood seint på ettermiddagen, og sjekkar inn på hotellet vårt der. Heile bysentrumet har fått status som National Landmark District for den godt bevarte arkitekturen frå gullgravartida. I sentrumsgata kan ein kvar dag i sommarsesongen sjå ein iscenesett duell med revolvermenn, som har blitt ein stor attraksjon for dei mange tilreisande. Byen livnærer seg i dag av turisme og dei mange kasinoa, og i hovudgata kan ein besøke staden der Wild Bill Hickok vart skoten medan han sat og spelte kort.

    Ein kan også ta ein gåtur ein kilometer eller to opp i fjellsida til Mount Moriah Cementery, der Wild Bill Hickok, Calamity Jane og fleire andre kjende frå westernhistoria er gravlagde.

    Det er mange gode restaurantar i Deadwood, og vi anbefalar ein ekte amerikansk steak med alt som høyrer til!
    (F)

  • Dag 4: Søndag 22. august - Heildagstur til Mount Rushmore og Crazy Horse-monumentet

    Denne dagen kan ein enten bli i Deadwood eller være med på ein heildagstur med buss til Mount Rushmore og Crazy Horse-monumentet. Prisen (1175 kroner) på heildagsturen er inkludert lunsj, og turen kan bestillast ved påmelding. Vi køyrer sørover i Black Hills, som har vore eit heilagt område for Sioux-indianarane. Før Sioux-indianarane budde det også Cheyennene, Crow, Kiowa og Pawnee-indianarar her.

    Indianarane hadde fått Black Hills i Fort Laramie-avtalen i 1868, men mista det då George Armstrong Custer sitt 7. kavaleri oppdaga gull der, og tusenvis av lykkejegerar strøymde til fjellområda. Det vart også provoserande for indianarane då det i 1927 vart starta arbeid med å skjere ut ansikta til fire presidentar ved Mount Rushmore. No er dette ein av dei mest besøkte stadene i USA med over 2 millionar turistar. Vi stoppar og gir oss tid ved denne berømte attraksjonen. Lunsj undervegs er inkludert i heildagsekskursjonen.

    Turen går vidare til Crazy Horse-minnesmerket. Dette er også ein gigantisk statue som vil måle 195 meter brei og 172 meter høg når den er ferdig. Monumentet vart påbegynt i 1948 som eit direkte svar på Mount Rushmore, og som eit minnesmerke over urbefolkninga si liding i Nord-Amerika. Eva og Joar fortel om kvifor Black Hills var viktig både for indianarane og europearane, og korleis krigane som starta her, leda fram mot slaget ved Little Bighorn.

    Bussen tek oss nordover mot Deadwood, og er vi heldige, får vi sjå noko av det varierte dyrelivet i kvitgran- og gullfuruskogane. Her finst både bison, kvithalehjort, mulhjort, prærieantilope, tjukkhornsau og puma.

    Vi kjem tilbake til Deadwood om kvelden og går samla ut til middag i hovudgata.
    (F)

  • Dag 5: Måndag 23. august - Sundance, Devil's Tower og Buffalo

    Det er tid for å fortsette turen vestover, og etter frukost på hotellet set vi kurs for den vesle byen Sundance. Det tek ein liten time dit, og på vegen passerer vi grensa til Wyoming og landskapet flatar ut ein del. I bussen fortel Eva og Joar om Butch Cassidy and the Sundance Kid kjend frå filmen frå 1969 med Robert Redford.

    På turen vidare vestover køyrer vi forbi Devil’s Tower, eit kjend landemerke for nybyggjarar på veg vestover, og USA sitt første nasjonalmonument i 1906.

    Vi kjem tidleg på dag til idylliske Buffalo, som ligg ved foten av Big Horn-fjella. Her et vi lunsj før vi sjekkar inn på dei to hotella våre. Ein kan velje å bu på historiske Occidental Hotel, der Butch Cassidy, The Sundance Kid, Buffalo Bill og Ernest Hemingway har overnatta (mot tillegg), eller på eit nyare hotell.

    Om kvelden blir det fellesmiddag på restauranten på Occidental Hotel og vi anbefalar noko å drikke på hotellbaren etterpå. Der kan ein enno sjå kulehola frå skotvekslingar frå slutten av 1800-talet. Den som mange meiner er den første westernromanen vart også skriven på dette hotellet. «The Virginian» av Owen Wister.
    (F, M)

  • Dag 6: Tysdag 24. august - Little Bighorn og Cody

    Etter frukost tek bussen oss nordover langs Bighorn-fjella over grensa til Montana og inn i Crow-indianarane sitt land. Eva og Joar fortel i bussen om kva som førte til slaget ved Little Bighorn 25.-26. juni 1876. Vi køyrer så til Crow Agency, hovudbyen i Crow-reservatet og tek av til minnesmerket for slaget. Her ventar ein lokal guide, som viser oss rundt på slagmarka, der oberstløytnant George Armstrong Custer og 257 andre offiserar og soldatar døydde. Indianarhæren vart leia av Sitting Bull, Crazy Horse og andre kjende høvdingar. Sjølve slaget vart utkjempa over eit stort område, og dei falne på begge sider har fått kvar sin plakett med namnet på, der dei vart funne. Det er også sett opp eit nasjonalmonument over slaget like ved der Custer døydde.

    Felleslunsj på ein restaurant rett ved Little Bighorn. Etter lunsj gir vi oss god tid ved besøkssenteret der ein både kan sjå ein film og høyre på ein Park Ranger fortelje om slaget.

    Turen går vidare vestover forbi Billings, hovudstaden i Montana, og så sørover til Cody, Wyoming, der vi skal bu i tre netter. Cody er ein ekte «cowboy-by» der ranching framleis er ein viktig del av økonomien, og er kanskje den byen på turen som har gjort mest for å tiltrekke seg folk som er interessert i «den ville vesten».

    Vi sjekkar inn på historiske Irma Hotel i hovudgata i byen. Dette hotellet vart bygd av Buffalo Bill i 1902, og fekk namnet til dottera hans, Irma. Når det var ferdigbygd, sa Buffalo Bill at det var «just the sweetest hotel that ever was». Ein kan ved bestilling velje om ein vil bu på historiske rom eller eit av dei nyare romma. Vi har reservert bord i hotellrestauranten, så dei som vil, kan vere med reiseleiarane dit. Elles finst det mange andre gode restaurantar og steak houses rett ved hotellet.
    (F, L)

  • Dag 7: Onsdag 25. august - Våpenmuseum, Old Trail Town og Buffalo Bill Center

    Heil dag i Cody. Bussen tek oss først rett utanfor sentrum til The Cody Firearms Museum, der alle i gruppa får velje eit kjent våpen frå westernhistoria dei har lyst til å prøveskyte. Ein kan velje mellom ein Colt-revolver eller ei Winchester-rifle (inkludert i turprisen). Det er også mogeleg å betale ekstra for å prøve fleire ikoniske våpen frå westernhistoria som Smith and Wesson eller det første maskin-geværet, Gatlin Gun. Eigaren av The Cody Firearms Museum var tidlegare engasjert i det historiske museet i byen, og guidar oss gjennom westernhistoria og fortel korleis den teknologiske utviklinga av våpena endra vesternhistoria.

    Neste stopp er Old Trail Town som har ei samling med hus frå forrige århundreskifte inkludert ei hytte der Butch Cassidy og The Sundance Kid budde. I samlinga er der også ei rekkje gjenstandar frå western-historia. Ein «Trail Town» var ein provisorisk by som var sett opp i hu og hast for å tilby essensielle varer og husrom for immigrantane som var på veg vestover.

    Bussen tek oss så tilbake til sentrum, der det blir lunsj og god tid på eiga hand på fantastiske Buffalo Bill Center of the West. Dette senteret rommar heile fem ulike museum, blant anna eit historisk museum og eit av dei beste musea i USA om indianarane sin historie og kultur. Vi legg opp til at ein kan bruke så mykje tid ein ønskjer her og gå på eiga hand dei få hundre meterane tilbake til hotellet langs hovudgata.

    Om kvelden samlast vi og tek bussen ut til The Cody Cattle Company, der vi får servert ein skikkeleg cowboy-buffé. Etter middag blir det rodeo og konsert.
    (F, M)

  • Dag 8: Torsdag 26. august - Fridag til shopping eller Yellowstone

    Etter frukost på hotellet kan ein denne dagen velje om ein vil vere i Cody eller bli med på ein ekstratur (mot tillegg) til Yellowstone-nasjonalpark. Program og pris for heildagsturen til Yellowstone kjem seinare.

    Cody har mange butikkar og kafear, og fleire små, interessante museum som «The Dug Up Gun Museum» og Cody bymuseum. Vi kan elles anbefale Cody Gunfight, som er eit lite skodespel med westerntema - sjølvsagt med ein revolvarduell - som tek plass rett utanfor hotellet vårt kvar kveld. Seinare på kvelden kan dei som ønskjer det vere med reiseleiarane til Dan Miller’s Cowboy Music Revue, der vi får ein kveld med ekte cowboymusikk.

    Middag på eiga hand. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein restaurant rett ved hotellet. Etter middag anbefaler vi ein tur til den antikke hotellbaren på hotellet vårt. Sjølve bardisken, som er nydeleg utsmykka, var ei gåve frå dronning Victoria av England til Buffalo Bill til opninga av hotellet, og her har mange kjende personar frå westernhistoria teke ein drink.
    (F)

  • Dag 9: Fredag 27. august - Old Faithful og Jackson Hole

    Opphaldet vårt i Cody er over, og vi er klare til å fortsette reisa vår vestover inn i mektige Yellowstone nasjonalpark. Bussen køyrer langs Shoshone River, og etter kvart kjem vi til Yellowstone Lake. Allereie her ser vi små røykdottar langs bakken, som kjem av dei mange varme kjeldene som parken er så kjend for. Første stopp blir den mest kjende varme kjelda av dei alle – Old Faithful Geyser. Her gir vi oss god tid, slik at vi får med oss eit utbrot frå geysiren. Det blir også tid til å ete lunsj og å sjå seg om på det svært gode besøkssenteret. På senteret kan ein også lære meir om Shoshone-indianarane frå dette området som vart kalla tukudeka, eller saue-etarar, sidan dei først og fremst jakta på villsau. Eva og Joar fortel meir om indianarane og dei første europearane i nasjonalparken på bussen.

    Ferda går så sørover i retning ein ny nasjonalpark, Grand Teton National Park. På vegen er det stor sjanse til å sjå dei mange dyreartane i parken. Då Fotefar var der i fjor sommar, såg vi både bjørn, bison og ulike typar hjort, så her gjeld det å ha auga med seg! Vi er så heldige at vi reiser på den beste tida på året til Yellowstone. Vi slepp dei største folkemengdene i juli og august, og sjansen for snø og uver er liten så tidleg i september.

    Om kvelden kjem vi til byen Jackson Hole som ligg fint til i eit vakkert fjellandskap. Det er siste kvelden vår på amerikansk jord, og vi samlast til ein god fellesmiddag på hotellet vårt.
    (F, M)

  • Dag 10: Laurdag 28. august - Salt Lake City og heimreise

    Den siste etappen på roadtripen vår går sørover til flyplassen i Salt Lake City. På vegen køyrer vi også inn i den siste staten på turen, Utah. Dette er ein lengre etappe med ca. 5 timar køyretid, så Eva og Joar får god tid til å summere opp det vi har sett, opplevd og lært på ferda vår gjennom seks statar. Når vi kjem ned mot Salt lake City, køyrer vi langs det karakteristiske landskapet ved Great Salt Lake – lange kvite saltsletter som har gitt byen namnet sitt.

    Om kvelden går vi om bord i flyet.
    (F)

  • Dag 11: Søndag 29. august - Heimreise

    Søndagen er vi heime att etter ei spennande reise.

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
19/8OsloDen ville vestenMeir enn 837 600,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo