Transport på eiga hand til Balestrand.
Vi kjem til Balestrand til ulike tider og møter reiseleiaren frå Fotefar i resepsjonen på Kviknes Hotel frå kl. 15.00. Historia til hotellet går heilt tilbake til 1752 og står i sin praktfulle sveitserstil sjølv etter fleire ombyggingar og utvidingar. Berre ein tur i salongane for å sjå på dei flotte måleria, er som å gå på kunstmuseum.
Kl. 17.00 møtest vi i eit eige lokale og får informasjon om turopplegget og hotellet. Sjølvaste hotelldirektøren, Sigurd Kvikne eller ein anna tilsett ved Kviknes, vil fortelje om den spennande historia til denne ærverdige bygningen. Han syner oss både gamle foto og videoar. Deretter er vi klare for dagens høgdepunkt, det første kåseriet til Gunnstein Akselberg med tittelen: Tilhøve mellom skrift og munnleg språk. Etter kåseriet blir det tre-rettars middag i spisesalen som har utsikt over Sognefjorden. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar. Etter middagen møtest gruppa for å bli meir kjende med kvarandre.
(M)
Denne dagen nyttar vi i Balestrand.
Etter bufféfrukost er vi klare for det andre kåseriet til Gunnstein med tittelen: Utviklinga av nordiske språk og dialektar. Deretter blir det ei historisk vandring med Rasmus Sunde langs sjøkanten i idylliske Balestrand. På slutten av 1800-tallet vart bygda populær blant kunstnarar frå heile Europa, og keisar Wilhelm II oppheldt seg her fleire somrar frå slutten av 1880-åra og like fram til 1914. Vi får sjå dei mange sveitservillaene med drakestil og den såkalla Engelske kyrkja, som var modell for kyrkja i Disney-filmen Frost. På rusleturen vil Rasmus også fortelje om korleis Balestrand voks fram som turiststad.
Etter guidinga tilrår vi ei utflukt med omvising, sidersmaking og lunsj på Ciderhuset. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver av ulike typar sider. Lunsjen blir servert i restauranten Glashuset, som har ei vid og vakker utsikt over landskapet. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. Denne aktiviteten med lunsj krev påmelding mot tillegg i pris.(Tittel: Lunsj, omvising og sidersmaking på Ciderhuset.)
Som alternativ til opplegget på Ciderhuset, kan ein velje å ete lunsj på Kviknes Hotel eller på ein av fleire kaféar i sentrum av bygda. Etterpå er det god tid til å sjå seg meir om i Balestrand. Vi kan anbefale Reiselivsmuseet som ligg rett ved hotellet. Der er det også ein koseleg kafé, så ein kan avslutte museumsbesøket med ein god kopp kaffi.
Om kvelden blir det tre-rettars middag for heile turgruppa i spisesalen på Kviknes. Etter ein lang og god middag møtest vi i salongen for ein kopp kaffi eller noko anna godt i glaset.
(F, M)
Etter ein god frukost startar vi med kåseri av Gunnstein. Tema denne morgonen er: Norske dialektar.
Deretter tilbyr vi ein ekstratur (mot tillegg) til historiske Vik der vi skal besøkje dei to gamle kyrkjene: Hopperstad stavkyrkje frå 1100-talet og Hove gamle steinkyrkje frå tidleg 1200-talet. Gunnstein er spesielt interessert i arkitektur og mellomalderkyrkjer og vil guide oss i dei to kyrkjene. (Tittel: Ekskursjon til historiske Vik i Sogn.)
Vi startar med buss frå Balestrand og køyrer rundt Esefjorden til Dragsvik der vi tek ferja over til Vangsnes. Der kikkar vi på den ruvande Fridtjof-statuen som vart kosta av den tyske keisaren Wilhelm II og sett opp i 1913. Romanen om Fridtjof den frøkne av svensken Esaias Tegner fekk svært mykje å seie til at Balestrand utvikla seg til ein turiststad på 1800-talet. Turen går vidare til Vik der det er tid for lunsj på Blix Hotell. Hotellet har æra namnet til arkitekt Peter Blix. Det var han som stod føre restaureringa av Hopperstad stavkyrkje på slutten av 1800-talet. Då mange ville selje steinen i Hove kyrkje til restaureringa av Håkonshallen i Bergen, kjøpte Blix like godt kyrkja og restaurerte ho og. Med dette arbeidet har Peter Blix skrive sitt namn inn med gullskrift i soga til Vik.
Etter lunsjen er det litt tid på eiga hand i Vik før bussen køyrer oss til dei to historiske kyrkjene med guiding av Gunnstein. Vi dreg så tilbake til Balestrand og Kviknes Hotel.
Om kvelden møtest vi til tre-rettars middag i spisesalen. Resten av kvelden kosar vi oss i dei vakre salongane.
(F, M)
Etter frukost i spisesalen er det klart for det fjerde og siste kåseriet til Gunnstein Akselberg. Han avsluttar med følgjande tittel: Ulike talemåls-variantar: sosiolekter, geolekter og etnolekter. Deretter vil deltakarane komme til ordet med innlegg og synspunkt på emna som Gunnstein har teke opp desse dagane på Kviknes Hotel.
Vi reknar med å avslutte programmet ca. kl. 11.00. Deretter blir det utsjekking og lunsj på eiga hand før heimreise til ulike tider.
(F)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
15/9 | Balestrand | Balestrand | Meir enn 8 | 9 950,- | BestillMer informasjon |