Skip to main content

Dolly, Elvis og Cash: Nashville og Memphis med Lise Askvik

04. - 10. mai 2023.

Reis til Nashville med Lise Askvik og opplev denne fantastiske musikkbyen. Dette er byen alle dei store amerikanske countryartistane må reise til for å gjere draumane sine verkelege. Ikkje Los Angeles for å bli kjendis, men til Nashville for å bli berømt musikar. Dolly Parton drog hit dagen etter at ho var ferdig med «High School» for å bli musikar og låtskrivar. Då gjekk det ikkje mange år før ho slo igjennom. Både Elvis og Johnny Cash var mykje i Nashville og har spelt inn det aller meste av musikken sin på RCA Studio B. For ikkje å snakke om alle konsertane dei tre har halde her. Vi går i fotefara deira når vi opplever denne eineståande musikkbyen.

Vi er så heldige å ha med Lise Askvik som fagguide på turen. Ho er kjend som radiovert i P4 og i Radio Vinyl. Kvar morgon får vi vår eigen “live radio”- sending med Lise. Her høyrer vi musikk og opplever ein dag via til kvar av dei tre store artistane Elvis, Dolly og Cash.

Det blir også dagsutflukt til Memphis med Graceland, Sun Studios og Beale Street for dei som vil det!

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 4. mai – Velkommen til Nashville!

    Denne dagen tek vi fly frå Oslo og Bergen. Tilknyting frå andre byar på førespurnad. Vi møtest på mellomlanding før vi flyr over dammen til USA.

    Vi landar i Nashville same dag, og bussen vår køyrer oss til hotellet i sentrum av den pulserande musikkbyen. Nashville har over 690 000 innbyggjarar og er hovudstaden i Tennessee. I tillegg til å vere senteret for countrymusikken, er Nashville kjend som byen der den økonomiske og kulturelle eliten i Tennessee har budd.

  • Dag 2: Fredag 5. mai – Johnny Cash sitt Nashville

    Det blir varm amerikansk hotellfrukost før vi møtest til velkomstsamling denne morgonen. Her blir vi også introduserte for fagguiden vår, Lise Askvik. Ho har ein svært allsidig karriere bak seg. Med utdanning i språk, økonomi og journalistikk byrja ho i radioen i 1993. Frå då av har ho vore innom TV både som programleiar og kjendisreportar. Medan ho jobba i TV, dreiv ho også nettsida parforhold.no. Hausten 2003 byrja ho igjen i radio før ho etter fleire år slutta for å gå inn i politikken og stifta Helsepartiet. Ho har også skrive fleire bøker med ulike tema. Dei siste med tematikk frå hennar eige liv og erfaringar med helse og helsetenesta. Kampen hennar for rettane til kvinner med brystkreft må trekkjast fram som eit viktig pluss i den lange CV-en hennar.

    Dagens «radiosending» vier Lise til Johnny Cash og hans Nashville.

    Johnny Cash var ein fantastisk musikar kjend for si fyldige baryton stemme. Mange kjenner han også under kallenamnet «man in black». Karrieren hans dekkjer eit vidt spekter av sjangrar, med element av country, rock, blues og spirituals. Frå monumentale live-innspelingar av fengselskonsertar, til kommentarane hans om den amerikanske sjela, gospelinnspelingar og seine comeback, er Johnny Cash ein artist som har hatt og framleis har stor påverknad. 

    Deretter går vi den korte vegen til The Country Music Hall of Fame. Dette storslegne museet presenterer historia til countrymusikken på ein eineståande måte og er eit funn for alle musikkinteresserte. Vi går rundt på museet i vårt eiga tempo, les, lyttar og ser opptak av verdskjende artistar.

    Dei som vil, kan vere med reiseleiar til lunsj (ikkje inkludert) på museet før det blir tid på eiga hand. Då vil vi verkeleg råde dei som ønskjer å kome nærare innpå Johnny Cash, om å gå vidare til museet via til han. Dette ligg ikkje langt unna, og reiseleiar kan vise veg. Dette er eit prislønna museum som stiller ut gjenstandar frå karrieren til Johnny og dei rundt han. Her blir vi vist rundt av ein guide som tek oss med gjennom det turbulente livet til denne verdskjende artisten.

    Vi møtest att i restauranten på hotellet om kvelden. Kvar dag blir det servert kveldsmat og drinkar på hotellet. Dette er ein varmbuffé der vi et så mykje vi vil og får tre drinkar inkludert. Her blir vi kjende med kvarandre og kosar oss lenge. Rundt hotellet finst det fleire barar med live musikk som vi kan besøkje.
    (F, kveldsmat og 3 drinkar)

  • Dag 3: Laurdag 6. mai – Memphis, Graceland, Sun Studios og Beale Street

    Etter frukost møtest dei som har meldt seg på dagsutflukta til Memphis i resepsjonen.

    Dette er nok dagen dei som voks opp med 50- og 60-talsrocken kan glede seg mest til. Vi set kursen mot Memphis, og bussen køyrer rett til berømte Graceland. Dette var Elvis sin heim gjennom mange år. Vi bruker god tid på besøket vårt og startar med lunsj og besøk på gåvebutikkane. Etterpå går vi rundt om i dei mange bygningane på eigedomen og ser på filmar, konsertopptak og andre Elvis-effektar. Gravlunden der Elvis og hans næraste er gravlagde, er også spesiell. Det er også tid til å sjå bilane, motorsyklane, flya til Elvis og elles vandre rundt i dei mange suvenirbutikkane på området.

    Så blir det ein kort køyretur til Sun Studio der legender som Elvis, Jonny Cash og Jerry Lee Lewis spelte inn plater. Vi får omvising og lyttar til fleire av innspelingane.

    Ein kan ikkje besøkje Memphis utan å dra til Beale Street. Gata blir omtala som ei av USA sine mest ikoniske gater. Den ligg midt i sentrum av Memphis og er ein smeltedigel for blues, jazz, rock, R&B og gospel. Det er eit historisk landemerke og ein stad mange legender har opptredd, for eksempel B.B. King. Vi rundar av utflukta vår med god tid til å besøkje musikkbarane.

    I ekte amerikansk «Road Trip»-stil har vi ein stopp med bussen på veg tilbake til Nashville for å kjøpe oss noko å ete. På bussen underheld Lise med musikk og litt informasjon innimellom (utflukta til Memphis er ikkje inkludert i turprisen).

    Tilbake i Nashville kan dei som vil, ta ein tur på dei mange barane der banda spelar både swing, 60-talsrock, country og bluegrass. Her er det berre å hive seg med i dansen.
    (F, kveldsmat og 3 drinkar)

  • Dag 4: Søndag 7. mai – Dolly Parton sitt Nashville og Grand Ole Opry

    Etter frukost er det klart for ei ny «radiosending» med Lise Askvik. I dag skal ho prate om Dolly Parton sitt Nashville.

     Dolly Parton er verkeleg det ein kan kalle ei levande legende. Med over 3000 sjølvskrivne songar, vunne 11 Grammy-prisar, vore nominert til Oscar for filmmusikk, spelt i filmar og seriar og toppa hitlistene i meir en tre tiår. Ho debuterte allereie som trettenåring og kom med sitt første album i 1967. Då hadde ho budd i Nashville sidan 1964 og skrive fleire songar saman med onkelen sin Bill Owens. På grunn av den høge sopranstemme hennar, vart ho i fleire år klassifisert som ein popmusikar. Det var fleire som meinte at stemma hennar ikkje passa til country-sjangeren. Det var først i 1966 då ho komponerte «Put it off until tomorrow» at plateselskapet endeleg slapp ho laus inn i countrysjangeren. Ho er i dag i 70-åra gamal og framleis aktiv i musikken, som filantrop og karrierekvinne.

    Denne dagen nyttar vi til å oppdage Nashville. Her kan vi gå til dei mange såkalla honky-tonk-klubbane som er kjende for den beste live countrymusikken i verda. Nokre stader startar live-musikken opp alt i 11-tida på føremiddagen. Dei mest kjende klubbane er nok Tootsie’s og Robert’s Western World.

    Denne kvelden tilrår vi ein fantastisk aktivitet, nemleg å oppleve konsert på The Grand Ole Opry! Opphavleg var dette eit amerikansk radioprogram med fokus på country, bluegrass og gospel. I 1943 flytte dei innspelinga av programmet til Ryman Auditorium i sentrum av Nashville, før dei endra det igjen i 1974 til Opry House, som ligg i ein eigen temapark rett utanfor byen. Begge stadene hadde live innspeling av radioprogrammet med publikum i salen. I dag  blir begge lokala nytta til konsertar. Vi får gode billettar til konserten denne kvelden. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen).
    (F, kveldsmat og 3 drinkar)

  • Dag 5: Måndag 8. mai – Elvis Presly sitt Nashville og RCA Studio B

    Denne dagen vil  «radiosendinga» til Lise handle om Elvis Presly sitt Nashville.

    Elvis Presley, kongen av Rock & Roll, fødd i Tupleo, voks opp i Memphis og kom til Nashville for å spele inn platene sine. Han var ein smeltedigel av alle musikk sjangrane han vart påverka av som barn og ungdom. Det var sjølvsagt popen og countrymusikken som vart spelt rundt han i tillegg til gospel musikken han høyrde i kyrkja om søndagane. Då familien flytte til Memphis, fekk han med seg R&B musikken og sjangrane spelt på historiske Beale Street. Med denne unike bakgrunnen skapte han sin heilt spesielle stil og lyd som råka folka som lytta til songen og musikken hans. Han fekk først platekontrakt med Sun Records i Memphis i 1954 før han berre året seinare vart kjøpt opp av RCA Victor som tok han med til Nashville. Her i RCA Studio B spelte han inn sine største hits. I 1956 var han kjend som ein internasjonal sensasjon.

    Dei som vil, kan denne dagen melde seg på guida omvising til RCA Studio B. Då hentar bussen oss på hotellet og køyrer oss til det historiske studioet. Dette var staden der våre tre musikklegender spelte inn nokre av sine største hittar. Vi kan berre sjå for oss Elvis sitje i eit bekmørkt studio for å komme i rett sinnsstemning for å spele inn «Are You Lonesome Tonight». Han hadde over 200 innspelingar her. Albumet «From Elvis in Nashville» vart spelt inn i juni 1970 på berre fem, seks dagar i dette studioet.

    Om kvelden møtest vi til avskjedsmiddag på ein sentral restaurant i Nashville. Etterpå går vi ut og nyt musikken og folkelivet på Broadway. 
    (F, kveldsmat og 3 drinkar)

  • Dag 6: Tysdag 9. mai – Heimreise

    Vi et vår siste amerikanske frukost på hotellet for denne gong og sjekkar ut av hotellet. Bussen køyrer oss til flyplassen i Nashville.

    Vi får ei mellomlanding i USA før vi startar flyreisa over Atlanterhavet.
    (F)

  • Dag 7: Onsdag 10. mai – Framme i Norge

    Flyreisa går over natta, og vi er framme i Norge neste dag.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
4/5BergenNashvilleMeir enn 828 950,-BestillMer informasjon
4/5OsloNashvilleMeir enn 828 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
30/12Nyttårsfeiring i ParisFrå 13 990,-
30/12Nyttårsfeiring i ParisFrå 12 990,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo