Skip to main content

Ei gastronomisk reise i Sogn med Anniken og Ove

Fotograf - Bjørn Bergum

30. september - 3. oktober 2021. 

Bli med smaks-ekspertane Anniken og Ove til vakre og gastronomiske Sognefjorden.  

Gründerparet bak gastronomi-suksessen «Ypper» underviser norske vinkelnerstudentar i blant anna sensorikk og mat og drikke i kombinasjon. Til saman har dei over 35 års erfaring frå mat og drikkebransjen.  

Ove og Anniken er også matskribentar med faste oppdrag i fleire publikasjonar som Bergensavisen og i gastronomi-magasinet Horeca. Dei har ei ujålete og naturleg tilnærming til smak med spesiell vekt på praktisk smaking.  

På turen får du oppleve dei beste smakane frå Sognefjorden på kloss hald saman med nokre av Norges dyktigaste, profesjonelle smakarar. Her kan du stille spørsmål, lære meir om smak, eller berre slappe av og nyte smaken av Sogn.  

Reisa er tettpakka med gastronomisk glede - kombinasjon av øl og mat med sjefsbryggar Joar Njøs, grilling og utandørs sidersmaking med Marit på historiske Henjatunet, sidersmaking hjå ein av Norges beste siderprodusentar i Balestrand, og ikkje minst smaking av norsk vin hjå eit av verdas nordlegaste vinhus på Slinde. 


Denne turen er laga i samarbeid med Hanen.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 30. september

    Ankomst til Leikanger Fjordhotel i Sogndal kommune. Hotellet ligg rett ved stoppestad for ekspressbåten frå Bergen og ved busstopp for bussen frå Oslo. Ta gjerne kontakt med Fotefar for assistanse med bestilling av reisa.

    Leikanger Fjordhotel ligg fint til ved Sognefjorden, med spa-tilbod, eiga bryggje og sandstrand. Emilie Pellegrino tok over som hotellsjef for halvanna år sidan og har sett i gang ei satsing på lokal mat og drikke av høg kvalitet. I dette inngår også bygging av vinkjellar for produksjon og lagring av den nye lokale vinen frå regionen.

    Programmet for turen startar med det første foredraget til Ove og Anniken med tittelen: Ein introduksjon til å bli ein betre smakar. Alle vil få ein velkomstdrink av sider eller vin, og ein får høyre om kva som er så spesielt med Sogn når det gjeld frukt og bær. Sjølv om Sogn er ein av dei nordlegaste stadene for fruktdyrking i verda, gjer det spesielle klimaet og jordsmonnet det mogeleg å dyrke både fersken, aprikos og druer i sørvendte område langs fjorden. Aldinshagi (eplehage) i Vik i Sogn er nemnd allereie i Sverresoga, og dette er den første skriftlege dokumentasjonen på fruktdyrking i landet, så det er truleg dyrka frukt i Sogn heilt tilbake i førkristen tid.

    Etter velkomsten er det tid for bli kjend-middag på hotellet med lokale råvarer både på tallerkenen og i glaset.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 1. oktober

    Etter frukost blir det avreise med buss vestover langs Sognefjorden i retning Balestrand.

    Første stopp er Ciderhuset, ei familiebedrift omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne mange internasjonale prisar for. Elles produserer dei ulike fruktvinar og fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane tek oss med rundt om i eplehagen og produksjonslokala. Her får vi ei betre forståing av korleis eple blir dyrka og kva som er forskjellen i smak og bruksområde mellom dei ulike sortane. Deretter blir det sidersmaking, der vi får prøve dei ulike sortane. Dei vann 10 prisar for sideren sin i CiderWorld-kåringa i Frankfurt.

    Etterpå er det dekka på til lunsj i restauranten Glashuset, som har ei vid og vakker utsikt over landskapet. Restauranten serverer meze (smårettar) og hovudrettar av lokale råvarer med inspirasjon frå Middelhavet - kjøkensjef og svigerdotter i huset kjem frå Tyrkia. Dessertane er ofte henta frå frukthagen.

    Vi avsluttar besøket med ein tur innom gardsbutikken.

    Det neste på programmet er ei guida vandring langs fjorden med dei spesielle drakestil-villaene. Vi får høyre om korleis livet var i Balestrand for over hundre år sidan då bygda var ein samlingsstad for kunstnarar og statsleiarar frå heile Europa. Keisar Wilhelm var her til dømes mange somrar før første verdskrig. På historiske Kviknes Hotel får vi sjå stolen der keisaren sat då første verdskrig braut ut, og det blir omvising i dei ærverdige salongane på hotellet med ei stor samling av kunst frå nasjonalromantikken.

    Etter besøket i Balestrand tek bussen oss til hotellet vårt i Leikanger. Vi har tid til å slappe av litt på hotellet, før vi vandrar til middag på Henjatunet. Dette er ein av Norges eldste klyngjetun. Her ønskjer Marit Henjum oss velkommen ved grua med ein smak av sin eigen sider og fortel oss om historia til tunet, medan Ove Svendsen grillar heilsteikt lam på tunet. I sperrestova frå 1765 får vi servert ein rustikk og minneverdig to-retters middag. Ein kan få kjøpt ein drikkepakke med passande vinar til maten, utvalde av Ove og Anniken. Vi sit og kosar oss her i varmen frå omnen så lenge vi vil, og vandrar tilbake til hotellet når vi ønskjer det.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Laurdag 2. oktober

    Det blir ein roleg start på dagen denne laurdagen. Vi et frukost når vi vil sjølve og vandrar langs fjorden til Hermansverk for å ta del i marknaden med det klingande namnet Fruktbare dagar. Marknaden er ein møteplass for smaks- og matopplevingar frå haustens avlingar.

    Etter at vi har hatt god tid på marknaden, tek vi turen til Balder Brygg, det lokale mikrobryggeriet. Det er etablert på vestnorske ølbryggjetradisjonar. Med spor heilt tilbake til vikingtida har Leikanger vore ei bygd med gode vekstvilkår for korn, frukt og urter og difor godt egna til ølproduksjon. Sjefsbryggjar, Joar Njøs, viser oss rundt i lokala og fortel oss meir om tradisjonar og bryggeriet. Når det nærmar seg lunsj, tek vi med oss nokre smaksprøver frå Balder Brygg og går til Café Herman. Der har Ove laga ein 4-retters smaksmeny som høver til ølet vi har med oss. For dei som ønskjer noko anna å drikke, tilbyr vi gjerne sider til maten.

    Vi får god tid til å nyte måltidet før vi tek bussen til Slinde litt lengre inn i fjorden. Her, heilt øvst i skråninga ved skogkanten, ligg ein av dei nordlegaste vingardane i verda. Frå vegen er det lett å forveksle vinrankene øvst i åkeren med epletre eller bringebærbusker, men om ein ser nærmare  etter, skjønar ein verkeleg kva for ei perle dette er. Vinbøndene Bjørn og Haldis tek i mot oss nede ved vegen og viser veg oppover åkeren mellom frukttrea. Det er lett å bli riven med når Bjørn engasjert fortel om eventyret han og Haldis har sett i gang.

    Tilbake i bussen køyrer vi til hotellet. Det blir tid til avslapping og ein kopp kaffi i rosehagen for den som vil det.

    I kveld møtest vi til middag på Café Herman. Der diskar Ove opp med 5-retters festmiddag med drikke frå produsentane vi har besøkt tidlegare på dagen. Til middag kjem også Bjørn og Haldis frå vingarden for å dele anekdotar og nyte måltidet saman med oss. Vi byrjar middagen med to forretter sett saman med kvar sin vin frå Bjørn og Haldis. Deretter blir det ein fiskerett som høver godt til ein av øltypane frå Balder. Til hovudrett blir det kjøt, og vi får bestemme sjølve om vi vil ha øl, vin eller sider til. Desserten blir prega av lokale eple.

    Vi et lenge og vel på Café Herman og går heim til hotellet når det passar oss. Det vert sett opp busstransport for dei som ønskjer skyss.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Søndag 3. oktober

    Søndag morgon møtest vi til eit siste måltid for turen i frukostsalen. Ein vel sjølv når ein vil reise frå hotellet. Det kan også hende at det er meir ein vil få med seg på marknadsdagane, Fruktbare dagar, før ein tek fatt på heimreisa.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
30/9Leikanger FjordhotelMeir enn 812 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo