Skip to main content

Elvecruise på Seinen med Sylfest Lomheim

5. - 11. oktober 2023.
Paris - Melun - Fontainebleau - Giverny - Rouen - Honfleur.

Vi i Fotefar temareiser er svært glade for å kunne tilby eit eksepsjonelt båtcruise på Seinen, den lengste elva i Frankrike. Cruiset startar i Paris og går sørover Seinen til byen Melun før vi snur nordvestover og seglar elva til enden ved den byen Honfleur ved Côte Fleurie. Vi får oppleve Fontainebleau-slottet, pittoreske Giverny med hagen til målaren Monet, historiske Rouen, idylliske Honfleur, og i tillegg får vi med oss dei viktigaste attraksjonane i Paris.

Professor Sylfest Lomheim og historikar Rasmus Sunde er med på heile turen og lósar oss gjennom ved å ause av sine store kunnskapar om fransk kultur, språk, politikk og historie med særleg fokus på Normandie. Sidan vi går i land kvar dag, vert det gode høve til å komme tett på byliv, landskap og attraksjonar. Sylfest kjenner landsdelen frå innsida, både frå yrkesliv og gjennom si familie-tilknyting.

På elvecruiset vårt bur vi svært godt på Seine Princess, eit hyggeleg, førsteklasses cruiseskip med 67 lugarar som alle er utvendige. Alle lugarar har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er “All inclusive” om bord med nydeleg mat og drikke inkludert. Vi har heile båten for oss sjølve, så dette blir ei unik oppleving med foredrag av Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde om bord på båten anten før eller etter lunsj. Dei to vil også guide i Paris, i Rouen og Honfleur. Nokre kveldar legg vi opp til litt underhaldning etter middag der Sylfest blant anna tek fram gitaren og spelar og syng litt.

I foredraga og i guidinga vil Sylfest og Rasmus ta for seg følgjande emne:

- vikingtida, hertugdømme Normandie og Gange-Rolv
- den norrøne 'ord-invasjonen' og dei mange stadnamna med norsk-dansk opphav
- dei lange linjene i historia til Normandie
- kjende historiske personar som har levd der, som Jeanne d'Arc og Olav den heilage
- Edith Piaf sitt liv
- Normandie sitt jordbruk og næringsliv
- normannisk mat og drikke
- krig og fred i Normandie                                                                      
- den franske revolusjonen og Napoleon

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 5. oktober - Frå Oslo til Paris

    Utreise frå Gardermoen med direktefly til Paris. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Frå flyplassen i Paris er det ordna med busstransport til området rundt Eiffeltårnet. Cruiseskipet vårt, Seine Princess, ligg til kai i nærleiken, og etter nokre timar i området på eiga hand blir vi ønskt velkomne og får tildelt lugarane våre. Under velkomstcocktailen helsar kapteinen på oss, og mannskapet vert presenterte før middagen. Deretter opplever vi «Paris by night» der vi ser storslegne bygningar og bruer i flaumlys denne kvelden. Vi lettar så anker og seglar til den vesle byen Melun nær det imponerande Fontainebleau-slottet. Etter middag samlast vi i baren for eit velkomstmøte.

    Både restauranten og salongen om bord ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og dansegolv. Soldekket har både vanlege stolar og liggestolar, og er den ideelle staden å nyte utsikta til landskapet som sakte glir forbi. Det er gratis Wi-Fi om bord.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 6. oktober - Paris - Melun - Fontainebleau

    Vi segler tidleg morgon frå Paris til Melun, og har ein roleg start på dagen om bord. Etter frukost samlast vi i loungen der vi får forelesing frå Sylfest og Rasmus. Tema for forelesingane kjem i detaljprogram.

    Etter lunsj kan dei som ønsker besøke byen Fontainebleau (mogeleg val mot tillegg i pris). Vi skal besøke det historiske slottet, det vakre torget og den praktfulle kyrkja i byen. Guidinga går føre seg på engelsk, og vi får høyre spennande historier og anekdotar frå tidlegare tider. Slottet i Fontainebleau er omkransa av ein stor eigedom der hageanlegga er eit vakkert kunstverk i seg sjølv. Slottet vart bygd i første halvdel av 1500-talet av kong Frans I, og vart litt seinare utvida av kong Henrik II av Frankrike. Gjennom tidene har 34 kongar og to keisarar hatt bustad her. Kong Ludvig XIV heldt til dels til på slottet, og det same gjorde Napoleon. Det var her han i 1814 måtte gå med på fredsavtale med dei allierte og vart tvinga i eksil til øya Elba. På slottet møter vi ikkje berre Frankrikes unike historie gjennom fleire hundreår, men også eit mangfald av kunst og arkitektur.

    Dei som ikkje er med på utflukta har god tid til å slappe av om bord og utforske båten, og det er fullt mogeleg å ta ein vandretur for å utforske Melun på eiga hand.

    Tilbake på båten blir det tid til å slappe av litt på lugarane før vi møtest til middag.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Laurdag 7. oktober - Guida busstur i Paris

    Om morgonen seglar vi mot verdsbyen Paris. Vi møtest i loungen også denne føremiddagen for foredrag av Sylfest og Rasmus. Etter lunsj blir det guida busstur (mogeleg val mot tillegg i pris) med Sylfest som guide for å utforske den store, vakre og historiske hovudstaden Paris. Verdsbyen har to tusen år med historie, og både geistlege, monarkar, politikarar, borgarar, arbeidarar og revolusjonære har sett sitt preg på byen. Her finn vi vakre katedralar og kyrkjer, palass og monument, museum og teater. Bussen tek oss med til dei mest sentrale og kjende stadene som Bercy, F. Mitterrand nasjonalbibliotek, Bastillen, Marais, det latinske kvarteret, St. Germain, Louvre, Pyramiden, Opéra Garnier, Place Vendôme, Concorde, Champs-Élysées, Triumfbogen, Invalidedomen, Trocadéro og sjølvsagt det berømte Eiffeltårnet - alt medan Sylfest fortel og guidar.

    Elles er det tid på eiga hand denne dagen. Båten ligg i nærleiken av Eiffeltårnet, og ein kan rusle rundt i det spennande området og kikke på det pulserande folkelivet. Vi går om bord i skipet vårt igjen og møtest til middag. Om kvelden seglar vi mot den vesle byen Mantes-la-Jolie, som ligg omlag 50 km frå sentrum av Paris og er kjend for den vakre kyrkja Notre Dame de Mantes.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Søndag 8. oktober - Mantes-la-Jolie og Giverny

    Tidleg om morgonen kjem vi til Mantes-la-Jolie. Vi er no i Normandie, som har eit skiftande og frodig landskap og blir rekna som ein av dei vakraste regionane i Frankrike. Dette geografiske området svarer i stor grad til det historiske hertugdømmet til normannarane. Det er verdt å merke seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord eller nordbuarane. Saman med vikingar frå Danmark og Norge grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet i 911. Dei fleste historikarar i dag meiner Gange-Rolv va r son til norske Ragnvald Mørejarl. Først i 1204 tok den franske kongen hertugdømmet Normandie tilbake.

    Etter frukost på skipet blir det tid på eiga hand eller ein busstur (mogeleg val mot tillegg i pris) til den koselege byen Giverny der vi skal besøke den verdsberømte og praktfulle hagen til målaren Claude Monet. Undervegs fortel Sylfest og Rasmus kva vi kan forvente av besøket. Claude Monet sin lidenskap både for hagestell og fargar førde til at han kom til å sjå på blomehagen sin som eit ekte kunstverk. Vi skal også inn i heimen hans der han budde saman med kone og barn. Framleis vil vi kjenne atmosfæren som ein gong rådde i meisteren sitt hus. Vi vil oppdage den rosa fasaden, og inne i huset vil kunstnaren sin særlege forkjærleik for varme tonar møte oss, alt frå intensiteten av det blå han valde for kjøkenet og den vesle stova, til dei gule veggene og møblane i spisestova. Elles kan vi beundre fleire av produkta hans og den private samlinga hans av japanske trykk. På området er det elles ein flott suvenirbutikk. Busstransport tilbake til skipet før vi et lunsj om bord.

    Medan båten seglar vidare mot Rouen, møtest vi i loungen for nye foredrag før middag. Vi legg til i Rouen seint på kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Måndag 9. oktober - Til Rouen

    Få byar kan vise til ei så spennande historie som Rouen. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. For dei som ønsker blir det etter frukost byvandring (mogeleg val mot tillegg i pris) med Sylfest Lomheim og historikar Rasmus Sunde. Det historiske sentrumet og den kjende katedralen i Rouen ligg berre fem minuttars gange frå skipet. Vi ruslar rundt om i gamlebyen som er som eit stort utandørs museum. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen sin. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorte verdskjend sidan han måla katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar. Elles skal vi sjølvsagt sjå statuen av vikingen Gange-Rolv eller Rollo som vart hertug i Normandie.

    Rouen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømt for kjetteri i 1431 og brent levande på marknadsplassen Place du Vieux Marché. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen og seinare har vorte den viktigaste helgenen i Frankrike. Vi kikkar på kyrkja før vi går vidare gjennom gågata Rue du Gros-Horloge. Dette er den mest populære og travle gata i Rouen. Her ligg bindingsverkshusa på rekkje og rad, og her finn vi renessansepaviljongen med den berømte klokka Gros-Horloge, som er kjennemerket til byen.

    Det er også mogeleg å utforske Rouen på eiga hand denne dagen. Vi kan spesielt tilrå eit smijernsmuseum og Musée des Beaux-Arts, som har mange kunstverk av kjende europeiske målarar. Vi samlast på skipet igjen for lunsj og har deretter den siste samlinga med foredrag av Sylfest og Rasmus. Tema for forelesingane kjem i detaljprogram.

    Om kvelden pyntar vi oss til ein finare middag om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Tysdag 10. oktober - Honfleur

    I løpet av natta har vi segla frå Rouen og til Honfleur. Ved utløpet av Seinen seglar vi under den imponerande Normandie-brua. Då ho vart opna i 1995, var ho verdas lengste med eit bruspenn på 2147 meter. Like nord for brua ligg byen Le Havre, men skipet vårt svingar ut mot kysten og litt sør til Honfleur. Dette er ein svært sjarmerande by med rundt 8000 innbyggjarar, og den er blant anna fødebyen til komponisten Erik Satie. Det er mykje å oppleve i Honfleur. Særleg er kyrkja Sainte-Catherine verdt eit besøk. Det er ei flott trekyrkje frå 1400-talet som er bygd som to skip snudd opp ned. Elles er det veldig koseleg å rusle rundt i dei idylliske smågatene og tå ein kaffi eller eit glas vin på ein av dei mange trivelege restaurantane ved den pittoreske hamna.

    Denne dagen er det mogeleg å vere med på to ulike aktivitetar (mogeleg val mot tillegg i pris). Etter frukost blir det satt opp ei uflukt til Côte Fleurie. Avreise etter frukost med buss og engelsktalande guide. Første stopp er Deauville, den mest glamorøse kystbyen, og symbol på fransk eleganse og prestisje. Her kan du oppleve ein flott spasertur langs dei berømte bryggene som vart bygde i 1923 langs stranda, slik at kvinner kunne nyte sjølve sjøen utan å øydelegge kjolane sine. Bussen køyrer vidare i sjarmerande omgjevnaden til Breuil-slottet som ligg i eit frodig, grønt landskap midt i Pays d'Auge. Dette slottet er eit særleg vakkert eksemplar av den arkitektoniske arven til denne regionen i Frankrike. I dag fungerer Breuil-slottet også som stad for eit prestisjefylt brenneri der vi får sjansen til å oppdage dei ulike stega i produksjonen av Calvados, før vi får smake på denne edle drikk. Retur til båten i Honfleur med buss.

    Om ettermiddagen kan du bli med på vandring med Sylfest eller Rasmus i den pittoreske byen Honfleur, som ligg like ved munninga av Seinen der ho flyt ut i Den engelske kanal. På slutten av 1800-talet oppheldt mange kunstnarar seg i Honfleur, og byen er rekna som vogga til impresjonismen. Den vesle hamna har halde fast på særpreget sitt frå den rike historia si. Dette gjer sitt til at Honfleur er ein av dei mest besøkte byane i Frankrike i dag. Vi startar turen vår ved det gamle hamnebassenget Vieux Bassin, som er ein av dei mest sjarmerande og vakre stadene i byen. Dei smale husa som pressar seg mot kvarandre, er eit ganske unikt syn. Deretter besøker vi kyrkja Sainte-Catherine, som vart lista som eit historisk monument i 1879 og har vorte nøye granska av mange arkeologar og historikarar. Vi går tilbake til skipet vårt til fots.

    Om kvelden blir det avslutningsmiddag på elvebåten vår. Deretter møtest vi i baren for hygge og avsluttande ord. Sidan vi har heile båten for oss sjølve, er det godt høve for deltakarane på turen til å bidra med gode historier, song eller anna underhaldning. Sylfest kjem sikkert også til å delta med song og speling på gitaren.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Onsdag 11. oktober - Buss frå Honfleur til Paris og heimreise

    Etter frukost om bord i båten, køyrer bussen vår oss frå Honfleur til flyplassen i Paris. Der går flyet direkte til Oslo. Tilknyting til andre byar på førespurnad.
    (F)

  • Verd å vite

    • Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.
    • I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom nokre andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk. Landgangar kan vere noko bratte.
    • Uventa endringar i vasstanden i elvar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å forandre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for endringar i programmet på grunn av “force majeure”.

     

Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo