Paris - Melun - Fontainebleau - Giverny - Rouen - Honfleur.
Vi i Fotefar temareiser er svært glade for å kunne tilby eit eksepsjonelt båtcruise på Seinen, den lengste elva i Frankrike. Cruiset startar i Paris og går sørover Seinen til byen Melun før vi snur nordvestover og seglar elva til enden ved den idylliske byen Honfleur ved Côte Fleurie. Vi får oppleve Fontainebleau-slottet, pittoreske Giverny, historiske Rouen, idylliske Honfleur, og i tillegg får vi med oss dei viktigaste attraksjonane i Paris.
Professor Sylfest Lomheim er med på heile turen og lósar oss gjennom ved å ause av sine store kunnskapar om fransk kultur, språk, politikk og historie med særleg fokus på Normandie. Sidan vi går i land kvar dag, vert det gode høve til å koma tett på byliv, landskap og severdigheiter. Sylfest kjenner landsdelen frå innsida, både frå yrkesliv og gjennom si familie-tilknyting.
På elvecruiset vårt bur vi svært godt på Seine Princess, eit hyggeleg, førsteklasses cruiseskip med 67 lugarar som alle er utvendige. Alle lugarar har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er “All inclusive” om bord med nydeleg mat og drikke inkludert. Vi har heile båten for oss sjølve, så dette blir ei unik oppleving med foredrag om bord på båten om føremiddagen og kortare, underhaldande, kåseri frå Sylfest etter middag. Viss vi er heldige, tek han kanskje fram gitaren og spelar og syng litt for oss også.
I foredraga vil Sylfest, mellom anna, fortelja om:
- Gange-Rolv og vikingtida
- den norrøne 'ord-invasjonen' og dei mange stadnamna med norsk-dansk opphav
- dei lange linjene i historia til Normandie
- kjende historiske personar som har levd der, som Jeanne d'Arc og Olav den heilage
- Edith Piaf sitt liv
- Normandie sitt jordbruk og næringsliv
- normannisk mat og drikke (poulet vallée d'Auge, andouilles, camembert, brie, Pont L'Evêque, cidre, calvados, eplekake med krem osv.)
- krig og fred i Normandie
Utreise frå Gardermoen med direktefly til Paris. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Frå flyplassen i Paris er det ordna med busstransport til cruiseskipet vårt, Seine Princess. Der vi blir ønskt velkomne og får tildelt lugarane våre. Under velkomstcocktailen helsar kapteinen på oss, og mannskapet vert presenterte før middagen. Deretter opplever vi «Paris by night» der vi ser storslegne bygningar og bruer i flaumlys denne kvelden. Vi lettar så anker og seglar til den vesle byen Melun nær det imponerande Fontainebleau-slottet.
Både restauranten og salongen ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og dansegolv. Soldekket har både vanlege stolar og liggestolar, og er den ideelle staden å nyte utsikta til landskapet som sakte glir forbi. Det er gratis Wi-Fi om bord.
(M)
Vi besøkjer slottet Fontainebleau (mogeleg val mot tillegg i pris, dette kjem det meir informasjon om seinare) som vart bygd i første halvdel av 1500-talet av kong Frans I, og litt seinare utvida av kong Henrik II av Frankrike. Gjennom tidene har 34 kongar og to keisarar hatt bustad her. Kong Ludvig XIV heldt til dels til på slottet, og det same gjorde Napoleon. Det var her han I 1814 måtte gå med på fredsavtala med dei allierte og trekke seg tilbake til øya Elba. På slottet møter vi ikkje berre Frankrikes unike historie gjennom fleire hundreår, men også eit mangfald av kunst og arkitektur.
Tilbake på båten blir det tid til å slappe av litt på lugarane før middag.
(F, L, M)
Om morgonen seglar vi mot verdsbyen Paris. Her blir det guida busstur (mogeleg val mot tillegg i pris) med Sylfest Lomheim for å sjå dei største attraksjonane som blant anna Eiffeltårnet, Louvre, Invalidedomen, Triumfbogen og Champs-Élysées. Vi har ein lang stopp i sjarmerande Latinarkvarteret der vi kan kose oss på fortausrestaurantane med kaffi eller vin. I området er det kort veg for å sjå ei av verdas vakraste kyrkjer, nemleg Notre Dame katedralen som enno er stengd grunna brannen i 2019. Det blir også litt tid på eiga hand til å rusle rundt i det spennande området og kikke på det pulserande folkelivet. Seint om ettermiddagen går vi om bord I skipet vårt og seglar mot den vesle byen Mantes-la-Jolie, som ligg omlag 50 km frå sentrum av Paris og er kjend for den vakre kyrkja Notre Dame de Mantes.
(F, L, M)
Vi kjem til Mantes-la-Jolie tidleg om morgonen. Vi er no i Normandie, som har eit skiftande og frodig landskap og blir rekna som ein av dei vakraste regionane i Frankrike. Dette geografiske området tilsvarar i stor grad det historiske hertugdømmet til normannarane. Det er verdt å merke seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord eller nordbuarane. Saman med vikingar frå Danmark og Norge grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet i 911. Dei fleste historikarar i dag meiner Gange-Rolv var son til norske Ragnvald Mørejarl. Først i 1204 tok den franske kongen hertugdømmet Normandie tilbake.
Dei som ønsker kan vere med på ein busstur til den vesle byen Giverny (mogeleg val mot tillegg i pris) der vi opplever den berømte og praktfulle hagen til målaren Claude Monet. Her gir vi oss god tid og besøker også heimen hans, der vi kan sjå mange av kunstverka hans. Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorte verdskjend sidan han måla katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Etter besøket i hagen og heimen til målaren, kan vi hygge oss med ein kopp kaffi eller eit glas vin på ein av dei trivelege restaurantane. I byen finst det elles fleire spennande kunstgalleri.
På ettermiddagen seglar vi vidare mot Rouen.
(F, L, M)
Vi brukar mykje av dagen i Rouen og startar om morgonen etter frukost med ei historisk vandring. Få byar kan vise til ei så spennande historie som Rouen. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. Under den guida vandreturen ruslar vi rundt om i gamlebyen som er som eit stort utandørs-museum. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar. Elles skal vi sjølvsagt sjå statuen av Gange-Rolv eller Rollo som han vert kalla i Normandie.
Rouen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømt for kjetteri i 1431 og brent levande på marknadsplassen Place du Vieux Marché. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen. Seinare har ho vorte den viktigaste helgenen i Frankrike. Vi kikkar på kyrkja før vi går vidare gjennom gågata Rue du Gros-Horloge. Dette er den mest populære og travle gata i Rouen. Her ligg bindingsverkshusa på rekkje og rad, og her finn vi renessansepaviljongen med den berømte klokka Gros-Horloge, som er kjennemerket til byen.
På ettermiddagen seglar vi vidare til Jumiège og ruinane av eit av Frankrikes mest storslåtte kloster. Etter kvart gjer vi oss klare til å kaste loss og segle mot Honfleur. Om kvelden pyntar vi oss til ein gallamiddag om bord.
(F, L, M)
Ved utløpet av Seinen seglar vi under den imponerande Normandie-brua. Då ho vart opna i 1995, var ho verdas lengste med eit bruspenn på 2147 meter. Like nord for brua ligg byen Le Havre, men skipet vårt svingar ut mot kysten og litt sør til Honfleur. Dette er ein svært sjarmerande by med rundt 8000 innbyggjarar, og den er blant anna fødebyen til komponisten Erik Satie. Det er mykje å oppleve i Honfleur. Særleg er kyrkja Sainte-Catherine verdt eit besøk. Det er ei flott trekyrkje frå 1400-talet som er bygd som to skip snudd opp ned. Elles er det veldig koseleg å rusle rundt i dei idylliske smågatene og tå ein kaffi eller eit glas vin på ein av dei mange trivelege restaurantane ved den pittoreske hamna.
Denne dagen kjem det også eit tilbod om ei utflukt til landingsstrendene lenger vest i Normandie. Meir info om dette mogelege valet kjem seinare.
Om kvelden blir det avslutningsmiddag på elvebåten vår. Sidan vi har heile båten for oss sjølve, er det god anledning for deltakarane på turen til å bidra med gode historier, song eller anna underhaldning. Sylfest kjem sikkert også til å delta med song og speling på gitaren.
(F, L, M)
Etter frukost om bord i båten, køyrer bussen vår oss frå Honfleur til flyplassen i Paris. Der går flyet direkte til Oslo. Tilknyting til andre byar på førespurnad.
(F)