Den store England-turen med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

22.-30. april 2026.

Winchester – Reading – Bath – Stonehenge – Oxford – Windsor – Stratford-upon-Avon – York – Whitby og Cambridge

Velkomen med på ei reise som tek oss med til mange av byane og områda i England som har forma engelsk historie og kultur! Vi får med oss svært mykje på desse ni dagane – både storslegne slott og katedralar, tradisjonsrike universitetsbyar og pittoreske landskap som gjennom hundreåra har sett sitt preg på både engelsk identitet og europeisk historie.

Vi vitjar mellom anna Oxford og Cambridge, to av verdas mest kjende universitetsbyar, og får oppleve dei unike miljøa som har fostra store tenkjarar, forfattarar og statsleiarar. Vi reiser gjennom Cotswolds, eit av dei vakraste landskapsområda i England, med sine bølgjande åsar og sjarmerande landsbyar. På ferda vår får vi oppleve verdskjende stader som Stonehenge og Blenheim Palace, vandre i fotspora til Shakespeare i Stratford-upon-Avon, og lære meir om vikingar og kongar i historiske York. Vi vitjar også Windsor Castle, ein av dei offisielle residensane til den britiske monarken, og vi ser minnesmerket over Magna Carta i Runnymede, ei påminning om røtene til demokratiet vi kjenner i dag. I tillegg får vi med oss kulissane til tv-seriar som Med hjarte på rette staden og Sjukehuset i Aidensfield.

Med på reisa har vi det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, som losar oss gjennom dagane med spennande foredrag og innsiktsfulle refleksjonar om historia, politikken og samfunnet i dei områda vi vitjar.

Pris frå:
28 550,-
Dagar: 9
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • 8 overnattingar på 4-stjerners hotell
  • 8 frukostar
  • 3 middagar
  • 1 lunsjar
  • Lokale guidar
  • Foredrag med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen
  • Reiseleiar frå Fotefar med på heile turen

Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo/Bergen – Heathrow t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell
  • Busstransport hotell-flyplass

Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 6990,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Aktivitetar markert som mogeleg val, mot tillegg i prisen
  • Drikke
  • Tips

  • Minimum tal deltakarar: 30 personar

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 22. april – Velkomen til England og historiske Winchester

    Vi landar på Heathrow og startar turen vår med bussreise til den sjarmerande byen Winchester, ein stad med djupe historiske røter. Her har vi god tid på eiga hand og ein kan besøke blant anna den storslåtte Winchester Cathedral, ein av dei største katedralane i Europa, kjent for si mektige gotiske arkitektur og tilknyting til den engelske kongerekka.

    Etter tid til lunsj på eiga hand og til å utforska Winchester, tek bussen oss vidare til eit besøk ved det kjende Bombay Sapphire Gin Distillery. Her får vi sjå korleis den klassiske ginen blir produsert i naturskjøne omgjevnadar.

    Vi køyrer deretter vidare til hotellet vårt i Reading, der vi sjekkar inn og samlast til velkomstmøte. Kvelden avsluttast med ein god fellesmiddag i ein rom kun for gruppa våer, der vi får høve til å bli betre kjende både med kvarandre og med fagpersonane våre, Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. 
    (M)

    Onsdag 22. april – Velkomen til England og historiske Winchester
  • Dag 2: Torsdag 23. april – Bath og Stonehenge

    Vi startar dagen med ein god frukost før vi set oss i bussen og får med oss eit spennande foredrag undervegs, der Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen gir oss bakgrunn og perspektiv på stadene vi skal vitje.

    Første stopp er den vakre byen Bath, kjent for elegant georgianske arkitektur og dei berømte romerske bada. Vi vitjar Roman Baths, der vi får sjå dei imponerande restane etter dei varme kjeldene og badeanlegga som gjorde byen kjend alt i romartida. Etter besøket blir det god tid på eiga hand i Bath til å utforske byen nærmare og ete lunsj. Mange vil nok setje pris på å oppleve stemninga i byens handlegater eller slappe av i ein av dei mange kafeane.

    Vi har også inkludert inngang til Jane Austen Centre. Her kan vi gjere oss betre kjende med forfattaren sitt liv og virke, og korleis Bath sette preg på bøkene hennar.

    Om ettermiddagen held vi fram til eitt av verdas mest kjende forhistoriske minnesmerke, Stonehenge. Vi får sjå den mystiske steinsirkelen som har fascinert menneske gjennom årtusena, og lære meir om dei ulike teoriane knytt til kven som bygde monumentet og kvifor.

    Etter ein innhaldsrik dag vender vi tilbake til hotellet i Reading.
    (F)

    Torsdag 23. april – Bath og Stonehenge
  • Dag 3: Fredag 24. April – Oxford og Blenheim Palace

    Etter frukost får vi med oss eit foredrag på hotellet, der Eva og Joar gir oss historiske og kulturelle innblikk i dagens tema. Deretter  kan dei som meldte seg på utflukt til Oxford (mogeleg val, mot tillegg i prisen) set vi kursen mot den ærverdige universitetsbyen Oxford, kjent som eit av verdas fremste kunnskapssenter gjennom meir enn 900 år. Her får vi ein byvandring med lokal guide, der vi vitjar eitt av dei berømte collega. Vi får høyre om universitetet si historie, arkitekturen og dei mange kjende personane som har studert her.

    Etter byvandringa blir det god tid til å oppleve Oxford vidare og nyte lunsj på eiga hand.

    Om ettermiddagen held vi fram til Blenheim Palace, eit praktfullt slott på UNESCO si verdsarvliste. Slottet er kjend som fødestaden til Winston Churchill og er omgitt av ein storslått park utforma av den berømte landskapsarkitekten Capability Brown. Her får vi oppleve både dei staselege interiøra og det vakre uteområdet.

    Vi returnerer til hotellet i Reading. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane til ein koseleg restaurant i nærleiken av hotellet.
    (F)

    Fredag 24. April – Oxford og Blenheim Palace
  • Dag 4: Laurdag 25. april – Windsor, Kong Haakon og Magna Carta

    Vi startar dagen med ein god frukost og nytt foredrag med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen.

    Avreise med buss frå Reading og første stopp er Foliejon Park, der vi ser staden der Kong Haakon VII og Kronprins Olav budde frå 1942 til 1945. Garden fungerte som hovudkvarter for den norske regjeringa i eksil under andre verdskrigen, og herifrå leidde dei arbeidet for Noregs sak medan landet var okkupert. Vi ser staden frå utsida og får høyre om korleis Foliejon Park blei ein viktig base for dei norske styresmaktene i denne dramatiske tida.

    Vidare besøker vi Runnymede, der vi ser minnesmerket over Magna Carta. Dette dokumentet frå 1215 blir rekna som eit symbol på «Freedom under law» og «the Birth of Democracy». Mykje av den samfunnsordenen vi kjenner i dag, med rettsstaten og individets fridom, har sitt opphav her.

    Etterpå får vi ein spasertur gjennom delar av Windsor Great Park, eit område med lange kongelege tradisjonar, før vi tar oss tid til lunsj på eiga hand.

    Om ettermiddagen vitjar vi Windsor Castle, det største slottet i verda som framleis er i bruk som kongeleg residens. Slottet har vore knytt til det britiske monarkiet i over 900 år, sidan Wilhelm Erobraren byrja bygginga i 1070-åra. Her er det ein imponerande slottsområdet og den kjende St. George’s Chapel, der mange britiske monarkar er gravlagde, mellom anna Henrik VIII og dronning Elizabeth den andre.

    Etter besøket blir det tid på eiga hand før vi returnerer til hotellet. Denne kvelden samlast vi til fellesmiddag på hotellet.
    (F, M)

    Laurdag 25. april – Windsor, Kong Haakon og Magna Carta
  • Dag 5: Søndag 26. april – Stratford-upon-Avon og reise til York

    Vi startar dagen med frukost og foredrag på hotellet før vi sjekkar ut og legg ut på reisa nordover. Undervegs køyrer vi gjennom det vakre landskapet i Cotswolds, kjent for sine bølgjande åsar, steinbygde hus og idylliske småbyar. Vi tar eit stopp i ein av landsbyane langs ruta.

    Vidare går turen til Stratford-upon-Avon, byen der William Shakespeare blei fødd og vaks opp. Her vitjar vi Shakespeare’s Birthplace, der vi får lære meir om livet og arbeidet til den store dramatikaren bak verk som Hamlet, Macbeth og King Lear. Besøket gir oss eit innblikk i miljøet han vaks opp i og korleis oppveksten hans sette spor i diktinga.

    Etter besøket blir det tid til lunsj på eiga hand, og moglegheit til å sjå seg om i den stemningsfulle byen. Deretter køyrer vi vidare mot York. Når vi kjem fram, sjekkar vi inn på hotellet, og resten av kvelden er til fri disposisjon. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane til ein koseleg restaurant i nærleiken av hotellet.
    (F)

    Søndag 26. april – Stratford-upon-Avon og reise til York
  • Dag 6: Måndag 27. april – Vikingar og York Minster

    Vi tek oss tid til ein lang og roleg frukost før vi får med oss dagens foredrag med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen.

    I dag kan ein melde seg på utflukt til Jorvik Viking Center og York Minster, med Eva og Joar (mogeleg val mot tillegg i prisen). Første stopp er Jorvik Viking Centre, eit museum som gir oss eit innblikk i korleis vikingane levde då dei hadde kontroll over området. Museet er bygd over utgravingane av den gamle vikingbyen, som blei kalla Jorvik av dei norrøne busetjarane. Vi får høyre om vikingane si rolle i utviklinga av byen, og om Eirik Blodøks, den siste norske kongen som herska her på 900-talet.

    Deretter vitjar vi den mektige katedralen York Minster, ei av dei største gotiske kyrkjene i Nord-Europa. Bygginga av katedralen byrja på 1200-talet og den har vore eit viktig religiøst og kulturelt senter i regionen gjennom mange hundreår.

    Etter besøket har vi resten av dagen til fri disposisjon til å utforske York på eiga hand.
    (F)

    Måndag 27. april – Vikingar og York Minster
  • Dag 7: Tysdag 28. april – Kyst, katedralar og klassisk TV

    Etter frukost og utsjekk frå hotellet startar vi dagen med ein kort busstur til Stamford Bridge, der vi får lære meir om det kjende slaget i 1066. Her tapte Harald Hardråde slaget mot styrkane til kong Harold Godwinson, og hendinga markerer den offisielle slutten på vikingtida i England.

    Vi held fram til Goathland, ei lita bygd som mange vil kjenne att som Aidensfield frå den populære TV-serien Med hjartet på rette staden (Heartbeat). Namnet Goathland blir rekna for å vere avleidd frå gammalnorsk og tyder truleg «godt land».  

    Vidare går turen til Whitby, ein gamal kvalfangarby som ligg ut mot Nordsjøen. Mange vil kjenne att byen både frå Med hjartet på rette staden og Sjukehuset i Aidensfield, som har gått lenge på NRK. Over byen tronar den kjende katedralruinen som har vore eit landemerke for skipsfarten gjennom hundreåra. Her blir det tid til lunsj på eiga hand, og til å utforske byen, før vi startar etappen sørover om ettermiddagen. På kvelden sjekkar vi inn på hotellet i universitetsbyen, Cambridge.
    (F, L)

    Tysdag 28. april – Kyst, katedralar og klassisk TV
  • Dag 8: Onsdag 29. april – Cambridge

    Vi startar dagen med ein god frukost og siste foredrag med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, før vi opplever ein av dei mest tradisjonsrike universitetsbyane i England.

    Etter foredraget starta dei som har meldt seg på utflukt til Cambridge (mogeleg val, mot tillegg i prisen) med guida byvandring i Cambridge, som i over 800 år har vore eit senter for læring og vitskap. Vi får med oss ei to timar lang omvising, inkludert besøk på eit av dei kjende collega. Under vandringa får vi sjå dei karakteristiske bygningane, dei vakre elveområda og det imponerande universitetsområdet som har fostra nokre av verdas største tenkjarar.

    Etter omvisinga blir det tid til lunsj og til å oppleve byen på eiga hand eller saman med reiseleiar.

    Om kvelden samlast vi på hotellet til ein triveleg avskjedsmiddag, der vi får høve til å runde av turen saman og dele inntrykk frå dagane vi har hatt i lag.
    (F, M)

    Onsdag 29. april – Cambridge
  • Dag 9: Torsdag 30. april – Heimreise

    Etter frukost og utsjekk frå hotellet tek vi buss til flyplassen. Vi reiser heim etter ni svært innhaldsrike dagar fulle av historie, kultur og gode opplevingar.
    (F)

  • Viktig informasjon

    - Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

    - Informasjon om ETA (Storbritannia): Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år.

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
22/4BergenReading, York, CambridgeMeir enn 831 950,-BestillMer informasjon
22/4OsloReading, York, CambridgeMeir enn 829 950,-BestillMer informasjon
22/4HeathrowReading, York, Cambridge
(utan flyreise)
Meir enn 828 550,-BestillMer informasjon