Skip to main content

Estland, Latvia og Litauen med Hans-Wilhelm Steinfeld

2. - 8. oktober 2023.

I Sovjet-tida var dei tre landa i Baltikum nærast stengde for vanlege turistar, og vi visste lite om denne delen av Europa. Etter at landa fekk attende sjølvstyra sine i 1991, har dei på mange område gått gjennom ei rivande utvikling. I 2004 vart dei medlemmer av både Nato og EU og har sterk tilknyting til Norden og Europa elles. Gjennom historia har både Estland, Latvia og Litauen lege under framande makter, og berre i tidsrommet 1920-40 hadde desse landa sjølvstyre. Frå 1940 kom dei under Sovjetunionen og det kommunistiske åket, og dette skal vi høyre mykje om på denne turen.  

Vi er så heldige å ha med den kjende journalisten og historikaren Hans-Wilhelm som foredragshaldar og guide. Han var NRK-korrespondent i Moskva i 20 år og dekka hendingar i alle Austblokk-landa under den kalde krigen. Blant anna var han ein sentral reporten under oppstanden og blodbadet i Vilnius 11. - 13. januar 1991. For dette arbeidet er han tildelt Litauens Fridomsmedalje “13. januar-ordenen".  

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 2. oktober - Avreisedag, foredrag og byvandring i Tallinn

    Avreise om morgonen frå Oslo med direktefly til Tallinn. Tilknyting frå andre byar på førespurnad. Busstransport frå flyplassen til hotellet vårt (4 stjerner) som ligg sentralt i byen.  

    Etter innsjekkinga møtest vi for velkomstmøte og felles lunsj på hotellet. Vi får så det første foredraget av Hans-Wilhelm Steinfeld med tittel: Dei baltiske landa under framand styre fram til 1920. Deretter kjem den norsktalande guiden vår, Eva, til hotellet for å ta oss med på ei byvandring i den vakre gamlebyen. Her finn vi mange historiske minnesmerke frå Hansabyen si stordomstid på 13-1400-talet, som ein nær intakt bymur med vakttårn, fleire kyrkjer og elles mange flotte byggverk med spennande arkitektur. Rådhuset her er det eldste i Nord-Europa. På toppen av det åttekanta tårn på Rådhuset sit verhanen utforma som byvakta Gamle Thomas. Vi besøker den vakre domkyrkja, der vi finn Bernt Notkes berømte altertavle frå 1483. Ho er overdådig utsmykka med uttrykksfulle figurar og måleri. For dei spesielt historieinteresserte vil vi anbefale eit besøk på Eesti Lähimineviku Okupatsioonide Muuseum som tyder Museum for den siste okkupasjonen av Estland. 

    Om kvelden går vi ut på ein av dei historiske restaurantane og et ein betre velkomstmiddag. 
    (L, M)

  • Dag 2: Tysdag 3. oktober - Omvising i Tallinn

    Etter frukost er det tid for den andre forelesinga med Hans-Wilhelm Steinfeld med tittel: Dei baltiske landa i sjølvstendetida 1920-40. 

    Etter forelesinga kjem guiden Eva, og vi stig på bussen vår for ein guida tur rundt om i Tallinn. Vi besøker blant anna den vakre Kadriorgparken med slottet, som Peter den store let bygge til tsarina Katarina og den store songarfestivalplassen Lauluväljak, som har hatt så mykje å seie for fridomskjensla til estlendarane. Vi gjer ein stopp ved Birgittaklosteret, eit av Nord-Europas største mellomalderkloster som blei reist tidleg på 1400-talet. Bussen vår køyrer oss så attende til hotellet.  

    Resten av dagen er på eiga hand, men vi anbefaler både lunsj og middag på den store Rådhusplassen der det er mange innbydande serveringsplassar. Her kan vi nyte ei forfrisking og sjå på folkelivet. På plassen er det ofte musikk og underhaldning av ymse slag. Vi kan elles nytte tida til å stikke innom nokre av dei mange småbutikkane og galleria eller rusle rundt på marknadsplassen der det er eit stort utval av billige strikkevarer og handarbeid.
    (F)

  • Dag 3: Onsdag 4. oktober - Besøk i Pärnu og omvising i Rigas jugend-område

    Vi et frukost og sjekkar ut av hotellet. Så går kursen sørover mot Latvia. Steinfeld guidar og fortel om Stalin-tida og deportasjonane til Sibir og kollektiviseringa av jordbruket og elles anekdotar og småhistorier undervegs. Etter om lag to timar stoppar vi i byen Pärnu for lunsj. Denne historiske kystbyen går under tilnamnet Estlands sommarhovudstad. Her vert det også tid til å vandre i gågata Rüütli og studere blandinga av steinhus og gamle trehus i friske fargar. 

    Turen går vidare, og vi observerer at landskapet skiftar frå dei noko karrige naturtilhøva i Estland til det frodige, skiftande landskapet i Latvia. Snart er vi framme i Rigas austlege forstad der vi møter den norsktalande guiden vår, Inguna, og ho guidar oss inn til bykjernen og til hotellet. Riga har hatt ei turbulent historie, noko som den mangfaldige arkitekturen speglar av. Her finn vi bydelar med bygningar i jugendstil. Dette var ei retning innan brukskunst og arkitektur, og vi stoppar og kikkar på desse fargerike husa pryda med bølgjande mønster, dyr og ornament. 

    Vi sjekkar inn på det flotte hotellet med fire stjerner. Det ligg midt på ei øy i Daugava-elva like utanfor Rigas gamleby og har eit av byens flottaste panorama. Som i Tallinn har også dette hotellet sauna, spa, treningssenter, ja, til og med bowlingsenter. 

    Resten av dagen har du fri til å oppdage denne spennande byen. Om du ønsker å oppleve Riga i fugleperspektiv, anbefaler vi ein tur til ein av byens høgste bygningar, Skyline bar. Nyt gjerne ein cocktail her og kikk på kuplane på Den ortodokse katedralen og elles det verdskjende fridomsmonumentet som har hatt så mykje å seie for latviarane.
    (F)

  • Dag 4: Torsdag 5. oktober - Omvising i gamlebyen og besøk på Sentralmarknaden

    Etter frukost får vi nok ei forelesing av vår eminente fagguide Steinfeld. Denne dagen er  tittelen: Dei baltiske landa under 2.verdskrig. 

    Riga er hovudstaden i Latvia og har ca. 800 000 innbyggjarar. I Hansa-tida var dette den store utskipingsbyen for korn til Norge. Byen har hatt ei turbulent historie som speglar seg att i den mangfaldige arkitekturen. Latviarane bruker å seie at Riga er like elegant som Paris, like kosmopolitisk som Berlin og like bohemaktig som Praha. Dette kan vi best studere ved å vandre gjennom gamlebyen.  

    Guiden vår hentar oss på hotellet etter forelesinga og tek oss med på ei vandring. Vi startar med Domkyrkja som vart grunnlagd i 1211, og som er hjarta i gamlebyen. Denne husar også det som i si tid var verdas største og mest moderne orgel med heile 6718 piper. Her skal vi sjølvsagt inn å lytte til det enorme lydbruset. Andre attraksjonar på turen vert det kjende Svarthovudas hus, Fridomsmonumentet og St. Peters kyrkja med gullhanen på toppen av tårnet.  

    Det vert også ein tur til den pulserande marknaden. Denne ligg i fem store hallar, som opphaveleg var luftskipshangarar frå første verdskrig. Her har dei eit stort utval av blomar, kjøt, fisk, bakevarer, klede og krydder. Vi legg opp til lunsj på ein koseleg restaurant i gamlebyen. Etter lunsj har vi tid til å oppdage byen sjølve. Middag på eiga hand om kvelden i gamlebyen.
    (F)

  • Dag 5: Fredag 6. oktober - Besøk på Korshøgda og framme i Vilnius

    Etter frukost er det avreise med buss mot Litauen og Vilnius. Steinfeld er parat med mikrofonen og fortel om: Den kalde krigen og oppløysinga av Sovjetunionen og elles om det vi ser og opplev undervegs. Etter om lag to timar gjer vi ein stopp ved Korshøgda. Dette er ei høgde med ein Jesus-statue på toppen, men ved stien opp mot høgda, er det sett opp eller kasta hundretusenvis av små og store kors. Vi køyrer vidare før vi stoppar for lunsj og er framme i Vilnius om ettermiddagen. Det vert tid til ein stopp ved det kjende TV-tårnet der dei harde kampane fann stad i 1991. Som Moskva-korrespondent dekka Hans-Wilhelm dei dramatiske dagane der 11.-13. januar, så vi får førstehandsvitnemål om kva som skjedde då. 

    Deretter kjem vi fram til hotellet (4-stjerner) som ligg i sjølve gamlebyen. Hotellet har det meste av viktige attraksjonar i gangavstand og har symjebasseng, badstove og treningsrom. 

    Resten av dagen har du til eiga disposisjon.
    (F, L)

  • Dag 6: Laurdag 7. oktober - Omvising i gamlebyen i Vilnius

    Vi startar dagen med ein god frukost då hotellet er kjent for sin store og innhaldsrike frukostbuffé. Deretter får vi det siste foredraget frå vår kunnskapsrike fagguide Steinfeld. Tema denne dagen er: Omveltingane i landa i Baltikum i 1991 og tida etter. Steinfeld har sjølv røter frå Latvia, og er elles innehavar av Litauens ærespris frå Litauens journalistforbund og Litauens fridomsmedalje for dekkinga av hendingane i Vilnius 13. januar 1991.

    Etter forelesinga kjem det ein lokal norsktalande guide, Lukas, til hotellet og tek oss med ut på sightseeing. Den gamle bydelen i Vilnius har med sine over 1200 bygningar frå eldre tid ein heilt spesiell atmosfære. Dei eldste husa her er meir enn 500 år gamle. Denne bydelen har ein fortent plass på UNESCOs verdsarvliste. Vi får med oss plassen med den monumentale Vilnius-katedralen med klokketårnet, Gediminas-plassen, Morgongryets port og Vilnius Universitetet. Om formiddagen legg vi opp til lunsj på ein koseleg restaurant i gamlebyen. Resten av ettermiddagen har du tid til å oppdage byen på eiga hand. Om kvelden møtest vi til ein betre avsluttingsmiddag på ein av dei mange og gode restaurantane i byen.
    (F, M)

  • Dag 7: Søndag 8. oktober - Avreisedag

    Etter nok ein framifrå og lang frukost sjekkar vi ut frå hotellet. Bussen vår hentar oss og køyrer til flyplassen. Direktefly attende til Oslo der vi er framme om ettermiddagen. Retur vidare til andre byar på førespurnad. 
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
2/10OsloBaltikumMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo