Utreise frå Bergen og Oslo. Frå flyplassen og på veg til Reykjavik besøkjer vi først den populære turistattraksjonen Den blå lagune. Dei som ønskjer det, kan nyte det varme vatnet der. Dette er ei stor oppleving, og vi gir oss bra tid her. For dei som ikkje badar, er det både restaurant, bar og butikk ved bassenget. Dette er eit val du kan gjere ved bestillinga, mot eit tillegg i pris.
Deretter køyrer vi til sentrum av Reykjavik der vi stoppar ved Höfði-huset. Her møttest Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov i oktober 1986. Møtet blir rekna som byrjinga på avslutninga av den kalde krigen. Til slutt tek bussen oss med til hotellet vårt der vi skal bu i fem netter. Om kvelden blir det velkomstmiddag der.
(M)
Denne morgonen besøkjer vi det imponerande konserthuset Harpa. Derifrå går vi den korte vegen til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Vi dreg vidare til den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Er vi heldige, får vi kanskje med oss ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Etter denne føremiddagen med guiding, er det tid for lunsj på eiga hand på ein av dei mange koselege restaurantane i sentrum.
Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum og på hamna for å sjå på folkelivet.
Om kvelden blir det avreise frå hotellet til Restaurant Reykjavik. Før middagen der (evt. ein annan dag) får vi møte den islandske forfattaren Einar Már Guðmundsson. Han fekk Nordisk Råd sin litteraturpris i 1995 for romanen Universets engler. Romanen Sinnets Gitter kom i norsk utgåve i 2011. Kjøp gjerne med dykk ei av bøkene hans og få ei signert helsing ifrå forfattaren.
På restauranten blir det servert ein stor islandsk buffétmiddag i eit eige rom berre for gruppa vår. Her kosar vi oss med god mat og underheld kvarandre med allsong og gode historier. Vi oppmodar deltakarane til å komme med ymse innslag.
(F, M)
Om morgonen startar vi på ein spennande rundtur nordover. Først besøkjer vi Borgarnes som har eit svært bra museum om landnåmstida og om skalden og høvdingen Egil Skallagrimson. Deretter køyrer vi til Borgarfjörður, besøkjer ei lita kyrkje og ser området der Egil Skallagrimson hadde garden sin. Vi dreg vidare i retning Reykholt, og på Fossatun får vi servert lunsj med lammekjøtsuppe, brød, kaffi og kake.
På Reykholt hadde Snorre Sturlason heimen sin og skreiv Heimskringla, soga om dei norske kongane. Her er det eit interessant museum - Snorrastofa - som gir oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held presten på Reykholt, Geir Waage, eit interessant kåseri for gruppa vår. Han er ein sjeldan god formidlar.
På denne dagsturen får vi sjå eit skiftande landskap med gode gardsbruk, og vakker natur med fjordar og fjell.
Om kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar. Ein kan også ete på hotellet.
(F, L)
Etter frukost køyrer vi austover i innlandet til dei største attraksjonane på Island. Vi vitjar først Þingvellir, der Alltinget og den første nasjonalforsamlinga i Nord-Europa vart etablert i år 930. Vi dreg vidare til dei eventyrlege, sprutande kjeldene ved Geysir og til det vakre og imponerande fossefallet Gullfoss. Her får vi også ein god lunsj. Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skálholt som har ei spennande historie og ei vakker kyrkje. Til slutt er vi innom jordbruksbyen Selfoss.
Denne kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar. Ein kan også ete på hotellet.
(F, L)
Etter frukost blir det buss frå hotellet til sentrum. Denne dagen skal vi oppleve bykjernen i Reykjavik. Vi får med oss besøk i Alltinget, museet The Settlement Exhibition, 871 + /-2, Domkyrkja og Rådhuset. Etter lunsj på eiga hand går vi samla til Sagamuseet som handlar om landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå måte.
Resten av dagen til eigen disposisjon, men etter avtale kan dei historieinteresserte følgje reiseleiarane til Islands Nasjonalmuseum.
Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag på hotellet.
(F, M)
Etter frukost køyrer bussen frå hotellet til flyplassen. Fly til Oslo og Bergen.
(F)