Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 5. mai - Velkommen til Reykjavik

    Utreise frå Bergen og Oslo. Vi kjem fram til Island tidleg på føremiddagen.

    Bussen ventar på oss på flyplassen og køyrer oss til Reykjavik, der vi stoppar ved Höfði-huset. Her møttest Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov i oktober 1986. Møtet blir rekna som byrjinga på avslutninga av den kalde krigen. Etter ein god stopp her, køyrer bussen oss til hotellet vårt som ligg i utkanten av sentrum. På dette gode hotellet skal vi bu i fem netter.

    Vi sjekkar vi inn på romma våre og har ettermiddagen til eigen disposisjon. Dersom veret er fint, tilrår vi ein spasertur i det koselege grøntområdet rundt hotellet, langs sjøen, eller vi kan ta ein tur inn til sentrum av Reykjavik.

    Om kvelden blir det velkomstmiddag på hotellet, i eit eige rom berre for gruppa vår. 
    (M) 

  • Dag 2: Laurdag 6. mai - Guiding, konserthuset Harpa og Hallgrímskyrkja

    Denne morgonen besøkjer vi det imponerande konserthuset Harpa. Derifrå går vi den korte vegen til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Vi dreg vidare til den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Er vi heldige, får vi kanskje med oss ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Etter denne føremiddagen med guiding er det tid for lunsj på eiga hand på ein av dei mange koselege restaurantane i sentrum.

    Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum og på hamna for å sjå på folkelivet. 

    Om kvelden blir det avreise frå hotellet til ein restaurant som ligg i nærleiken av hotellet. Før middagen der (evt. ein annan dag) får vi møte den islandske forfattaren Einar Már Guðmundsson. Han fekk Nordisk Råd sin litteraturpris i 1995 for romanen Universets engler. Romanen Sinnets Gitter kom i norsk utgåve i 2011. Kjøp gjerne med dykk ei av bøkene hans og få ei signert helsing ifrå forfattaren.

    På restauranten blir det servert middag i eit eige rom for gruppa vår. Her kosar vi oss med god mat og underheld kvarandre med allsong og gode historier. Vi oppmodar deltakarane til å komme med ymse innslag.
    (F, M)

  • Dag 3: Søndag 7. mai - Borgarnes, Borgarfjörður og Reykholt

    Om morgonen startar vi på ein spennande rundtur nordover. Først besøkjer vi Borgarnes som har eit svært bra museum om landnåmstida og om skalden og høvdingen Egil Skallagrimson. Deretter køyrer vi til Borgarfjörður, besøkjer ei lita kyrkje og ser området der Egil Skallagrimson hadde garden sin. Vi dreg vidare i retning Reykholt, og på Fossatun får vi servert lunsj med lammekjøtsuppe, brød, kaffi og kake.

    På Reykholt hadde Snorre Sturlason heimen sin, der han skreiv Heimskringla, soga om dei norske kongane. Her er det eit interessant museum - Snorrastofa - som gir oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held den pensjonerte presten på Reykholt, Geir Waage, eit interessant kåseri for gruppa vår. Han er ein sjeldan god formidlar. På denne dagsturen får vi sjå skiftande landskap med gode gardsbruk og vakker natur med fjordar og fjell.

    Om kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar. Ein kan også ete på hotellet.
    (F, L)

  • Dag 4: Måndag 8. mai - Þingvellir, Geysir, Gullfoss, Skálholt og Kerið

    Etter frukost køyrer vi austover i innlandet til dei største attraksjonane på Island. Vi vitjar først Þingvellir, der Alltinget og den første nasjonalforsamlinga i Nord-Europa vart etablert i år 930. Vi dreg vidare til det imponerande fossefallet Gullfoss, og et lunsj her. Turen går vidare til dei eventyrlege, sprutande kjeldene ved Geysir. Vi tek oss god tid her, slik at vi får sett dei imponerande vannsøylene sprute til værs.

    Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skálholt som har ei spennande historie og ei vakker kyrkje. På vegen frå Skálholt og tilbake til Reykjavik stoppar vi og ser på den vulkanske kratersjøen Kerið. Denne vart danna for om lag 3000 år sida, og vart danna då landmassane bevega seg over eit varmepunkt, altså ein stad der det strømma opp magnetisk lava frå mantelen i jorda.

    Denne kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar. Ein kan også ete på hotellet.
    (F, L)

  • Dag 5: Tysdag 9. mai - Guiding i sentrum, museum og Den blå lagune

    Etter frukost blir det buss frå hotellet til sentrum. Denne dagen skal vi oppleve bykjernen i Reykjavik. Vi får med oss besøk i museet The Settlement Exhibition, 871+/-2, samt guiding ved domkyrkja, Alltinget og Rådhuset.

    Etter lunsj på eiga hand, møtest vi for å ta bussen vår til den populære turistattraksjonen Den blå lagune. Dei som ønskjer det, kan nyte det varme vatnet der. Dette er ei stor oppleving, og vi gir oss bra tid her. For dei som ikkje badar, er det både restaurant, bar og butikk ved bassenget. Dette er eit val du kan gjere ved bestillinga, mot eit tillegg i pris.

    Eit anna alternativ er at dei som er historieinteresserte kan følgje ein av reiseleiarane til Islands nasjonalmuseum. Ein kan også vitje Sagamuseet som handlar om landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå måte, dersom ein ønskjer det.

    Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag på hotellet. Her kan vi dele opplevingar frå turen.
    (F, M) 

  • Dag 6: Onsdag 10. mai - Heimreise

    Etter frukost køyrer bussen frå hotellet til flyplassen. Fly til Oslo og Bergen.
    (F)