Ein kjem seg til og frå Røros på eiga hand. Det går tog både frå Oslo og Trondheim som når fram til turopninga på Røros Hotell. Mange vil nok nytte eigen bil, og det er også mogeleg å ta buss eller fly til Røros.
Innsjekking frå kl. 15.00 på hotellet. Deretter blir det frammøte og informasjon i konferansesalen før vi får opningsforedraget av Joar Hoel Larsen med tittel: Unike Røros - byen som verdsarvstad. Vi tek ein liten kaffipause med Røroslemse og Pjalt før vi er klare til neste del av programmet. Dei fleste av oss kjenner til Røros og historia til Bergstaden, som byen også blir kalla, gjennom bøkene til Johan Falkberget. I neste kåseri vil Eva Bratholm ta opp følgjande emne: Falkberget og Røros i mitt hjerte.
Etter desse to interessante foredraga, blir det middag i spisesalen.
(M)
Etter ein god frukost får vi dagens kåseri av Eva Bratholm: Ann-Magritt – den sterke kvinnen hos Falkberget.
Deretter kan vi sjå fram til ei spennande vandring i Bergstaden med ein dugande lokal guide gjennom dei sjarmerande gatene i Røros. Til slutt besøkjer vi Røros kirke eller Bergstaden Ziir, som ho også tidlegare vart kalla. Mange “kjenner” nok kyrkja gjennom romanane til Johan Falkberget som i Den fjerde nattevakt med presten Benjamin Sigismund i hovudrolla. Kyrkja er bygd i glanstida til koparverket, stod ferdig i 1784 og ruver majestetisk over dei små trehusa i byen. Ho er ei av dei mest profilerte og største kyrkjene i landet vårt med 1600 sitjeplassar.
Det blir tid til eigen disposisjon om ettermiddagen. Røros har eit levande kunsthandverksmiljø med kunstgalleri, keramikkverkstader og porselensmåling. I tillegg finn vi små særeigne butikkar som sel lokale produkt. Lunsj på eiga hand, og byen har fleire restaurantar og kafear som serverer spennande lokale rettar.
Tidleg om kvelden møtest vi på hotellet der Joar Hoel Larsen held foredrag om Norge i krig med Sverige i Den store nordiske krigen. I 1718 invaderte 10 000 svenske soldatar Trøndelag og Trondheim under leiing av general Armfeldt. Fleire tusen soldatar kom til Røros for å plyndre verdfull kopar. Etter at Karl XII vart skoten i Halden, starta den katastrofale retretten til felttoget vinteren 1719. Over 3000 soldatar fraus i hel i bitande vinterkulde i grensefjella mot Sverige.
I foredraget gir Joar oss bakgrunn for felttoget slik at vi betre kan forstå det gigantiske teaterstykket Elden seinare på kvelden. Framsyninga viser oss kor meiningslaus denne krigen var med drap og ufattelege lidingar, men gir oss ei historisk ramme som også er tidlaus med spørsmål om kven soldatane gir liva sine til?
Teaterstykket startar kl. 21.30 og varer til kl. 00.00 med ein god pause. Etter framsyninga går vi tilbake til hotellet vårt og sluttar av kvelden med noko å ete.
(F)
Denne morgonen startar vi seinare med frukosten og foredraget av Eva med den utfordrande tittelen: Hvordan kan man leve uten å ha lest Christianus Sextus?
Deretter går vi til det rikhaldige Rørosmuseet med omvising. Museet er lokalisert til Smeltehytta og har levandegjort det tidlegare gruvesamfunnet og byjordbruket i byen på ein framifrå god måte.
Etterpå nyt vi litt fritid i sentrum av Røros. Vi får sjå oss litt rundt i dei mange butikkane og ete lunsj på eiga hand.
Dei som vil, kan vere med på eit spennande gruvebesøk. Bussen tek oss til Olavsgruva (13 km frå Røros), og vi får 1 ½ times vandring og omvising gjennom 300 år spennande bergverkhistorie. Der går vi 50 m ned og 500 m innover til Bergmannshallen. Vi passerer gruvene Nyberget, som vart drive på 1600-talet og vidare gjennom Olavsgruva som var aktiv på 1900-talet. Dette er ei heilt spesiell oppleving! Det er kaldt i gruvene, så ein må kle seg ekstra godt. Dette er ein frivillig aktivitet mot ekstra betaling og påmelding.
Avslutningsmiddag på hotellet om kvelden.
(F, M)
Etter frukost vil Eva og Joar halde foredraget: Johan Falkberget – liv og dikting.
Deretter blir det busstur til diktarheimen til Johan Falkberget på Ratvolden som ligg nær garden Falkberget der han var fødd og voks opp. Bussturen er på knappe 2 mil, og vi får med oss noko av den vakre naturen rundt Bergstaden. Det blir omvising i hovudhuset på Ratvolden, og vi får høyre meir om livet til Falkberget som diktar og gardbrukar der. Dette er eit frivillig opplegg mot ekstra betaling og påmelding.
Tilbake til hotellet vil Eva og Joar gje eit tilbakeblikk på turopplegget med kommentar frå deltakarane før det blir avslutningslunsj på hotellet.
Togtider: Til Oslo kl. 16.19 og til Trondheim.
(F, L)