Skip to main content

Feiring av kvinnedagen i London med «Patriarkatet faller»

5. - 9. mars 2022.

Forfattar Marta Breen og litteraturformidlar Anette Garpestad står bak den underhaldande podkasten «Patriarkatet faller». Her diskuterer dei tema som feminisme, kunst og litteratur. Vi tek med oss podkastduoen til London for å feire sjølvaste kvinnedagen, og inviterer til ein lærerik og morosam tur i selskap med desse engasjerande damene.

I løpet av turen får vi høyre spennande historier om nokre av deira britiske heltinner, som for eksempel den banebrytande forfattaren Virginia Woolf og den moderne feminismens gudmor - Mary Wollstonecraft.

Det blir guida byvandring og foredrag med Marta og Anette. I tillegg arrangerer dei eit live-show med podkasten på turen, der dei tek opp spørsmål som: «Hvorfor reagerer folk mer negativt på en full kvinne enn en full mann?», «Hvorfor ler vi så ofte av menns dårlige vitser?» og «Hvorfor er det nesten bare menn som blir genierklært?».

Marta Breen har skrive ei rekke bøker om feminisme, musikk og kvinnehistorie. Blant dei er teikneserieboka «Kvinner i kamp» (2018), som foreløpig er seld til 28 land. Anette Garpestad jobbar som litterær agent for Cappelen Damm forlag.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 5. mars - Velkomen til London

    Utreise frå Oslo til London med fly på føremiddagen. Bussen vår hentar oss på flyplassen, og køyrer oss til hotellet vårt, som ligg i bydelen Kensington.

    Etter vi har sjekka inn på hotellet, har vi velkomstmiddag saman med Marta og Anette. Dei presenterer seg sjølve, og fortel om bakgrunnen for podkasten sin.
    (M)

  • Dag 2: Søndag 6. mars - Guida tur, foredrag og quizkveld

    Etter frukost på hotellet tek vi turen til området rundt Camden Market. Her fortel Marta spennande historier om feministiske heltinner, ikkje minst Mary Wollstonecraft, som levde i dette området. Ho vart alltid latterleggjort og trakassert i si samtid, men blir i dag rekna som ein stor forfattar og filosof.

    Her i Camden går vi også innom minnesmerket og statua av den talentfulle songarinna Amy Winehouse, som døydde berre 27 år gammal.

    Vi fortsett med å ta undergrunnsbana vidare mot London Bridge Station. Herifrå går vi gjennom området kor seriemordaren Jack the Ripper opererte, langs sørsida av elva Themsen. Her er det fleire tronge, skumle smug, samt det berykta fengselet Clink Prison. Etter lunsj på eiga hand tek vi turen innom kunstgalleriet Tate Modern. Her finn vi Storbritannias nasjonale samling for moderne kunst og samtidskunst, og det er eit av dei største galleria for nettopp dette i verda.

    Vi går til Millennium Bridge og tar ein stopp ved St. Pauls-katedralen. Her har det blant anna vore mange store statsgravferder, og prins Charles og lady Diana Spencer gifta seg her.

    Etter dette blir det høve for shopping, for den som ønskjer det. Ein kan enten ta undergrunnsbana til Oxford Street, eller gå nedover avisgata Fleet Street til ein ender opp i Covent Garden, Leicester Square eller Soho.

    Middag på eiga hand. Det er mogeleg å bli med reiseleiarane på ein koseleg restaurant.

    På kvelden samlast vi for kvinnequiz og hyggeleg samvær.
    (F)

  • Dag 3: Måndag 7. mars - Live-show med Patriarkatet faller

    Etter frukost tek vi turen til Bloomsbury-området, der forfattaren Virginia Woolf budde. I klassikaren «Et eget rom» (1929) beskriv Woolf korleis kvinnekampen i stor grad har handla om å bryte seg inn i menns lukka rom – det være seg arbeidslivet, politikken, idretten eller kunsten. Dei kvinnene som går framom og sparkar inn dørene, gjer det ofte med store personlege omkostningar. Du blir sjeldan populær av berre å dukke opp på festen utan invitasjon. Og som Virginia Woolf sjølv påpeika: «Historien om menns motstand mot kvinners frigjøring er kanskje enda mer interessant enn historien om selve frigjøringen.» Vi får historia om Woolf og besøker bysta hennar som står plassert i ein park her.

    Marta og Anette held foredrag om Virginia Woolf og eit knippe andre kvinnelege forfattarar, mens vi er på denne turen.

    Lunsj på eiga hand.

    Deretter tek vi turen til Florence Nightingale Museum og får ei omvising der. Florence Nightingale var grunnleggar av det vi kjenner som moderne sjukepleie. Ho var ein av dei største viktorianarane og var eit feministisk ikon i si eiga levetid. Ho er framleis stor inspirasjon for sjukepleiarar over heile verda. Museet hyller denne banebrytande kvinna, samt viser korleis ho framleis er ei stor inspirasjonskjelde.

    Middag på eiga hand denne dagen.

    På kvelden samlast vi for å delta på live-show med «Patriarkatet faller»! Denne kvelden vil Marta og Anette fortsette samtala si om kvinner og menn i kulturlivet, om feminismens plass i 2022 og forsøke å avdekke nokre myter og misforståingar på området.
    (F)

  • Dag 4: Tysdag 8. mars - Vi feirar kvinnedagen!

    Dette er sjølvaste kvinnedagen, og Marta og Anette gler seg til å feire saman med dykk.

    Vi startar dagen med ein fin spasertur til Kensington Gardens, som ligg i gåavstand til hotellet vårt. Her ser vi på statuen av prinsesse Diana, som vart avduka av William og Harry i Juli 2021, på det som eigentleg skulle vore 60-årsdagen hennar. Vi finn også statuen av prins Albert her. Han var gift med dronning Victoria, og ho bestilte statuen til minne om sin kjære ektemann, som døydde i 1861.

    I løpet av denne festivaldagen kjem Marta og Anette også til å for seg britisk musikkhistorie, frå Kate Bush til Amy Winehouse.

    Utfyllande program for denne dagen kjem til å kome etter kvart. Vi organiserer fleire aktivitetar knytt til feiringa av kvinner, når vi veit meir om kva som skjer i London på denne dagen. Ein ting er i alle fall sikkert; vi skal feire!

    På kvelden blir det festmiddag.
    (F, M)

  • Dag 5: Onsdag 9. mars - Heimreise

    Etter frukost møtest vi for å oppsummere turen. De kan stille spørsmål til Marta og Anette, eller dele ei personleg historie, før vi seier på gjensyn til kvarandre.

    Fly tilbake til Oslo tidleg på ettermiddagen, og vi er framme på kvelden.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
5/3OsloLondonMeir enn 814 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo