Skip to main content

Førjulstur til Lillehammer med julemarknad på Maihaugen

 

25. - 28. november 2022.

Bli med reiseleiar Anne Henden på ein sosial førjulstur til Lillehammer med julemarknad på Maihaugen. Anne er ei reiseglad dame frå Sandane, og mange kjenner henne nettopp som reiseleiar på turar i både inn- og utland. Fleire har også ein relasjon til henne frå tida hennar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Friluftsmuseet Maihaugen – De Sandvigske Samlinger opna allereie 2. juli 1904. Det inneheld gjenstandar samla av tannlege Anders Sandvig, og skulle vise korleis det såg ut i heimane i Gudbrandsdalen på denne tida. Sandvig var sjølv styrar på museet fram til 1946. Etter dette har museet utvikla seg til å bli ein arena med aktivitetar for folk i alle aldrar. Maihaugen si viktigaste oppgåve i dag er å samle, forvalte og formidle historia til Gudbrandsdalen og Lillehammer. Maihaugen er også blitt ein moderne arena med konferanseplass og konsertarena, med plass til opp til 700 personar.

Julemarknad på Maihaugen har i ei årrekkje gjeve dei besøkjande både opplevingar og førjulshygge. I vakre omgjevnader og blant alle dei julepynta husa får du oppleve den gode, gamle julestemninga. Granbaret er ekte, og du finn salsbuer, bålkos og ulike førjulsaktivitetar.  

https://maihaugen.no/hva-skjer/maihaugens-julemarked-2022 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 25. november - Framme på Lillehammer

    Bussen startar frå Førde kl. 08.00 og ferda går via Skei, Stryn og over Strynefjellet mot Lillehammer. Det blir stopp undervegs for lunsj. Vi brukar elles tida i bussen til å slappe av, prate med naboen og bli litt kjende med kvarandre. Kanskje syng vi ein song eller to også? Vi legg elles inn nokre korte stopp for å strekkje på beina.

    Framme på Lillehammer sjekkar vi inn på hotellet vårt.
    Kveldsmåltid tilgjengeleg på hotellet.
    (L, kveldsmåltid)

  • Dag 2: Laurdag 26. november - Lillehammer

    Etter frukost møter vi Per Bjørn, som er Fotefar sin kjentmann på Lillehammer. Han startar med å fortelje litt om Lillehammer i fortid og notid før han tek oss med på ein liten vandretur i byen.  Deretter guidar Per Bjørn oss utanom sentrum frå bussen til Sigrid Undsets heim Bjerkebæk, vidare til Kristins og Håkons hall og til slutt til  OL-anlegga Lysgårdsbakken og Birkebeinarstadion. Alt dette og meir til skal vi høyre om på denne bussturen. Rundturen endar hos «Hett Glass», glashytta på Lillehammer. Lunsj undervegs denne dagen.

    Om ein vil oppleve endå meir av Lillehammer, kan vi anbefale eit besøk på Lillehammer Kunstmuseum. (Dette er også ope søndag frå kl. 11.00 – kl. 16.00.)

    Felles middag på kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Søndag 27. november - Lillehammer og julemarknad på Maihaugen

    Etter ein god og lang frukost har vi litt tid på eiga hand. Frå kl. 12.00 er det tid for å dra bort til julemarknaden på Maihaugen. I vakre omgjevnader og blant alle dei julepynta husa skal vi verkeleg få kjenne på den gode julestemninga. Granbaret er ekte, og vi finn salsbuer, bålkos og ulike førjulsaktivitetar rundt om på Maihaugen. Det er også høve til å kjøpe seg mat både inne og ute.

    Kveldsmåltid tilgjengeleg på hotellet.
    (F, kveldsmåltid)

  • Dag 4: Måndag 28. november - Heimreise med stopp på Lom og i Stryn

    Etter ein god frukost set vi oss i bussen og tek fatt på heimreisa. Vi køyrer tilbake via Lom, Strynefjellet, Byrkjelo og Skei før vi er i Førde om kvelden.

    På Lom vert det høve til å rusle litt rundt og sjå seg om. Turen går vidare opp dalen og over Strynefjellet. I Stryn vert det også høve til ein beinstrekk og til å sjå litt på førjulsstemninga der. Lunsj undervegs denne dagen.

    Vi rekna med å vere tilbake i Førde utpå kvelden.
    (F, L)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
25/11LillehammerMeir enn 89 990,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo