Skip to main content

Førjulstur til vakre Wien

19. - 22. november 2021.

Bli med på ei langhelg med julemarknad i musikkmetropolen Wien. Denne byen har alt ein kan ønskje seg med storslegne slott, praktfulle bygningar, konsertar, galleri, museum og ein sjarmerande bykjerne som står på UNESCO si verdsarvliste. Heilt frå omkring 1800 har byen vore den leiande musikkbyen i verda med berømte komponistar og utøvande kunstnarar. Vi kjenner alle til den årlege nyttårskonserten frå Wien som blir TV-overførd til heile verda.

Med guiding både frå buss og ved byvandring, og konsertoppleving og deltaking på julemarknaden, kan vi suge inn atmosfæren i verdsbyen. Vi bur på eit 4-stjernes hotell som serverer typiske austerrikske rettar og har fasilitetar med spa- og velværetilbod.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 19. november – Avreise til Wien

    Fly frå Oslo med mogeleg tilknyting frå andre byar på førespurnad. Avreise på tidleg ettermiddag.

    Vel framme på flyplassen i Wien hentar vi bagasjen, og bussen vår køyrer oss til Lindner Hotel Am Belvedere, der vi skal bu under opphaldet. Hotellet har 4 stjerner og ligg sentralt til nær julemarknadane. Wien har ein av dei største julemarknadene i Europa på over 20 ulike torg og plassar i byen. Julemarknaden ved Belvedere slott, rett ved hotellet, er ein av dei mest populære.

    Etter at vi har sjekka inn på romma våre, slappar vi av og møtest gjerne i den koselege baren før det blir fellesmiddag på restauranten Heuriger Am Belvedere med typiske austerriske rettar.
    (M)

  • Dag 2: Laurdag 20. november – Byguiding, kafébesøk, julemarknad og konsert

    Etter ein god bufféfrukost blir det sightseeing med en skandinavisktalande guide, som først viser oss byen med to timars busstur før det blir ein time til fots for å bli kjende med sentrale delar av bykjernen.

    Kafélivet i Wien har lang tradisjon. Frå 1890-åra og utover byrja ei gruppe unge forfattarar, såkalla «Jung Wien» å møtast på kafé. Dette vart starten på ein ny trend. Forfattarar, kunstnarar og andre intellektuelle fann favorittkafeane sine der dei drakk kaffi og diskuterte litteratur, kunst og politikk. Mange av dei gamle wienerkaféane har vore stamplassar til namngjetne personar. Café Landtmann var favoritten til Sigmund Freud og Gustav Maler, medan Leo Trotzky føretrekte å drikke kaffien sin på Café Central. Det same gjer vi, og Fotefar har bestilt plass for heile gruppa der. Café Central vart opna så tidleg som i 1876, og det ærverdige og koselege kaféhuset kan i dag by på pianomusikk og eit godt utval av kaker.

    Etter kaffipausen må vi berre ut i byen for å oppleve den flotte og spennande julemarknaden. Det er mykje liv og røre, og vi kan verkeleg suge inn folkelivet og julestemninga denne laurdags ettermiddagen. Vi kikkar på utstillingane, smakar på fleire av dei gode smårettane vi kan kjøpe i dei mange buene og nippar til den berømte Glühwein-en. Om ein vil på shopping, så er Kärntner strasse ei spennande handlegate.

    Om kvelden møtest vi på hotellet og får busstransport til eit av verdas vakraste slott, nemleg Schönbrunn slott. Der blir vi med på ein flott konsert med klassisk musikk (inkludert i turprisen). Schönbrunn er eit av dei mest imponerande barokkslotta i Europa og er den største attraksjonen i Wien og i heile Austerrike. Slottet vart bygt på slutten av 1600-talet som sommarresidens for keisarane i Habsburg-imperiet.

    Etter konserten blir det buss tilbake til hotellet.
    (F)

  • Dag 3: Søndag 21. november – Eigne aktivitetar

    Denne dagen er fri til eigne aktivitetar. Mange vil nok nytte delar av dagen på julemarknad, andre vil gjerne gå på museum som Mozarthaus Vienna, eller på galleri. Reiseleiaren vil ta med dei som ønskjer det, på ein kort gåtur til Belvedere slott som ligg like ved hotellet vårt. Dette vakre slottet vart påbygt på 1700-talet og minner om slottet i Versailles med den utruleg flotte hagen. Belvedere har ei utsøkt samling av kunst, då det austerrikske nasjonalgalleriet ligg der. Her finn ein den største samlinga av Gustav Klimt-måleri i verda, med verdsberømte «Kysset» som hovudattraksjon. For dei som er interesserte i moderne kunst, kan vi anbefale MAK - Austrian Museum of Applied Arts/Contemporary Art.

    Viss du ikkje har smakt Sachertorte tidlegare på turen, anbefaler vi sterkt at du legg inn eit besøk på ein av dei ærverdige kaféane denne siste dagen. Dei mest kjende kaféane hevdar alle at dei har den beste oppskrifta, og den berømte kaka er ein så viktig del av Wien-kulturen at ho har fått plass på UNESCO si verdsarvliste.

    Etter ein tur på byen med ulike aktivitetar og lunsj på eiga hand, kan vi gjerne nytte noko av ettermiddagen til å slappe av og kose oss på hotellet, som har fasilitetar med spa- og velværetilbod.

    Om kvelden møtest vi i baren på hotellet før vi går samla til avslutningsmiddag på Restaurant Salmbräu.
    (F, M)

  • Dag 4: Måndag 22. november – Heimreise

    Etter ein god og lang frukost køyrer bussen vår oss til flyplassen. Flyet går til Oslo på føremiddagen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
19/11OsloWienMeir enn 89 990,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo