Skip to main content

Fotturar i idylliske Balestrand

9. – 12. september 2021.

Patricia Schulz i USA har skreve ei bok med tittelen: Tusen stader du må sjå før du døyr. Ho har tildelt vesle Noreg berre åtte attraksjonar, og blant dei finn vi ærverdige Kviknes Hotel i vakre Balestrand ved mektige Sognefjorden. Bygda og hotellet ved fjorden har i snart 150 år hatt ei magnetisk kraft.

Ein kan velje mellom guida gåturar langs sjøkanten i Balestrand med dei historiske bygningane eller lette eller meir krevjande vandreturar på gode stiar i fantastisk flott natur, blant anna ein spektakulær tur til fjellpartiet Keipen 1417 moh. Tettstaden har museum, galleri og gode restaurantar, og vi skal hyggje oss med utsøkt mat og drikke på Kviknes Hotel og på Ciderhuset. Det er elles mogeleg å oppleve Balestrand og Sognefjorden med ein tur med rib-båt.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 9. september

    Turen startar i Balestrand. Her møter du reiseleiaren frå Fotefar i resepsjonen når du kjem til innsjekking etter kl. 12.00. Vi slappar av og hyggjer oss, blir kjende med Kviknes Hotel og den vakre tettstaden. Sidan deltakarane kjem til ulike tider, blir det lunsj på eiga hand, gjerne i Balholm Bar på hotellet.

    Vi opnar programmet kl. 15:00 med historisk vandring. Reiseleiaren tek deltakarane med på ein 3-4 km lang rusletur på ein lite trafikkert veg langs sjøkanten med dei historiske bygningane i drakestil og Den engelske kyrkja. Her får de høyre om korleis Balestrand voks fram som turiststad.

    Før eller etter turen foreslår vi ein tur innom Norsk Reiselivsmuseum (mot inngang) og/eller Galleri Bjørg Bjøberg og Arthur Adamson (fri entré). Galleriet vart etablert i 1995, ligg sentralt til på kaien og viser akvarellarbeida til Bjørg med lokale motiv og Arthur sin samtidskunst.

    Om kvelden blir det først velkomstsamling. Her helsar vi på kvarandre og får informasjon om heile opplegget for dei komande dagane. Etter samlinga blir det middag i den vakre spisesalen for å nyte ein stor og velsmakande buffétmiddag. Hotellet er også for eit rikt utval av gode vinar. Medan vi får servert kaffi, vil ein frå Kvikne familien fortelje om den unike historia til hotellet. Familien har i fem generasjonar drive dette hotellet og har difor eit heilt spesielt forhold til den historiske bygninga. Vi får også musikalske innslag.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 10. september

    Etter ein god buffétfrukost legg vi opp to vandreturar denne dagen.

    Alternativ 1
    Vi har avreise med buss frå hotellet (ca. 6 km) for å gå den såkalla Pilgrimsleia på 4,5 km langs Sognefjorden frå Kallestad til Kvamsøy, der det på øya står ei mellomalderkyrkje. Vandringa følgjer ein småkupert sti som til dels går på den gamle bygdevegen og gir turen ein historisk sus. (Grøn tur)

    Om formiddagen har vi avtale å besøkje kunstnarane Magni Jensen og Geir Hjetland sin verkstad i Kvamsøy og gjerne kjøpe noko av dei utsøkte tinga Magni produserer i keramikk. Dei som ikkje ønskjer å gå Pilgrimsleia, kan følgje bussen til Kvamsøy, besøkje verkstaden og rusle litt rundt i nærleiken.

    Etter turen og besøket på verkstaden tek vi buss tilbake til hotellet, og dei som vil på prøvesmaking av sider og fruktbrennevin (mot tillegg), går av like ved Ciderhuset. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne prisar for og som deltakarane kan kjøpe med seg. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som berre er til sals på Vinmonopolet. Eigarane tek oss med rundt om i produksjonslokala og fortel om bedrifta, og vi får smaksprøver av sider.

    For dei som har fått omvising, blir det treretters lunsj på Ciderhuset. Måltidet blir servert i restauranten Glashuset som har ei vid og vakker utsikt over landskapet og Sognefjorden. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer.

    Alternativ 2
    Gruppa som skal gå turen til Keipen, får transport frå hotellet til Esebotn. Den lange og nokså tunge turen går frå sjøen i Esebotn til Keipen som ligg 1417 moh, og er ei fantastisk oppleving. Dette fjellpartiet har blitt kalla «Sognefjorden sitt svar på Preikestolen» Utsikta er ubeskriveleg vakker ned til fjorden og rundt om på dei mektige fjellformasjonane. Det er heilt spektakulært å stå på toppen ved kanten av stupet. (Raud tur)

    Stor dugnadsinnsats frå lokale krefter med hjelp av sherpaer har lagt til rette for ein framifrå god sti med til dels steintrapper. Heile turen opp og ned er på ca. 14 km, og ein må rekne med å bruke rundt 7-8 timar med guide, og då får du vite meir om Esebotn og den vakre dalen opp mot høgfjellet.


    For begge alternativa:
    Om ettermiddagen foreslår vi ein tur til galleriet (fri entré) på kaien og til Galleri Munken på Sognefjord Akvarium (mot inngang). På Galleri Munken kan vi beundre utskjeringar av ein lokal kunstnar og sjå flotte fotografi frå Balestrand og Sogn.

    Om kvelden møtes vi på nytt til buffétmiddag i spisesalen på Kviknes som har ei flott utsikt over Sognefjorden. Etter middagen kosar vi oss i ein eigen sal med musikalske innslag og gjerne noko godt i glaset.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 11. september

    Denne dagen går vi til fjelltoppen Raudmelen 972 moh. Traseen er godt opparbeidd og er mykje nytta av lokalbefolkninga og av turistar. Turen passar både for deg som vil nå toppen på kortast mogeleg tid, og for deg som vil ta turen opp i rolegare tempo. Denne dagen blir motbakkeløpet Balestrand Opp arrangert (sjå www.balestrandopp.no), og det er mogeleg for deltakarane å delta i konkurranse- eller i mosjonsklassen om ein ønskjer det. (Blå tur)

    Frå stien vil vi få ei storslegen utsikt over Sognefjorden, Esefjorden, Fjærlandsfjorden og dei mektige fjellpartia som omkransar fjorden. På klåre dagar kan ein sjå toppane i Horrungane i Jotunheimen. Det er ei noko krevjande tur, så fleire vil kanskje berre gå ein del av stien som opp til Orrabenken, Klugshaug eller Buråsi. (Grøn tur)

    Om kvelden samlast vi i spisesalen på Kviknes til den utsøkte buffétmiddagen. Etterpå går vi til eit eige lokale for gruppa, der vi hyggjer oss med ei forfrisking, musikalsk innslag og litt dans til slutt.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 12. september

    Denne morgonen gir vi oss ekstra god tid med den store buffétfrukosten. Vi legg også denne dagen opp til spaser- eller vandreturar, og det er mogeleg å velje blant dei oppsette vandrealternativa alt etter avreisetidspunkt. Lunsj på eiga hand, gjerne på Kviknes Hotel.

    Om ettermiddagen kan det vere fint å slappe av, kanskje besøkje nokre av attraksjonane i bygda, eller berre sjå på folkelivet i sentrum.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
9/9BalestrandBalestrandMeir enn 86 950,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo