Skip to main content

Fotturar i idylliske Balestrand

19. - 22. august 2022.

Patricia Schulz i USA har skreve ei bok med tittelen: Tusen stader du må sjå før du døyr. Ho har tildelt vesle Norge berre åtte attraksjonar, og blant dei finn vi ærverdige Kviknes Hotel i vakre Balestrand ved mektige Sognefjorden. Bygda og hotellet ved fjorden har i snart 150 år hatt ei magnetisk kraft.

Ein kan velje mellom guida spaserturar langs sjøkanten i Balestrand med dei historiske bygningane eller lette eller meir krevjande vandreturar på gode stiar i fantastisk flott natur, blant anna ein spektakulær tur til fjellpartiet Keipen 1417 moh. Tettstaden har museum, galleri og gode restaurantar, og vi skal hyggje oss med utsøkt mat og drikke på Kviknes Hotel og på Ciderhuset.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 19. august – Ærverdige Kviknes Hotel

    Turen startar i Balestrand. Her møter du reiseleiaren frå Fotefar i resepsjonen når du kjem til innsjekking etter kl. 12.00. Vi slappar av og hyggjer oss, blir kjende med Kviknes Hotel og den vakre tettstaden. Sidan deltakarane kjem til ulike tider, blir det lunsj på eiga hand, gjerne i Balholm Bar på hotellet.

    Vi opnar programmet kl. 15:00 med velkomstsamling. Her helsar vi på kvarandre og får informasjon om heile opplegget for dei komande dagane. Deretter vil ein frå Kvikne familien fortelje om den unike historia til hotellet. Familien har i fem generasjonar drive dette hotellet og har difor eit heilt spesielt forhold til den historiske bygningen.

    Etter dette blir det ei lita historisk vandring rundt hotellet og sentrum. Guiden vår fortel om historia til Balestrand og viser oss andre attraksjonar vi kan besøkje i løpet av helga. Her ser vi mellom anna Norsk Reiselivsmuseum (ikkje inkl.) og Galleri Bjørg Bjøberg og Arthur Adamson (fri entré). Galleriet vart etablert i 1995, ligg sentralt til på kaien og viser akvarellarbeida til Bjørg med lokale motiv og Arthur sin samtidskunst.

    Etter vandringa blir det tre-rettars middag i den vakre spisesalen for å nyte ein stor og velsmakande tre-rettars middag. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar. Etter middag får vi musikalske innslag.
    (M)

  • Dag 2: Laurdag 20. august – Balestrand Opp

    Denne dagen blir motbakkeløpet Balestrand Opp arrangert, og gruppa frå Fotefar tek på ulike måtar del i denne aktiviteten. Løpet startar heilt nede ved fjorden i hotellhagen på Kviknes og går til fjelltoppen Raudmelen 972 moh. Traseen er godt opparbeidd og er mykje nytta av lokalbefolkninga og av turistar. Løpet passar både for deg som vil nå toppen på kortast mogeleg tid, og for deg som vil ta turen opp i rolegare tempo saman med mange andre glade turgåarar.

    Frå stien vil vi få ei storslegen utsikt over Sognefjorden, Esefjorden, Fjærlandsfjorden og dei mektige fjellpartia som omkransar fjorden. På klåre dagar kan ein sjå toppane i Horrungane i Jotunheimen. Tilreisande som har delteke i løpet, uttrykkjer at Balestrand Opp er det flottaste motbakkeløpet i heile landet.

    Du kan velje om du ønskjer å delta i konkurranse- eller mosjonsklassen, men Fotefar legg også opp til ein tur til toppen med guide for dei som ønskjer det. Det er ei nokså tung løype, så fleire vil kanskje berre gå ein del av stien som opp til Orrabenken, Klugshaug eller Buræsi. Sjå meir om løpet på www.balestrandopp.no.

    Om kvelden samlast vi på nytt i spisesalen på Kviknes til ein nydeleg tre-rettars middag. Etterpå går vi til eit eige lokale for gruppa der vi hyggjer oss med ei forfrisking og musikalsk innslag.
    (F, M)

  • Dag 3: Søndag 21. august – Tur til Keipen eller vandring i Dragsvik

    Etter ein god bufféfrukost legg vi opp to utflukter denne dagen, vandring til Keipen og tur til Dagsvik. Begge gruppene får transport frå hotellet til Esebotn og vidare til Dragsvik.

    Den lange og nokså tunge turen går frå sjøen i Esebotn til Keipen som ligg 1417 moh, og er ei fantastisk oppleving. Dette fjellpartiet har blitt kalla «Sognefjorden sitt svar på Preikestolen» Utsikta er ubeskriveleg vakker ned til fjorden og rundt om på dei mektige fjellformasjonane. Det er heilt spektakulært å stå på toppen ved kanten av stupet. (Krevjande tur).

    Stor dugnadsinnsats frå lokale krefter med hjelp av sherpaer har lagt til rette for ein framifrå god sti med til dels steintrapper. Heile turen opp og ned er på ca. 14 km, og ein må rekne med å bruke rundt 7-8 timar med guide, og då får du vite meir om Esebotn og den vakre dalen opp mot høgfjellet. (Pris for transport t/r, nistepakke og lokal guide kr 1 140 ved påmelding)

    Eit anna alternativ er å vere med til Dragsvik (10 km) og besøkjer eit eksotisk arboret og den spennande Emaljeverkstaden. Vi går først langs sjøkanten til arboret på Lunde der vi finn rundt 130 ulike artar av tre og busker frå heile verda. Fire ulike tre er målt til å vere dei største i verda på denne breiddegraden. Grunnen er Golfstraumen som fører med seg mild og fuktig havluft. Trea vart planta av sokneprest Sverdrup i 1850-åra. Lunde er prestegarden i Balestrand prestegjeld, og Sverdrup var mykje interessert i hagebruk. Han bygde opp ein mønsterhage. Gjennom åra har det og vorte planta mange utanlandske tresortar på Lunde. I dag er den gamle prestehagen arboret.

    Deretter vandrar vi litt oppover i høgda til Emaljeverkstaden som blir drive av kunstnarekteparet Solveig og Rolf Haukaas. Dei lagar bilete, brosjer, fat, mansjettknappar, skåler og meir. Alt dei lagar er i koppar og emalje. Vi får demonstrert korleis dei lagar produkta, og det er mogeleg å kjøpe med seg noko.

    Vi avsluttar denne utflukta med nydeleg to-rettars lunsj på Dragsvik Fjordhotell før vi får transport tilbake til Kviknes. (Pris for transport t/r, guiding og 2-rettars lunsj kr 730,- Ved påmelding)

    Det er også vere eit alternativ å ta ein roleg dag på hotellet og i sentrum av Balestrand.

    Om kvelden møtest vi på nytt til tre-rettars middag i spisesalen på Kviknes som har ei flott utsikt over Sognefjorden. Etter middagen kosar vi oss i ein eigen sal med musikalske innslag og gjerne noko godt i glaset.
    (F, M)

  • Dag 4: Måndag 22. august – Ciderhuset og heimreise

    Denne morgonen kosar vi oss med den store bufféfrukosten på Kviknes Hotel. Deretter blir det ei historisk vandring med reiseleiaren vår langs sjøkanten i idylliske Balestrand. På slutten av 1800-tallet vart bygda populær blant kunstnarar frå heile Europa, og keisar Wilhelm oppheldt seg her fleire somrar frå slutten av 1880-åra og like fram til 1914. Vi får sjå dei mange sveitservillaene med drakestil og den såkalla Engelske kyrkja, som var modell for kyrkja i Disney-filmen Frost.

    I samband med vandringa tilrår vi ei utflukt med omvising, sidersmaking og lunsj på Ciderhuset (ikkje inkludert). Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver av sider. Lunsjen blir servert i restauranten Glashuset, som har ei vid og vakker utsikt over landskapet. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. (Pris for omvising, smaking og lunsj kr 710 ved påmelding)

    Som alternativ til Ciderhuset kan ein velje å ete lunsj på Kviknes Hotel eller på ein av fleire kaféar i sentrum av bygda.

    Kl. 14:00 rundar vi av programmet i resepsjonen på Kviknes Hotel.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
19/8BalestrandMeir enn 87 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
30/5Cruise i VesterledFrå 26 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo