Georgia – i grenselandet mellom aust og vest

5. - 13. oktober 2026.

Bli med på ei ugløymeleg reise til Georgia, eitt av dei mest fascinerande og mangfaldige landa i Kaukasus, der eldgamle tradisjonar, dramatisk natur og ei historie prega av stormakter og motstandskraft går hand i hand. Georgia er både eksotisk og velkjend med si blanding av asiatisk og europeisk kultur.

Her, langs den historiske Silkevegen, har imperium kjempa om makt og  påverknad i tusenvis av år, men landet har likevel halde fast ved sin eigen språklege, religiøse og kulturelle identitet.

Georgia er eitt av verdas eldste land for vindyrking med ein vintradisjon som strekkjer seg meir enn 8000 år tilbake i tid. Her har ein sunge fleirstemde songar i over to tusen år, og her spelar kyrkja, festbordet og gjestfridomen ei heilt sentral rolle i samfunnslivet. For georgiarane er gjester ei gåve, og vi blir tekne imot med varme, stoltheit og eit rikt kulturliv.

På denne reisa opplever vi hovudstaden Tbilisi, ein kulturell smeltedigel der gamle kyrkjer, synagogar og moskear ligg side om side, og der både Hamsun og Nansen har late etter seg spor. Vi får også med oss den spektakulære holebyen Vardzia, den historiske hovudstaden Mtskheta og vinregionen Kakheti, der tradisjonell vinproduksjon framleis går føre seg i nedgravne leirkrukker slik det har vore gjort i tusenår.

Vi har også med oss Svend Waage på denne spennande turen. Han har budd i dette flotte landet i meir enn 15 år saman med sin norsk-georgiske familie og er ein glimrande guide. Svend er lidenskapeleg oppteken av den georgiske kulturen og tradisjonen, og han arbeider aktivt for å styrke banda mellom Norge og Georgia.

Pris frå:
26 950,-
Dagar: 9
Inkludert:
  • Flyreise Oslo – Tbilisi t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad
  • All busstransport som vist i programmet
  • 8 overnattingar på 4-stjerners og 5-stjerners hotell
  • 8 frukostar
  • 5 middagar
  • 5 lunsjar
  • 2 vinsmakingar med innføring i georgisk vintradisjon
  • 3 foredrag om Georgias historie, kultur og samfunn
  • Svend Waage som reiseleiar og guide
  • Tradisjonell fleirstemt song framført av lokale songarar ved to middagar
  • Lokal engelsktalande guide
  • Inngangsbillettar til museum og attraksjonar som nemnt i programmet
  • Reiseleiar frå Fotefar
Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 4 200,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips
  • Minimum tal deltakarar: 25

Bildegalleri

Viktig informasjon

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er eigna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 05. oktober - Velkomen til Tbilisi

    Avreise frå Oslo tidleg ettermiddag med mellomlanding i Istanbul, og der er vi framme i hovudstaden Tbilisi seint om kvelden. Der tek bussen vår oss rett til hotellet. Det har 4 stjerner og held til midt i hjarta av den gamle byen, som er det naturlege midtpunktet. Her får vi oppleve autentisk georgisk sjarm med moderne omgjevnader.

  • Dag 2: Tysdag 06. oktober - Tbilisi

    Etter framkomst seint på kvelden og nokre gode timar med søvn, startar vi dagen roleg med lang frukost på hotellet.

    Tbilisi ligg strategisk plassert langs den historiske Silkevegen, i grenselandet mellom Asia og Europa. Gjennom hundreåra har byen vore eit viktig handelssenter og kulturelt knutepunkt. Persarar, arabarar, mongolar og russarar har alle sett sitt preg på byen, som fleire gonger har vorte øydelagd og bygd opp att. Samstundes har Tbilisi halde fast ved sitt mangfald, der ulike etniske og religiøse grupper framleis lever side om side.

    Vi dedikerer dagen til den historiske gamlebyen der vi vandrar gjennom smale gater med utskorne trebalkongar og fargerike fasadar før vi kjem til dei kjende svovelbada. Ifølgje legenda var det her kong Vakhtang Gorgasali grunnla byen på 400-talet og gav den namnet Tbilisi, frå ordet tbili som tyder «varm».

    Vi tek oss god tid til lunsj før vi held fram gjennom Rike-parken med utsyn mot Mtkvari-elva og Narikalaborga som tronar over byen. På vegen tilbake passerer vi Anchiskhati-kyrkja, den eldste kyrkja i Tbilisi, og det særmerkte marionetteateret til Rezo Gabriadze. Undervegs ser vi korleis gammalt møter nytt i ein by i stadig utvikling.

    Vel tilbake på hotellet har vi tid til fri disposisjon.

    Om kvelden samlast vi til velkomstmiddag og det første møte vårt med den georgiske supra-tradisjonen. Vi blir introduserte for vin laga på druesortane Saperavi og Rkatsiteli og får oppleve eit variert og smakfullt kjøkken i ekte georgisk ånd.

    (F, L, M)

  • Dag 3: Onsdag 07. oktober - Chateau Mukhrani og kurbyen Borjomi

    Etter frukost og utsjekking startar vi dagen med ei kort vandring i den moderne delen av Tbilisi. Frå Fridomsplassen ruslar vi langs Rustaveli-avenyen, hovudgata som speglar både tsartid, sovjettid og dagens Georgia. Vi passerer Museum of Georgia, parlamentet og Tbilisis første skule.

    Undervegs stoppar vi ved bygningar knytte til norske namn. Det som i dag er ein anonym fasade, var på Knut Hamsun si tid Hotel London, der han budde under opphaldet sitt i Kaukasus. Like ved ligg det tidlegare Grand Hotel, der forfattaren og pianisten, ‘’femme fatal’’, Dagny Juel vart skoten av sin polske venn.

    Vi forlet hovudstaden og set kursen mot Meskheti-regionen og Borjomi, kjend for sitt mineralvatn og si rolle som rekreasjonsstad i sovjettida. Undervegs stoppar vi ved Chateau Mukhrani, det historiske godset til prins Ivane Mukhranbatoni. Her får vi ei innføring i vinproduksjonen som kombinerer georgiske og franske tradisjonar, før vi smakar på vinen og nyt ein god lunsj.

    Om ettermiddagen kjem vi fram til Borjomi og sjekkar inn på hotellet. Resten av ettermiddagen er til fri disposisjon.

    På kvelden samlast vi til foredrag med Svend ‘’I grenseland - en introduksjon til Georgias kultur og historie’’. Deretter går vi til felles middag, der vi får oppleve den georgiske fleirstemte songen slik han tradisjonelt høyrer heime, rundt festbordet.

    (F, L, M)

    Onsdag 07. oktober - Chateau Mukhrani og kurbyen Borjomi
  • Dag 4: Torsdag 08. oktober - Den spektakulære holebyen Vardzia

    Etter ein god frukost er det tid for avreise mot Vardzia, ein av Georgias mest imponerande historiske attraksjonar og eit monument over stordomstida under dronning Tamar på 1100- og 1200-talet.

    Holekomplekset er hogd rett inn i fjellsida og inneheldt opphavleg fleire tusen rom fordelte på over 13 nivå med bustader, lagerrom og kyrkjer. Anlegget fungerte både som kloster og som vern mot invasjonar frå sør, og det gir eit fascinerande innblikk i ei tid då Georgia var ei regional stormakt.

    Køyreturen tek oss gjennom skiftande landskap, frå grøne skogområde til meir ope og dramatisk fjellterreng. Vel framme utforskar vi gangar, rom og kyrkjer og får høyre om kva rolle Vardzia har spela gjennom hundreåra.

    Etter lunsj i området vender vi tilbake til Borjomi. Resten av dagen er til fri disposisjon. Dei som ønskjer det, kan rusle i Borjomiparken, smake mineralvatn frå dei naturlege kjeldene eller nyte hotellet sine fasilitetar.

    (F, L)

    Torsdag 08. oktober - Den spektakulære holebyen Vardzia
  • Dag 5: Fredag 09. oktober - Mtskheta og vinregionen Kakheti

    Etter frukost samlast vi til nytt foredrag: «Georgia og Kaukasus – geopolitikk og stormaktenes innflytelse». Her får vi eit breiare perspektiv på regionen si rolle mellom aust og vest, og på dei kreftene som gjennom historia har forma landet.

    Deretter sjekkar vi ut og set kursen mot vinregionen Kakheti, som åleine står for om lag 70 prosent av Georgias vinproduksjon. Undervegs stoppar vi i Mtskheta, den historiske hovudstaden og det religiøse hjartet i Georgia. Her besøkjer vi Svetitskhoveli-katedralen, som står på UNESCO si verdsarvliste og var tidlegare hovudkyrkje i landet. Ifølgje legenda er Jesu kjortel gravlagd her, og kyrkja har ei sentral rolle i georgisk historie og identitet. Vi tek oss god tid til lunsj før vi ruslar gjennom den gamle bydelen og opplever lokal stemning og tradisjon.

    Reisa går vidare austover til Kakheti og den sjarmerande kulturbyen Sighnaghi. Georgia har ein dokumentert vintradisjon som strekkjer seg om lag 8000 år tilbake i tid, ein ubroten produksjonsmåte som framleis blir halden i hevd. Vi kjem fram til hotellet vårt med panoramautsikt over Alazanisletta og Kaukasusfjella i det fjerne.

    Om kvelden besøkjer vi den kjende vinprodusenten Pheasant’s Tears. Her får vi innføring i den tradisjonelle vinproduksjonen og smaker på vin laga utan tilsetjingsstoff, berre druer og handverk. Kvelden blir avrunda med middag i ekte supra-stil, med rike smakar, talar og songar med våre songarvenner, som er med oss denne kvelden.

    (F, L, M)

    Fredag 09. oktober - Mtskheta og vinregionen Kakheti
  • Dag 6: Laurdag 10. oktober - Vintradisjon, Bodbe-klosteret og Sighnaghi

    Etter frukost køyrer vi mot Alazanisletta og landsbyen Tibaani, der vinrankene til Pheasant’s Tears ligg. Her får vi i praksis sjå korleis vinen vi smakte kvelden før, blir produsert etter den tradisjonelle georgiske metoden. Store leirkrukker, qvevri, blir gravne ned i bakken, og vinen gjærar og modnast utan tilsetjingsstoff, slik det har vore gjort i om lag 8000 år. For dei som ønskjer det, kan det bli høve til ein liten smak denne føremiddagen.

     

    På vegen tilbake stoppar vi ved Bodbe-klosteret, eitt av dei mest tradisjonsrike klostera i Georgia. Her er St. Nino, som kristna landet på 300-talet, gravlagd. Klosteret har gjennom hundreåra vore både religiøst sentrum og kroningsstad for kongane i Kakheti, og gir oss eit nært møte med den sterke kristne arven i landet.

    Vel tilbake i Sighnaghi tek vi ein kort felles rusletur før resten av dagen er til fri disposisjon. Her kan ein vandre langs bymuren, besøkje museum eller berre nyte utsikta over slettelandskapet og Kaukasusfjella i det fjerne. Reiseleiarane er tilgjengelege med tips og forslag.

    Om kvelden samlast vi til middag på idylliske The Lost Ridge. Staden er kjend for sitt kortreiste kjøkken, der mykje av råvarene blir produserte på eigedomen. Her nyt vi eit roleg måltid i naturskjønne omgjevnader.

    (F, M)

  • Dag 7: Søndag 11. oktober - Tilbake til Tbilisi - museum og matkultur

    Etter ein god frukost samlast vi til siste foredrag med Svend Waage: «Georgia – og veien videre». Vi løftar blikket og ser nærare på utviklinga etter sjølvstendet, utfordringane landet står overfor, og rolla Georgia spelar i regionen i dag.

    Deretter set vi kursen tilbake mot Tbilisi. Vel framme stoppar vi ved dei historiske svovelbada i gamlebyen og besøkjer Museum of Georgian Folk Songs and Instruments. Her får vi ei innføring i den unike fleirstemte songtradisjonen og dei tradisjonelle instrumenta som har prega georgisk kultur gjennom generasjonar.

    I nærleiken deltek vi på matverkstad der vi lærer å lage den tradisjonelle retten khinkali, ein rett med røter i Kaukasusfjella. Dei som ønskjer det, får prøve seg, før vi smakar på resultatet saman med resten av lunsjen. Under måltidet får vi også møte ein folkemusikar som fortel om samanhengen mellom musikk, fest og identitet i Georgia.

    Seinare sjekkar vi inn på hotellet. Resten av ettermiddagen og kvelden er til fri disposisjon i Tbilisi. Reiseleiar er tilgjengeleg med råd og forslag for dei som ønskjer det.

    (F, L)

  • Dag 8: Måndag 12. oktober - Tbilisi og avslutningsmiddag

    Etter frukost ruslar vi til Europaplassen og tek taubanen opp til Narikalaborga. Frå toppen har vi panoramautsikt over Tbilisi, med gamlebyen, Mtkvari-elva og dei moderne bydelane under oss. Vi vandrar vidare i høgda forbi statuen Mor Georgia, eit symbol på både gjestfridom og styrke, før vi svingar ned gjennom gamlebyen sine bortgøymde gater og endar i sentrum.

    Resten av dagen er til fri disposisjon. Tbilisi byr på eit rikt og mangfaldig byliv, og det finst mange moglegheiter for vidare utforsking. Ein kan besøkje den botaniske hagen, rusle langs Rustaveli-avenyen, oppleve kunst- og antikvitetsmarknaden ved Dry Bridge, utforske kafélivet i gamlebyen eller besøkje den store Treenighetskatedralen. Reiseleiar er tilgjengeleg med råd og forslag.

    Tidleg på kvelden samlast vi til avskjedsmiddag i rolege omgjevnader. Her får vi ein kombinasjon av nye smakar og høgdepunkt frå dagane som har gått.

    (F, M)

  • Dag 9: Tysdag 13. oktober - Heimreise

    Etter frukost har vi føremiddagen til fri disposisjon i Tbilisi. Kanskje freistar ein siste spasertur i nærområdet, ein kopp kaffi i gamlebyen eller litt handel før avreise. Dette gir oss høve til å ta inn dei siste inntrykka frå ein by som gjennom historia har vore eit møtepunkt mellom kulturar, religionar og tradisjonar. Reiseleiar er tilgjengeleg for dei som ønskjer råd eller forslag denne føremiddagen.

    Utpå ettermiddagen tek vi buss til flyplassen. Vi reiser heim med mellomlanding undervegs og er tilbake i Oslo seint på kvelden.

    (F)

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
5/10OsloGeorgiaMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon