Avreise frå Bergen tidleg ettermiddag, og frå Oslo om ettermiddagen. Reiseleiaren frå Fotefar møter dykk på flyplassen og passar på at alle kjem seg greitt gjennom innsjekkinga. Vi mellomlandar på flyturen og er framme i hovudstaden Tbilisi om natta, og bussen vår tek oss rett til hotellet. Det har 4 stjerner og ligg på Fridomsplassen, som er byen sitt naturlege midtpunkt.
Etter ein sein og god frukost får vi vekas første foredrag med Hans-Wilhelm Steinfeld, der han gir oss ein introduksjon til Georgia og Kaukasus-regionen si historie.
Deretter møter vi kjentmannen og lokalguiden vår, Svend Waage. Han har budd mange år i Georgia og har hovudfag i musikk med fokus på folkesong frå Georgia. Svend tek oss med til lunsjstaden vår, og deretter blir det ein vandretur gjennom gamle Tbilisi. Vi får ei kjensle av byen og blir litt kjende med nokre av dei viktigaste attraksjonane som Sioni-kyrkja, Sulfurbada og Narikala-borga. Her opplever vi korleis gammalt møter nytt, og kva som gjorde Tbilisi til eit kultur- og handelssenter på den historiske Silkevegen.
Deretter har vi eit par timar på eiga hand før vi gjer oss klare for velkomstmiddag på ein restaurant som serverer tradisjonell georgisk mat. Det blir det første møtet vårt med det varierte og smakfulle georgiske kjøkkenet og den særeigne og spennande vinen dei har der. Vi blir meir kjende med kvarandre, og gjennom guiden vår blir vi introduserte til georgiske mat- og vintradisjonar.
(F, L, M)
Etter frukost og foredrag med Hans-Wilhelm Steinfeld med tittelen Russlands kriger- notida møter fortida, ruslar vi langs den staselege hovudgata Rustaveli-avenyen, før vi svingar ned til det som på Hamsun si tid var Hotel London, der forfattaren budde når han var i Tbilisi. Berre eit steinkast unna finn vi staden der den norske pianisten og forfattaren, «femme fatal» Dagny Juel, vart skoten og drepen av den polske venen sin.
Det har lenge vore mykje kontakt mellom Norge og Georgia. På denne rusleturen får vi høyre meir om kvifor det er slik, og kvifor kjende nordmenn som Hamsun, Nansen, Dagny Juel og Hans Vogt hadde så nære forhold til akkurat Georgia.
Etterpå besøkjer vi Museum of Georgia rett ved hotellet vårt. Museet har blant anna utstillingar med unike samlingar med georgiske kunst- og kulturgjenstandar, og ei avdeling som viser tida under Sovjet-regimet frå 1921.
Resten av dagen er til fri disposisjon. Dei som vil, kan bli med reiseleiarane til lunsj og ein rusletur i byen etterpå. Om kvelden blir det fellesmiddag i gamlebyen med ein spennande kombinasjon av delikate georgiske rettar.
(F, M)
Etter frukost held Hans-Wilhelm foredraget Revolusjonen. Deretter blir det avreise mot Kaukasus-fjella og den vesle byen Stepantsminda ved foten av Kazbegi. På vegen dit stoppar vi først i Gori, Stalin sin fødeby, og opplever Stalin-museet. Museet vart sist renovert på 70-tallet og representerer Sovjet-tida både i form og arkitektur, og det blir såleis «eit museum i museet». Her ser vi også huset der Stalin voks opp. Hans-Wilhelm Steinfeld vil her fortelje om Stalin og Sovjet-tida.
Gori var eit viktig strategisk punkt i den korte krigen mellom Georgia og Russland i 2008. Steinfeld fortel om korleis forholdet mellom Georgia og Russland er i dag, og om den geopolitiske og stormaktspolitiske dynamikken i regionen.
Etter lunsj set vi kursen mot Stepantsminda og fjellet Kazbegi (Det tredje høgste fjellet i Georgia, 5047 moh). Etter kvart kjem vi inn i dei majestetiske Kaukasus-fjella. Vi nyt den storslegne naturen og stoppar blant anna ved eit spektakulært utsiktspunkt for å oppleve den utrulege utsikta.
Tidleg på kvelden når vi fram til den vesle byen Stepantsminda. Etter innsjekking på hotellet har vi god tid til avslapping etter ei lang reise. Her kan ein nyte den fantastiske utsikta frå terrassen på hotellet. Vi bur på det særeigne firestjerners designhotellet Rooms med ein enorm terrasse mot Kazbegi og Gergetis Sameba-kyrkja. Hotellet har også symjebasseng, sauna og eit godt treningsrom.
(F, L)
Etter ein god frukost startar vi dagen med foredrag av Hans-Wilhelm Steinfeld med tittelen Kollektiviseringa.
Denne dagen legg vi opp til ein tur i Kaukasus-fjella. Dei har forma lynnet til fjellfolka, og dei har opp gjennom historia klart å forsvare Georgia sine yttergrenser mot nord. Det blir felles avgang med transport opp til treeiningskyrkja Gergeti’s Sameba. Kyrkja ligg spektakulært til ved sida av Kazbegi-fjellet med panoramautsikt over heile Stepantsminda og nærområdet. Vi opplever den ikoniske treeiningskyrkja som ligg i utkanten av Stepantsminda. Deretter har vi piknik-lunsj ute i det fri med dei mektige Kaukasusfjella rundt oss. For dei som ønskjer å gå ein tur, kan vi etter piknik-lunsjen organisere variantar av ulike lengde tilbake til hotellet. Turen tilbake frå kyrkja er på ca. 4 km med høgdeforskjell på ca. 450 meter og nokre småbratte parti innimellom. Dersom ein er i alminneleg god form, er dette ein fin tur.
Vi kjem ned igjen til hotellet tidleg om ettermiddagen og har tid til avslapping før middagen om kvelden. Her blir vi kjende med både lokale matrettar og lokale bordtradisjonar.
(F, L, M)
Etter frukost held Hans-Wilhelm foredraget Tillitens visittkort. Deretter set vi kursen mot Tbilisi. Før vi køyrer inn i byen, stoppar vi i den historiske hovudstaden Mtskheta, der vi et lunsj. Etterpå dreg vi til Svetitskhoveli-kyrkja som er på Unesco si verdsarvliste. Hit kom St. Nino og kristna Georgia på 300-tallet. Vi får oppleve den viktige rolla som kyrkja spelar i livet til dei fleste georgiarar, og korleis rituala og relikviane er relevante i kvardagslivet. Deretter vandrar vi i den gamle bydelen som utgjer det vesle sentrumet og opplever tradisjon, lokal koloritt og turistbuer.
Vi kjem fram til Tbilisi om ettermiddagen. Resten av dagen er til fri disposisjon for avslapping eller for å oppleve nye stader og stemningar i Tbilisi. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane til ein koseleg restaurant om kvelden.
(F, L)
Hans-Wilhelm startar dagen med foredraget Hatet i Europa. Deretter blir det avreise til vinregionen Kakheti som åleine står for nesten 70% av Georgia sin vinproduksjon. Georgia har produsert vin kontinuerleg i 8000 år, og har ein heilt særeigen tradisjon for produksjon og lagring av vin. Vi kjem til den vesle, maleriske byen Sighnaghi på føremiddagen og stoppar ved Bodbe-klosteret, som ligg i utkanten av byen. Her er St. Nino, som kristna Georgia på 300- talet, gravlagd. Dette er ein av dei mest heilage stadene for georgiarane.
Etter ein god lunsj ha vi har tid til fri disposisjon der vi kan rusle rundt i idylliske Sighnaghi og oppleve den lokale atmosfæren. Sighnaghi er eit kultursenter i regionen med fantastisk utsikt over slettelandskapet i Kakheti og Kaukasus-fjella på motsett side. Georgia har opp gjennom historia vorte invadert av stormakter mange gonger. Dette området var alltid det første forsvarspunktet, særleg mot persarane. Så i Sighnaghi betalte ikkje folk skatt i klingande mynt i tidlegare tider, men gjennom innsatsen sin på slagmarka. Området var kjent som handelssenter for georgiarar, så vel som for handelsfolk som kom over fjella frå Dagestan.
Så blir det vinsmaking av ulike vinar og innføring i georgisk vintradisjon og produksjonsmåte. Deretter blir det ekte georgisk supra (fest) med alt det inneber av kalde og varme rettar, vinar, skåltradisjonar og talar. Etter denne fantastiske festkvelden tek bussen oss mette og fornøgde tilbake til hotellet i Tbilisi.
(F, L, M)
Etter frukost møtest vi for å høyre på Steinfeld sitt siste foredrag på turen Russlands bitre ord. Her kjem han til å trekkje trådane og summere opp det vi har sett, høyrt og lært den siste veka i dette spennande landet. Etterpå går vi saman til «fløybanen» og tek ho opp til toppen av Mtatsminda-fjellet med utsikt over heile Tbilisi. For dei som ønskjer det, kan ein saman med reiseleiar gå ned igjen til byen. På vegen kan vi stoppe i åssida ved kyrkja og gravstaden Pantehon med gravene til dei mest kjende georgiske forfattarane og samfunnspersonane.
Resten av dagen til fri disposisjon og ein siste sjanse til oppleve endå meir av Tbilisi sitt mangfald, eller kanskje ta ein siste shoppingrunde.
Om ettermiddagen gjer vi oss klare for museumsbesøk og avslutningsmiddag. Det blir ein tur til det etnografiske museet, der vi får sjå og lære om tradisjonell byggeskikk frå dei ulike regionane i Georgia. Deretter blir det middag med vin og ein meny med høgdepunkta frå dei ulike rettane vi har smakt på under turen vår.
(F, M)
Etter frukost køyrer bussen oss til flyplassen i Tbilisi. Med mellomlanding er vi tilbake på Gardermoen utpå ettermiddagen. For reisande til Bergen vert det fly vidare hit.
(F)