Skip to main content

Hebridane med Dag Lindebjerg

6. - 13. juli 2022.

I følgje National Geographic ligg Hebridene «på kanten av verda». Øygruppa består av over 500 større og mindre øyar, og i underkant av 100 av desse har busetnad. På turen vår skal vi gjere oss litt kjende med Isle of Skye på Indre Hebridane, samt med Ytre Hebridane - øyriket som tidlegare tilhøyrde Norge, men som no er ein del av Skottland. Saman med Dag Lindebjerg skal vi vitje fleire av øyane, lære litt om historia, samt oppleve kulturen og folket. Han vil med sin fengjande forteljarkunst dele sin kunnskap om både 6000 år historie og kvardagslivet i dag.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 6. juli. Frå Norge til Aberdeen, og vidare til Inverness

    Avreise frå Bergen om morgonen, med fly til Aberdeen.  

    På flyplassen i Aberdeen ventar bussen på oss og turen går i skotsk landskap over til Inverness, byen som ligg ved den nordaustlege enden av Caledoniakanalen. Denne kanalen skal vi stifte meir kjennskap til etter at vi har vore ute på Ytre Hebridane. På vegen over til Inverness vert det mellom anna stogg på Glenfiddich Whisky Destillery. Her får vi omvising og lunsj. Destilleriet sto ferdig i 1887 og rommar mykje historie. Ordet Glenfiddich er gaelisk, som på engelsk betyr «Valley of the Deer», dette forklarar hjortefiguren med det store geviret som du finn i logoen til Glenfiddich.

    Vi er framme i Inverness seint på ettermiddagen, og etter at vi har fått innlosjert oss, vil Dag Lindebjerg ta med seg dei som ønskjer det på ein liten rusletur i byen.  

    Felles middag på hotellet.
    (L, M)

  • Dag 2: Torsdag 7. juli. Inverness – Isle of Skye – Stonoway

    Etter ein god frukost set vi oss i bussen og køyrer mot øya «Isle of Skye». Dette er den største og nordlegaste av øyane som vert kalla Indre Hebridene. Øya vert knytt saman til «fastlands Skottland» med brua «Skye Bridge». Brua vart bygd so seint som på 90- talet som eit resultat av aukande turisme på 70- og 80- talet. Etter at brua kom, har Isle of Skye blitt eit endå meir attraktiv turistmål. Naturen, samt tettstaden Portree med sine farkerike hus, er berre noko av det som er verd få med seg. På veg til Isle of Skye vert det også ein stogg ved Eilean Donan Castle. Dette slottet frå 1300- talet er kanskje det mest ikoniske slottet i heile Skottland, grunna den fantastiske plasseringa si. Dette blir ein lang og innhaldsrik dag i vakker natur.

    Ferja ut til ytre Hebridene går frå Uig (Isle of Skye) kl. 19.00, med ankomst Tarbert kl. 20.40. Vidare køyrer vi over til hovudstaden på ytre Hebridene – Stornoway. Vi brukar ein god time nordover på øya.  

    Denne dagen er det felles lunsj undervegs, samt eit enkelt kveldsmåltid når vi kjem til hotellet.
    (F, L, Kveldsmåltid)

  • Dag 3: Fredag 8. juli. Rundtur nord på Lewis

    Etter ein god frukost tek Dag Lindebjerg med seg den som vil på ein rusletur i sentrum av Stornoway. Byen har mykje historie knytt til både vikingtid og fiskeri med meir. Denne føremiddagen er det også høve til å gå litt rundt i byen på eiga hand for dei som vil det. Lunsj er ikkje inkludert denne dagen, men spør gjerne reiseleiar om tips.

    På tidleg ettermiddag reiser vi nordover i buss på ein liten rundtur. Vi skal mellom anna vitje Arnold Blackhouses og Port Ness.

    Felles middag på hotellet. 
    (F, M)

  • Dag 4: Laurdag 9. juli. Rundtur vest på Lewis

    Denne dagen vert det rundtur vestover på Lewis. Vi skal vitje restane av gamle bustadar, Vikinglandsby, Calanais Standing Stones og mykje meir. Dag Lindebjerg tek oss med rundt og deler raust av sin kjennskap til øyane og historia. Det vert felles lunsj på turen. Felles middag på kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Søndag 10. juli . Køyre Hebridene på langs

    Etter frukost set vi kursen sørover. I dag skal vi køyre store delar av Hebridene på langs. Vi passerer mellom anna dei fantastiske strendene på Harris, vi skal krysse ”Sound of Harris” med ferje og køyre over øyene North Uist, Benbecula og South Uist. Heilt sør på øya South Uist skal vi overnatte to netter på gjestehuset Polochar Inn. Felles lunsj undervegs og middag på Polochar Inn.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Måndag 11. Juli. Øyene Barra og Vatersay

    Ny dag, ny øyar. I dag reiser vi over til øya Barra, ei av dei to sørlegaste øyane der det endå bur folk på ytre Hebridene. Her skal vi vitje tettstaden Castlebay «hovudstanden» på Barra. Stadnamnet Castelbay kjem av middelalderslottet «Kisimul Castle» som ligg plassert på ein holme ute i vika. For å komme ut til Kisimul Castle blir vi frakta med båt.

    Flyplasstranda på Barra er også verdt ein titt. Flya som skal lande her, er avhengige av tidevatnet for å kunne lande, då landingsstripa er stranda.

    Etter lunsj køyrer vidare ut til Vatersey, øya som er den sørlegaset bebudde øya på ytre Hebridene. Øya er knytt saman med Barra av ein molo.

    Undervegs på heile turen vil Dag Lindebjerg dele av sin kjennskap til øyane, historia og folket.  

    Felles middag på Polochar Inn.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Tysdag 12. juli. Ferje over til fastland-Skottland og nordover langs Caledoniakanalen

    Tidleg avreise for å ta ferje tilbake til Mallaig og fastlands-Skottland.

    Vi køyrer derifrå i retning byen Fort Williams som ligg ved den sørvestlege enden av Caledoniakanalen. Herifrå følgjer vi kanalen nordover tilbake til Inverness. Caledoniakanalen med tilhøyrande innsjøar er omlag 100 kilometer, der ca. ein tredjedel er tillaga. Kanalen som vart ferdigstilt i 1822 har mykje aktivitet. I Fort Augustus kryssar vi kanalen og fortsett langs innsjøen Loch Ness. I landsbyen Drumnadrochit vert det felles lunsj, før ein kan velje litt kva ein vil gjere. Loch Ness- sjøormsenteret (ikkje inkludert) ligg her, i tillegg til ruinane etter middelalderborga Urquhart Castle (ikkje inkludert).

    Overnatting på Inverness Palace Hotel og Spa.
    Felles middag på kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Onsdag 13. juli. Retur til Norge

    Tid for å pakke kofferten for heimreise. Etter ein god frukost i Inverness går turen gjennom Nationalparken Cairngorms. Det vert nokre stogg på vegen, samt felles lunsj. 

    Avreise frå Aberdeen med fly til Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
6/7BergenHebridaneMeir enn 831 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo