Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 24. juni - Frå Norge til Aberdeen, og vidare til Inverness

    Avreise frå Bergen med fly til Aberdeen. På flyplassen i Aberdeen ventar bussen på oss, og turen går i vakkert skotsk landskap over til Inverness. Vi passerer små og større landsbyar, grøne åssider og gamle gardshus. Inverness ligg ved den nordaustlege enden av Caledoniakanalen, kanalen som er om lag 100 km lang og går gjennom Skottland frå Inverness i aust til Fort Williams i vest. Kanalen skal vi også stifte meir kjennskap til etter at vi har vore ute på Ytre Hebridane. Det vert lunsj undervegs på bussturen.

    Vi er framme i Inverness på ettermiddagen og sjekkar vi inn på hotellet vårt, før dei som ønskjer det, kan bli med Dag Lindebjerg på ein liten rusletur i området der vi bur.  Felles middag på hotellet.
    (L, M)

  • Dag 2: Tysdag 25. juni - Inverness, Isle of Skye og Stonoway

    Etter ein god frukost set vi oss i bussen og køyrer mot øya Isle of Skye. Dette er den største og nordlegaste av øyane som vert kalla Indre Hebridane. Øya vert knytt saman til fastlandskottland med brua Skye Bridge. Brua vart bygd så seint som på 90-talet, som eit resultat av aukande turisme på 70- og 80-talet. Etter at brua kom, har Isle of Skye blitt eit endå meir attraktiv turistmål. Den spesielle naturen og tettstaden Portree med sine fargerike hus, er berre noko av det som er verdt få med seg. På veg til Isle of Skye vert det også ein stopp ved Eilean Donan Castle. Dette slottet frå 1300-talet er kanskje det mest ikoniske slottet i heile Skottland, grunna den fantastiske plasseringa si. Dette blir ein lang og innhaldsrik dag i vakker natur. Det er felles lunsj undervegs.

    Ferja ut til ytre Hebridene går frå Uig (Isle of Skye) tidleg kveld, og vi er framme etter knappe to timar. Vidare køyrer vi over til hovudstaden på Ytre Hebridane – Stornoway. Vi er framme i Stornoway utpå kvelden.
    (F, L)

  • Dag 3: Onsdag 26. juni - Rundtur nord på Lewis

    Etter ein god frukost tek Dag Lindebjerg med seg dei som vil på ein rusletur i sentrum av Stornoway. Byen har mykje historie knytt til både vikingtid og fiskeri. Denne føremiddagen er det også høve til å gå litt rundt i byen på eiga hand for dei som vil det. Lunsj er ikkje inkludert i dag, men spør gjerne reiseleiar om tips.

    På tidleg ettermiddag reiser vi med buss nordover på ein liten rundtur. Vi skal til den vakre landsbyen Port Ness der også fyret But of Lewis Lighthouse ligg.

    Felles middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 4: Torsdag 27. juni - Rundtur vest på Lewis

    Denne dagen vert det rundtur vestover på Lewis. Vi skal blant anna vitje vikinglandsbyen Gerrannen Blackhouses, Calanais Standing Stones, Bosta Beach og mykje meir.

    Steinane som dannar Calanais Standing Stones formar både ein sirkel og ein kross. Sirkelen er den eldste delen og er datert heilt tilbake til år 2900 f.Kr. Dag Lindebjerg deler raust og entusiastisk av sin kjennskap til stadene vi vitjar. Det vert felles lunsj denne dagen.

    Felles middag på kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Fredag 28, juni - Køyre Hebridane på langs

    Etter frukost set vi kursen sørover. I dag skal vi køyre store delar av Hebridane på langs. Vi dreg gjennom vakker natur og passerer blant anna dei fantastiske strendene på Harris. Det er svært langgrunt utanfor Hebridene, og strendene er noko av det mest fascinerande med landskapet her. Det er stor forskjell på flo- og fjøresjø.

    Sørover kryssar vi Sound of Harris med ferje og køyrer vidare over øyane Berneray, North Uist, Grimsay, Benbecula og South Uist, i tillegg til fleire mindre holmar. Her, med Nord-Atlanteren som nærmaste nabo, passerer vi grender og bygder, gardar og fiskeri. Vi brukar dagen godt og legg opp til nokre beinstrekk undervegs. Heilt sør på øya South Uist skal vi overnatte to netter på gjestehuset Polochar Inn.

    Det vert felles lunsj undervegs og middag på Polochar Inn.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Laurdag 29. juni - Øyane Barra og Vatersay

    I dag reiser vi over til øya Barra, ei av dei to sørlegaste øyane der det enno bur folk på Ytre Hebridane. Her skal vi vitje tettstaden Castlebay, hovudstaden på Barra. Stadnamnet Castlebay kjem av middelalderslottet Kisimul Castle, som ligg plassert på ein holme ute i vika.

    Flyplasstranda på Barra er også verdt ein titt. Flya som skal lande her, er avhengige av tidevatnet, då landingsstripa er ei sandstrand.

    Vatersay er den sørlegaste øya på Ytre Hebridane, der det bur folk. Øya er knytt saman med Barra av ein molo. Ut hit køyrer vi også ein tur for å beundre dei vakre strendene.

    På ettermiddagen dreg vi tilbake til South Uist og Polochar Inn, og nyt kvelden her i hyggeleg selskap. Det blir felles middag på kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Søndag 30. juni - Ferje over til fastland-Skottland og nordover langs Caledoniakanalen

    Tidleg avreise frå Polochar Inn for å ta ferje over til Mallaig og fastlandsskottland. Vidare køyrer vi til  byen Fort Williams som ligg ved den sørvestlege enden av Caledoniakanalen. Herifrå følgjer vi kanalen nordover tilbake til Inverness. Caledoniakanalen med tilhøyrande innsjøar er omlag 100 kilometer og vart bygd ferdig i 1822.  I Fort Augustus kryssar vi Caledoniakanalen og fortset til Inverness for overnatting på hotellet vårt der. Denne kvelden nyt vi ein siste felles middag.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Måndag 1. juli - Stonehaven og retur til Norge

    Tid for å pakke kofferten for heimreise. Etter ein god frukost i Inverness går turen gjennom det skotske høglandet og nasjonalparken Cairngorms. Nasjonalparken er Storbritannias største, med store skogar, fjell og elvar. Vi køyrer over til Stonehaven, ein fin hamneby litt sør for Aberdeen der vi skal ha felles lunsj. Her finner du også dei historiske og spektakulære slottsruinane etter Dunotter Castle. Etter lunsjen køyrer vi til flyplassen i Aberdeen for fly til Bergen.
    (F, L)