Skip to main content

Historietur til Kreta med Terje Tvedt - Seks forelesingar om verdshistoria

17. - 24. oktober 2023.

Kan du tenke deg å få eit overblikk over sentrale deler av verdshistoria på ei veke? På denne turen får du oppleve daglege foredrag frå professor Terje Tvedt om verdshistoria - heilt frå dei første sivilisasjonane og fram til i dag. Han vil i desse foredraga sjå på denne historia med Middelhavet/Kreta og Noreg som utgangspunkt, for å gjere Kreta tydelegare for oss med vår norske bakgrunn. Tvedt er velkjend som forskar og formidlar, og bøkene hans om verdshistoria og Nilen har vorte bestseljarar og er blitt omsett til mange språk. Han har og vore forfattar av og programleiar for fleire TV-dokumentarar om verdshistoria og vassvegane som er blitt viste over heile kloden.

Vi bur godt på eit sentralt hotell i den tradisjonsrike byen Chania, som mange meiner er den vakraste på Kreta. Byen har ei spennande historie, ein rik kulturarv og ein pittoresk atmosfære som har tiltrekt reisande i lange tider. Kreta har hatt ein svært viktig rolle i europeisk historie, med den sentrale plasseringa si i Middelhavet.

Det blir felles dagsutflukt til Heraklion og det verdskjende Knossos-palasset. Vi arrangerer også  utflukt til ein vingard, oldtidsbyen Rethymno og til den vakre Elafonissi-stranda som er kjend for den rosenraude sanden sin. Elles blir det god tid til å oppleve øya i sitt eige tempo, senke skuldrane og kose seg under den greske sola. Det ligg også flotte badestrender like inntil byen.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 17. oktober - Velkommen til Kreta

    Avreise frå Gardermoen med direktefly om morgonen. Deltakarar frå andre byar ordnar sjølve med reise til Oslo eller kontaktar Fotefar for flytilknytingar. Etter vel fem timar landar flyet på flyplassen ved byen Chania. Når vi har fått bagasjen, køyrer bussen vår oss til det koselege hotellet som ligg midt i byen. Her har alle romma eigen balkong. Etter vi har sjekka inn, slappar vi av på romma før vi møtest til eit velkomstmøte. Her vil reiseleiaren frå Fotefar fortelje om opplegget og det ein kan vere med på gjennom veka. Deretter vil Terje Tvedt halde sitt første foredrag, som tek føre seg synet på historia sett frå Kreta og Norge.

    Så er det duka for velkomstmiddag på hotellet. Vi tek ein skål og blir kjende med kvarandre.
    (M)

  • Dag 2: Onsdag 18. oktober - Historisk guiding i Chania

    Etter ein lang og god frukost vil Terje Tvedt halde si andre forelesing, og temaet blir: Dei første sivilisasjonane. Frå Sumer via Egypt, til Nilen og Middelhavet.

    Deretter kjem ein lokal guide og møter oss på hotellet. Guiden startar med å fortelje litt om Kreta og om byen Chania både i fortid og notid. Chania er ein passeleg stor by med om lag 60.000 innbyggjarar og er delt i to med den gamle og den nye, meir moderne delen. Sentrum av byen ligg i den nye delen, tett inntil gamlebyen som omkransar den gamle hamna, der det historiske venetianske fortet ligg. Guiden tek oss med på ei historisk vandring i den spennande byen som er påverka av så mange ulike kulturar ved Middelhavet.

    Det bli lunsj på eiga hand i gamlebyen. Den lokale guiden viser oss gode restaurantar med gresk atmosfære. Etter lunsj er det tid til å utforske Chania og kanskje gå ein tur til badestranda som ligg nokså nær sentrum.

    Om kvelden blir det middag på eiga hand på hotellet eller ute i byen. Reiseleiar viser gruppa kvar ein finn gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 3: Torsdag 19. oktober - Roleg dag i Chania

    Dagens tema for forelesing er den moderne verdas framvekst. Vatnets makt og historias hjul: Kvifor var det Storbritannia som bringa verda ut av jordbrukssivilisasjonens tidsalder og ikkje Middelhavslanda?

    Resten av dagen har vi til eigen disposisjon. Det er mykje ein kan nytte denne fritida til. Vi kan til dømes tilrå å bruke ein del tid på marknaden i gata Akti Kanari i den nordvestlege delen av Chania. Her vil du oppleve eit yrande folkeliv. Andre vil kanskje vandre litt meir rundt om i byen. Her finst fleire trivelege uterestaurantar og kaféar ein kan slå seg ned på med ein kopp kaffi eller eit glas vin. På stranda kan ein slappe av, kose seg og observere folkelivet.

    Denne kvelden et vi middag på eiga hand. Det er triveleg om deltakarane dannar mindre grupper og et saman.
    (F)

  • Dag 4: Fredag 20. oktober - Felles utflukt til Knossos

    Etter frukost blir det heildagstur til Knossos, dette store palasset som vart bygt gradvis opp i tidsrommet mellom 1700 til 1400 f.Kr. Det høyrer til den minoiske sivilisasjonen, som ikkje berre er starten på den greske kulturhistoria, men er vogga til heile den europeiske kulturarven.

    Ruinane på Knossos vart oppdaga i 1878. Ein starta med utgravinga like etter, men det var først kring år 1900 at denne prosessen og restaureringa skaut fart. Berre etter ei kort tid hadde ein avdekka ei kompleks samling av mange rom som var knytte saman i ein labyrint på ein utruleg måte. Etter kvart fann ein om lag 1300 rom der fleire var lager for mat og vin, andre for religiøse og administrative formål og atter andre brukt til bustader.

    Det er imponerande å få innblikk i korleis palasset fekk tilført reint vatn og kva innretningar ein hadde for avfallsvatn og system for kloakk. Alt dette og mykje meir om Knossos får du høyre om på denne turen. Det blir også eit besøk i byen Heraklion og på det verdskjende arkeologiske museet der. Vi samlar oss på ein triveleg restaurant i Heraklion og et lunsj. Kanskje er det dagen for ein ekte gresk salat? Kva med grilla fisk rett frå havet, eller kanskje den greske nasjonalretten moussaka?

    Det er om lag to timar køyretid med buss frå Chania til Knossos. Vi reiser gjennom eit vakkert og variert landskap, så denne turen er i seg sjølv ei naturoppleving. Heile dagsutflukta tek totalt om lag ti timar.

    Tilbake i Chania kan vi slappe av på hotellet, før det blir middag på eiga hand.
    (F, L)

  • Dag 5: Laurdag 21. Oktober - Roleg dag i Chania eller utflukt til oldtidsbyen Aptera og vakre Rethymno

    Etter gårsdagens utflukt til Knossos får vi i dag ei forelesing der tittelen er: Vasskontrollens historie: Frå Egypt til Kreta og Knossos og krigen om vatnet i Ukraina.

    Etter frukost og forelesing er dette også ein dag der turdeltakarane kan velje å ha ein roleg og avslappande dag i den vakre byen vår. Kvar laurdag er det  ein stor marknad i gata Minoos som ligg like ved hamna, der dei lokale innbyggjarane sel produkta sine. Her kan vi prøvesmake og kjøpe alle mogelege matvarer som oliven, fisk, ostar, grønsaker og fleire sortar eksotiske frukter.

    Alternativt kan du bli med på ein halvdagsutflukt til oldtidsbyen Aptera og vakre Rethymno. Bussen vår hentar oss på hotellet, og vi set kursen nordvest. Etter vel 20 minutt på vegen stoppar vi i Aptera. Her får vi ein guida tur gjennom dei velhaldne ruinane av det som ein gong var ein av dei største og mektigaste bystatane i den vestlege delen av Kreta.

    Vi held fram turen langs kysten. Etter ein god halvtime er vi framme i Rethymno. Dette er ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Hellas. Guiden viser oss bygningar med jødisk, gresk, venetiansk og kristen påverknad. Til sist endar vi opp i den koselege hamna, der det blir lunsj på ein taverna. Heile turen tek om lag 5 timar. Denne utflukta kan leggast til i bestillinga di med eit pristillegg.

    Middag på eiga hand i Chania.
    (F)

  • Dag 6: Sundag 22. oktober - Bydag i Chania, avslapping på stranda eller utflukt til Kolymbari-distriktet

    Etter ein god frukost får vi dagens forelesing frå Terje. I dag er tittelen: Imperienes historie. Frå osmanaranes rike til i dag.

    Når fellesforelesinga er ferdig, kan du gjerne ta ein roleg dag i Chania der du sjølv bestemmer kva du vil nytte tida til. Fleire vil gjerne gå i sitt eige tempo og utforske byen litt meir.

    Eit anna alternativ er å vere med på ei halvdagsutflukt med eit variert program til den grøne og frodige vestlege delen av øya. På vegen passerer vi små landsbyar og fjellmassivet Lefka Ori med fleire toppar på over 2000 moh. Vel framme i Kolymbari-området er første stopp eit besøk i St. Johns-grotta. Deretter skal vi til ein olivengard der vi får eit innblikk i korleis produksjonen går føre seg. Vi får smake ulike typar olivenolje, servert med nybakt brød tilsett salt, oregano og sitron. Det blir også høve til å kjøpe med seg denne svært gode kolymbariske olivenoljen.

    Neste stopp er det lokale øl-bryggeriet Charma. I kjellararen som duftar av malt og humle, får vi vere med å sjå korleis dei bryggar det lokale ølet. Vi skal sjølvsagt også smake på produkta!

    I Neriana ventar det lunsj på ein god taverna før vi køyrer attende til Chania.

    Denne utflukta kan leggast til i bestillinga di med eit pristillegg.

    Middag på eiga hand om kvelden. Kanskje gruppa har funne seg ein restaurant med gresk atmosfære, som kan fungere som møteplassen vår?
    (F)

  • Dag 7: Måndag 23. oktober - Utflukt til Elafonissi- stranda og avslutningsmiddag med song og dans

    Etter frukost tek vi med oss morgonkaffien inn i konferansesalen og nyt den siste forelesinga til Terje Tvedt, der han summerer opp ved å snakke om Klima og historia; frå dei første sivilisasjonane via Knossos og Mayaene og heim til Norge.

    Resten av dagen har vi til eigen disposisjon i vakre Chania. Vi nyt denne dagen på hotellet og i byen. Dei som har lyst, kan bli med på ei utflukt til den spesielle badestranda Elafonissi.

    Grunna avsettinga frå farga muslingskal har sanda her ein lyseraud nyanse som står i kontrast til det azurblå vatnet. Stranda ligg eit stykke unna dei travle byane i eit vakkert naturområde blant imponerande fjell. Der er fleire små klippebukter ein kan søke seg til for fred og ro, så vel som ei hovudstrand med solsenger og parasollar. Her kan du verkeleg slappe av, bade i sjøen, lese i boka di, kjøpe deg noko godt å ete og elles nippe til eit glas vin og kose deg.  Er du heldig, får du kanskje sjå den truga havskilpadda Caretta Caretta som trivst her.

    Om kvelden samlast gruppa til felles avskjedsmiddag på ein lokal restaurant. I tillegg til god mat får vi servert gresk folkemusikk ein kan svinge seg til utover kvelden!
    (F, M)

  • Dag 8: Tysdag 24. oktober - Tid for heimreise

    Så er vi komne til den siste dagen på turen vår. Vi nyt ein god frukost før vi sjekkar ut av romma. Bussen hentar oss på hotellet og køyrer oss til flyplassen. Fulle av gode opplevingar, ny kunnskap, nye vener og litt solbrende, vender vi nasen heim mot nord med direktefly.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
17/10OsloChania319 950,-BestillMer informasjon
17/10Chania
Utan flyreise
715 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo