I det sørlege Afrika med Globusrulett

1. - 16. november 2027.

Bli med på ei heilt spesiell reise frå Johannesburg til Cape Town, gjennom tre land: Sør-Afrika, eSwatini og Lesotho. Du får oppleve safari i Hlane Royal National Park i eSwatini, der dei einaste løvene i landet lever, Drakensberg-fjella på UNESCO si verdsarvliste og den 192 meter høge Maletsunyane-fossen i Lesotho, «kongeriket i himmelen». Vidare går reisa langs Garden Route og forbi pingvinane i Betty's Bay, før vi avsluttar med tre netter i Cape Town med Robben Island, vinsmaking, Kapp det gode håp og Table Mountain. I november er det vår på den sørlege halvkula, og reisa gir eit etterlengta avbrekk frå mørketida heime.

Med på heile turen er journalist Thorkild Gundersen og globetrotter Gunnar Garfors frå reisepodkasten Globusrulett. Dei deler kunnskap og forteljingar frå reisene sine til alle verdas land, og med dei i bussen blir også dei lange etappane ein del av opplevinga, blant anna med ein geografiquiz undervegs.

Med Fotefar er fly, transport, overnatting, safariar og inngangar ordna på førehand, og du har lokal guide og reiseleiar frå Fotefar med deg heile vegen. Då kan du konsentrere deg om opplevingane, saman med Thorkild, Gunnar og resten av reisefølget. Dette er ei reise for deg som likar å oppleve mykje og kome tettare på landa du besøker.

Pris frå:
89 950,-
Dagar: 15
Inkludert:
  • Flyreise Oslo – Johannesburg og Cape Town – Oslo (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • All busstransport som vist i programmet, inkludert transport mellom flyplass og hotell
  • 13 overnattingar på hotell og lodgar
  • 13 frukostar
  • 6 middagar
  • 2 lunsjar og 1 matpakke
  • Lokal guide på heile turen
  • To safariar i Hlane Royal National Park, inkludert naturvernavgift
  • Lokal sightseeing i Lesotho og utsiktspunktet ved Maletsunyane-fossen
  • Kystruta via Hermanus og Betty's Bay på dag 12
  • Robben Island, inkludert ferje
  • Vinsmaking på Groot Constantia
  • Inngang til Cape Point
  • Taubane opp på Table Mountain
  • Thorkild Gundersen og Gunnar Garfors frå Globusrulett er med på heile turen
  • Reiseleiar frå Fotefar
Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 38 745,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips
  • Valfritt lagunecruise i Knysna
  • Minimum tal deltakarar: 20 personar
  • Maksimalt tal deltakarar: 32 personar
Transporttype: Fly

Viktig informasjon

Informasjon om innreise, helse og fysisk form

Innreise og visum: Norske borgarar må ha gyldig pass. Vi kryssar fleire landegrenser undervegs, så passet må vere med på heile reisa.

Helse: Snakk med fastlegen eller eit vaksinasjonskontor i god tid før avreise om vaksinar.

Fysisk form: Turen har fleire lange køyredagar, blant anna med grusveg inn til Semonkong i Lesotho. Dag 8 har ein kort fottur på om lag 2 km kvar veg. Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Hotellstandarden kan variere frå det vi er vane med frå hotell med tilsvarande klassifisering i Europa.

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 1. november - Oslo - Johannesburg

    Vi møtest på Gardermoen og flyg til Johannesburg med nattfly.

  • Dag 2: Tysdag 2. november - Johannesburg - Ezulwini-dalen i eSwatini

    Vi landar i Johannesburg, den største byen i Sør-Afrika, som voks fram etter gullfunna i 1886. På flyplassen blir vi møtte av den lokale guiden vår, og så set vi kursen austover mot eSwatini.

    Det vesle kongedømet heitte Swaziland fram til 2018, då kong Mswati III gav landet namnet eSwatini, «landet til swaziane». Kongen har styrt sidan 1986, og eSwatini blir rekna som det siste absolutte monarkiet i Afrika. Vi bur i Ezulwini-dalen, «Himmeldalen», like ved Lobamba, som er sete for kongehuset og nasjonalforsamlinga. Om kvelden blir det velkomstmiddag.
    (M)

    Tysdag 2. november - Johannesburg - Ezulwini-dalen i eSwatini
  • Dag 3: Onsdag 3. november - Hlane Royal National Park

    Etter frukost køyrer vi om lag halvannan time til Hlane Royal National Park, det største verneområdet i eSwatini. Hlane tyder villmark, og området var i si tid jaktmarka til kongefamilien. I dag er det nasjonalpark, og kongen held det i varetekt for nasjonen. Her lever dei einaste løvene i landet, saman med elefantar, kvite nashorn og eit rikt fugleliv.

    Etter innsjekking og lunsj på eiga hand dreg vi om ettermiddagen ut på den første safarien, i safaribilar saman med lokale viltguidar. Med litt flaks kjem vi tett på fleire av dei store dyra. Vi overnattar inne i parken.
    (F)

    Onsdag 3. november - Hlane Royal National Park
  • Dag 4: Torsdag 4. november - Morgonsafari og tilbake til Ezulwini-dalen

    Vi står tidleg opp for ein ny safari. Morgontimane er ei fin tid for å sjå dyr, og lyset over savannen er då på sitt finaste. Etter frukost køyrer vi tilbake til Ezulwini-dalen, der resten av dagen er fri til å slappe av eller sjå seg om på eiga hand. Om kvelden et vi middag saman.
    (F, M)

    Torsdag 4. november - Morgonsafari og tilbake til Ezulwini-dalen
  • Dag 5: Fredag 5. november - eSwatini - Nord-Drakensberg

    Vi kryssar grensa tilbake til Sør-Afrika og køyrer til Nord-Drakensberg i provinsen KwaZulu-Natal. Køyreturen tek om lag 5,5–6,5 timar utan stopp, og landskapet endrar seg undervegs frå det subtropiske eSwatini til høglandet ved foten av fjella. På dei lange etappane deler Thorkild og Gunnar kunnskap og forteljingar frå reisene sine til alle verdas land.

    Drakensberg tyder drakefjella, og fjellkjeda dannar grensa mot Lesotho. Fjellområdet står på UNESCO si verdsarvliste, både for naturen og for bergkunsten som san-folket har laga her gjennom 4 000 år. Her bur vi to netter.
    (F)

    Fredag 5. november - eSwatini - Nord-Drakensberg
  • Dag 6: Laurdag 6. november - Fridag i Drakensberg

    Dette er ein dag til fri disposisjon i fjellheimen. Nord-Drakensberg er kjend for Amfiteateret, ein fjellvegg som er om lag fem kilometer lang og rundt 1 000 meter høg. Frå toppen stuper Tugela-fossen ned i fleire fall på til saman nær 950 meter, og fossen blir rekna som ein av dei høgaste i verda. Nyt fjellufta, ta ein tur i nærområdet på eiga hand eller slapp av på hotellet.
    (F)

  • Dag 7: Søndag 7. november - Drakensberg - Maseru - Semonkong i Lesotho

    Vi reiser tidleg om morgonen og køyrer via Harrismith og Ficksburg til grensa mot Lesotho. Det vesle kongedømet er heilt omslutta av Sør-Afrika, og det er det einaste landet i verda der heile landet ligg meir enn 1 000 meter over havet. Det har gitt Lesotho tilnamnet «kongeriket i himmelen». I hovudstaden Maseru stoppar vi for lunsj på eiga hand.

    Derfrå held vi fram til Semonkong, om lag 130 kilometer og tre timar gjennom fjellandskapet. Namnet tyder «staden med røyk», etter vassrøyken frå Maletsunyane-fossen like ved. Den siste delen inn mot lodgen er grusveg. Middag og overnatting i Semonkong.
    (F, M)

    Søndag 7. november - Drakensberg - Maseru - Semonkong i Lesotho
  • Dag 8: Måndag 8. november - Maletsunyane-fossen og Orange River - Komani

    Om morgonen besøker vi utsiktspunktet ved Maletsunyane-fossen. Her kastar elva seg 192 meter rett ned i eit djupt juv, og fossen er eitt av dei høgaste og flottaste frie fossefalla i Afrika. Deretter køyrer vi 3,5–4 timar til samløpet mellom Makhaleng og Orange River, som heiter Senqu i Lesotho. Orange River er den lengste elva i Sør-Afrika og renn om lag 2 200 kilometer frå høglandet i Lesotho til Atlanterhavet. Samløpet er det lågaste punktet i Lesotho, 1 400 meter over havet. Ingen andre land har eit lågaste punkt som ligg så høgt. Her går vi ein kort tur på om lag 2 km kvar veg og et matpakke.

    Vi kryssar grensa tilbake til Sør-Afrika og køyrer vidare til Komani i provinsen Eastern Cape. Byen heitte Queenstown fram til 2016 og vart grunnlagd i 1853, og det sekskanta torget i sentrum skulle gjere byen lettare å forsvare. Dette er ein lang dag med mykje køyring, men ein geografiquiz av Gundersen og Garfors gjer ferda «kortare». Middag og overnatting i Komani.
    (F, L, M)

  • Dag 9: Tysdag 9. november - Komani - Makhanda - Knysna

    Vi held fram sørover gjennom Eastern Cape mot kysten. Midt på dagen stoppar vi for lunsj på eiga hand i universitetsbyen Makhanda. Byen heitte Grahamstown fram til 2018 og har no namn etter xhosa-krigaren og profeten Makhanda, som leidde eit åtak på den britiske garnisonen her i 1819. Makhanda er heimbyen til Rhodes University, grunnlagt i 1904, og elles til National Arts Festival, ein årleg kunst- og kulturfestival med røter tilbake til 1974.

    Om ettermiddagen køyrer vi vidare til Knysna, midt på Garden Route. Det er namnet på kyststrekninga mellom Mossel Bay og Storms River, med skogar, lagunar og lange strender. Dette er òg ein lang køyredag. I Knysna bur vi to netter.
    (F)

  • Dag 10: Onsdag 10. november - Fridag i Knysna

    Knysna ligg ved ein stor lagune som opnar seg mot Det indiske hav mellom to bratte sandsteinsklipper, The Heads. Byen er kjend for østers, for skogane rundt og for det avslappa livet langs Knysna Waterfront. Nordmannen Charles Wilhelm Thesen har sett sitt preg på byen. På 1800- og 1900-talet slo han seg opp her innan shipping og handel med tømmer. Dagen er fri til å utforske byen og lagunen på eiga hand. Det er mogleg å bestille eit lagunecruise mot tillegg. Felles middag om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 11: Torsdag 11. november - Knysna - Mossel Bay

    Vi køyrer langs Garden Route til Mossel Bay, om lag 1,5–2 timar. Her gjekk portugisaren Bartolomeu Dias i land 3. februar 1488, som den første europearen som hadde segla rundt sørspissen av Afrika. I åra etter la sjøfolk igjen brev til kvarandre ved eit tre nær stranda. «Posttreet» står framleis, og i dag står det ei postkasse forma som ein støvel ved treet. Legg du eit adressert kort eller brev i kassa, er det ikkje umogleg at det blir levert til adressaten av ein frivillig postmann eller -kvinne.

    Ettermiddagen er fri. For dei som vil, tilrår vi eit besøk på Bartolomeu Dias-museet på eiga hand (ikkje inkludert i turprisen). Der står ein kopi i full storleik av karavellen til Dias, bygd i Portugal og segla til Mossel Bay til 500-årsmarkeringa i 1988. Overnatting i Mossel Bay.
    (F)

  • Dag 12: Fredag 12. november - Kystvegen via Hermanus og Betty's Bay til Cape Town

    Vi reiser tidleg, om lag kl. 07.30, og tek den naturskjønne kystruta mot Cape Town. Første stopp er Hermanus ved Walker Bay, som blir rekna som ein av dei beste stadene i verda for å sjå kval frå land. Sørkaperane kjem hit kvart år frå juni til november for å pare seg og kalve, og vi er her heilt i slutten av sesongen. Med litt flaks får vi sjå kval frå klippene.

    I Betty's Bay besøker vi Stony Point, der ein koloni av afrikanske pingvinar har slått seg ned på tomta til ein gammal kvalfangststasjon. Frå ein gangveg av tre kan vi sjå pingvinane på nært hald utan å uroe dei. Her et vi også lunsj. Vi kjem fram til Cape Town om ettermiddagen. Byen ligg ved foten av Table Mountain og vart grunnlagd i 1652 som forsyningsstasjon for skipa til det nederlandske ostindiske kompaniet. Her bur vi tre netter.
    (F, L)

    Fredag 12. november - Kystvegen via Hermanus og Betty's Bay til Cape Town
  • Dag 13: Laurdag 13. november - Robben Island og vinsmaking

    Klokka 09.00 tek vi ferja frå V&A Waterfront til Robben Island. Øya har vore brukt som fangeøy sidan slutten av 1600-talet, og under apartheid-tida sat politiske fangar her. Nelson Mandela sat fengsla på øya i 18 av dei 27 åra han var i fangenskap. Fleire av guidane er sjølve tidlegare fangar, og vi får sjå cella til Mandela. Sidan 1999 har Robben Island stått på UNESCO si verdsarvliste. Besøket tek om lag 3,5 timar med båtturen.

    Etter lunsj på eiga hand ved V&A Waterfront køyrer vi til Groot Constantia, den eldste vingarden i Sør-Afrika. Her har det vore laga vin utan avbrot sidan 1685, då Simon van der Stel, som styrte Kappkolonien for det nederlandske ostindiske kompaniet, fekk tildelt jorda. Vi smakar på vinane frå garden. Felles middag om kvelden.
    (F, M)

    Laurdag 13. november - Robben Island og vinsmaking
  • Dag 14: Søndag 14. november - Kapphalvøya

    Denne dagen nyttar vi på Kapphalvøya. Vi køyrer via Hout Bay og, om vegen er open, Chapman's Peak Drive, ein ni kilometer lang veg med 114 svingar som er hoggen inn i fjellsida høgt over havet. Vidare går turen til Cape Point og Kapp det gode håp, det sørvestlegaste punktet på det afrikanske kontinentet. Mange trur at dette er sørspissen av Afrika, men det sørlegaste punktet er Kapp Agulhas, om lag 150 kilometer lenger søraust. Det var likevel her dei portugisiske sjøfararane runda kontinentet på veg mot India. På veg tilbake stoppar vi i marinebyen Simon's Town. Lett lunsj undervegs.
    (F, L)

    Søndag 14. november - Kapphalvøya
  • Dag 15: Måndag 15. november - Bo-Kaap, Table Mountain og heimreise

    Vi startar dagen i Bo-Kaap, bydelen i åssida under Signal Hill som er kjend for dei fargerike husa og brusteinsgatene. Bydelen voks fram frå 1760-åra og er den historiske heimstaden til dei muslimske kappmalayane, etterkomarar av menneske som nederlendarane førte hit som slavar. Her ligg Auwal-moskeen frå 1794, den eldste moskeen i Sør-Afrika.

    Deretter tek vi taubanen opp på Table Mountain (vêravhengig). Bana har gått sidan 4. oktober 1929, og planane vart i si tid lagde fram av ein norsk ingeniør. Fjellet er 1 086 meter høgt, og frå toppen ser vi ut over byen, Table Bay og Robben Island. Om ettermiddagen køyrer vi til flyplassen for kveldsfly heim.
    (F)

    Måndag 15. november - Bo-Kaap, Table Mountain og heimreise
  • Dag 16: Tysdag 16. november - Heimkomst

    Vi landar i Oslo etter ei innhaldsrik reise gjennom tre land.

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
1/11OsloSør-AfrikaMeir enn 889 950,-BestillMer informasjon