Skip to main content

I grenseland i nord med Hans-Wilhelm Steinfeld

19. - 23. august 2021.

Bli med på ein spennande tur nord til Kirkenes og Finnmark i grenselandet til Russland med Hans-Wilhelm Steinfeld. Med sine store kunnskapar vil han halde daglege foredrag om dei historiske relasjonane mellom landet vårt og den store naboen i aust. Dette er eit område med store variasjonar frå industri og gruveverksemd til svært vakker natur, som få nordmenn har besøkt. Er du i tillegg interessert i historie, så er denne turen midt i blinken. Viss reiserestriksjonane blir oppheva så grensa til Russland opnar att, tilbyr vi i tillegg ein ekstratur til byane Nikel og Zapoljarnyj.

Kirkenes og Varanger har ei svært sentral rolle i den nyare historia vår og 2. verdskrig. Knapt nokon by i Europa var utsett for så intens bombing som Kirkenes. Av dei om lag 450 husa stod berre 13 att etter krigen. Området var det siste som vart okkupert av tyskarane, og det første som fekk att fridomen då sovjetrussiske troppar kom dit 25. oktober 1944. Då var mange av folka i Finnmark tvangsevakuerte sørover, men i Kirkenes og i Sør-Varanger hadde så mange som mellom 2500 – 3000 personar søkt tilflukt og oppheldt seg i gruvene i Bjørnevatn. Alt dette dramatiske får vi vite mykje meir om, og gjennom utflukter vil vi sjå og oppleve naturen og dei historiske stadene i grenselandet mot Russland.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 19. august: Til Kirkenes

    Fly frå Oslo til Kirkens om morgonen. Tilknyting frå andre byar på førespurnad. Busstransport frå flyplassen til hotellet vårt der vi i første omgang set inn bagasjen vår. Deretter blir det felles lunsj der før vi får guiding rundt om i byen.

    Kirkenes er ikkje nokon gammal by. På 1800-talet budde det berre nokre få personar i området. I 1862 vart det bygd ei kyrkje på neset mellom Langfjorden og Bøkfjorden, og det gav namnet Kirkenes til den vesle busetnaden. I 1906 opna A/S Sydvaranger drift med utvinning av jernmalm i Bjørnevatn, og alt i 1910 var folketalet i tettstaden kome opp i 1015. Ved folketeljinga i 2018 hadde byen Kirkenes vel 3500 innbyggjarar.

    Denne ettermiddagen vandrar vi rundt i sentrum saman med reiseleiarane og blir kjende med byen. Om lag 10% av innbyggjarane er russarar, og vi oppdagar ganske snart at gatenamna står med både norske og russiske bokstavar. Sidan Kirkenes vart totalt øydelagd og jamna med jorda under krigen, bygde ein opp att byen i nokså raskt tempo, og vi finn få spennande bygningar og hus. Første stopp er på det romslege torget der vi finn Krigsmødrermonumentet. Kunstnaren Per Ung har utført dette vakre monumentet som vart avduka i 1994 til minne om lagnadene til kvinner og barn under krigen. Det viser ei ung mor med eit spedbarn i armane og ein liten gut som sit ved føtene hennar.

    På vandringa stoppar vi og kikkar på Frigjøringsmonumentet eller Russermonumentet som det blir kalla. Det er reist for å heidre Den raude armé sin innsats i frigjeringa av Aust-Finnmark i oktober 1944. Statuen på 2 meter står på ein 3,5 meter høg sokkel og føresteller ein ung, sovjetisk soldat med maskinpistol i hendene. Kunstnaren for monumentet er Stinius Fredriksen, og det vart avduka i 1952.

    Vi går så til Kirkenes bibliotek. Bygget er ei gåve frå norske lærarar som takk til befolkninga i Sør-Varanger for hjelp og støtte til dei arresterte lærarane som vart sende på tvangsarbeid dit i 1942. Bakgrunnen var motstandskampen til lærarane mot nazifiseringa av skulen gjennom medlemskap i nyoppretta Norsk Lærersamband. I mars 1942 vart 1100 mannlege lærarar arresterte og 641 av dei sende til Kirkenes på tvangsarbeid. Dei fleste kom til hovudleiren Stalag 322 i Elvenes, like ved sida av den store russarfangeleiren der, medan fleire vart internerte i leirar både i Kirkenes og i Sandnes. Lærarane lei mykje vondt, men hadde det langt betre enn russarane. Nazistyresmaktene måtte erklære Norsk Lærersamband som ein upolitisk organisasjon, og med det vart lærarane sende heim ut på hausten i 1942
    Etter vandreturen sjekkar vi inn på hotellet vårt, som ligg sentralt til i byen. Vi slappar av før vi møtest i konferansesalen på hotellet for den første forelesinga av Hans-Wilhelm Steinfeld: Russergrensa: Tusen års naboskap. Kola-nordmennene sin lagnad på 1930-talet.

    Om kvelden vert det fellesmiddag og bli-kjent-kveld på hotellet, der vi underheld kvarandre med historier og song.
    (L, M)

  • Dag 2: Fredag 20. august: Utflukt til Elvenes, Bjørnevatn og Pasvikdalen

    Etter frukost møtest vi i konferansesalen på hotellet og får forelesing med Steinfeld om følgjande emne: Fronten i nord under 2. verdskrig.

    Vi startar utflukta denne dagen til Elvenes der dei fleste av dei arresterte lærarane oppheldt seg i fangeleir i 1942. Dei arresterte lærarane vart sette til ymse arbeid, blant anna til vegarbeid på fylkesveg 354. For å heidre lærarane sin protest mot nazifiseringa av skulen, har lokalbefolkninga gitt denne vegen namnet Lærerveien. Like ved Elvenes ligg den russiske enklaven Boris Gleb. Under våpentilstanden i 1944 med sovjetrussarane vart det norske området rundt Boris Gleb avstått til Sovjetunionen.

    Deretter køyrer vi vidare til Bjørnevatn som har ein svært sentral plass i den norske krigshistoria. Bjørnevatn ligg 10 km frå Kirkenes og der låg jernmalmgruvene til A/S Sydvaranger. Malmen vart frakta med jernbane til utskipingshamna i Kirkenes. I desse gruvene forskansa mange nordmenn seg – kanskje så mange som 3000 personar - medan kampane mellom tyskarane og russarane rasa i området hausten 1944. Bjørnevatn vart rasert, men er bygd opp att. Vi får guiding i tettstaden og i gruvene.

    Lunsj på eiga hand i Bjørnevatn før vi køyrer sørover til den vesle bygda Svanvik som ligg ved nordenden av Svanevatn i Pasvik. Bygda har kyrkje, barne- og ungdomsskule og folkehøgskule. Øvre Pasvik nasjonalparksenter er også lokalisert her. Elles har Svanvik ein grensevaktstasjon på den norsk-russiske grensa. Vi besøkjer utsiktstårnet Høyde 96 som viser at denne observasjonsposten mot den russiske grensa er 96 meter høg.
    Bussen køyrer oss tilbake til Kirkenes og hotellet. Middag på eiga hand.
    (F)

  • Dag 3: Laurdag 21. august: Ekstratur til Nikel og Zapoljarnyj

    Etter frukost får vi forelesing av Hans-Wilhelm Steinfeld med følgjande tittel: Den sovjet-russiske frigjeringa av Aust-Finnmark 1944. Eit sentralt spørsmål har vore kvifor Stalin frivillig trekte Den raude armé ut av Norge, som det einaste land kor han gjorde dette? Steinfeld vil også fortelje om repatriering av ca. 100 000 sovjetiske krigsfangar i Norge i 1945 og den tragiske lagnaden deira med deportasjon til Sibir etter heimkomsten. Ved krigens slutt stod sovjetrussarane i Kirkenes, og det er kjent at den 11. juni 1945 foreslo leiinga for Den raude armé der å rykkje sørover og hærta heile Nord-Noreg til og med Narvik. Steinfeld drøftar argument for kvifor Stalin gav ordre om at hæren skulle trekke seg tilbake frå Finnmark. Vidare vil han også reflektere over eit kontrafaktisk emne i denne samanheng: Kva kunne ha skjedd om sovjetrussarane ikkje hadde trekt seg attende frå Finnmark og sett seg fast i Nord-Noreg?

    Denne dagen tilbyr Fotefar ein ekstra tur til byane Nikel og Zapoljarnyj i Russland mot tillegg i prisen. Vi tek atterhald om turen let seg gjennomførast på grunn av pandemien, men vi håpar at dette let seg gjere i slutten av august 2021. Fotefar sender ut tilbod og pris på denne ekstraturen når vi veit meir konkret i høve innreisa til Russland.

    Bussen køyrer oss først til grensestasjonen Storeskog og vidare til Nikel som ligg berre om lag fire mil frå Kirkenes. Byen med ca. 12 000 innbyggjarar er nokså einsidig vorte etablert på grunnlag av store førekomstar av nikkel og rike malmressursar. Gruvedrifta har skapt mykje forureining med daud skog og dyster røyk frå svære fabrikkpiper. I dag er det fare for nedlegging av nikkelverket, og det blir arbeidd for å omstille byen for turisme. Vi stoppar i byen og besøkjer blant anna eit spennande museum.

    Turen går vidare til Zapoljarnyj med over 15 000 innbyggjarar. Dette er også ein gruveby med store førekomstar av kobbar og nikkel. Vel framme blir det felles lunsj på ein god restaurant. Vi besøkjer den livlege marknaden i byen, og det blir tid til handel før vi returnerer til Kirkenes. Einskilde varer, som krystall, er svært billig i Russland.

    Hans-Wilhelm Steinfeld er guiden vår på bussturen, og han vil fortelje om mange forhold knytt til grenselandet i nord. Vi får høyre om pomorhandelen frå gamalt av, om dei ulike folkegruppene og om Boris Gleb som senter for den gresk-ortogreske kyrkja. Ekstraturen inkluderer dagspass (visum) til Russland, busstransport ein heil dag, museums- og klosterbesøk, lunsj, guiding av Hans-Wilhelm Steinfeld og lokale guidar. Vi prøver også å få til møte med ein framståande politikar i ein av byane.

    Dei som ikkje er med på denne frivillige turen til Russland, nyttar dagen på eiga hand i Kirkenes. Vi vil anbefale lunsj på Pensjonisten der mange av innbyggjarane ofte går. Elles blir det middag på eiga hand denne kvelden. Dette er eit fint høve til å møte lokalbefolkninga til ein hyggeleg prat og elles utforske byen nærmare.

    Middag på eiga hand i Kirkenes om kvelden.
    (F)

  • Dag 4: Søndag 22. august: Utflukt til Neiden og fiskeværet Bugøynes

    Etter frukost denne morgonen held Steinfeld foredrag om følgjande emne: Barentsregionsamarbeidet og Russlands sivilisasjonskrise nord for polarsirkelen.


    Denne dagen blir det utflukt til Neiden og Bugøynes, ein busstur på i alt ca. 20 mil t/r. Den vesle kystbygda Bugøynes med om lag 200 personar er heilt spesiell i Finnmark. Det var eit av dei få lokalsamfunna som ikkje vart brende ned då tyskarane trekte seg attende frå Finnmark og Nord-Troms og nytta den brente jords taktikk då sovjetrussarane nærma seg. Bygda ber tydeleg preg av litt gammal og tett trehusbusetnad og er påverka av finsk byggeskikk. Området og staden hadde ei stor innflytting frå Finland, og framleis er det folk der som snakkar finsk.


    I dei seinare åra er Bugøynes vorte kjend for sal av kongekrabber til dei flottaste restaurantane rundt om i verda. Vi får også med oss ein lunsj i bygda, gjerne med kongekrabbe på menyen. Bord er reserverte på Bugøynes bistro, og vi kan bestille mat på førehand frå den spennande menyen (ikkje inkludert). Dette ordnar reiseleiar på turen.

    På veg tilbake til Kirkenes stoppar vi i den vesle staden Neiden som ligg langs Neidenelva i eit vakkert landskap. Der besøkjer vi Skoltesamisk museum som vart opna i 2017. Museet viser historia til skoltesamane som er urfolka i området og utgjer om lag tusen menneske i dag. Dei skil seg ut frå andre samiske grupper med eigne uttrykk innan historie, kultur, språk, handverk, klednad og levemåte. Frå gamalt av levde dei i grenselandet mellom Norge, Finland og Russland, og Neiden vart ein smeltedigel for kulturell utvikling med sitt etniske mangfald. Mange av skoltesamane høyrer til den gresk-ortodokse læra, og vi kikkar på St. Georgs russisk-ortodokse kapell som ligg like ved museet.

    Til middagen på hotellet denne kvelden inviterer vi personar frå institusjonar i Kirkenes som arbeider for fredelege tilhøve mellom folk i nordområdet. Vi håpar å få med ordføraren i Kirkenes, Rune Rafaelsen (AP), som har leia Barents-sekretariatet i 16 år, eller ein anna offisiell person frå byen. Dessutan vil vi invitere leiaren av kulturstiftinga «Pikene på broen» til å fortelje om kor viktig «folk-til-folk»-samarbeidet er, også frå russisk side. Hans-Wilhelm vil leie desse samtalane.
    (F, M)

  • Dag 5: Måndag 23. august: Kirkenes og heimreise

    Etter frukost får vi ei ny forelesing med Hans-Wilhelm Steinfeld. Denne dagen tek han for seg eit spennande emne: Dagens militære opptrapping i nordområda med tilbakeblikk på rustingskapplaupet under den kalde krigen.

    Denne dagen blir vi meir kjende med Kirkenes og historia til byen. Vi går knappe 20 minutt til utkanten av byen og besøkjer det imponerande Grenselandsmuseet (Varanger museum). Det fortel om Varanger som grenseområde og møtestad mellom Norge, Russland og Finland, og kva konsekvensar dette har hatt og framleis har for dei ulike folkegruppene i området. Utstillingane i museet legg vekt på å få fram viktige hendingar i det fleirkulturelle samfunnet med Finland i vest og Russland i aust som nærmaste naboar. Vi ser utstillingane som blant anna syner norsk, finsk og russisk innvandring, den viktige gruvehistoria, fornorskinga på 1800-talet, 2. verdskrig og kulturmøta i området gjennom tidene. Etter at vi har gått gjennom museet, er det tid for lunsj på den trivelege kafeen eller ein kan gå tilbake til sentrum for lunsj der.

    Etter lunsj møtest vi ved Andersgrotta, som har vore og er eit tilfluktsrom i byen. Grotta vart greve ut under krigen. Arbeidet starta hausten 1941 og heldt fram gjennom heile krigen. Tilfluktsrommet var svært enkelt utan tilførsle av straum, luft og vatn, men var verdfullt for innbyggjarane under bombinga av byen. Få byar i Europa vart meir bomba under krigen enn nettopp Kirkenes. Den kalde krigen aktualiserte bomberommet på nytt, og det vart gjort i langt betre stand. Vi får omvising i grotta og ser ein kort fim om historia til denne attraksjonen.

    Middag på eiga hand. Avreise frå hotellet til flyplassen på ettermiddagen, og fly til Oslo.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
19/8OsloThon Hotel Kirkenes416 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo